Referat
Kun høydepunkter
Hødd går på sitt andre strake tap, og for første gong i år går dei av graset på Høddvoll utan alle tre poenga. Hødd leia både 1-0 og 2-1, men eit hardtarbeidande Ranheim kom tilbake ved begge høva. Trønderane pressa kraftig på for å få ei tredje scoring, og fem minutt før ordinær tid fann tidlegare Hødd-spelar Michael Karlsen mespelaren Bendik Bye inne framføre mål, og 2-3 var eit faktum. Ranheim vinn forent, og tronar dermed framleis øvst på Adeccoliga-tabellen. Takk for no, og ha ei strålande 17. mai-feiring i morga. Hipp, hipp hurra!
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+3'
20 sekund att. Ranheim klarer dette.
90+3'
Helland bankar den håplaust over. Nok ein svakt utført dødball av Hødd sin nr 8.
90+2'
Frispark til Hødd i veldig, veldig bra posisjon. 17 meters hald.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Helland slår farleg inn i boksa, men ingen andre i blått er med på den. Hødd pressar på no!
89'
Er det Hødd sin tur til å kome tilbake no, eller skal Ranheim klare å ro dei tre poenga i hamn?
87'
Nære på nok ei Ranheim-scoring! Moltu spelar med høg risiko, og Karlsen snappar ballen og stormar mot Lie. Den innleigde AaFK-keeperen kjem raskt ut og stoppar forsøket med ei beinparade. Der kunne bortelaget ha avgjort det heile!
84'
Aursnes dreg seg flott fri i mellomromet og spelet til Helland på kanten. Han sender i veg eit innlegg som Barli får snappa etter litt fomling.
82'
Ranheim vinn ballen og går rett i ei kontring. Bye skyt knallhardt - men utanfor.
82'
Sandal med frispark midt på bana.
82'
Sandal skal til å snappe ballen og setje i gong ei kontring, men den første berøringa frå Hødd-spelaren er for dårleg og Ranheim vinn kula tilbake.
80'
No er det Hødd som har initiativet her. Det bølgjer fram og tilbake på Høddvoll!
79'
Helland prøvar eit innlegg frå motsett kant. Lite kraft i utføringa, og ballen humpar inn til Barli.
78'
Helland med eit farleg innlegg som endar i corner.
77'
Bortelaget pressar verkeleg på no. Olsen med to innlegg på rad inn i boksa, men Brandal fekk rydda unna begge.
75'
Nok ein bra sjanse for bortelaget! Ballen dett ned til Bye inne i boksa, og på halvvolley sender innbytaren avslutninga like utanfor. Ranheim hadde fortent å leie her no!
73'
Ranheim med presset her no.
72'
Nok ein god sjanse for Ranheim! Det er mykje klabb og babb i feltet, og Blakstad kjem til avslutning. Det endar med corner til slutt.
71'
Nære på 2-3! Karlsen får ein ball i returrom og feiar den like over, via fingertuppane til Lie. Corner.
71'
Aas legg inn frå høgre. Litt for mykje luft i den avleveringa, og Lie kan enkelt plukke.
67'
Innkast frå Helland. Karlsen er nede i eiga boks og klarerer.
67'
Kampen står og vippar no. Det er umogleg å spå korleis dette vil gå.
65'
Helland med nok eit innkast. Ein Hødd-spelar får stussa bakover, men den einaste som ventar på kula er Barli.
65'
Blakstad får lagt inn i boksa, men Hødd-stopparane får ordna opp.
64'
Magnussen stussar inn i boksa, men bortelaget får klarert. Hødd beheld likevel kula.
64'
Hødd pressar bra på no. Endå eit innkast frå Helland.
63'
Bortelaget får nok ein gong rydda unna.
63'
Helland med innkast for Hødd.
63'
Nesten identisk situasjon. Magnussen kjem seg inn til dødlinja inne i boksa, men pasninga inn framføre mål blir beina vekk av bortelaget.
62'
Nære på at Magnussen finn ein medspelar inne framføre mål. Ranheim får rydda opp.
58'
Trenar Lars Arne Nilsen ristar på hovudet. Det betyr nok at Hødd må gjere eit innbyte allereie.
58'
Han hinkar etter kvart av bana for å få behandling.
57'
Nok ein smell for Heltne Nilsen. Denne gongen blir han sitjande.
56'
God sjanse for Hødd! Standal får ballen inne i boksa, vendar kjapt opp og avsluttar på halvvolley. Barli får stoppa forsøket utan altfor mykje problem.
56'
1790 tilskodarar på Høddvoll i dag. Må vere godkjent det.
56'
Frispark til bortelaget midt på bana. Det endar berre opp inne hos Lie.
55'
Heltne Nilsen lagar frispark, men blir sjølv liggjande. Sonen til trenar Lars Arne Nilsen kjem seg etter kvart på beina att.
54'
Både Rønning og Aas får kvart sitt innleggsforsøk, men ingen av dei maktar å finne ein medspelar inne i Hødd si boks.
52'
Stilson får tilsnakk av domar Staberg. Mest sannsynleg for munnbruk.
51'
Aas er nære på å snappe ballen høgt i bana, men Grodås ordnar opp med ei viktig takling.
51'
Ranheim står høgare med laget sitt no. Det vil by på overgangsmoglegheiter for Helland, Magnussen og Standal.
49'
Hødd har kome best i gong etter kvilen, men utan å kome til moglegheiter endå.
49'
Akeem Latifu spelar for øvrig sin kamp nr 100 for Hødd i dag. Skal han krone den begivenheita med å bli matchvinnar?
46'
Ranheim startar med kula denne omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga ut på bana igjen.
Musikklaget ULF står for pauseunderhaldninga med korpsmusikk her.
Det står 2-1 til Hødd over topplaget Ranheim etter dei første 45 minutta av denne 16. maikampen på Høddvoll. Omgangen har vore ujamn, og til tider lite velspelt, men dei to laga glimar til av og til, noko som har resultert i fleire scoringar. Vi kan ikkje seie at det er fortent at Hødd er i føringa, då det nok er Ranheim som har vist seg fram best. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Helland prøvar å finne Standal inne i boksa på eit frispark. Det endar med innkast for heimelaget.
45'
Nesten at Ranheim får spelt seg gjennom Hødd sitt forsvar. Ei lang, blå tå hindrar ein god sjanse for bortelaget.
43'
Stor sjanse for Hødd til å auke! Magnussen kjem seg fri på venstrekanten og slår femogførti grader inn. Der får Helland både eitt og to forsøk på å avslutte, men ingen av dei endar på mål.
41'
Hødd kombinerer fint, og Helland endar opp med å flikke ballen i handa på ein Ranheim-spelar. Straffe til Hødd!
39'
Mads Reginiussen prøvar ein frekkis i det næraste hjørnet med forsøket går like til sides for den høgre stolpen til Lie.
38'
Krogstad blir dytta over ende av Aursnes og Ranheim får frispark i ein veldig bra posisjon.
36'
Løkberg prøvar å chippe ballen inn i Hødd si boks. Forsøket endar utanfor.
35'
Dobbeltsjanse for Hødd! Både Helland og Magnussen får avslutta frå grei posisjon etter eit frispark, men ingen av forsøka endar på mål.
34'
Stor sjanse for Ranheim! Bortelaget vartar opp med ei bra kontring, og Rønning får sendt Stilson igjennom. Frå litt spiss vinkel set han avslutninga like til sides for mål.
33'
Det gjerast enkle feil i Hødd-laget gong på gong no. Lite som stemmer for dei blå.
32'
Liten tvil om at bortelaget har grepet om denne kampen no.
31'
Pål André Helland får ballen tilbake og kan slå inn i boksa, men Hødd sin nr 8 klarer å rote kula ut til utspel frå Barli.
31'
Helland med eit godt innlegg frå venstre. Barli får etterkvart boksa til innkast. Det skal Helland sjølv ta.
30'
Nære på at Ranheim får tråkla seg gjennom Hødd-forsvaret. Törnqvist kjem til unnsetjing med ei lang tå.
27'
Frispark til Hødd i bra posisjon for innlegg. Sandal og Helland står nok ein gong klare. Helland prøvar å slå tidleg inn, men utføringa er elendig og går rett utover sidelinja.
26'
Mykje roting og balltap innad i Hødd-laget no. I augneblinken er det Ranheim som har initiativet.
23'
Nesten for Ranheim! Krogstad er på farta igjen og kjem seg heilt inn i boksa. Der sender han eit innlegg inn framføre mål, men diverre for bortelaget er ingen andre i kvitt klare foran kassa.
21'
Ranheim får frispark i fin innleggsposisjon. Daniel Krogstad står klar.
16'
Ranheim har vore dyktige i å variere presshøgda hittil. Det har enda med tidsvis stressa Hødd-spelarar og påfølgjande balltap.
14'
Stilson snappar ballen frå Latifu og set fart, men Törnqvist kjem unnsetjande til og taklar unna kula.
13'
Aursnes prøvar å spele fri Latifu på høgrekanten, men kjemien mellom dei to er ikkje heilt på plass, og forsøket endar med innkast.
11'
Hødd har ballen mest no, men det stoppar litt opp på den siste tredjedelen.
10'
Langpasning mot Helland. Trøndaren får ikkje tak i kula.
8'
Helland med eit innkast som Törnqvist får stussa bakover i feltet. Der står det ingen andre i blått.
7'
Sandal legg den utanfor. Ikkje altfor godt utnytta av Hødd sin midtbanestrateg.
6'
Sandal og Helland står klare.
6'
Frispark til Hødd i veldig bra posisjon. Heltne Nilsen er det som blir felt.
6'
Bortelaget med nok ei avslutning. Rett på Lie.
2'
Bra sjanse for Ranheim! Stilson dreg seg enkelt forbi Latifu og avsluttar i næraste hjørne. Lie reddar. Corner.
2'
Latifu er frampå igjen, denne gongen med eit innlegg frå høgre. Barli kjem ut og plukkar enkelt.
1'
Latifu prøvar seg på halvvolley, men nigerianaren treff knapt kula.
1'
Hødd sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga endeleg på bana!
Her i Ulsteinvik er det fine forhold for litt ballsparking. Det er opphald, temperaturen ligg på 11-12 grader, og det er ikkje altfor mykje vind. Det kan også vere verdt å nemne at underteikna har teke sjansen på å gå på Høddvoll utan stilongs for første gong i år!
Dagens domartrio består av Per Ivar Staberg, Kjetil Fallstrøm Andersen og Øystein Simon Ytterland. Mathias Smehus Kringstad er fjerdedomar.
Om vi skal trekkje fram nokre profilar til dagens kamp kjem vi i alle fall ikkje utanom Ranheim-spiss Jo Sondre Aas. Den tidlegare Rosenborg-spissen står med fem mål på sju kampar hittil, inkludert eit hattrick mot Fredrikstad i førre runde. For Hødd kan vi nemne blant andre Joachim Magnussen. Etter eit opphald med spel i Tippeligaen for Hønefoss enda han tilbake i Hødd-drakta til denne sesongen. Dei første kampane var han ikkje heilt på, men dei siste oppgjera har vist at godforma er inne. Duellen mellom han og Ranheim sin høgreback Thomas Rønning blir spanande å fylgje i dag.
Dagens kamp er spesiell for Ranheim sin spiss Michael Karlsen, som har ei god fortid i Hødd, og også fekk med seg eit cupgull for Hødd ettersom han var involvert i dei tidlegaste rundene. Før overgangen til Ranheim fekk han med seg totalt 42 kampar og 17 mål for Hødd i ligasamanheng. Karlsen startar dagens oppgjer på innbytarbenken.
Stemninga på Høddvoll er god, 20 minutt før kampstart. Musikklaget ULF underheld med korpsmusikk, medan russen også er med å setje sitt preg på hendinga. På tribuneplass finn ein også mange heimesupporterar. I skrivande augneblink ser vi ingen frå bortelagets fanklubb, Forza Ranheim.
Hødd og Ranheim har møttast sju gongar i offisiell samanheng sidan 2001. Hødd har hatt eit godt overtak her, med 3-3-1 totalt. På Høddvoll har det derimot enda 1-1-1, medan trønderane aldri har slått sunnmøringane på eiga heimebane. Førre sesong blei det 1-1 på DNB Arena og 3-1-siger til Ranheim her på Høddvoll etter to seine mål av trondheimsklubben.
Trond Nordsteien, Ranheim sin trenar, har på si side ikkje gjort éi einaste endring sidan Fredrikstad blei nedsabla med 3-0 i helga. Trenaren er likevel ikkje uro for slitasje, og til klubben si heimeside uttalar han at 'Vi er inne i en drømmeperiode nå, der vi spiller to kamper pr uke, noe vi liker' og at 'vi har stor konkurranse om plassene, vi har en bred tropp, der folk må prestere når de får sjansen. Alle må være tilstede, noe jeg opplever at samtlige i troppen er'.
Hødd-trenar har som venta gjort nokre endringar på laget til denne kampen, etter at fleire fekk kvile seg på søndag. Ut har Vibe, Torset, V. Heltne og Ertsås gått, og inn har Grodås (tilbake frå skade), Sandal, Magnussen og Standal kome.
Ranheim var ikkje langt unna å få med seg kvalifiseringsspel til Tippeligaen førre sesong, og om dei held fram i same stil som dei har gjort hittil i 2013 vil det vere gode sjansar for Eliteserie-spel på DNB Arena neste år. 5-1-1 er fasiten hittil, og dei står med to strake storsigrar mot henhaldsvis Fredrikstad (3-0 heime) og Elverum (4-1 borte). Vekke frå sin eigen stadion har dei faktisk teke ni av ni moglege poeng, medan dei heime berre har vunne halvparten av kampane.
Dei regjerande cupmeistrane frå Ulsteinvik ligg i augneblinken på 6. plass etter 4-0-2 hittil. Blåtrøyene har også ein bortekamp til Follo til gode. Heime på Høddvoll har dei vore uslåelege hittil med tre strake sigrar mot henhaldsvis HamKam (2-1), Stabæk (1-0) og Kongsvinger (1-0). Etter den gode perioda kom det førre runde eit tap borte mot Bodø/Glimt. Trenar Lars Arne Nilsen roterte på spelarane og starta her utan fleire av sine mest trufaste spelarar. Bodæveringane vann fortent 1-0 i ein kamp der Hødd produserte lite offensivt.
Dagens kamp blir mellom to lag som har opna sesongen veldig bra. Heimelaget Hødd var ei periode oppe på 2. plass på tabellen etter fire strake sigrar, medan Ranheim framleis ligg heilt øvst.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Ranheim. Det er 16. mai og fotballens nasjonaldag på Høddvoll!