TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
90+4'
Gult kort
Får det etter kampslutt for protesteringa.
Hødd vinn altså 2-1 i ein ikkje altfor god kamp. Laga hadde kvar sine periodar og sjansar, men det er ikkje så mykje å seie på at heimelaget vann, sjølv om eit uavgjortresultat nok hadde vore det MEST rettferdige. Hødd har dermed avansert til 5. plass på tabellen, medan Sandnes Ulf har ramla ned under streken, på 14. Takk for fylgjet!
Kenneth Sola og resten av Sandnes Ulf held fram med å protestere på scoringa også etter at Hansen har blese av kampen. Skal bli interessant å sjå den situasjonen om igjen!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Gult kort
Får det for protestar.
90+4'
Sandnes Ulf vil ha straffe, men domar Hansen vinkar spelet vidare. Vanskeleg å sjå kva som skjedde.
90+3'
Hjørnespark
Blir teke kjapt. Hødd vinn ballen.
90+2'
Steffen Moltu gir ein unødvendig corner.
90+2'
Bortelaget prøver ei langpasning, men den går utover kortlinja.
90+1'
Standal blir spelt åleine gjennom, men blir avvinka for offside.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her på Høddvoll.
90+1'
Sandal lobbar mot Diomande, men førstnemnte blir litt for hard på labben.
90'
Spillerbytte
89'
Mål!
2-1
Hødd tek leiinga igjen! Sandal vartar opp med ei lur pasning bak Aanestad, og Heltne kan storme mot Andersen frå spiss vinkel. Åleine med målmannen gjer han ingen feil.
88'
Også Espen Standal stod klar til å kome inn, men han måtte pent vente.
88'
Spillerbytte
87'
Hødd trykkar på, men er hardt pressa og kjem ikkje skikkeleg til avslutningar. Latifu får til slutt ballen, men bankar den høgt over mål. Fullstendig ope på Høddvoll no.
85'
Sandes Ulf har verkeleg fått blod på tann her. I augneblinken er dei heilt klart nærast sigeren!
84'
Nesten 1-2! Bortelaget speler seg gjennom, og keeper Nyland må ut på 16 meter og takle! Der levde Hødd svært farleg.
83'
Diomande er nære på å bli spelt gjennom, men Andersen er ute og plukkar.
82'
Mål!
1-1
Fantastisk scoring av Skjølsvik! Den tidlegare Molde-spelaren dreg seg innover mot Hødd-målet, fintar vekk eit par mann, og bankar ballen mellom beina på Nyland. Heilt fortent scoring av bortelaget.
81'
Torset kan gå for skot, men vel heller å prøve ein stikkar til Sandal, noko han mislukkast med.
80'
Brandal med innkast for Hødd. Sandnes Ulf tek over nok ein gong.
79'
Bo Andersen viser at han kan Cruyff-finta når Diomande jagar ballen! Iskaldt.
78'
Nesten for Sandnes Ulf! Morten Eriksen blir spelt igjennom, men maktar berre å putte ballen i andletet på Nyland som kjem stormande ut.
77'
Sandal skyt over frå 18-19 meter. Burde ha hatt litt meir is i magen og venta på Nilsen som kom stormande der.
76'
Bortelaget med innkast like ved eine cornerflagget. Moltu klarerer eit innlegg.
75'
Brandal med innkast høgt i bana for heimelaget.
75'
Nyland med eit dårleg utspel som går rett utover sidelinja.
73'
Bortelaget held fram med å trykke, og Hødd har meir enn nok med å forsvare seg. Hadde ikkje vore noko å seie på ei utlikning her.
71'
Hjørnespark
Okoli headar i tverrleggaren, men domaren gir frispark til Hødd for eitt eller anna som skjedde i feltet.
71'
Han kastar til Saaliti som returnerer pasninga. Torsteinsson stormar mot mål, men blir hindra av innbyttar Heltne. Kunne fort ha endt med eit straffespark det!
70'
Torsteinsson skal kaste langt.
68'
For ein bom av Sandal! Hødd-spelaren blir spelt heilt åleine gjennom, men brukar for lang tid slik at Andersen får kome ut og blokkere. Det såg ut som ein klår offside, men assistentdomaren lot altså spelet gå.
68'
Det er framleis bortelaget som er best på Høddvoll, men dei slit med å omsetje spelet i sjansar.
66'
Sola med frispark. Han slår det nok ein gong forbi alle, og Nyland kan stå og vente på ballen.
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
65'
Hødd vinn frispark i bra innleggsposisjon. Sandal står klar. Han slår hardt inn, men Freyd headar unna. Ruben K. Brandal skyt returen langt utanfor.
64'
Brandal med innkast høgt i bana.
63'
Nære på 2-0! Hødd klarer å halde trykket på Sandnes Ulf oppe, og Sandal tuppar til Diomande som hamrar ballen over frå bra posisjon.
62'
Der kjem endeleg Kazeem inn på bana att.
60'
Sandnes Ulf har initiativet no, men dei slit med å kome til store sjansar.
60'
Kazeem ligg nede etter ein duell. Får behandling på sidelinja.
59'
Torsteinbø avsluttar nokre meter utanfor frå langt hald.
59'
Eriksen er nære på å få hæla gjennom Freyd, men eit Hødd-bein kjem i vegen.
58'
Sandal tuppar til Karlsen, men sistnemnte er ikkje heilt med og ballen passerer han.
57'
Kenneth Sola med frispark. Medspelarane misforstår og ballen går ut over sidelinja.
56'
Frispark til Hødd 15 meter inne på Sandnes Ulf sin halvdel. Nilsen slår inn til Diomande som ragar høgast, men nok ein gong treff han ikkje skikkeleg med hovudstøytet.
55'
Adama Diomande dreg seg innover og avsluttar, men skotet går via ein motspelar og Andersen får ein enkel ball å handskast med.
55'
Lennox Kanu har vore aktiv etter at han kom inn. Sandnes Ulf verkar å vere langt farlegare no enn i 1. omgang.
53'
Hjørnespark
Diomande ragar høgast på hjørnesparket, men headar over frå fem-seks meter! Bra sjanse for Hødd.
53'
Sandal skyt frå 16-17 meter, men Skjølsvik er kjapt framme og blokkerer.
52'
Hødd overtek og kontrar, og Edier Freyd set inn ei elegant takling som forhindrar Kazeem i å kome åleine gjennom.
51'
Bortelaget vinn innkast høgt i bana.
51'
Karlsen ristar på hovudet og går ut over sidelinja.
50'
Bortelaget kontrar når Hødd sin Michael Karlsen ligg nede med hovudskade. Endar med ei avslutning som går over etter eit flatt innlegg. Brukbar sjanse for Sandnes Ulf.
48'
Frispark til bortelaget midt på bana. Sola slår den inn til Freyd som står heilt åleine på høgrekanten, men midstopparen feilbereknar spretten og ballen går utover sidelinja.
48'
Erik Sandal skjer innover og skyt ein meter utanfor mål. Bo Andersen har full kontroll på den.
47'
Sandnes Ulf har starta best denne omgangen. Eit frispark blei slått inn i feltet, og det var svært nære på at ein Sandnes-spelar kom først på den.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
Lennox Kanu har teke av seg overtrekksdrakta og driv med intensiv oppvarming no. Mykje tydar på at han skal inn for Henning Rugland.
Det står 1-0 til Hødd etter ein ikkje altfor minneverdig omgang. Heimelaget har vore det beste laget og skapt flest sjansar, medan Sandnes Ulf har skapt dei største. Både Eriksen og Torsteinsson har hatt gode moglegheiter for å putte for bortelaget, men hittil er det altså berre Hødd sin Karlsen som har klart dét kunststykket. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Kazeem lurar fleire motspelarar, men gjer det samtidig vanskeleg får sine eigne lagkameratar å vite når pasninga skal kome. Sandnes Ulf tek over.
44'
Nære på at Hødd får tråkla seg gjennom nok ein gong. Har vore gode tendensar frå heimelaget etter 1-0-scoringa.
43'
Eriksen er nære på å få ballen bak Hødd-forsvaret, men Steffen Moltu klarer så vidt å få luggen på pasninga.
42'
Diomande får frisparket i boksa, og brassesparkar ballen mot mål! Diverre for heimelaget får han ikkje skikkeleg klem på den, og Andersen får ein grei jobb.
41'
Sandal dett lett, og Hødd får frispark 10 meter inne på Sandnes Ulf sin halvdel. Nilsen står klar.
40'
Hødd er frampå igjen, men Sandal blir avvinka for offside.
38'
Mål!
1-0
Frisparket blir slått inn av Sandal, og Hødd klarer å halde på ballen i Sandnes Ulf si boks. Moltu legg igjen til Karlsen som bankar inn scoringa. 1-0 til Hødd på Høddvoll!
38'
Gult kort
38'
Nyland set kjapt i gong, og Hødd kontrar. Latifu er på full fart framover, men blir stogga brutalt av Aanestad. Høds-spelaren blir liggande.
36'
Hjørnespark
Nyland plukkar.
36'
Kazeem fossar framover, blir felt, men får ikkje frispark av domar Hansen. Heile Høddvoll er ueinige.
33'
Frispark til Hødd midt på bana. Heltne Nilsen slår inn, men Okoli er der nok ein gong og vinn duellen. Nigerianaren har vore kampens beste spelar så langt.
32'
For ein bom! Steinthor Torsteinsson kjem HEILT åleine med Nyland, men skyt utanfor når han prøvar å vri den til høgre for keeper. Der burde det ha stått 0-1!
32'
Vegard Aanestad rundlurar Brandal, men mistar ballen før noko farleg kjem ut av det.
30'
Hjørnespark
Litt tilsnakk i feltet først. Bortelaget får klarert, før Erik Sandal skyt returen ca 20-25 meter OVER mål.
30'
Hødd kjem seg nesten gjennom. Bortelaget får gitt til corner.
29'
Stor sjanse til Sandnes Ulf! Morten Eriksen blir spelt åleine gjennom frå spiss vinkel, og spissen skyt like utanfor. Kampen største sjanse hittil!
28'
Hjørnespark
Blir teke kort til Kazeem, men Mobi Okoli er nok ein gong der og ryddar opp.
28'
Kazeem slår nydelig inn til Diomande som er nære på å nå ballen.
28'
Michael Karlsen ligg nede etter ein duell, men kjem seg etter kvart på beina igjen.
27'
Morten Eriksen blir spelt gjennom i bakrom, men Noregs U21-keeper Ørjan Nyland er kjapt ute og klarerer.
26'
Erik Sandal ligg nede etter å ha blitt sparka av ein Sandnes-spelar.
25'
Karlsen er nære på å få tråkla seg fri, men Okoli set inn ei viktig takling.
25'
Okoli jobbar bra, og bortelaget vinn eit innkast.
24'
Hødd er nok ein gong nonchalante. Nære på at Latifu mistar ballen i farleg posisjon.
22'
Hødd vinn innkast høgt i bana.
22'
Skjølsvik tek frisparket kjapt, og sender den lavt framføre mål, og det er nære på at eit Sandnes-bein kjem på den.
21'
Latifu feller Torsteinsson HEILT på kanten av sekstenmeteren.
21'
Farleg innlegg som Torsteinbø nesten kjem først på.
20'
Hødd rullar bra opp, men Diomande blir stogga av Aanestad som også får frispark.
19'
Morten Eriksen prøver seg med eit innlegg. Langt bak Hødd-buret.
18'
Kazeem snurrar rundt Kenneth Sola og seg sjølv fleire gongar, før han slår inn til Diomande som ikkje får klem på headinga.
17'
Sivert Heltne Nilsen skal slå frisparket frå midt på bana langt.
16'
Michael Karlsen visar god teknikk, og blir til slutt felt og får frispark.
16'
Flott spel av Hødd igjen! Sandal blir spelt heilt fri på venstrekanten, men lobben hans framføre mål finn ingen medspelarar.
15'
Bendik Torset vendar innanfor Sandes Ulf si boks og avsluttar rett på Bo Andersen. Det er Hødd som skapar sjansane i kampen!
14'
Ørjan Nyland tek seg vel long tid igjen, og Morten Eriksen er ikkje langt i frå å snappe den.
13'
Sandal fyrer av frå 18-19 meter. Like til side for mål!
13'
Erik Sandal kjem flott framover, men Michael Karlsen heng ikkje heilt med og ingenting kjem ut av det.
11'
Sandnes Ulf med initiativet no. Mykje bra ein-touch-spel frå rogalendingane.
9'
Brukbar sjanse for Hødd! Sandal kjem stormande gjennom på venstrekanten, og finn etter kvart Diomande som skyt i nettveggen. Beste heimelaget har skapt så langt.
8'
Sandnes Ulf har vore skummelt frampå ved fleire høve allereie. Hødd-spelarane verkar ikkje å vere heilt påkopla.
6'
Hødd er nære på å rote det til i eige forsvar! Nesten av Morten Eriksen får ein gratissjanse.
5'
Sandnes Ulf prøver seg for første gong, men både Rugland og Aanestad mislukkast med innleggsforsøka sine.
4'
Karlsen vinn ein hovudduell og prøver å finne Kazeem, men stussen blir for hard.
3'
Mykje stillingskrig hittil.
3'
Diomande får lagt inn, men over alle.
1'
Hødd sparkar i gong kampen!
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Kjetil Hansen. Han blir assistert av Joakim Knapstad og Halvard Røe.
Vêret i Ulsteinvik er greitt. Det har regna mykje før i dag, så bana er nok ganske tung. Elles er det overskya med regn i horisonten.
No har laga kome på bana!
Hødd er næraste skadefrie om dagen. Dag Roar Ørsal er den einaste som er langtidsskada, medan Martin Haanes og Emil Viddal er ute med sjukdom. Thomas Lid Kleppe har ikkje vore i aksjon hittil i sesongen, men er straks er i kampform.
Asle Andersen har gjort nokre endringar frå NM-kampen mot Viking. Andreas Westlye og Lennox Kanu har gått ut, medan Mobi Okoli og Steinthor Torsteinsson har kome inn.
Lars Arne Nilsen har vore ganske konservativ når det har kome til laguttaket hittil i sesongen, men til dagens kamp har han gjort ei ei ganske stor endring. Michael Karlsen, som kom frå Rosenborg før sesongen, startar for første gong i år. Med den endringa har toppscorar Adama Diomande blitt forflytta til venstrevingen.
Sist laga møttest var i 2008-sesongen, det året Hødd enda opp som tabelljumbo og Sandnes Ulf også fylde dei ned ein divisjon. Oppgjeret på Høddvoll enda 1-1, mens kampen på Sandnes Idrettspark enda med 2-1-siger til dagens heimelag. Sandnes Ulf var dermed det laget Hødd tok flest poeng mot den sesongen.
På tilsvarande tidspunkt før oppgjeret mot AaFK var tribunene på vei til å bli fyllt opp. Dei glisne tribunane hittil kan tyde på at det ikkje er like spanande å møte Sandnes Ulf.
Sandnes Ulf har hatt ein meir skuffande start på sesongen, sjølv om dei har like mange sigrar som Hødd. I augneblinken er dei å finne på plassen over streken, med 6 poeng. Å få poeng her i dag blir dermed svært viktig for Rogaland-klubben.
Hødd opna sesongen veldig bra, men har no gått på to tap på rad om ein tek med cup-exiten. Før tapet mot Sandefjord gjekk laget til Lars Arne Nilsen heile 29 seriekampar på rad utan tap. Ulsteinvik-laget ligg på 8. plass med 2-4-1 så langt. På Høddvoll har blåtrøyene 2-1-0 så langt.
Det er kvardag for både heime- og bortelaget igjen, etter at dei begge var oppe mot Tippeliga-motstand i NM i midtveka. Hødd hadde Aalesund FK i kne i 94 minutt og 30 sekund, før eit mål på overtida av overtida skaffa oransjetrøyene ekstraomgangar og påfølgjande avansement. Sandens Ulf var i aksjon borte mot Viking, men trass i eit 2-0-tap viste Asle Andersen sine spelarar god innsats.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Sandnes Ulf!