TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det endar berre 1-1 mellom Hødd og Sandnes Ulf i ein kamp proppfull av moglegheiter. Spesielt heimelaget er nok skuffa over dette resultatet, ettersom berre eitt mål på 14 avslutningar er dårleg betalt. Også bortelaget hadde fleire gode sjansar til å få fleire i kassa, men både metallet og Hødd-keeper Alme stod i vegen. Sandnes Ulf er mest fornøgd med dette resultatet, då avstanden ned til nedrykksplassane er den same. For Hødd sin del var det eigentleg berre tre poeng som var godt nok i dag, men laget er berre eitt poeng bak Mjøndalen med seks kampar att å spele. Dette blir ei nervepirrande sesongavslutning. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein flott onsdagskveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Skeide lagar frispark. Då spørs det om det skjer så mykje meir.
90+4'
Litt meir Sandnes Ulf siste minutta.
90+4'
Tadesse avsluttar utanfor. Såg ut som om han skulle hatt ein corner der.
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Lönning brukar bra med tid på utspelet.
90+1'
Hjørnespark
Elendig slått av Kallevåg. Forbi alle i feltet.
90+1'
Berre nesten for Ulf. Halgunset får ballen inne i boksa, men rotar med mottaket.
90'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Nok av tid for ei scoring!
90'
Ulf kontrar. Scriven tek eit tungt løp heim og vinn ballen frå innbytar Tadesse.
90'
Hjørnespark
Skal vi få eit mål heilt på tampen her?
89'
Gult kort
89'
Gult kort
89'
Domar Koløy løyser situasjonen med eit par gule kort.
88'
Så barkar spelarane saman her! Scriven får frispark, og fleire av bortelaget sine spelarar stormar mot han.
87'
Delaveris får avslutta inne i Hødd sin sekstenmeter, men eit blått bein blokkerer forsøket.
86'
Bra opprulling av Hødd, men det avgjerande innlegget frå Ziko går bak alle.
85'
Bortelaget kontrar og Moldskred prøvar seg frå distanse. Utanfor mål, men småskummelt for Hødd.
84'
Blir nikka unna. Sundnes får endå eit forsøk.
84'
Sundnes med nok eit langt kast.
83'
Innkast for Hødd. Endar med ein stuss over mål.
83'
Frisparket blir slått mot bakerste stolpe, men Ulf får klarert.
82'
Spillerbytte
81'
I metallet! Frisparket dett ned i feltet og Scriven får avslutta i ubalanse, men forsøket går i tverrleggaren og ut. For ein sjanse!
80'
Frispark
Frispark til Hødd midt inne på motsett halvdel.
78'
Spillerbytte
78'
Langt innkast frå Sundnes. Ballen dett ned i feltet og Ziko prøvar eit slags brassespark, men albanaren treff dårleg og ballen trillar utover sidelinja.
76'
Gult kort
Får kortet etter knuffing etter frisparket.
75'
Gult kort
Stoppar ein Sandnes Ulf-overgang og får eit fortent gult kort.
72'
Hjørnespark
Berger nikkar unna ved første stolpe.
71'
Hjørnespark
Endar til slutt med eit innlegg frå Kallevåg som blir klarert til endå ein corner.
70'
Spillerbytte
69'
Godt forsøk av Hødd! Tøsse vender opp utanfor boksa og avsluttar, men Lönning reddar meisterleg. Heimelaget klarer heller ikkje å utnytte returen.
67'
Hødd gjer klar eit par spelarar på sidelinja. Syver Skeide og Isak Skotheim.
66'
Mogensen jaktar ball i bakrom, men blir korrekt avvinka for offside.
66'
No spørs det kor mykje Hødd vil risikere framover, og om Sandnes Ulf kan straffe dei i motsett ende. Tommy Høiland er ein konstant trussel i bakrom.
65'
Sjølv om Sandnes Ulf hadde ei avslutning i metallet like før, var ikkje den utlikninga anna enn svært, svært fortent. Hødd har hatt 11 avslutingar, 8 av dei gode sjansar.
61'
Mål!
1-1
Kallevåg sender frisparket frå 17 meter rett i mål! Lönning kastar seg alt han maktar, men har ikkje sjanse til å nå ballen. Meget bra utført av den tidlegare AaFK-, LSK- og Haugesund-spelaren.
61'
Frispark
59'
I tverrleggar! Innkastet endar opp inne i feltet der ein Sandnes Ulf-spelar får avslutta etter ein stuss, men forsøket går i tverrleggar og ut. Så nære scoring! Tommy Høiland var det som nesten fekk sitt andre for dagen.
58'
Stølås skal kaste langt.
57'
Heilt utruleg at ikkje heimelaget har scora endå. Dei har hatt sju gode sjansar, men berre Sandnes Ulf har fått kula i nettet.
56'
Hjørnespark
Endar til slutt med eit skot utanfor frå distanse.
55'
Spillerbytte
55'
Ny bra Hødd sjanse! Ziko får avslutta etter ein innøvd frisparkvariant, men forsøket frå den albanske backen er svakt og går over mål.
54'
Hjørnespark
Endar med ingenting.
52'
For ein sjanse for Hødd! Ziko får stå åleine med ballen bake i feltet og sender i veg eit svakt skot som i staden blir ei pasning til Scriven. Spissen avsluttar frå 6-7 meters hald, men Lönning gjer ei strålande redning. I tillegg får han fista unna returen også. Corner.
51'
Veldig nære på at Tøsse klarer å spele fri Mogensen i bakrom. Eit Sandnes Ulf-bein kjem i vegen.
49'
Rett i nevane til Lönning. Svakt slått.
49'
Tøsse med frispark.
49'
Diaw feller Ziko og lagar frispark imot. Sandnes Ulf-angriparen lev meget farleg med tanke på at han allereie har gult kort.
47'
Stor sjanse for Hødd! Ziko slår ein tunnell og trillar til Scriven, men sistnemnde går i bakken. Ballen trillar derimot vidare til Kallevåg som avsluttar på direkten, men skotet snik seg utanfor.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga på veg ut på kunstgrasmatta igjen.
Det står 1-0 til Sandnes Ulf over Hødd etter dei første 45+1 minutta på Høddvoll. Vi har vore vitne til ein kamp fullspekka av store moglegheiter, men så langt er det altså berre Tommy Høiland som har makta å putte ballen i mål. Hødd treng tre poeng i dag, så dette vil nok sørgje for også at 2. omgang blir veldig sjåverdig. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Domar Koløy har tillate mykje i denne kampen, men så langt har han vore konsekvent.
44'
Hjørnespark
Endar med ei Hødd-kontring, men den blir stoppa ved at Tøsse blir felt. Det kan sjå ut som om heimelaget blir snytt for eit frispark.
43'
Så er det nære på utlikning - nok ein gong! Hellevik Larsen slår inn frå høgre, men headinga frå Scriven snik seg like til side for mål. Heilt vannvittig at det berre har kome eitt mål i denne kampen!
41'
Nok ein stor sjanse for bortelaget! Diaw får nok ein gong mykje plass av Hødd-forsvaret. Han skjer innover og avsluttar, men treff veldig dårleg. Forsøket endar i staden opp som ei pasning, men frå godt hald maktar ikkje lagkamerat Moldskred å avslute på mål.
40'
Mykje klabb og babb her no. Grove ballmiss hjå begge lag.
38'
Nære på 0-2! Hødd rotar i forsvar, og Høiland kjem seg fri i bra posisjon. Får avslutta på mål, men Alme er med på notane.
37'
Hjørnespark
Diaw får heada på mål, men Hødd får reinska unna.
36'
Bra forsøk igjen for Hødd! Mogensen kjem til avslutning inne i boksa, men sender ballen over mål.
31'
Hjørnespark
Ny bra sjanse! Alm vinn duellen inne i boksa, men headinga endar på nettaket.
31'
Enorm sjanse for Hødd! Heimelaget trillar ball på bra vis, og Kallevåg finn Tøsse inne framføre mål. Sistnemnde vartar opp med eit bra mottak, men avslutninga går dessverre for Hødd rett på Lönning. Der bør det stå 1-1!
30'
Nersveen står klar.
30'
Hødd sin toppscorar, Alfred Scriven, går nok ein gong i bakken. Denne gongen midt på bana. Dødball til Hødd.
29'
Hjørnespark
Ballen dett ut i returromet til Urnes. Han avsluttar på halvvolley, men ballen endar utanfor målet.
29'
Herleg overgong av Hødd. Ballen går raskt på få berøringar. Bortelaget får klarert til corner.
28'
Ikkje altfor mykje som skjer på kunstgrasmatta no. Sandnes Ulf er nokså komfortable, medan Hødd strevar med å kome til moglegheiter.
26'
Scriven går i bakken og stadion ropar på straffe, men domar Koløy let spelet gå. Vanskeleg å sjå om det skjedde noko der.
25'
Belli Moldskred prøvar å nå Diaw inne i feltet, men ballen går berre inn til Alme.
22'
Hjørnespark
Blir teke kort før Kallevåg får ballen tilbake og slår inn. Diverre for heimelaget går ballen altfor langt bak i feltet. Utspel frå Lönning.
20'
Frispark
Eit par meter frå sekstenmetershjørnet. Kallevåg og Tøsse står klare. Kallevåg skrur ballen svakt i armane til Lönning.
19'
Gult kort
Diaw er oppe med olbogen i ein duell og får det gule kortet av domar Koløy.
19'
Sundnes får nok eit forsøk.
19'
Dett ned på femmeteren, men Diaw får klarert.
18'
Sundnes skal kaste langt.
16'
Ok sjanse for Hødd! Scriven tek ned ballen på kassa og flikkar den vidare til Tøsse. Han får litt tid og rom og avsluttar frå distanse. Greitt forsøk, men Lønning får redda.
13'
Hjørnespark
Blir klarert, men Sandnes Ulf beheld ballen.
13'
Panisk i Hødd-forsvaret i det Alme kjem ut for å klarere med hovudet. Målvakta held fram med å stå langt ute, men bortelaget klarer ikkje å finne dei riktige opningane.
12'
Den lokale folkehøgskulen er også til stades på Høddvoll og lagar ei flott ramme rundt kampen i lag med dei trufaste Blåsarane. No treng i alle fall heimelaget hjelp.
10'
Greitt forsøk for Sandnes Ulf! Diaw får slå inn utan altfor mykje press, og Stølås stig til vers og får avslutta med hovudet. Ikkje langt unna mål.
9'
Hjørnespark
Mogensen klarerer, før Sandnes Ulf sjølv rotar ballen utover sidelinja.
8'
Ikkje akkurat opninga på kampen som heimelaget ønska. Har vore ganske solide defensivt i det siste, så det kom litt overraskande.
8'
Ziko slår inn frå venstre, men det blir for mykje luft under ballen og bortelaget kan klarere greitt.
5'
Mål!
0-1
Pangopning for bortelaget! Sandnes Ulf speler seg plutseleg enkelt forbi Hødd-forsvaret. Moldskred får ein ball i bakrom og trillar vidare til Høiland som ikkje gjer noko feil åleine med Alme. 0-1 på Høddvoll!
4'
Mange duellar i starten her. Tydeleg at begge lag vil slå til.
3'
Lang ball i bakrom til Diaw, men angrepsspelaren blir litt for forsiktig og slår i støtte til ein medspelar i staden.
2'
Lang innkast og avslutning utanfor for Hødd. Kampens første skot.
Avspark Start 1. omgang
Hødd-kaptein Peder Nersveen får påskjønning for passerte 100 kampar i Hødd-trøya.
Per no er det strålande vêr i Ulsteinvik. Sol og lettskya, samt litt vind.
No er vi få straksar unna avspark!
Bjarne Berntsen gjer éi endring på laget sidan sist. Taddese er ute til fordel for Belli Moldskred.
Heimelaget kan stille med tilnærma skadefri tropp til denne kampen. Bodø Glimt-innleigde Syver Skeide startar rett nok på benken, men det skal vere på grunn av mykje sjukdom i det siste. Også Thomas Lillo hadde nok vore inne i startellevaren, men han er ikkje tilgjengeleg.
Hødd og Sandnes Ulf har kjempa mot kvarandre ni gongar i offisiell samanheng sidan 2008. Ulsteinvikarane har vore best totalt sett, med 5-1-3. Det motsette oppgjeret enda med 3-1-siger til Hødd etter mål av Kvia-Egeskog, Scriven og Hellevik Larsen. Sandnes-laget tok faktisk leiinga ved Belli Moldskred, men Hødd varta opp med ein sterk snuoperasjon med heile tre scoringar i løpet av 10 minutt i 2. omgang.
Bjarne Berntsen og Sandnes Ulf har derimot hatt ei nedgåande formkurve utan siger på dei tre seinaste. Totalt har dei 3-1-2 på dei seks føregåande kampane. Sist blei det 1-1 borte mot Raufoss etter at Tommy Høiland sørgja for poengdeling med si scoring i det 75. minutt.
Etter ei lang svak periode har Hødd funne forma meir i det siste. Førre kamp enda med 2-2 heime mot Jerv, eit oppgjer Hødd burde ha vunne ut i frå sjansestatistikken. På dei seks seinaste kampane har laget til Joakim Dragsten 3-1-2.
Det er to lag i nedrykksstriden som møtest i Ulsteinvik i dag. Hødd er i den mest utsette posisjonen, og ligg under streken med 24 poeng. Dei har derimot kveldens kamp til gode, slik at siger i dag vil ta dei forbi Mjøndalen og opp på kvalifiseringsplassen. Sandnes Ulf bør heller ikkje føle seg trygge, for med 30 poeng så langt er dei absolutt innan rekkevidde. Tre poeng i dag vil derimot bety at dei får ei luke på ni poeng ned til øvste nedrykksplass. Med andre ord har vi eit perfekt utgangspunkt for ein dramatisk kamp!
Hei og velkomen til det meget viktige oppgjeret mellom Hødd og Sandnes Ulf, direkte frå Høddvoll!