TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sandefjord vinn altså 2-1 etter det som til slutt må sjåast på som ein jamn kamp der begge laga hadde sine periodar og sjansar. Hødd var best dei første 45 minutta, men nok ein gong var det ineffektivitet som gjorde at laget berre scora éin gong. Sandefjord var langt meir nøyaktige i starten - og scora på sin første sjanse. 2. omgang var til tider langt mindre sprudlande, men Sandefjord var det førande laget. Spelarane frå kvalfangarbyen hadde mange store moglegheiter for å putte, men dei måtte altså vente heilt til overtida hadde byrja før scoringa kom. Sandefjord beheld dermed sin tredjeplass på tabellen, medan Hødd no har ramla ned på 8. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Frispark for Hødd midt på bana. Keeper Nyland går fram! Ballen hamnar hos Diomande rett framføre mål, men spissen får ikkje kontroll og Austbø kan plukke.
90+2'
Kan Hødd klare å svare, eller vil alle tre poenga hamna i Sandefjord no?
90+1'
Mål!
1-2
Dimitriadis ragar høgast etter ein retur i feltet, og nikkar inn leiarmålet for Sandefjord!
90+1'
Hjørnespark
90'
Nok ein stor sjanse for Sandefjord! Lamøy skyt via ein motspelar og ut.
90'
Spillerbytte
89'
Gult kort
89'
Hødd ser ut til å skulle gjere eit byte.
88'
Lamøy prøvar ei avslutning frå skrått hald. Ballen vrir langt utanfor.
87'
Hjørnespark
87'
Nesten 1-2! Røyrane skjer innover og avlsuttar like utanfor - via ein motspelar.
87'
Latifu får slått inn, men bortelaget tek over.
86'
Innkast høgt i bana for heimelaget.
86'
Sohna siktar på klubbhuset bak bana - og treff med stil!
85'
Dimitriadis kjem seg fri på venstrekanten, men han får ikkje nok kraft i innlegget og ballen når aldri inn til velplasserte Lamøy.
84'
Nilsen med ein lang ball mot Sandal. Altfor lang viser det seg.
82'
Nystuen prøvar ei long pansing mot Lamøy. Rett over sidelinja.
81'
Karlsen er nære på å kome til avslutning på kanten av boksa, men Nystuen får beina unna. Hødd har initiativet no.
80'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
80'
Utruleg situasjon! Austbø har tilsynelatande kontroll, men glepp ballen som hamnar i feltet igjen. Ein lagkamerat får med naud og neppe rydda unna. Svakt av den elles patente målvakta.
79'
Nok eit Hødd-frispark. Midt inne på bortelagets halvdel.
79'
Sandefjord rullar opp bra, og Gustavsen skyt langt over frå bra posisjon.
78'
Hjørnespark
Sandefjord får klarert.
78'
Viddal speler til Sandal som skyt ut via ein motspelar. Corner.
77'
Klock med innkast. Sandal dempar ballen, men får ikkje tid til å avslutte.
76'
Dødball til heimelaget midt på bana. Røyrane får tilsnakk etter å ha hindra oppspelet i å bli teke.
76'
Nilsen kjem til avslutning, men bortelaget får blokkert.
75'
Gult kort
Klarar ikkje å stoppe etter å ha skote, og sklir over ende ein Hødd-spelar. Heilt greitt idømd.
74'
For ein sjanse for Sandefjord! Bortelaget kontrar og Lamøy slår flatt inn framføre målet der Dimitriadis står fullstendig åleine. Ørjan Nyland vartar opp med ei fantastisk redning på skotet.
73'
Begge laga slår mykje langt no. Tre kampar på éi veke tærar nok på for alle spelarane.
72'
Spillerbytte
72'
Brix har eit hav av rom å springe i, men diverre for bortelaget bommar Gabrielsen med ei enkel pasning.
71'
Diomande skyt like utanfor frå omlag 20 meter.
71'
Denne omgongen har vore eit antiklimaks i forhold til dei første 45 minutta. Med unntak av Sandefjord sin dobbeltsjanse har det skjedd svært lite framføre begge måla.
70'
Christian Mork har prøvd seg fleire gongar, men så langt har Victor Bindia hatt fullstendig kontroll.
69'
Framleis ingen sterke indikasjonar på at nokon av laga skal gjere byte.
67'
Lamøy. Offside.
66'
Diomande fossar framover, men det blir for lite med alternativ å slå på. Fleire av Hødd-spelarane verkar å ha lite med krefter i augneblinken.
65'
Diomande med ein ettersleng på Sohna som er flink til å hjelpe til med fallet.
64'
Lamøy har mykje rom å springe i, men hittil har han vore altfor rastlaus til å kunne unngå offsidefella til Hødd.
63'
Erik Sandal skyt like til side for mål! Nære på at det frisparket går inn.
63'
Nok ein dødball til Hødd. 20-21 meter. Sandal og Karlsen står klare.
62'
Eirik Lamøy står heilt åleine på venstrekanten, men blir avvinka for offside. Hårfint.
61'
Det er bortelaget som styrar på Høddvoll no. Blåtrøyene har ikkje skapt ein kvalifisert sjanse i denne omgangen endå.
60'
Mork blir spelt fri på høgrekanten, men blir for enkel i duellen med Brix - som også får frispark.
58'
Hjørnespark
Moltu vinn første duell, før Lamøy headar over.
58'
Nok ei kontring av bortelaget. Røyrane prøvar å slå inn i boksa, men eit Hødd-bein kjem i vegen.
58'
Sandal slår svakt inn og Sohna kan enkelt sparke unna.
58'
Brandal kjem seg laus på venstrekanten, men blir ulovleg hindra. Frispark til Hødd i veldig bra posisjon for innlegg.
56'
Frisparket hamnar hos Sohna som stussar den bak mot Austbø som kan enkelt plukke. Usikker på om det var ei medvite handling av midtbanemannen!
55'
Sohna lagar frispark mot Sandal midt på eigen halvdel. Nilsen skal slå inn i boksa.
53'
To store sjansar for Sandefjord! Bortelaget kontrar og får spelt seg heilt åleine med Nyland, men Røyrane maktar ikkje å putte ballen forbi Hødd-keeperen. Returen hamnar hos Dimitriadis som skrur den like over mål. Utruleg nære på for laget i raudtt!
53'
Klock prøvar å ta eit frispark kjapt, men får beskjed av domar Hansen om å ta det oppatt - to gongar.
51'
Langskot frå Lamøy. Enkelt for Nyland.
50'
Sandefjord prøvar seg igjen, men no er det Dimitridis som blir vinka på av assistentdomaren.
48'
Lamøy kjem seg fri på venstrekanten, men blir korrekt avvinka for offside.
47'
1085 tilskodarar på Høddvoll i dag.
47'
Mange duellar så langt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
No kjem laga på bana igjen.
Ein veldig artig og sjanserik omgang er over. Hødd opna forrykande, men putta berre eitt mål på fleire store moglegheiter. Sandefjord var langt meir effektive og scora på sitt første forsøk. Etter dei to scoringane har kampen vore veldig open, men store sjansar til begge lag. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Kjempesjanse til heimelaget! Sandal blir spelt heilt åleine og rundar så Austbø, men i staden for å plassere prøvar han heller å hælsparke ballen i mål. Svakt utnytta.
45'
Hødd rullar opp, men innlegget frå Diomande går berre inn til Austbø.
44'
Sohna kjem til innlegg, men treff dårleg og Nyland kan plukke kula.
43'
Nyland prøvar å finne Karlsen med eit longt framspel, men ballen sprett feil og Austbø kan overta.
43'
Brix med frisparket. Heimelaget får klarert i første omgang.
42'
Gult kort
Er kynisk og riv ned ein motspelar på veg framover. Var tydeleg frustrert etter at Hødd ikkje fekk eit opplagt frispark like før.
40'
Hjørnespark
Diomande får ikkje skikkeleg klem på headinga og ballen går utanfor.
40'
Dobbeltsjanse for Hødd! Først skyt Sandal i stolpen bak ein totalt utspelt Austbø, før Mork får sitt forsøk redda på streken. Hødd er både uheldige og udyktige som ikkje har scora meir enn eitt mål i dag.
39'
Lamøy får stå nokså åleine på bakerste stolpe etter eit innlegg, men får ikkje dreis på volleyen.
38'
Det er bortelaget som har initiativet her no.
37'
Sandefjord kontrar og Henrik Gustavsen får avslutta frå bra posisjon. Like til side for Hødd-målet!
36'
Stor sjanse for Hødd! Latifu dreg seg elegant innover og speler til Karlsen, men nok ein gong klarer ikkje sistnemnte å setje ballen i mål.
29'
Diomande får ballen på høgrekanten og dreg seg innover, men skotet blir blokkert før Austbø kan plukke.
28'
Veldig open kamp i augnebliken. Begge lag er hissige på å kome seg framover på bana.
28'
Veldig open kamp i augnebliken. Begge lag er hissige på å kome seg framover på bana.
27'
Frispark til Hødd midt på bortelagets halvdel. Nilsen prøvar ein frekkis på mål, men skotet er svakt og Austbø har full kontroll.
27'
Kristian Brix får stå nokså åleine utanfor boksa og avslutte, men skotet går rett på Nyland. Bra sjanse!
27'
Eirik A. Lamøy dreg seg innover og avlsluttar, men skotet blir kjapt blokkert.
25'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
24'
Utruleg at det ikkje blir 1-2! Dimitriadis blir spelt åleine gjennom og rundar keeper Nyland, men skotet han sender mot mål blir redda elegant av ei nærast flygande Klock. Der var Hødd heldige!
23'
Korleis vil Hødd svare no? Laget har vore det klart beste laget så langt, men det hjelp lite når dei rotar framføre begge boksane. Sandefjord vil på si side få ein boost.
20'
Mål!
1-1
Sandefjord scorar på sitt første forsøk! Klock dett på eigen halvdel og Dimitriadis får kome stormande åleine. Røyrane blir til slutt spelt åleine med Nyland, og frå veldig kort hald gjer ikkje spissen noko feil.
20'
Ruben K. Brandal slit med ei skade etter ein duell. Ser likevel ut til å klare seg.
19'
Det har vore mange forsøk opp mot Sandefjord sin Panajotis Dimitriadis hittil, men Hødd-stopparane har hatt bra kontroll.
18'
Frispark til Hødd. Sohna får heada unna innlegget frå Nilsen.
17'
Erik Sandal prøvar ein frekkis frå langt hald, men Iven Austbø er vaken og får fanga ballen.
16'
Sandefjord er litt meir med no, men forsøka på å spele i bakrom har dei endå ikkje lukkast med.
14'
Frispark til bortelaget midt på bana. Blir teke kort.
14'
Framleis stort press frå Hødd. Sandefjord verkar å ha blitt tekne på senga.
12'
Hjørnespark
Sandefjord får rydda opp først, før ballen blir sendt inn i boksa på nytt. Der er stoppar Klock litt før tøff i ein duell og bortelaget får frispark.
12'
Hjørnespark
Blir heada unna.
12'
Torset og Mork kjem åleine mot ein spelar i raudt, men førstnemnte blir for egoistisk og ingenting skjer ut av det.
10'
Mål!
1-0
Flott mål av Hødd sin nr 14! Vingen får ballen frå Torset, avanserer nokre meter og plasserer ballen heilt inne ved stolperota. Sandefjord-keeperen hadde ikkje lang nok rekkevidde der. Fortent scoring!
9'
Tverrleggarskot! Erik Sandal slår eit godt frispark, men diverre for heimelaget går ballen i metallet. Der var ikkje Austbø heilt med.
8'
Frispark til Hødd i ganske bra posisjon. 23-24 meter frå mål. Sandal, Karlsen og Nilsen står klare.
8'
Espen Nystuen med eit langt framspel som hamnar bak dødlinja. Bortelaget har hatt lite å vise fram offensivt så langt.
7'
Stort Hødd-press dei første minutta, men som i dei siste kampane klarer ikkje laget å utnytte alle dei store sjansane dei kjem til.
6'
Nok ein kjempesjanse! Michael Karlsen dreg seg nydeleg innover mot dødlinja og lobbar inn i feltet der back Ruben Kenneth Brandal står heilt åleine. Ungguten skyt langt over.
5'
Sivert Heltne Nilsen vinn ballen og skyt svakt utanfor frå spiss vinkel.
4'
Hjørnespark
Blir heada unna.
4'
Hjørnespark
Nok ein stor sjanse! Steffen Moltu skyt på volley, og skotet blir redda på streken.
3'
Utruleg nære 1-0! Hødd rullar opp og Michael Karlsen får stå åleine med Austbø frå skrått hald. Trønderen får to forsøk, men Sandefjord-målmannen reddar begge skota meisterleg.
2'
Hjørnespark
Utoverskrudd. Kaptein Nystuen headar over mål. Må bak å hente ballen, men likevel ein ok sjanse.
1'
Klock med framspel mot Karlsen. Offside.
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget skal starte med ballen.
No kjem laga på bana!
Dagens dommar er Kjetil Thorsø Hansen frå Charlottenlund SK. Han blir assistert av Hallvard Røe frå Rival SK og Kjell Gunnar Midtlyng frå Heimdal FK.
Arne Sandstø har sett seg nøydd til å endre ein del meir enn sin kollega, blant anna på grunn av suspensjonar. Kenneth Dokken og Martin Jensen er dei to som må sone. Peter Magnusson og Henrik Gustavsen er namna på erstattarane.
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har gjort éi endring frå førre kamp mot Mjøndalen. Det lovande talentet Christian Mork, som har mange aldersbestemte landskampar på samvitet, har kome inn for Vegard Heltne på kanten.
Hødd og Sandefjord har møttest 13 gongar sidan 2001, og av desse har dagens bortelag vunne sju, medan Hødd har gjort det same fem gongar. Berre éin kamp har altså enda uavgjort. På Høddvoll er statistikken meir lystig lesning for Hødd, noko fire sigrar mot to for Sandefjord tilseier. Siste Hødd-siger kom i 2005, då Sandefjord blei sendt heim med sjokkerande 1-5 i sekken.
Laga møttest også i 7. runde, og då vann Sandefjord 1-0 i ein kamp der Hødd absolutt var med på notane. Panajotis Dimitriadis scora vinnarmålet i det 31. minutt.
Sandefjord er inne i ei veldig bra periode om dagen etter ein skuffande start på sesongen. På dei seks siste står dei med 5-0-1. Siste tap kom borte mot Ranheim i slutten av juni. Arne Sandstø sitt lag har dermed vunne fem strake kampar.
Hødd er inne i si dårlegaste periode så langt i sesongen, og står bokført med to strake tap etter at Hønefoss og Mjøndalen har blitt for sterke dei to siste rundane. Tapet mot Hønefoss var Hødd sitt første heimetap i serien sidan 2009. På dei seks siste kampane har Ulsteinvik-laget 3-0-3.
Heimelaget Hødd ligg før denne kampen på 6. plass med 7-6-4 og 27 poeng. Sandefjord er oppe på 3. plass med tre poeng meir enn Hødd. Laget frå kvalfangarbyen står oppført med 9-3-6 hittil.
Her på Høddvoll er det gode forhold for fotball. Det er overskya og temperaturen ligg på rundt 15 grader.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Sandefjord!