TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin fotballkveld vidare!
Avslutningar: 15-7. På mål: 6-3.
Heimelaget hadde det meste av initiativet gjennom oppgjeret, men det gjekk ei stund før dei verkeleg store sjansane kom. Robin Shroot blei dagens mann med sine to scoringar i det 77. og 85. minutt, den første på ei stor tabbe av Ulf-keeper Sahlgren. Også bortelaget var farleg frampå ved fleire høve, men Hødd-keeper Urke tok det som kom.
Hødd tek ein fortent siger mot Sandnes Ulf og får dermed sin første trepoengar for sesongen. Ulf går med dette på sitt første tap så langt.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+2'
Gjestane prøvar å etablere eit angrep, men Helle øydelegg med ei svak pasning.
90+1'
Hjørnespark
Hødd prøvar å halde på ballen og får innkast.
90'
God sjanse for bortelaget! Schulze er det vel som får ballen inne i boksa, men Urke reagerer kjapt og kjem ut og blokkerer forsøket. Godt keeperspel.
89'
Spillerbytte
89'
Kenneth Sola får avslutta frå god posisjon, men forsøket blir raskt blokkert.
88'
Magnussen får tilsnakk etter litt knuffing.
88'
Domar Bjørn Hansen skapar litt latter på tribunene i det han bles frispark, men peikar feil veg. Han innser heldigvis feilen sin raskt.
87'
Framleis nok tid for Sandnes Ulf å respondere, men då må det skje kjapt.
85'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga! Ulf har blitt slappare i presset og ein umarkert Shroot får motta ballen frå Skaasheim inne i boksa. Engelskmannen legg kula til rette med venstrefoten og knallar den i vinkelen med den høgre. 2-0 på Høddvoll!
84'
Frispark til Ulf. Blir lempa opp i Hødd sitt felt.
82'
Spillerbytte
82'
Hjørnespark
Schulze kjem til heading, men ballen glir av issen og ut i ufarleg område.
81'
Hjørnespark
Går via eit Hødd-bein og til ny corner. Frå motsett side.
81'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
80'
Saku-Pekka Sahlgren har vore solid gjennom heile oppgjeret, men rotar det altså til slik at Hødd får ei scoring. No går det i alle fall mot ei svært spanande avslutning på kampen!
77'
Mål!
1-0
Hødd tek leiinga på Høddvoll! Sahlgren forærer heimelaget eit mål i det han glepp eit tilsynelatande enkelt skot. Ballen går så i tverrleggaren og ut i feltet der Robin Shroot ventar. Briten puttar ballen enkelt i buret frå to meters hald.
77'
Nære på for Hødd igjen! Torset bankar til frå god posisjon, men Sahlgren reddar.
76'
Wembangomo sender ei klarering rett i bakrom til Shroot, men dessverre for heimelaget manglar engelskmannen fart, så ein potensiell sjanse uteblir.
74'
Stor sjanse for Sandnes Ulf! Eriksen held på ballen inne i Hødd si boks og trillar den uegoistisk til Zajic som kjem i stor fart. Innbytaren hamrar derimot kula høgt over mål.
73'
Gult kort
Så er det Ulf sin tur til å gjere ein kynisk manøver. Held igjen ein Hødd-spelar på veg framover og får eit korrekt gult kort.
73'
Zajic sår klar med dødballen. Slår inn, men Urke boksar unna.
72'
Gult kort
Dreg ned ein Ulf-spelar som er på veg forbi. Dagens klaraste gule kort.
71'
Enorm sjanse for Hødd! Robin Shroot snik seg inn i feltet og får plutseleg ballen servert på fem meters hald. Sahlgren vartar derimot opp med ei kjemperedning av hindrar scoring. Kampens beste sjanse så langt!
70'
Hjørnespark
Sahlgren er litt på halvdistanse, men klarer likevel å få fista ballen vekk frå femmeteren.
69'
Fleire etterslengjarar på kunstgrasmatta no. Har ikkje vore heilt konsekvent i dag, domar Hansen.
67'
Hjørnespark
Endar med ein småskummel manøver frå Sahlgren. Målvakta fangar ballen, misser den og fangar den igjen medan den framleis er i lufta.
67'
Hjørnespark
Engblom stangar unna ved første stolpe. Ny corner.
66'
Torset med ein stygg etterslengjar på Eriksen. Der burde det definitivt ha blitt gitt eit gult kort.
64'
Godt forsøk av heimelaget! Sereba skjer innover og prøvar å curle ballen inn i det lengste hjørnet. Like utanfor!
63'
Bortelaget vil ha straffe! Eriksen går i bakken innanfor Hødd sin sekstenmeter, og både spelarane og trenarapparatet er i harnisk. Den situasjonen skal det bli spanande å få sjå på nytt!
62'
Sjølstad prøvar seg frå distanse. Langt utanfor. Dagens dårlegaste forsøk.
61'
Spillerbytte
61'
Greitt forsøk av heimelaget igjen. Aasbak får ballen på sida av boksa, skjer innover og avsluttar. Skotet er derimot for svakt, og Sahlgren får nok ein gong redda utan altfor mykje problem.
59'
Aasbak kjem til nok eit innlegg, men heimelaget manglar ein skikkeleg måltjuv inne i boksa og bortelaget får rydda unna. Likevel, gode tendensar frå Hødd no.
56'
Godt forsøk av Hødd! Sereba kjem til avslutning etter bra spel av heimelaget, men Hødd sin nummer sju får ikkje nok klem på skotet og Sahlgren kan redde greitt.
54'
Shroot får litt rom utanfor Ulf si boks og prøvar eit skot i steget. Langt utanfor.
53'
Sereba med eit bra løp, men det endar ikkje med noko av farlegheiter. Hødd slit på den siste tredjedelen av bana, der spelarane ikkje heilt klarer å finne kvarandre i gode posisjonar.
52'
Urke med ei iskald dragning i det han passerer Eriksen med ballen.
50'
Kallevåg avsluttar på halvspretten. Like utanfor, men Sahlgren har god kontroll.
48'
Nesten igjen for Ulf! Engblom får ballen inne i Hødd si boks og prøvar ein lobb på ein litt malplassert Urke. Forsøket går like utanfor heimelaget sitt mål.
47'
Hjørnespark
Urke boksar ut og ballen går til Sereba som set fart. Han prøvar å finne Ulland Andersen, men sistnemnde blir sprunge opp og bortelaget overtek ballen.
47'
Stor sjanse for Sandnes Ulf! Eriksen får avslutta frå god posisjon, men Urke får redda på flott vis. Corner.
47'
1.718 tilskodarar på Høddvoll i dag.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga har no kome utpå kunstgrasmatta att.
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og Sandnes Ulf. Heimelaget har hatt det meste av initiativet, men slit med å skape sjansar mot eit kompakt bortelag. Forhåpentlegvis vil oppgjeret opne seg endå meir etter kvilen, slik vi får sjå fleire scoringarsjansar og mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Nesten at Kallevåg får ballen inne i Ulf si boks. Gjestane får derimot klarert.
45+1'
Aasbak med innlegg. Sahlgren plukkar enkelt.
45+1'
Hjørnespark
Blir teke kort. Hødd held på ballen.
45+1'
Sereba tek ned ballen og skjer innover, men det påfølgjande skotet blir blokkert.
43'
Engblom var det som låg nede. Spissen ruslar ut på sidelinja for behandling.
42'
Ein Ulf-spelar blir liggjande etter å ha blitt nedsprunge av Hødd-stoppar Wembangomo. Bortelaget blei frårøva eit opplagt frispark der.
40'
Småknuffing mellom spelarane etter at Sandberg kjem for seint inn i ei takling.
39'
Gult kort
Kampens første gule kort, av det litt billege slaget, går til Hødd sin venstreback Aasbak.
37'
Hjørnespark
Blir klarert, men bortelaget får etter kvart lagt inn på nytt. Det endar med frispark til Hødd.
37'
Godt forsøk av Sandnes Ulf! Kent Håvard Eriksen dreg seg forbi noke Hødd-spelarar og bankar til. Urke klarer derimot å stoppe forsøket. Corner.
36'
Robin Shroot bommar med ei enkel pasning for heimelaget. Britiske Shroot har endå til gode å finne fram til den imponerande forma han viste for Hødd i 2014. Det året scora han vanvittige 16 mål på 19 4 kampar.
34'
Andersen prøvar å finne Sereba bak Ulf-forsvaret, men mislukkast.
32'
Ulland Andersen avsluttar like utanfor mål. Det ser likevel ut til at Ulf-keeper Sahlgren har kontroll der.
31'
Frispark til vertane i finfin posisjon. Her skal nok Ulland Andersen forsøke seg.
30'
Bendik Torset avsluttar frå utanfor sekstenmeteren. Rett i lagkompis Shroot.
30'
Bortelaget pressar høgt og aggressivt, men Hødd klarer på fint vis å spele seg ut.
29'
Skaasheim kjem til innlegg frå høgresida. Rett i nevane til Sahlgren. Svakt slått av den innleigde Sogndal-backen.
27'
Hjørnespark
Nesten for Ulf! Geertsen kjem først på ballen og får avslutta, men skotet går til side for målet til Urke.
26'
Spillerbytte
26'
Sandes Ulf må faktisk gjere eit innbyte her. Det gledar nok mange på kalde Høddvoll at vi endeleg får sjå Sola.
25'
Så er det gjestane som har ein spelar som har fått ein smell. Nok ein stopp i spelet.
24'
Heimelaget kjem på eit bra angrep, men Sereba øydelegg det heile ved å rive ned ein Sandnes Ulf-spelar.
23'
Nære på at Engblom finn Sandberg som er på eit løp framover i bana. Pasninga blir derimot litt for upresis.
21'
Hødd har hatt initiativet i opninga her, men slit med å kome til store sjansar.
20'
Fredrik Sjølstad blir liggjande inne i Sandnes Ulf sin sekstenmeter etter corneren, men kjem seg etter kvart på beina.
17'
Hjørnespark
Sahlgren kjem ut for å bokse, men sender ballen berre rett i beina på Shroot. Hødd-spissen prøvar å plassere ballen i det lengste krysset, men sender den nokre meter på feil side av metallet.
16'
Skaasheim med dagens første avslutning på mål. Går nokså midt på Sahlgren som har ein enkel jobb med å halde ballen i fast grep.
13'
Hødd held på å byggje opp eit angrep, men Ulland Andersen vel å gå for skot frå veldig langt hald. Ufarleg utanfor.
12'
Øveraas med eit skummelt tilbakespel. Keeper Sahlgren får klarert på eit slags vis.
11'
Sjølstad speler fri Andersen som vender seg elegant fri inne i boksa, men i staden for å slå inn foran mål går han for skot. Det endar høgt over mål.
10'
Hjørnespark
Blir enkelt klarert ved første stolpe.
10'
Shroot avsluttar via ein motspelar og til corner.
10'
Bengt Sæternes stiller for øvrig med berre ei endring på laget som slo Fredrikstad sist. Niklas Sandberg har kome inn for Bojan Zajic. Sistnemnde befinn seg på innbytarbenken.
8'
Eriksen kjem på eit flott soloraid og går forbi fleire spelarar i blått, men dessverre for bortelaget blir han stoppa før han får avslutta.
7'
Hjørnespark
Hamnar hjå Nielsen på bakerste stolpe, men headinga går høgt over mål.
7'
Ulland Andersen med ein lur chip i bakrom til Sereba, men den tidlegare Follo-spelaren klarer ikkje å få kontroll på kula.
4'
Nytt frispark til Sandnes Ulf. Bendik Torset er syndaren. Torset startar for øvrig sin første seriekamp for sesongen i dag.
2'
Ballen endar berre i hanskane til Hødd-keeper Jan-Lennart Urke.
2'
Bertelsen skal servere.
2'
Frispark til bortelaget midt på Hødd sin halvdel.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga står no klare.
Bjørn Hansen er dagens domar. Han kjem frå Kolbotn IL.
Laga har møttest seks gongar i nyare tid. Statistikken på desse går i favør Hødd med 3-1-2. Førre sesong vann Sandnes Ulf 3-1 her på Høddvoll, medan Hødd vann 2-0 i Sandnes.
Sandnes Ulf har på si side opna bra og står med 2-2-0 hittil. Det har blitt 5-0 mot Mjøndalen og 3-1 mot Fredrikstad heime i Sandnes, men på framandt gras har dei framleis til gode å sigre.
Heimelaget Hødd har fått ein elendig start på sesongen og står utan siger på dei fire første forsøka. Her på Høddvoll har det berre blitt uavgjort i dei to oppgjera mot Kongsvinger (2-2) og Bryne (1-1). I tillegg gjekk dei på ein brølar i 2. runde av NM på onsdag då dei tapte 1-0 mot andredivisjonslaget Brattvåg.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Sandnes Ulf, direkte frå Høddvoll!