TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med det for fylgjet. Ha ein fin torsdagskveld vidare!
Avslutningar: 11-11. På mål: 9-4.
Den tunge perioden til Hødd held dermed fram, medan Sandefjord no har avansert til andreplass på tabellen. På fotballens dag 16. mai skal høddarane til Kristiansund, medan Sandefjord tek imot Åsane på Komplett Arena.
Sandefjord slår Hødd 3-1 på Høddvoll! Kampen var nokså jamn lenge, men to situasjonar som førde til straffespark til bortelaget blei avgjerande i kampen. Storbæk og Mjelde scora på kvart sitt, og i tillegg varta Offenberg opp med den vakraste augneblinken i kampen då han curla ballen nydeleg i vinkelen frå skrått hald. Offenberg viste seg derimot fram frå ei styggare side like etterpå, då han fekk sitt andre gule kort og Sandefjord måtte avslutte matchen med 10 spelarar. Hødd klarde derimot berre å redusere ein gong, ved Magnussen.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Sjølstad får ballen høgt i bana, men spaserer den utover sidelinja i staden for å leggje inn. Svakt av Hødd sin nummer 17.
90+2'
Sereba lagar eit unødvendig frispark. Dermed kan Jonsson roe ned.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Ei redusering må kome umiddelbart om Hødd skal ha håp om poeng her.
89'
Skaasheim kjem til innlegg, men sender berre ballen rett i nevane til Jonsson.
88'
Dødball til bortelaget. Drøyar tida godt, kvittrøyene.
87'
Blir slått inn i feltet der ein Hødd-spelar er for tøff i ein duell og får frispark i mot.
87'
Frispark for Hødd. Aasbak står klar.
85'
Spillerbytte
84'
Robin Shroot dreg seg innover og rappar til med venstrefoten. Rett på Jonsson.
83'
Shroot går i bakken inne i Sandefjord si boks og heimepublikummet ropar på straffe. Domar Tennøy seier nei.
83'
Absolutt nok tid for Hødd å score mål her.
82'
Hjørnespark
Blir klarert ved første stolpe.
82'
Ulland Andersen avsluttar via ein motspelar og utanfor. God sjanse, det!
81'
Mål!
1-3
Magnussen reduserer på si første berøring i kampen! Corneren frå Aasbak er presis, og Magnussen stangar ballen sikkert i nettet frå kort hald.
81'
Hjørnespark
81'
Spillerbytte
77'
To gule kort
Målscoraren blir utvist! Offenberg taklar Kallevåg hardt og får sitt andre gule kort i løpet av 10 minutt! Lite rutinert av Sandefjord-spelaren, sjølv om det nok ikkje påverkar resultatet her nemneverdig.
77'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
75'
Mål!
0-3
Offenberg sørgjar for 0-3! Sandefjord sin nummer 29 skjer innover i bana og curlar ballen vakkert i det lengste krysset. Det var nok spikaren i den kista.
73'
Mål på straffe!
0-2
0-2! Denne gongen går Urke feil veg, og Mjelde blir andre mann som scorar på straffe i kampen.
72'
Straffe!
Ny straffe til bortelaget! Ein Hødd-spelar er litt for tøff i ryggen på ein SF-spelar, og domar Tennøy dømer straffe for andre gong i kampen.
72'
Pasningskvaliteten hos heimelaget har vore langt dårlegare etter kvilen. Det spørs om ikkje trenar Hans-Erik Eriksen bør gjere nokre endringar på laget snart.
69'
Langt mellom sjansane til Hødd no. Sandefjord har bra kontroll i augneblinken.
68'
Gult kort
Offenberg får kampens andre gule kort.
68'
Bortelaget ligg naturleg nok meir bakpå no. Trillar ball når sjansen byr seg.
64'
Innbytar Hansen slår farleg inn i boksa, men heimelaget får klarert.
63'
Ulland Andersen blir felt av Grorud, men Tennøy får ikkje med seg situasjonen. Grorud har allereie det gule kortet, og bør passe seg litt.
62'
Sellin går i bakken etter ein duell med Wembangomo. Bortefansen protesterer, men domar Tennøy let spelet gå. Såg ut som ei grei avgjersle.
61'
Meir strekk i laga no. Hødd må sjølvsagt risikere meir offensivt for å kome a jour.
58'
Spillerbytte
58'
Blåsarane er tydeleg misfornøgde med avgjersla. Skal bli interessant å sjå situasjonen i reprise.
57'
Mål på straffe!
0-1
Urke går rett veg, men klarer berre å forlengje straffa vidare inn i nettet. Sandefjord i føringa på Høddvoll!
56'
Straffe!
Domar Tennøy bles straffe for taklinga på Grorud inne i boksa! Kapteinen får lov til å avslutte først, men får så eit staffespark når skotet går over.
55'
Hjørnespark
Ein Sandefjord-spelar avsluttar like over, men blir samtidig felt.
53'
Hjørnespark
Endar med at Shroot får avslutta innanfor boksa. Ein Sandefjord-spelar får blokkert forsøket ein meter frå streken. Bra sjanse, det!
53'
Myklebust kjem seg ned til dødlinja med kula, men det påfølgjande innlegget blir blokkert til corner.
53'
1.637 tilskodarar på Høddvoll i dag i følgje antal selde billettar. Litt færre enn det er det nok på tribunene.
50'
Vertane er aggressive også i starten av andre omgang.
49'
Spillerbytte
49'
Bortelaget skal gjere eit tidleg byte.
48'
Hjørnespark
Endar hjå Wrele på bakerste stolpe som headar inn i feltet igjen. Kovacs får klarert.
47'
Nydeleg Hødd-spel på få berøringar. Torset har derimot litt skotvegring og prøvar ei pasning i staden for eit skot. Endar med corner.
46'
Sandefjord sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd og Sandefjord har servert den beste 1. omgangen underteikna har sett på Høddvoll hittil denne sesongen. Begge laga har vore angrepsvillige, noko som har resultert i sjansar begge vegar. Forhåpentlegvis blir det like mykje, og gjerne meir, action om litt.
Domar Tennøy har tydeleg lyst på ein liten kvil og bles i fløyta ti sekund før det har blitt spelt 45 minutt.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
40'
Hjørnespark
Svakt slått. Blir enkelt beina unna ved første stolpe av Kovacs.
40'
Kurtovic prøvar seg med ein frekk lobb frå distanse. Ballen landar på nettaket bak ein litt forfjamsa Urke.
39'
Andersen finn Aasbak med ein stikkar inn i boksa, men venstrebacken får eit dårleg touch og må sjå kula trille utover kritlinja.
38'
Bortelaget vinn ballen på Hødd sin halvdel ved Storbæk. Østre Trysil-produktet avsluttar derimot nokså ufarleg på Urke.
35'
Ulland Andersen går så for skot på det påfølgjande frisparket. Nok ein gong endar ballen i Jonsson sitt sikre grep.
34'
Gult kort
Grorud riv ned Ulland Andersen som er på veg igjennom.
33'
Nære på for Hødd! Myklebust kjem seg ned til dødlinja med ballen og legg den tilbake i feltet, men elles så treffsikre Shroot bommar så regelrett på kula. Heimelaget sitt beste forsøk i kampen.
31'
Begge lag med fem avslutningar kvar denne første halvtimen. Hødd har treft mål på alle sine, men utan at det har skapt vanskelegheiter for Sandefjord-målvakta. Bortelaget har på si side hatt tre gode sjansar, men alle forsøka har enda utanfor.
30'
Nære på igjen for bortelaget! Sellin avsluttar frå skrått hald, men Urke får fingrane på ballen. Sandefjord blir også snytt for eit hjørnespark.
29'
Hødd prøvar seg frå langt hald. Enkelt for Jonsson nok ein gong.
28'
Hjørnespark
Keeper Ingvar Jonsson boksar unna kula.
27'
Godt slått inn, men forbi alle i feltet.
26'
Frispark til Hødd i god innleggsposisjon.
25'
Hødd kjem fram i Sandefjord si boks, men Myklebust blir litt for tøff i ein duell med Bindia og får frispark imot seg.
24'
Hjørnespark
Dett farleg ned i feltet, men vertane får rydda opp.
24'
Nok eit godt forsøk! Offenberg får med seg ballen veldig lett inn i Hødd si boks, men skotet går via ein motspelar og over.
22'
Stor sjanse for Sandefjord! Storbæk kjem seg ned til dødlinja og får lagt ut i feltet, men frå veldig god posisjon klarer ikkje Kovacs å avslutte på mål. Høgt over frå ungararen.
22'
Heimelaget med ei nokså bra kontring, men Shroot mislukkast til slutt med den avgjerande pasninga inn framføre mål. Burde kanskje ha skote sjølv der, den tidlegare Stevenage-spissen.
18'
Nok eit skotforsøk frå heimelaget. Kallevåg skjer innover med kula og avsluttar, men Jonsson fangar greitt.
16'
Kallevåg vinn ballen 30 meter frå Sandefjord sitt mål, men mislukkast i å tre ballen igjennom til ein lagkamerat.
15'
Kevin Larsen med eit skotforsøk frå distanse. Nokre meter utanfor målet til Jan-Lennart Urke.
14'
Mange gode tendensar i heimelaget no. Har vore aggressive og angrepsvillige i starten her.
12'
Hjørnespark
Går til Wrele på bakerste stolpe, men Hødd-kapteinen maktar ikkje å gjere anna enn å stusse ballen til Jonsson.
11'
Ulland Andersen avsluttar frå litt skrå vinkel. Nok ein gong enkelt for Jonsson å halde kula.
10'
Nok eit forsøk i bakrom frå vertane. Hødd har framstått meir direkte i stilen hittil i oppgjeret enn kva dei har gjort elles denne sesongen.
9'
Hødd-supportarane Blåsarane lagar bra med liv på tribunene.
9'
Shroot vartar opp med nokre overstegsfinter før han avsluttar. Via eit Sandefjord-bein og inn til Jonsson.
8'
Offenberg med eit skummelt innlegg inn i boksa. Heimeforsvaret klarer å rydde opp.
7'
Sandefjord står høgt og pressar aggressivt med Storbæk, Kovacs og Sellin.
6'
Godt angrepsspel av heimelaget endar med at Torset får avslutta på halvvolley. Jonsson har likevel full kontroll.
5'
Myklebust kjem inn i boksa med ballen, men blir takla. Innkast for Hødd.
5'
Ikkje langt unna at Torset blir spelt åleine igjennom i bakrom. Bra forsøk av Hødd.
4'
Ulland Andersen slår ballen rett i fanget til Jonsson. Heimelaget var ikkje aggressive inne i boksa der.
4'
Heimelaget med dødball i god posisjon. Andersen og Aasbak står klare.
3'
14-15 Sandefjord-fans har også teke turen for å støtte laget sitt.
1'
Wembangomo prøvar å finne Ulland Andersen i bakrom. Forsøket går heilt inn til keeper Jonsson.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
I Ulsteinvik er det for øvrig gode forhold for litt ballsparking. Det er ikkje mykje vind, samtidig som det er opphaldsvêr.
Begge laga har no kome ut på kunstgrasmatta på Høddvoll, og det er få straksar unna at domar Jan Morten Tennøy bles i fløyta.
Kveldens kamp blir litt ekstra spesiell for Sandefjord-spiss Kjell Rune Sellin. Trøndaren var på utlån til nettopp Hødd (frå AaFK) i 2012 og oppnådde til og med å bli NM-meister for blåtrøyene i løpet av opphaldet. Han blei med det ein av dei få som har vunne cupen to år på rad for forskjellige klubbar.
Sidan 2001 har Hødd og Sandefjord møttast 20 gongar i offisielle kampar. 10-2-8 er statistikken, i favør laget frå kvalfangarbyen. Her på Høddvoll har laga vunne fem gongar kvar. Sist laga kjempa mot kvarandre, i 2014, vann Sandejord heile 1-1 her i Ulsteinvik, medan det blei 1-1 på Komplett Arena.
Sandefjord har på si side stort sett innfridd forventningane etter nedrykket frå Tippeligaen. Lars Bohinen sitt mannskap står med 4-1-1 hittil, noko som gjev 3. plass på tabellen. Dei står med tre strake trepoengarar, to av dei på bortebane.
Heimelaget frå Ulsteinvik er i poengnaud foran dette oppgjeret. Etter dei seks første kampane befinn dei seg på 13. plass, under streken. Det er ikkje akkurat kva høddarane frå Sunnmøre såg føre seg før sesongen byrja. Den einaste sigeren hittil for nyetrenar Hans-Erik Eriksen kom førre heimekamp, då to scoringar av Robin Shroot sørgja for 2-0 over Sandnes Ulf.
Hei og velkomen til livedekning av OBOS-liga-oppgjeret mellom Hødd og Sandefjord, direkte frå Høddvoll!