Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Avslutningar: 15-10. På mål: 7-3.
Laget frå Ulsteinvik klatrar med dette opp på trygg grunn, medan Raufoss no må finne seg i å vere under nedrykksstreken.
Hødd vinn fortent 1-0 over Raufoss etter eit flott mål av Eirik Ulland Andersen. Det skjedde relativt lite før kvilen, men dei siste 45 minutta var prega av eit hav av sjansar - og påfølgjande sløseri, med unntak av Andersen sitt treff i det 81. minutt. Også Raufoss var farleg frampå, men også der var ineffektiviteten stor.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Nesten! Raufoss får avslutta, men Urke får fista til corner.
90+1'
Nok ein bom for Shroot! Skaasheim blir spelt fri, slår femogførti grader ut i feltet, men frå kort hald klarer ikkje den tidlegare Stevenage-spissen å få putta ballen i mål.
90'
Gjestane med innlegg. Urke kjem ut og plukkar.
89'
Nok ein stor sjanse for Hødd! Shroot får ballen på heldig vis, men klarer heller ikkje ved dette høvet å overliste Lauvli.
87'
Nære dobling av leiinga! Shroot blir spelt fri, men Lauvli reddar flott skotet frå briten.
85'
Lekaj med dødball. Blir klarert til corner.
84'
Torset speler vegg og prøvar eit skot. Blir blokkert.
81'
Almir Aganspahic hinkar rundt som ein pensjonist her no. Er nok overmoden for eit byte.
80'
Vestvatn kjem seg til dødlinja med ballen, men innlegget blir blokkert. Corner.
79'
Det er definitivt Hødd som køyrer kampen her.
79'
Så er det Kallevåg som prøvar eit skot. Ballen skrur eit par meter utanfor Lauvli sin høgre stolpe.
78'
Blir slått på mål, men Raufoss får stanga unna.
77'
Dødball for heimelaget. Aasbak skal skru den inn i feltet.
76'
Ganske stor strekk i bortelaget no. Stor avstand mellom ledda.
75'
Nære mål igjen! Nemnde Beite set i gong eit angrep og finn Andersen som trillar vidare til Aasbak. Hødd sin venstreback avsluttar ein liten meter utanfor mål.
72'
Dobbeltbyte av Hans-Erik Eriksen. Det blir spanande å sjå om unge Sondre Beite kan skape problem for Raufoss si venstreside.
71'
Andersen avsluttar frå god posisjon. Like utanfor.
71'
Ulland Andersen slår det lavt og Raufoss får enkelt klarert.
70'
Aasbak blir felt og Hødd får frispark i god innleggsposisjon.
69'
Både Lekaj og Gonzalez kjem til avslutning, men ingen av dei treff målet.
67'
Senstad slår inn frå venstre, men Moltu får blokkert forsøket. Corner.
67'
Samanstøyt mellom tvillingane Wrele. Karl Joakim sender Andreas utover sidelinja med ein dytt.
66'
Skaasheim trillar ballen igjennom til Sereba, men sistnemnde slurvar med medtaket og må sjå kula trille utover sidelinja.
64'
Ulland Andersen har tid og rom, men i staden for å finne ein mespelar inne i boksa går han for skot. Det endar høgt over mål.
62'
Nok ein kjempesjanse for Raufoss! Hødd klarer ikkje å klarere, og plutseleg får Lekaj ballen åleine framføre mål. Urke reddar på strålande vis. Corner.
61'
Skaasheim prøvar seg frå langt hald med venstrefoten. Lauvli slepp ballen litt, men har likevel god kontroll.
60'
Robin Shroot får tilsnakk etter å ha vunne ballen i ei takling. Var på ballen der briten, men domar Amland meiner at han gjekk inn for tøft.
57'
Med normal utteljing burde vi allereie hatt 3-4 scoringar etter pause her.
56'
Så er det Raufoss som sløsar! Lekaj får stå heilt åleine på femmetersstreken og heade, men utruleg nok sender han ballen utanfor mål.
55'
Heimelaget kontrar, men nok ein gong verkar det ikkje å vere ein skikkeleg plan over det som skal skje. Hødd er likevel heldige og får ein corner.
52'
Det har vore ein bra start på 2. omgang. Gode sjansar til begge laga.
48'
Godt forsøk for bortelaget! Gultrøyene tek eit frispark hurtig og Lekaj avsluttar frå skrått hald. Urke reddar flott.
46'
Kjempesjanse for Hødd! Shroot får plutseleg ballen inne i boksa, dreg av eit par mann og avsluttar. Diverre for heimefansen reddar Ole Kristian Lauvli meisterleg.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga på veg ut på kunstgrasmatta igjen.
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og Raufoss etter ein nokså tam og sjansefattig omgang. Dei få moglegheitene som har dukka opp har vore nokså sporadiske, og det har vore lite godspel å sjå. Begge laga treng dei tre poenga sårt, så forhåpentlegvis vil det heile ta seg opp etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Så vartar Sereba opp med eit tilsvarande dårleg innlegg. Symptomatisk for store delar av oppgjeret så langt.
45'
Petter Senstad med kveldens dårlegaste innlegg. Treff berre ein svart Nissan utanfor stadion.
43'
Nesten igjen for Hødd! Sjølstad blir spelt fri bak Raufoss sitt mål og legg inn foran mål. Der treff han Shroot - men ballen går berre i kroppen på briten før ein Raufoss-spelar tek over.
41'
Ulland Andersen set fart inn mot Raufoss sitt mål, men blir stoppa. Corner.
40'
Mykje pasningsslurv frå begge lag no.
39'
Aganspahic får plutseleg ballen i beina inne i Hødd sin sekstenmeter, men merkeleg nok vel han å ikkje avslutte på direkten. I staden driblar han seg vekk.
38'
Moltu er nære ved å bryste ballen i eige mål, men Urke rekk å kome på plass og snappe ballen. Usikker på om det der var tilsikta frå Hødd sin nummer 2.
38'
Aasbak får både tid og rom inne i Raufoss si boks, men sender eit håplaust innlegg bak mål.
36'
Særs lite konstruktivt som skjer ut på matta her på Høddvoll no.
35'
Marcos Krug med kampens første avslutning for Raufoss. Langt, langt utanfor buret til Urke.
34'
Domingo legg flatt inn i boksa på direkten, men Urke plukkar ballen greitt.
31'
Andersen avsluttar - rett i muren. Endar med corner.
30'
Aasbak og Ulland Andersen står klare.
28'
Ikkje langt unna for Hødd! Kallevåg avsluttar i nettveggen frå kort hald etter bra spel av heimelaget.
26'
Senstad slår flatt inn i boksa, og det er nære på at Lekaj kjem først på ballen foran målvakt Urke.
25'
Kallevåg misser ballen til ein motspelar og vel så å rive han ned. Får berre tilsnakk av domar Amland.
24'
Eit frispark blir slått inn i Hødd si boks, og Urke kjem ut for å bokse. Målvakta bommar totalt og ballen dett i beina på ein spelar i gult. Diverre for bortelaget blir dei avvinka for offside. Ein korrekt ein, sådan.
22'
Sereba prøvar å kontre for heimelaget, men løpa frå medspelarane er uryddige og ballen blir berre slått i ein motspelar. Hødd sitt overgongsspel har ikkje vore mykje å juble over hittil i år.
19'
Sereba set fart og får lagt til Vestvatn inne i boksa, men bortelaget får ordna opp før det blir farleg.
16'
Innlegg frå Aasbak, men forsøket går langt forbi alle.
15'
Kallevåg kjem seg heilt inne på seks-sju meters hald med ballen, men klarer ikkje å få spelt den inn foran mål. Corner.
15'
Heimelaget prøvar å skape litt på venstresida si, men Aasbak slit med å kome seg forbi Hjelmtvedt og co.
11'
Ulland Andersen med dagens første avslutning. Rett på Lauvli.
10'
Ulland Andersen får tak i ballen utanfor Raufoss sin sekstenmeter og spelar til lagkamerat Robin Shroot, men sistnemnde er uheldig og får ballen i hælen før den så sprett vekk.
9'
Gjestane spelar direkte i bakrom nok ein gong, men Agansphaic blir avvinka for offside.
8'
Dagens kamp er for øvrig det 13. møtet mellom laga sidan 1998. Statistikken over desse er 6-3-3 i favør Raufoss.
6'
Tidlegare Sheffield Wednesday-spelar Lekaj er på farta igjen, men blir stoppa i det han er nære ved å få seg fri inne i heimelaget si boks.
4'
Hødd har for så vidt initiativet her, men det er svært tydeleg at Raufoss har ein plan om å kontre på heimelaget så fort sjansen byr seg.
3'
Rocky Lekaj blir forsøkt spelt fri i bakrom, men pasninga går utover sidelinja.
3'
Petter Senstad blir spelt fri på venstrekanten, set fart og prøvar eit innlegg. Det går bak målet til Hødd-målvakt Jan-Lennart Urke.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga har unnagjort oppvarminga og peptalken i garderobene, så no ventar vi berre på at dei 22 spelarane skal rusle ut på kunstgrasmatta i lag med hovuddomar Sivert Ø. Amland.
Det er svært lengje sidan Hødd og Raufoss sist møttest i obligatorisk kamp. Vi må tilbake til 2004 for å finne det førre møtet. Den gongen vann faktisk Raufoss 2-1 her på Høddvoll etter mål av Kai Erik Moen og Harald Lødemel. Finn-Erik Stavseng netta for Hødd. Blåtrøyene tok derimot alle tre poenga i det motsette oppgjeret. Geir Televik (2) og Dag Roar Ørsal scora for Hødd, medan noverande Raufoss-trenar Espen Haug scora for laget frå Vestre Toten kommune.
Raufoss og hovudtrenar Espen Haug ligg på si side på trygg grunn, men berre med eitt poeng meir enn dagens motstandar Hødd. Borte frå Nammo Stadion har det blitt 0-2-3 så langt. Moralen i laget har også vist seg å vere bra, noko som viste seg i borteoppgjeret mot Mjøndalen sist, då dei utlikna ved Alosno Gonzalez i det 90. minutt og fekk med seg eit poeng.
Heimelaget Hødd har hatt ein svært skuffande start på den første sesongen under den nye trenararen Hans-Erik Eriksen, og etter at 1/3 av seriespelet er unnagjort befinn dei seg på ein noko overraskande 15. plass. 2-2-6 totalt har blitt til åtte poeng, og det er først og fremst offensivt laget har slitt, noko 0,90 mål i snitt per kamp er ei tydeleg teikn på. Alle poenga har blitt tekne på heimebane, men samtidig har dei berre vunne på to av fem forsøk her.
Dei to lagoppstillingane er klare, og som vi ser blir det ein skikkeleg brødreduell på kunstgraset på Nye Høddvoll i dag. Høddar Karl Joakim og Raufoss-spelar Andreas, begge med etternamn Wrele er tvillingar og blei fødde 7. januar 1995 i Sverige. Dei fylte kvarandre som unge, men i fylgje Vikebladet Vestposten er dagens kamp det første møtet mellom dei nokon gong som seniorspelarar.
Her i Ulsteinvik er det, som elles i store delar av Noreg, eit fantastisk vêr. Sola skin og for ein gong skuld klarer ein seg utan stilongs og ulltrøye på Høddvoll. Om dei utvalde spelarane i tillegg vartar opp med godt spel kan dette bli ein retteleg fin kveld.
Hei og velkomen til det svært spanande OBOS-ligaoppgjeret mellom Hødd og Raufoss, direkte frå Høddvoll!