Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Sandefjord slår til med heile 4-1 mot Hødd på Høddvoll og tronar dermed framleis øvst på tabellen. Det var faktisk Hødd som skapte dei fleste sjansane i dag, men blåtrøyene var vanvittig ineffektive. Det var derimot ikkje Sandefjord, som scora på dei fleste forsøka dei hadde. Det er ikkje utan grunn at dei er ubesigra sidan april. Hødd må på si side byggje vidare på det positive i dag, samt straks luke vekk dei defensive feila. Nedrykksstriden er nemleg ikkje langt unna.
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+4'
Begge laga ventar berre på at domaren skal blåse det heile av no.
90'
Ein spelar går i bakken og domar Gjermshus peiker på straffemerket!
90'
Vanvittig mange enkle feil frå heimelaget sine spelarar no. Kan fort få fleire i sekken no.
90'
Sandefjord rullar bra opp og Kirkevold finn Sellin inne i boksa. Den tidlegare Hødd-spelaren får skotet sitt blokkert.
86'
Lite som tyder på at Sandefjord vil rote vekk dette.
85'
Nære på at heimelaget klarer å tråkle seg igjennom. Hjørnespark.
83'
Nære på 1-4! Grodås rotar vekk ballen og Bindia blir spelt fri. Falch kjem ut og stoggar forsøket.
82'
Lufta gjekk definitivt ut av både heimelag og heimefans her. Ikkje så rart med tanke på alle dei enorme sjansane Hødd har rota vekk.
75'
Nesten for Shroot! Hødd trykkar på, og nord-irske Shroot får avslutta frå 16-17 meter. Johansen gjer ei veldig god redning igjen.
72'
Moglegheit for heimelaget igjen! Heltne får ballen i perfekt posisjon, men maktar ikkje å avslutte på mål. For nokre sjansar Hødd sin nummer 19 har rota vekk i dag. Her bør det bli nokre ekstra økter foran mål på treningsfeltet.
71'
Stor sjanse for Hødd igjen! Ei lav pasning blir slått inn i boksa, men Heltne bommar først på ballen, før den trillar vidare til Shroot som set den utanfor. Hødd sløsar vanvittig her!
70'
Heltne med frispark. Han får det forbi dei næraste spelarane, før det blir klarert.
69'
Erik Sandal står klar for Hødd!
68'
Bindia med ei tøff, men rein, takling på Moltu. Midtstopparen blir liggjande litt før han kjem seg på beina att.
67'
Ikkje mykje som skjer i kampen no. Offensiven til blåtrøyene har roa seg. Kan det snart vere duka for Erik Sandal?
65'
Nære for Hødd! Heltne avsluttar like utanfor frå god posisjon. Har ikkje vore treffsikker i dag, den tidlegare Hasundgot-spelaren.
64'
Nok ein ballmiss frå unge Fredrik Aursnes. Har gjort ein del rart i dag, tidenes yngste NM-vinnar.
63'
Mange tøffe duellar på bana no.
61'
Mange personlege feil hjå heimelaget no. Det kan straffe seg mot ein så effektiv motstandar.
60'
Aursnes rotar vekk ballen i farleg område igjen, men blir redda av ein god defensiv jobb av Moltu.
59'
Det er lenge sidan Hødd har vore like farlege på dødballar som i dag. Diverre slit dei med å omsetje dei i scoringar.
57'
Blir heada ut til hjørnespark.
57'
Heimelaget pressar på no. Kast ved Ingebrigtsen.
54'
I tverrleggaren og over! Kevin Larsen bankar til, men skotet fyk i metallet før det går over. Veldig nære for bortelaget.
54'
19-20 meters hald.
54'
Hødd rotar utanfor eigen sekstenmeter, og Sandefjord får frispark i farleg posisjon.
50'
Aursnes er klar. Risholt headar unna ved første stolpe. Svakt slått.
50'
Sveen blir felt og Hødd får frispark i grei innleggsposisjon.
50'
Heimelaget har verkeleg gått offensivt til verks etter pause.
48'
Nære på for Hødd! Ingebrigtsen får ein retur på sitt eige innkast og bankar til. Ballen går via nokre spelarar før Johansen må varte opp med ei god redning. Corner.
48'
Hødd rullar bra opp, men Ingebrigtsen øydelegg med eit svakt innlegg.
46'
Endar med hjørnespark.
46'
Innkast ved Ingebrigtsen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Alle spelarane har kome ut på grasmatta igjen no.
Ein artig omgong er over på Høddvoll. Begge lag har hatt spel og sjansar, men Sandefjord har vore mest effektive. Guttane scora allereie etter tre minutt, då Sellin avslutta i mål åleine med Falch. Hødd kjempa seg derimot tilbake og utlikna ved Shroot eit kvarter seinare. Etter dette var det heimelaget som pressa på, og dei skapte fleire store sjansar, men utan å omsetje dei i scoringar. Det makta derimot Sandefjord, då Larsen sette eit frispark forbi Falch frå veldig langt hald. Eit mål som keeperen definitivt burde ha teke. Det står altså 1-2, og vi gler oss stort til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+2'
Sandefjord får også eit billeg frispark, og kan drøye litt tid.
45+1'
Sandefjord trillar ball igjen. Det er sjølvsagt nøgde med å ta med seg leiinga inn til garderoba.
45'
Törnqvist dett i duell med Kirkevold. Hødd-kapteinen får eit nokså billeg frispark.
44'
Tromsø leiar for øvrig 3-0 i det nord-norske derbyet mot Alta, så avstanden ned til dei er framleis 3 poeng.
42'
Bra forsøk for heimelaget. Eit innlegg blir slått inn i boksa, og det er ikkje langt unna at ein høddspelar får flikka kula vidare i mål.
38'
Frispark til SF.
35'
Småpent Hødd-spel. Endar med corner.
33'
Nære på at Heltne speler fri Shroot. SF-forsvaret får blokkert forsøket.
32'
Lars Bohinen har sendt fleire mann i oppvarming, og er langt i frå nøgd med det laget hans har prestert så langt.
30'
Amankwah stoppar ei Hødd-kontring ulovleg, før han plukkar opp kula for å drøye endå meir tid. Er heldig som slepp det gule kortet der, den tidlegare Brann-spelaren.
29'
Innkast for bortelaget. Moltu møter og headar ballen vekk.
29'
Falch med ei svak klarering. Ikkje heilt patent den bakre femmaren til Hødd no.
28'
Hødd har ein gylden sjanse til kontring, men Vegard Heltne rotar det vekk med eit par elendige involveringar.
27'
Ufatteleg at heimelaget ikkje tek leiinga der!
25'
For nokre sjansar for Hødd! Shroot blir speld fri inne i boksa og avsluttar på volley. Skotet går i stanga og rett ut til Heltne som ikkje maktar å avslutte i mål frå fem-seks meter. Forsøket går via ein Sandefjord-spelar og til corner.
24'
Hødd-back Ingebrigtsen rotar det til på eigen halvdel, og må ordne opp ved å takle ein motspelar over ende.
23'
Robin Shroot, som tidlegare har vore i klubbar som Stevenage, Wimbledon og Birmingham, gjer dermed sitt sjuande mål for sesongen.
18'
Shroot jaktar ei langpasning, men keeper Johansen kjem ut og boksar unna kula.
16'
Hødd forsvarer seg med alle spelarane på eigen halvdel, men Sandefjord klarer likevel å finne bakromet.
16'
SF trillar ball og har veldig god kontroll i augneblinken.
13'
Sellin har nok ein gong funne romet mellom Hødd sine midtstopparar, men pasninga frå Lamøy blir for unøyaktig.
12'
Hødd sine supporterar, Blåsarane, gjer som vanleg sitt til å støtte spelarane. Også Sandefjord sine Blåhvalane er representerte på stadion. Det ser ut som at i alle fall 6-7 stykk har teke turen.
9'
Hødd har forresten endå ikkje snudd til siger etter først å ha hamna under i ein kamp denne sesongen. Det lovar ikkje bra for resten av oppgjeret.
7'
Tendensar i Hødd sitt angrepsspel. Sveen vinn ein corner.
6'
Shroot set fart for heimelaget, men nord-iren klarer ikkje å spele fri Sveen.
5'
Kjell Rune Sellin scora for øvrig fleire viktige mål i si korte tid i Hødd-trøya, blant anna i semifinala mot Brann og i finala mot Tromsø.
3'
Liten tvil om at bortelaget har gått offensivt til verks her.
2'
Lamøy får lagt inn frå venstre. Heimelaget beina unna kula.
2'
Blir slått hardt inn, men Hødd får reinska unna.
1'
Sandefjord får frispark i god posisjon. Nokre meter unna eine kortlinja til Hødd sin sekstenmeter.
1'
Dagens hovuddomar er for øvrig Anders Gjermshus frå Hamar IL.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga står no klare på grasmatta. Sandefjord, i raude drakter, skal ta avsparket.
For Hødd er det svært gledeleg at kanskje deira viktigaste offensive spelar, Erik Sandal, er med i troppa i dag etter å ha vore vekke i lang, lang tid. Heimepublikummet gler seg nok stort til å sjå han igjen. Elles manglar Hødd blant anna Joakim Wrele og Eirik Ulland Andersen.
Hødd og Sandefjord har møttest 19 gongar sidan 2001. Det har enda med ni sigrar til Sandefjord og åtte til Hødd. To har enda uavgjort. Eit artig moment er at Hødd har vunne tre av dei fire siste møta med Sandefjord.
Oppgjeret mellom laga tidlegare i sesongen enda med 1-1 på Komplett.no Arena. Joachim Magnussen gav Hødd leiinga i det 72. minutt, men Sandefjord utlikna nokre minutt etter ved Kristoffer Normann Hansen.
Sandefjord har, i motsetning til Hødd, vore stabile gjennom heile sesongen, og det einaste ligatapet deira i år må vi tilbake til 14. april for å finne. Dei har 4-2-0 på dei seks seinaste, og til liks med Hødd har dei to sigrar på rad no.
Hødd befinn seg på 8. plass med 30 poeng etter 8-6-8 så langt. Det er seks poeng ned til øvste nedrykksplass, medan det er heile ni poeng opp til næraste kvalifiseringsplass. Det er, noko uvanleg, her på Høddvoll det har svikta for laget til Sindre Eid i år. 3-3-5 på 11 kampar er altfor dårleg for eit lag som vil hengje med i toppen. Ting ser likevel bra ut akkurat no, ettersom blåtrøyene har sigra i dei to siste kampane.
Kveldens kamp er viktig for begge lag. Sandefjord toppar som kjent tabellen, og ynskjer sjølvsagt å halde den posisjonen så lenge som mogleg. Tromsø befinn seg berre tre poeng bak, og dei har også speld ein kamp mindre enn laget frå kvalfangarbyen. Hødd har på si side hatt ein skuffande sesong, med variable resultat frå starten av. Det var lengje snakk om å forbetre 3. plassen frå i fjor, men når laget har svikta så ofte, blir det nok berre eit mål å trygge plassen i år.
Hei og velkomen til det spanande 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Sandefjord, direkte frå Høddvoll!