TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sjølv om dagens kamp på Høddvoll var veldig viktig for begge lag, så blei vi ikkje vitne til noko fyrverkeri. Hødd var vassast offensivt, medan Sandefjord ikkje torde å sleppe seg nok lause. Bortelaget hadde rett nok eit bra trykk dei siste minutta, men utan å kome til farlege sjansar. Dermed har Hødd gjort jobben sin for i dag, men vi må vente heilt til neste helg for å finne ut kven som også blir å finne i Adeccoligaen neste år. Sandefjord må på si side innfinne seg med å spele kvalifisering for Tippeligaen. Takk for i år, og forhåpentlegvis blir det livedekning frå Høddvoll også neste sesong!
Hødd vinn 1-0 over Sandefjord i denne veldig, veldig viktige kampen!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Utspel frå Nyland. Då er det nok gjort!
90+4'
Austbø med ballen. Slår langt opp.
90+3'
Nok eit innkast for heimelaget. Eitt og eit halvt minutt igjen å spele på Høddvoll i denne veldig viktige kampen.
90+3'
Lang ball frå Sandefjord. Endar berre inne hos Nyland.
90+2'
Innkast for Hødd nede ved Sandefjord sitt cornerflagg.
90+1'
Det blir lagt til fire minutt her på Høddvoll.
90'
Sellin får frispark midt på bana. Hødd brukar godt med tid no.
89'
Vanvittig spanande på Høddvoll no. Sandefjord pressar på, men slit med å kome til sjansar.
88'
Sellin avsluttar. Utanfor.
88'
Innkast for Hødd.
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
86'
Byrjar å bli litt panisk bak i Hødd-forsvaret no. Sandefjord kjem nærare og nærare.
84'
Sandal får tid og rom, men avsluttar utanfor.
84'
Torp slår langt, men ballen går berre inn til Nyland. Sandefjord er rett og slett tannlause framover.
83'
Sandefjord har ballen mest no, men slit med å kome til sjansar. Hødd har hatt mange kontringsmoglegheiter, men slit med å utnytte dei skikkeleg.
80'
Hjørnespark
To forsøk for Hødd. Først avsluttar Aursnes rett på Austbø frå skrått hald,, før Sandal set returen høgt over mål.
80'
Nyland er ute og boksar, og Torp prøvar å lobbe medan han er langt vekke frå målet. Den utføringa blir svak, og Nyland kan plukke ballen lett.
79'
Hødd har ein bra kontringssjanse, men Sellin øydelegg ved å sende ei svak pasning mot Sandal som berre går til innkast.
78'
Sarpsborg 08 ligg under heime for Notodden, noko som passar bra for Sandefjord. Men foreløpig har vi ikkje sett noko til ein offensiv frå bortelaget her.
77'
Innkast for Hødd. Tida går heimelaget sin veg no.
76'
Spillerbytte
76'
Standal blir spelt fri, men blir avvinka for offside. Ser korrekt ut.
74'
Spillerbytte
73'
Bra sjanse for Hødd! Sandal finn Standal som gjer ei fin vending og avsluttar kjapt. Austbø får stoppa forsøket.
72'
Hansen er nære på å bli spelt igjennom, men blir korrekt avvinka for offside.
71'
Hjørnespark
Endar hos Amankwah som berre klarer å stusse ballen utanfor.
70'
Sandal er nære på å heade igjennom Sellin, men den innleigde AaFK-spelaren blir avvinka for offside, samtidig som Austbø kjem ut og fangar kula.
69'
Vegard Heltne prøvar seg med eit skot frå distanse. Langt utanfor.
68'
Latifu slår inn, men bortelaget får klarert. Hødd beheld kula.
67'
Saaliti dreg skjer innover og skyt utanfor. Ballen vrir seg feil veg.
66'
Spillerbytte
65'
Hjørnespark
Rett i klypene til Nyland.
64'
Dimitriadis prøvar å sende ein stikkar igjennom Hødd-forsvaret, men det endar med utspel frå Nyland.
63'
Nok ein lang ball mot Hansen. Den går over han og til Nyland.
61'
No leiar også Strømmen 1-0. Dette blir jamnt til siste slutt!
61'
Hødd kjem seg fint framover, men ei dårleg pasning øydelegg.
59'
Nok eit frispark for bortelaget. Moltu headar unna, og Hødd kontrar.
59'
Gult kort
Feller Bindia som er på veg framover.
59'
Sandefjord prøvar ein kort variant, men det endar med at Aas regelrett bommar på ballen. Og då blei den sjansen skusla vekk.
57'
Frispark til bortelaget i veldig bra posisjon. 19-20 meters hald.
57'
Amankwah slår langt opp, men Moltu har bra kontroll på Hansen og headar unna.
56'
Heltne Nilsen prøvar ei pasning mot Sandal som gjer eit bra løp. Altfor unøyaktig frå førstnemnde.
56'
I ein annan viktig kamp leiar Tromsdalen no 2-0 over Bodø/Glimt. Dermed er det Strømmen det ser verst ut for i augneblinken. Dei er per no 3 poeng bak Hødd, Tromsdalen og Bryne.
53'
Mål!
1-0
Hødd i føringa, og for eit viktig mål det kan vise seg å bli! Aursnes kjem seg laus på høgrekanten og legg femogførti grader tilbake til Heltne. Han plasserer ballen fint i mål. No må Sandefjord opp og fram!
51'
Heltne Nilsen skyt frå distanse, men skotet endar over mål.
50'
Sandal slår inn og Klock vinn den første duellen, men Austbø får stige åleine til vêrs og fanga ballen.
49'
Heltne blir felt av Bindia, og Hødd får eit litt billeg frispark.
48'
Nære på på Høddvoll. Eit farleg innlegg blir slått inn i boksa, men Standal glir i det han skal få tak i ballen. Like etterpå handsar Heltne i det han skal ta ned ballen, og bortelaget får frispark.
47'
Lang pasning mot Hansen. Endar med utspel frå Nyland.
46'
Sandefjord sparkar i gong 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem dei to laga på bana igjen. Dette blir vanvittig spanande!
I pausa er det innspeling av videoen til Hødd sin cupfinalesong, 'Stolt på Ullevaal', av gruppa Exposed to Failure frå Gjerdsvika.
Det står 0-0 på Høddvoll etter ein jamn og tett omgang. Det har ikkje vore ein altfor spanande omgang, og begge lag held igjen litt offensivt. Forhåpentlegvis vil laga sleppe seg meir lause etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Hjørnespark
Hødd får stanga unna.
45+1'
Dieng med eit farleg innlegg. Så vidt Hødd-forsvaret får klarert.
45'
Nyland slår det langt opp, men Austbø kjem fint ut og fangar.
45'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling.
44'
Bra sjanse! Sandal legg frisparket over muren og Heltne Nilsen kjem seg fri. Han treff dårleg og ballen går rett ut.
43'
Frispark til Hødd midt på Sandefjord sin halvdel.
42'
Gult kort
Misser ballen og taklar for tøft når han prøvar å nå den att. Klart gult kort.
41'
Latifu med eit elendig innlegg. Går rett ut til utspel frå Austbø.
40'
Dieng kjem seg laus, men vel å avslutte frå skrått hald og skyt fleire meter utanfor. Feil avgjersle frå Sandefjord-spelaren, der.
39'
Mange frispark og stopp i spelet her no. Lite finspel.
38'
Hansen sprintar åleine gjennom mot Nyland, men blir avblåst for noko som skjedde i forkant.
37'
For ein bom! Brix finn Amankwah som står heilt åleine på eit par meters hald. Midtstopparen set skotet utruleg nok over! Der burde det definitivt ha stått 0-1.
36'
Brix står klar.
36'
Nok eit frispark til Sandefjord. Like posisjon som i stad.
35'
Bra sjanse for Hødd! Sandal trillar til Sellin som skyt utanfor frå like bra posisjon. Dårleg utnytta av heimelaget.
35'
Nyland set tidleg i gong og prøvar å finne Standal, men Hødd-spissen trøblar med nedtaket og sjansen forsvinn.
34'
Brix slår det forbi alle og ut til utspel frå Nyland.
33'
Frispark til bortelaget i fin innleggsposisjon.
31'
Sandal blir felt i det han prøvar å finne Standal med ei pasning, men får ikkje frispark av domar Tennøy.
29'
Sandefjord prøvar å spele seg opp bakfrå, men Hødd-spelarane er aggressive i presset og klarer å forhindre at bortelaget får til noko konstruktivt.
26'
Mykje kriging på midtbana her, men det er nok Hødd som har vist mest initiativ totalt sett.
24'
Latifu prøvar å spele til Standal bak Sandefjord sitt forsvar, men Amankwah får ein fot på ballen.
23'
Skot frå distanse frå Sandefjord. Nyland fangar ballen enkelt.
22'
Brix slår inn, men Moltu headar greitt unna.
21'
Hjørnespark
Blir klarert.
21'
Er farleg slått. Aas stangar unna. Corner.
20'
Frispark til Hødd i bra posisjon.
20'
Nære på at Sandal klarer å sende igjennom ein stikkar til Standal.
19'
Sellin med bakromspasning mot Standal. Austbø kjem ut og ordnar opp.
18'
Endar etter kvart hos Sellin som slår farleg inn. Amankwah får rydda unna.
17'
Nyland med frispark midt på bana.
16'
Lang ball mot Hansen. Endar opp inne hos Nyland.
15'
Nok eit fint forsøk frå Sandal. Midtbanestrategen prøvar å plassere ballen i mål frå distanse, men får litt for lite kraft i den. Austbø har bra kontroll.
14'
Innkast høgt i bana for heimelaget.
14'
Sandefjord har ballen mest no. Det har vore ei frisk opning på kampen.
11'
Erik Sandal ligg nede med ein smell, men kjem seg på beina att.
11'
Standal blir avvinka for offside. I tilfellet hårfint.
10'
Heimelaget forserer fint framover, men innlegget frå Latifu blir for svakt.
9'
Også Aursnes prøvar seg frå langt hald. Høgt over målet til Austbø.
8'
Kjell Rune Sellin prøvar seg frå distanse. Like utanfor.
8'
Latifu med eit farleg innlegg. Jaiteh stussar unna like framføre Heltne.
7'
Framspel mot Standal, men det blir for unøyaktig og Austbø får utspelet.
5'
Bra sjanse for Hødd! Sandefjord klarerer ut i farleg rom, og Sandal skyt like utanfor på halvvolley. Kampens beste forsøk hittil.
4'
Latifu går etter kvart lagt inn, men forsøket blir enkelt klarert av bortelaget.
4'
Latifu med innkast for Hødd.
3'
Bra trykk frå Sandefjord i starten her.
3'
Hjørnespark
Nyland fistar unna.
2'
Hjørnespark
Blir klarert. Endar etter kvart i ein ny corner.
2'
Aas prøvar seg. Via ein Hødd-spelar og til corner.
2'
To dårlege framspel frå Hødd på rad. Begge endar med innkast for Sandefjord.
1'
Hødd sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Lav og strålande sol på Høddvoll no. Vi får sjå om det vil by på problem.
No kjem laga ut på bana til årets siste kamp på Høddvoll!
Dagens domartrio består av Jan Morten Tennøy, Mads Hagerup-Lyngvær og Ole Andreas Skogsrud Haukåsen.
Også Sandefjord gjer eit bytte sidan sist. Skadde Alexander Gabrielsen må vike plass for Yaw Amankwah i midtforsvaret.
Hødd gjer éi endring sidan sist kamp mot Ullensaker/Kisa. Pål Andre Helland går ut pga suspensjon, og Espen Standal kjem inn og tek over spissplassen. Kjell Rune Sellin går dermed ut på høgrekanten.
Ein time før kampstart er det fine forhold i Ulsteinvik. Sola skin, og temperaturen ligg på på 5-6 grader.
Sandefjord manglar blant anna Alexander Gabrielsen og Ørjan Røyrane til denne kampen.
Hødd manglar viktige Pål Andre Helland til denne kampen. Trøndaren er suspendert som følgje av for mange gule kort gjennom sesongen. Elles er Kazeem Ahmed framleis ute. I lokale media blir det spekulert i om Espen Standal vil få sjansen i Helland sitt fråver.
Sandefjord har 4-0-2 på sine seks siste, inkludert ein imponerande 3-0-siger borte mot Sarpsborg 08. Førre runda enda med 2-0 heime mot Bryne.
Hødd si form i ligaen er variabel, og på dei seks seinaste kampane har laget til Lars Arne Nilsen 2-1-3. På Høddvoll står dei med tre strake sigrar.
Hødd og Sandefjord har møttest 15 gongar sidan 2001, alle i 1. divisjonssamanheng. Statistikken favoriserer dagens bortelag med 9-1-5 totalt. På Høddvoll har Hødd gjort det best med 4-0-3. Når det er sagt, så har Sandefjord hatt eit meget bra tak på Ulsteinvik-laget dei siste sesongane. Dei har vunne dei fire siste kampane, og vi må tilbake til 2005 for å finne den siste gongen Hødd tok tre poeng. Tre av dei fire nemnde Sandefjord-sigrane har blitt vunne med eitt mål, og det har vore lite målrike kampar mellom laga dei siste sesongane. Oppgjeret tidlegare denne sesongen enda med 1-0 til Guttane etter mål av Yaw Amankwah i det 19. minutt. Sandefjord vann fortent i ein kamp dei kontrollerte, og i følgje rapportane kom Hødd knapt til ein målsjanse i løpet av 90 minutt.
Sandefjord ligg som kjent på 3. plass, med 16-6-6 og 54 poeng hittil. Sarpsborg 08 er som nemnt 3 poeng foran der igjen, medan Mjøndalen truar på plassen bak med tre poeng mindre. Elles er avstandane nedover og oppover på tabellen for store til at det skal kunne ha nokon slags innverknad på tabellsituasjonen til laget til Arne Sandstø. Borte frå Komeplett.no Arena har Guttane gode 8-2-4, noko som betyr at dei har teke neste like mange poeng borte som heime.
Hødd ligg på 11. plass før denne nestsiste runda, med 32 poeng etter 9-5-14 så langt. At laget ligg der dei no befinn seg, skuldast ein utruleg svak vårsesong der dei hadde éin siger og åtte tap på dei ni første kampane. Heime på Høddvoll har blåtrøyene 8-2-4, noko som tyder at 81% av poenga hittil i sesongen har blitt sanka på eige gras. I botnstriden finn vi også Bryne (34 poeng), Tromsdalen (32) og Strømmen (31), og Hødd har eit lite triumfkort i at dei har klart best målskilnad av dei fire laga.
Dagens kamp er av veldig stor betydning for dei to motstandarane, men av heilt ulike grunnar. Til trass for at cupfinala mot Tromsø ventar for Hødd i slutten av november, kan den ikkje samanliknast kampen i dag med tanke på viktigheit. Blåtrøyene speler for å unngå nedrykk, og med tap i dag er nok sannsynet for at det skal skje, stort. Sandefjord kjempar på si side i den andre enden av tabellen, og om det skal bli direkte opprykk på laget til Arne Sandstø må dei nok vinne i dag, samtidig som Sarpsborg 08 avgir poeng heime mot Notodden. Sjølv om det berre skiljer tre poeng mellom dei to laga, så har 08 ein suveren målskilnad som Sandefjord ikkje vil klare å utjamne på to runder. Utgangspunktet for kampen Hødd-Sandefjord er dermed det beste!
Hei og velkomen til livedekning av det meget viktige Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Sandefjord, live frå Høddvoll i Ulsteinvik!