Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare.
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare.
Avslutningar: 8-9. På mål: 3-4.
Det var ein spesiell kamp vi var vitne til i Ulsteinvik i dag. Hødd var klart best i 1. omgang og leia fortent, men like etter pause oppstod det ein situasjon som snudde kambiletet på hovudet. Eriksen kom seg åleine mot keeper Falch og blei felt, og i tillegg til straffesparket blei også Falch utvist. Martin utlikna sikkert frå 11-meteren, og etter dette var det eigentleg ingen tvil om kvar sigeren skulle hamne. Det var stor strekk i heimelaget og Sandnes Ulf kom dermed til fleire store sjansar. Raskaj og Brochmann sørgja for 1-2 og 1-3, medan Hødd ikkje makta å skape noko som helst.
Sandnes Ulf har slått Hødd 3-1 på Høddvoll!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+5'
Hødd står høgt i bana med ballen, men klarer ikkje å finne rom til å avslutte.
90+3'
Frispark til gjestane eit stykke inne på Hødd sin halvdel.
90+2'
Lite som skjer på matta no.
90+1'
Fem minutt tillegg på Høddvoll.
89'
1.949 tilskodarar på Høddvoll i dag. Dei aller fleste går her ifrå skuffa over det dei har sett.
88'
Brochmann kjem til nok eit skot. Dansken avsluttar over.
86'
Stor moglegheit for Sandnes Ulf! Eriksen får stå heilt åleine inne i feltet og avslutte, men headinga går svakt rett på Alme.
86'
Brochmann prøvar eit skot. Blir blokkert.
85'
Kaos i Hødd sin sekstenmeter. Alme får så vidt beina ballen vekk.
84'
Lufta har definitivt gått ut av vertane. No er det nok berre snakk om å prøve å begrense tapet.
82'
Og no har dessutan Ulf-fansen byrja å syngje også!
82'
Trass i at Sandnes Ulf leiar 3-1 her på Høddvoll gjer Blåsarane sitt for å støtte laget. Imponerande!
79'
Brukbart angrep av heimelaget. Ein ball blir chippa inn i feltet, og det er ikkje langt unna at ein spelar i blått rekk fram på den på bakerste stolpe.
77'
Gjestane trillar ball her no.
75'
Hødd skal straks gjere sitt siste byte i kampen.
74'
Aursnes prøvar å finne Ulland Andersen med ein stikkar, men sistnemnde får ikkje kontroll på ballen. Hødd prøvar i alle fall å få til noko offensivt her!
72'
Neste 1-3! Eriksen kjem seg heilt inn til mål med ballen, men heimelaget får med nød og neppe blokkert til corner.
71'
Bertelsen slår inn frå venstre, men Alme stig til vêrs og fangar ballen.
67'
Aasbak skal kaste langt for Hødd.
66'
Heimelaget med eit lite initiativ her no.
65'
Stor sjanse for Ulf! Innbytar Brochmann kjem åleine igjennom, men trøblar litt med medtaket. Det benyttar den år gamle målvakta Alme seg av, og han kjem raskt ut og får fanga ballen.
63'
Frisparket blir lempa inn i boksa, men går rett utover sidelinja.
61'
Bortelaget held fram med å trykke på. Dette blir veldig tøft for Hødd.
59'
Skjørestad slår inn frå høgre. Blir stussa vekk av ein Hødd-spelar.
57'
Sveen skjer innover i bana med ballen, men torer ikkje prøve eit skot. Heimelaget beheld likevel kula.
56'
Aasbak med eit slags skotinnlegg frå venstrekanten. Over Myklebust inne i boksa.
55'
Gjestane har skrudd opp tempoet no. Sjansen for full pott på Høddvoll er absolutt til stades!
53'
Vanvittig dramatikk på Høddvoll altså. Skal denne situasjonen snu kampen i Sandnes Ulf sitt favør?
48'
Eriksen kjem åleine mot keeper Falch og blir felt. Straffespark og utvisning!
47'
Målscorar Ulland Andersen ligg nede og får behandling etter å ha fått ei hand i ansiktet.
46'
Vertane sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er begge laga på veg inn på kunstgrasmatta igjen.
Hødd leiar 1-0 over Sandnes Ulf etter dei første 45 minutta her på Høddvoll. Det er ei fortent leiing, for heimelaget har vore det toneangivande laget i store delar. Mot slutten av omgangen fekk vi derimot sjå meir til Ulf, og dei skapte også ein bra sjanse. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Skjøsvik slår rett i klypene til Falch.
45'
Bertelsen blir felt og bortelaget får frispark i grei innleggsposisjon.
45'
Ganske roleg frå vertane offensivt no. Lenge sidan dei har skapt noko.
43'
Torres med eit håplaust innlegg frå venstresida si. Forbi alt og alle.
40'
Nesten for bortelaget! Helle kjem seg inn til Falch med ballen, men keeperen kjem ut og gjer det vanskeleg. Kula trillar så mot det opne målet, men ein vaken Ingebrigtsen kjem stormande til og får klarert rett foran streken. Det beste gjestane har fått til hittil i oppgjeret.
40'
Småskummelt innlegg frå bortelaget. Wrele får klarert rett framføre nasa på ein Ulf-spelar.
39'
Sandnes Ulf får til veldig lite offensivt her. Men så lengje det berre står 1-0 er det framleis bra med håp.
39'
Eit bra Hødd-trykk endar til slutt med at Aursnes bankar ballen langt over mål.
37'
Duell mellom Moltu og Eriksen. Endar med frispark til Hødd sin midtstoppar.
36'
Eit par småskumle innlegg frå Hødd. Endar med corner.
35'
Skjølsvik prøvar å sende ein stikkar igjennom til Eriksen, men sistnemnde er litt for ivrig og blir vinka av for offside.
32'
Marius Helle med innlegg frå venstrekanten. Keeper Aslak Falch går ut og plukkar det greitt. Falch har for øvrig ei fortid i nettopp Sandnes Ulf.
30'
Sandnes Ulf har for øvrig nokre supportarar på stadion også. Dei er ikkje mange, men til gjengjeld har dei eit veldig stort banner.
28'
Fleire bra opprullingar på rad av heimelaget, men også nokre påfølgjande offsideavvinkingar.
27'
Eirik Ulland Andersen er no oppe i åtte ligamål for Hødd i det som ser ut til å bli hans beste sesong i den blå trøya.
24'
Nære på for Hødd! Myklebust får eit langt innlegg på bakerste stolpe, og berre ei oppofrande blokkering frå ein Ulf-spelar hindrar mål.
22'
Sandnes Ulf manglar for øvrig sin toppscorar Pontus Engblom til dette oppgjeret. Svensken med ni seriemål hittil er ute med ei muskelskade.
20'
Dødball for gjestane i brukbar posisjon for innlegg. Endar med ingenting.
18'
Sandnes Ulf med ein bra sjanse! Wrele med eit skummelt balltap djupt inne på eigen halvdel og Eriksen får ei bra avslutningsmoglegheit. Forsøket går derimot like utanfor mål.
17'
Godt forsøk av Hødd! Andersen kjem seg til dødlinja og får lagt inn, men bortelaget får rydda unna i første omgang. Ballen dett så ned i beina til Ingebrigtsen som fyrar av. Skotet går derimot rett på Halldorsson som reddar greitt.
16'
Etter ei bra opning av heimelaget har det no jamna seg meir ut her.
15'
Vertane med nokre spede innleggsforsøk. Ulf ryddar bra opp.
11'
Ulland Andersen med eit bra innlegg inn i Ulf si boks. Karlsen går i bakken etter ein duell med to av bortelaget sine stopparar, men får frispark imot seg.
10'
Kent Eriksen med Sandnes Ulf sitt første skotforsøk i oppgjeret. Høgt over mål frå bortelaget sin nummer 30.
8'
Det er definitivt Hødd som har kome best i gong her.
7'
Midtstoppar Steffen Moltu avsluttar via ein motspelar og ut til corner.
6'
Dødball for heimelaget.
6'
Hødd er framme på ein offensiv visitt, men får i staden berre frispark imot.
5'
Ole Amund Sveen med kampens første skot. Treff nesten gamle Høddvollhuset bak stadion.
3'
Skummelt tilbakespel av Hødd. Falch får med naud og neppe klarert.
2'
Tett spel og mange duellar i starten her.
Avspark Start 1. omgang
No kjem dei to laga ut på grasmatta, anført av hovuddomar Christian Moen frå Løvenstad.
No er alt klart for innmarsjen på Høddvoll.
Det skal elles bli spanande å sjå korleis Hødd-talentet Fredrik Aursnes vil gjere det i dag. Aursnes var som kjent i aksjon berre for to dagar sidan, då han spelde showkamp ilag med blant andre underteikna på den tradisjonsrike kampen mellom lærarane og 7. klasse på Hasund skule i Ulstein kommune. Kampen enda rett nok med ein knapp siger til elevane, men Aursnes, som har arbeidd eit halvt år ved skulen, fekk seg eit hattrick. Underteikna fekk seg også to mål, i tilfelle du lurte på det!
I Ulsteinvik er det forresten svært fine speleforhold i dag. Det er rett nok litt vind (som alltid), men temperaturen er veldig bra og sola kikar fram innimellom.
I nyare tid har Hødd og Sandnes Ulf møttast berre fire gongar. Det skjedde då dei begge var i 1. divisjon i 2008 og 2011. Hødd har vore best i desse oppgjera, og leiar statistikken så vidt med 2-1-1. Den største sigeren var det derimot Ulf som sørgja for, då dei i 2011 vann 3-0 i Sandnes. Kamal Saaliti (2) og Morten Eriksen stod for måla.
Sandnes Ulf vann på si side den siste kampen før den vesle spelefrie perioda. Bærum blei slått 3-2 i Sandnes etter at heimelaget fekk scoring etter sjølvmål heile seks minutt på overtid. Nye spelarar inn på laget sidan den kampen er Vegard Skjørestad og Kenneth Sola.
Hødd-sjef Sindre Eid gjer éi endring på laget som blei smadra 1-4 borte mot Ranheim den 7. juni. Magnus Myklebust kjem inn for Torbjørn Kallevåg. Myklebust scora for øvrig Hødd sitt einaste mål i den kampen etter at han kom inn som innbyttar. Heimelaget har for øvrig tre spelarar ute til kampen i dag: Erik Sandal, Benjamin Mork Kleppe og Ruben-Kenneth Brandal.
Sandnes Ulf befinn seg berre tre poeng bak Hødd, men ettersom det er så jamt i toppen ligg dei i augneblinken på ein 6. plass. Med tre poeng i dag kan likevel laget til Bengt Sæternes rykke opp på sølvplassen. 4-6-2 er tala for rogalendingane hittil.
Heimelaget frå Ulsteinvik ligg på 2. og direkte opprykksplass foran denne 13. runda. Mannskapet til Sindre Eid har 21 poeng etter 6-3-3 hittil. Heime på Høddvoll har dei så langt 3-2-1. Det einaste tapet kom mot Kristiansund sist blåtrøyene var i aksjon her.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Sandnes Ulf!