Referat
Kun høydepunkter
Ranheim vinn 3-1 i ein kamp som kunne ha vippa begge vegar. Begge lag hadde fleire store sjansar, men til slutt var det trønderane som viste seg å vere mest effektive. Bortelaget tryggar dermed sin 5. plass, medan Hødd no faktisk har ramla under streken igjen. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Stolpeskot! Bortelaget kontrar igjen, men frå veldig bra posisjon klarer ikkje Krogstad å setje ballen i mål. Nyland får ei hand på kula får den trillar vidare i stolpen og ut.
90+3'
Nyland er på midten og lempar ballen oppover.
90+2'
Hødd slit med å sette Ranheim under skikkeleg press no. Bortelaget brukar sjølvsagt den tida dei kan ved dødballar.
90+1'
Helland trillar til Sandal som klinar ballen høgt over mål frå 19-20 meter.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
89'
Utruleg at det ikkje blir 1-3! Riksvold kjem seg åleine inn i boksa, men skyt utanfor frå spiss vinkel.
88'
Offensivt bytte av Hødd. Nonso Lala er spiss.
87'
Stor sjanse for Ranheim! Bortelaget kontrar, og Riksvold finn innbyttar Izuchukwu. Han skyt knallhardt utanfor frå kort hald.
86'
Fem minutt igjen av ordinær tid. Hødd prøvar å få til eit spel, men Ranheim er kompakte bakover.
85'
Skal Ranheim klare å ta sin første siger mot Hødd i nyare tid? Før denne kampen har dei gått seks kampar utan siger til trønderane.
84'
Dødballen er svakt slått og Ranheim får ta over.
83'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon. Sandal står klar.
82'
Nære på utlikning! Helland dreg seg framover og avsluttar knallhardt. Via ein motspelar og like over.
80'
Farleg forsøk for bortelaget. Åsen får lagt inn, men Grodås får heada unna.
79'
Åsen med eit farleg innlegg som går gjennom heile feltet. Grodås får klarert.
78'
Ranheim med ballen no.
77'
Bortelaget prøvar ei kontring, men Moltu stoppar Midtsjø.
77'
Ein Ranheim-spelar ligg nede og vi får ein stopp i spelet.
76'
Grodås dreg seg gjennom fleire ledd og er nære på å finne ein lagkamerat med innlegget sitt. Corner.
73'
Latifu med eit slags skot. Langt, langt over.
73'
Roleg periode i kampen no.
71'
972 tilskodarar på Høddvoll i dag.
70'
Nære på 1-2! Ranheim kontrar, og Riksvold spelar fri Krogstad. Han avsluttar like utanfor frå skrått hald.
68'
Tronseth slår inn. Hødd får ordna opp.
67'
Nesten for Hødd! Latifu prøvar seg frå distanse, men Barlind gjer ei god redning.
63'
Sandal prøvar seg frå distanse. Ufarleg og rett på Barli.
63'
Stilson prøvar å runde Grodås, men Hødd-backen klarer å få stoppa forsøket.
62'
Sellin misser ballen i farleg sone, men heldigvis for han ordnar stoppar Moltu opp.
61'
Mykje fram og tilbake her no. Dette kan gå begge vegar.
61'
Hødd prøvar seg med ein overgong med ein gong, men bortelaget får ordna opp.
60'
Åsen med frisparket. Nyland fangar.
60'
Sellin taklar Åsen overende bakfra. Hødd-spelaren er heldig som slepp å få sjå det gule kortet.
59'
Sandal med lang ball mot Helland. Tronseth ordnar opp igjen.
58'
Sandal prøvar å finne Standal. Tronseth renskar unna.
57'
Lang ball mot Standal. Moe får heada unna.
55'
Stor sjanse for Ranheim! Midtsjø tråklar seg fint framover mot Hødd-målet og spelar til Riksvold. Sistnemnde skyt på direkten, men treff dårleg. Nyland har ein grei jobb med å halde forsøket.
53'
Helland skyt frå langt hald. Via ein Ranheim-spelar og til corner.
52'
Åsen bankar den lågt mot mål, men Moltu får gitt til corner.
52'
Frispark til Ranheim i veldig god innleggsposisjon. Rett ved kortsida av sekstenmeteren til Hødd.
51'
Grodås må ta teljing etter å ha fått ein hard ball i andletet.
50'
Hødd kontrar og det er ikkje langt unna at Sellin finn Standal framføre mål. Barli får fanga ballen.
49'
Hødd har opna denne 2. omgangen forrykande.
49'
Helland avsluttar frå skrått hald. Rett i nettveggen.
49'
Sellin prøvar eit saksespark etter eit innlegg, men bommar.
49'
Standal er nære på å få tråkla med seg ballen igjennom feltet til Ranheim, men blir stoppa.
46'
Helland med frispark for Hødd.
46'
Langt oppspel mot Standal. Endar i innkast for Ranheim.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No har laga kome på bana igjen!
Ranheim leiar 1-0 etter ei straffescoring av Gjermund Åsen. Begge lag har hatt fleire store sjansar, men det måtte altså ein dødball til før kula hamna i nettet. Vi håpar på meir effektivitet og mål i 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Åsen trillar til Bye som avsluttar frå skrått hald. Rett på Nyland.
45+2'
Langt framspel mot Sellin. Moe får klarert til innkast.
45+1'
Blir teke kjapt, men spelarane i blått mistar ballen like kjapt.
45+1'
Innkast til Hødd høgt i bana.
45'
Helland slår eit innlegg via ein spelar i kvitt og inn til Barli.
44'
Stor sjanse for Ranheim! Hødd-forsvaret blir rulla opp som ei boks med sardinar, og berre ei veldig god redning frå Nyland forhindrar 0-2.
43'
Standal ligg nede etter ein kollisjon i feltet.
43'
Helland med frispark på 30 meters hald. Han går for skot, men sender det nokre meter over mål.
43'
Stilson kjem til innlegg. Nyland stig til vêrs og held kula.
41'
Fleire stopp i spelet no. Til trass for fleire enorme sjansar har vi berre fått sjå éi scoring hittil.
39'
Bye dreg seg innover og skyt frå skrått hald, men det går via Moltu og til corner.
38'
Åsen dreg med seg ballen innover og avsluttar, men skotet går via ein Hødd-spelar og inn til Nyland som har få problem med å halde det.
37'
Bra sjanse for Hødd! Eit innlegg frå Latifu endar etter kvart hos Heltne Nilsen som avsluttar. Skotet har god retning, men stoppar i ein Ranheim-spelar.
35'
Utruleg nære på 0-2! Moltu vartar opp med eit altfor laust tilbakespel til Nyland, og ein Ranheim-spelar snappar ballen og sender den vidare til Fredrik Midtsjø. Han bankar den via tverrleggaren og over.
34'
Latifu slår langt mot Helland, og det er ikkje langt unna at kantspelaren får med seg ballen inn i boksa.
34'
Frispark til Hødd midt på bana.
33'
Midtsjø prøvar seg frå distanse, og Nyland har litt problem og må gi retur. Den klarer han sjølv å fange.
31'
Standal får ei høg pasning og er nære på å klare å stusse seg sjølv åleine igjennom. Barli kjem ut og har kontroll.
30'
Bra sjanse for Hødd! Helland kjem til skot frå skrått hald. Barli med beinparade.
30'
Sellin med farleg innlegg. Blir klarert rett framføre Barli.
28'
Victor Grodås prøvar seg frå distanse. Langt over mål.
28'
Latifu med inlegg. Via ein Ranheim-spelar og til corner.
27'
Åsen finn Riksvold høgt i bana, men sistnemnde blir korrekt avvinka for offside.
26'
Det meste verkar å gå Ranheim sin veg no. Hødd og heimepublikummet er misfornøgde med fleire domaravgjersler. Tendenes til frustrasjon blant enkelte spelarar i blått.
25'
Ranheim held fram med å vere aggressive, og vinn dermed ballen høgt i bana ved fleire tilfelle.
20'
Aursnes prøvar seg med eit langskot. Endar i corner.
20'
Sellin kjem seg fri på venstrekanten, men innlegget hamnar ikkje hos ein spelar i blått og Ranheim kan overta.
19'
Standal er nære på å bli spelt igjennom, men eit Ranheim-hovud kjem i vegen og øydelegg forsøket.
18'
Ranheim forsøkar ein kort versjon, men spelaren som skal motta kula glir, og Hødd overtek.
18'
Frispark til bortelaget i bra posisjon.
17'
Nok ein enorm sjanse for Hødd! Heltne Nilsen spelar Sandal åleine gjennom, men frå 7-8 meters hald set han ballen rett på Barli.
14'
Utruleg at det ikkje står 1-0! Standal kjem seg fri og finn Sandal som kjem stormande inn i boksa. Sistnemnde klinar til på direkten, men sender skotet langt over. Der burde Hødd ha gått i leiinga.
14'
Ranheim var vist at dei kan spele ball ved nokre tilfelle no. Det går til tider svært hurtig med laget.
13'
Bye kjem seg fri og stormar mot mål, men ei knallhard takling frå Moltu stoppar forsøket kontant.
11'
Midtsjø visar fram teknikken sin, og driblar seg innover og innover i Hødd si boks. Får berre corner.
10'
Latifu med eit slags innlegg/skot. Går langt til side for buret til Barli.
9'
Hødd med initiativet her no.
9'
Helland bankar frisparket på skrått hald inn mot mål, og Barli må gi retur. Den hamnar hos Erik Sandal, men han er nærare å treffe cornerflagget enn målet med skotforsøket sitt.
8'
Frispark i bra innleggsposisjon for Hødd.
7'
Sandal får seg ein smell i duell med ein Ranheim-spelar. Liten stopp i spelet, men Sandal kjem seg på beina igjen.
6'
Lang ball mot Grodås som kjem springande langs venstresida. Endar utanfor sidelinja.
5'
Bortelaget med frispark. Blir lempa inn i boksa, men Heltne Nilsen får stogga eit eventuelt forsøk.
3'
Helland kjem seg inn i boksa og avsluttar. Ballen skrur utanfor.
3'
Tydeleg at det er vått på bana. Fleire spelarar slit med å halde seg på beina.
1'
Latifu med innlegg. Blir klarert.
1'
Ranheim sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Då står begge laga klare!
Det er svært ekle speleforhold på Høddvoll i dag. Surt, kaldt og vindfullt.
Dagens domartrio består av Mads Ahlsen, Frode Ølmheim og Runar Langseth.
Michael Karlsen, som altså gjekk frå Hødd til Ranheim for nokre dagar sidan, er ikkje å sjå hverken i startoppstillinga eller på innbyttarbenken. I følgje rykta har klubbane kome fram til ein slags gentleman's agreement.
På Ranheim har det blitt gjort fire endringar sidan sist. Jonas Krogstad, Kristoffer Løkberg, Robert Stene og Emeh Izuchukwu har gått ut til fordel for Fredrik Midtsjø, Kim Riksvold, Michael Stilson og Mads Reginiussen.
Då er begge laga klare. Hødd gjer berre éi endring sidan førre kamp. Andreas Rekdal går ut, og blir erstatta av Espen Standal.
I tillegg til Michael Karlsen, har også Fredrik Midtsjø kome til Ranheim på ein låneavtale frå Rosenborg. Robert Stene har derimot forlete klubben, og han har i stadet skrive under for spel i Tippeligaen med Fredrikstad.
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har tilnærma full tropp å velje i til denne kampen. I følgje Sunnmørsposten er det berre Kazeem Ahmed som er utilgjengeleg, medan Kjell Rune Sellin (innleigd frå AaFK) er usikker etter ein smell i ribbeina. Bendik Torset og Vegard Heltne blir moglegens sparte.
Eit interessant moment i dagens kamp er at Michael Karlsen møter igjen gamleklubben Hødd, berre nokre få dagar etter at han forlot klubben og signerte for Ranheim. Til trass for ein meget god sesong i fjor, har han i år slitt med tillit, form og heimlengsel, noko som kulminerte i ein retur til Ranheim, som han også var utleigd frå Rosenborg til i 2010. På dei seks kampane han fekk då scora han tre mål. Elles kan det vere verdt å nemne at Karlsen scora to mål mot Ranheim i den tidlegare omtalte 5-2-sigeren til Hødd i fjor. Kanskje er det Ulsteinvik-laget som får unngjelde i dag.
Ranheim har aldri slått Hødd i nyare tid. Dei to laga har møttast seks gongar i serie og NM sidan 2001, og statistikken over desse er 3-3-0 i favør Hødd. Det enda 1-1 på DNB Arena tidlegare i år, etter mål av Bendik Bye og Erik Sandal. Førre sesong blei det 0-0 på Høddvoll, før Hødd slo til med imponerande 5-2 i Trøndelag. Den mest målrike kampen mellom laga kom i 2001, då Hødd vann 6-2 i 2. runde av NM.
Ranheim har 2-3-1 på sine seks siste i ligaen, men etter uavgjort mot Bryne (0-0) og tap mot HamKam (2-1), har dei altså gått to kampar utan siger.
Heimelaget er i bra form om dagen, og har, i tillegg til å ha oppnådd semifinaleplass i NM, 3-1-2 på sine seks siste kampar. Laget til Lars Arne Nilsen har to strake sigrar etter 2-1 mot både Bærum og Notodden.
Ranheim befinn seg på 5. plass etter 8-7-4 og totalt 31 poeng så langt i sesongen. Laget til Aasmund Bjørkan har både Bodø/Glimt, HamKam og Ullensaker/Kisa pustande i nakken, så det bør utan tvil sankast poeng i dag om dei skal forbli bak trønderklubben. Borte frå DNB Arena har Ranheim 4-3-3 hittil.
Hødd ligg på 11. plass med 22 poeng etter 6-4-9 hittil. Det er berre to poeng ned til Bryne, som er øvste lag på nedrykksplass. Heime på Høddvoll har ulsteinvikarane 5-2-3 så langt. Seks kampar har gått sidan dei siste tapte på eige gras.
Dagens kamp er like viktig for begge lag. Hødd kjempar for å unngå nedrykk, medan Ranheim kjempar om å bli dei seks beste, og dermed få moglegheita til å kome seg opp i Tippeligaen.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Ranheim på Høddvoll!