Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Hødd har dermed avansert til 8. plass på tabellen, medan Ranheim øydelegg endå meir for seg sjølve med tanke på kvalifiseringsplassane. Det ser ut til å gå mot ei meget spanande avslutning i divisjonen.
Hødd vinn fortent 4-2 i ein veldig underhaldande kamp på Høddvoll. Ranheim tok leiinga ved Snekvik på straffespark etter ein halvtimes spel, men då vakna Hødd-laget og svara med tre scoringar ved Shroot (2) og Moltu. Etter kvilen ordna Sveen dagens fjerde mål for heimelaget og Ranheim verka å ha gitt opp. Ei sein redusering av Åsen på tampen sørgja derimot for litt spaning, men til trass for hardt press frå trøndarane blei det med det.
Kamp slutt Slutt (4-2)
89'
Frispark til heimelaget.
88'
Stolpeskot! Shroot får ballen inne i boksa og prøvar å leggje avslutninga i det lengste hjørnet. Forsøket endar i stolpen og ut. Nok ein gong nære hattrick for engelskmannen.
88'
Øveraas lempar ballen inn i boksa, men Falch kjem ut og plukkar.
87'
Hødd får heada unna før dei går rett i ei kontring. Den får Ranheim stogga.
86'
Bortelaget pressar verkeleg på no. Åsen med frispark.
85'
Nære på mål for Ranheim! Ballen blir lempa inn bak Hødd sitt forsvar og det blir avslutta frå kort hald. Falch reagerer derimot kjapt og fistar kula over mål.
84'
Ranheim står høgt i bana og pressar på. Ei redusering til og vi har nokre høginteressante minutt att.
77'
Nære på hattrick for Robin Shroot! Grimstad legg femogførti grader ut, og frå god posisjon avsluttar Shroot. Barli gjer ei meget god redning.
76'
Grimstad prøvar seg med eit hardt skot. Nokre meter til side for buret til Barli.
75'
Grodås får beskjed frå heimefansen om å skyte, og gjer det. Forsøket går høgtover mål.
71'
Sveen jagar ein ball inne i Ranheim si boks, og under hardt press får han foten på ballen. Den tidlegare HamKam-spelaren må derimot sjå at kula trillar utanfor mål.
70'
Åsen prøvar å spele fri Bye, men forsøket går berre til utspel frå Falch.
68'
Blir slått langt utanfor.
68'
Frispark til bortelaget.
67'
Asgeir Snekvik avsluttar med eit tåskot - men utanfor.
63'
Ingebrigtsen med kast for Hødd.
61'
Ein halvtime att å spele på Høddvoll. Framleis ein open kamp her.
59'
Midt på Falch. Dårleg utnytta.
58'
Åsen står klar.
58'
Frispark av det billege sorten til Ranheim. 18-19 meters hald, ved det eine hjørnet av Hødd sin sekstenmeter.
57'
Veldig sjåverdig på Hødvoll no. Begge lag ynskjer å angripe så fort sjansen byr seg.
54'
Heimelaget prøvar å rulle opp eit angrep. Grodås får derimot ei for hard berøring, og ballen trillar til utspel frå Barli.
53'
Nære på for heimelaget. Ei dårleg berøring av Sveen blir eit flott legg tilbake til Torset som bankar til frå 18-19 meter. Skotet endar i nettveggen.
51'
1378 betalande tilskodarar på Høddvoll i dag.
49'
Bortelaget står høgt her i starten, men hittil har ikkje Hødd lete seg affisere mykje av det.
48'
Ranheim med kraftig medvind denne omgangen.
46'
Det har byrja å regne på Høddvoll, og det har mørkna veldig.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar 3-1 over Ranheim i ein kamp som tok heilt av på slutten. Den første halvtimen var nokså tam, men etter kvart tok bortelaget initiativet og skapte fleire gode sjansar, før dei scora på straffespark ved Snekvik. Etter dette vakna heimelaget fullstendig og slo tilbake med tre flotte mål på sju minutt. Vi håpar at dei siste 45 minutta blir like fartsfylte!
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+1'
Sveen jaktar ei langpasning inne i Ranheim si boks, men Barli rekk å snappe den.
45+1'
Etter ein relativt roleg først halvtime her på Høddvoll har oppgjeret teke fullstendig av. Fire mål på 10 minutt er god valuta for pengane!
42'
Det er kaldt på Høddvoll, men heimelaget er heite som berre det! Shroot står ved midtsirkelen og brystar vidare ei langpasning til Sveen som kjem i full fart framover. Sveen stormar mot Ranheim sin sekstenmeter før han spelar ballen tilbake til Shroot. Engelskmannen legg ballen til rette før han klinar den utakbart i buret. For ei scoring!
38'
Hødd pressar på og Aursnes avsluttar via eit Ranheim-hovud og til corner. Hødd sin første i kampen.
35'
Ikkje mykje å seie på at bortelaget går i føringa her. Ranheim har hatt initiativet det siste kvarteret og også produsert tre gode sjansar før dette.
31'
Åsen går i bakken inne i Hødd si boks, og domar Moen gir Ranheim straffe!
30'
Stor sjanse for Ranheim igjen! Hødd slit med å klarere, og Aas får avslutta frå god posisjon. Falch er derimot med på notane og ryddar unna med ei glimrande ein-hands-klarering.
28'
Bendik Bye går i bakken ved midtsirkelen, og trenarapparatet på sidelinja er i harnisk. Domar Moen let å la spelet gå.
26'
Nesten for Ranheim! Jo Sondre Aas får frigjort seg og avslutta, men Falch reddar. Returen hamnar rett ut på femmeteren, men der får Hødd rydda unna.
24'
Hødd speler i bakrom mot Shroot, men Barli kjem raskt ut og får klarert.
24'
Definitivt Ranheim som pressar på no.
22'
God sjanse for bortelaget. Eit innlegg blir slått inn frå høgre, og Åsen får avslutta på direkten. Diverre for Ranheim går skotet ufarleg på Falch.
21'
Det har vore mykje stillingskrig dei første 20 minutta. Ingen av laga har verkeleg hatt initiativet, og vi har endå ikkje sett nokre moglegheiter.
19'
Snekvik tek innkastet raskt, men Hødd får ordna opp.
18'
Grodås får seg ein smell og blir hjelpt av bana, men backen kjem inn att nokså raskt.
14'
Bortelaget med det som ser ut som eit klart tilbakespel, men domaren let det gå. Shroot jaktar ei bakromspasning, og ein Ranheim-stoppar klarer så vidt å tuppe ballen vidare til Barli som plukkar.
13'
Ranheim kjem på ein bra overgang, men ei dårleg berøring øydelegg.
13'
Shroot går ned i boksa og ropar på straffe, men domar Moen seier nei.
13'
Elendig slått, og bortelaget får reinska unna.
12'
Frispark for Hødd eit stykke inne på Ranheim sin halvdel. Heltne skal slå inn.
11'
Hødd bryt farleg høgt i bana, men ballførar Torset blir litt for avventande og får skotet sitt blokkert.
10'
Ingebrigtsen med eit i utgangspunktet ufarleg innlegg, men rot i Ranheim-forsvaret sørgjar for litt nervøsitet der likevel. Diverre for heimelaget er det ingen i blått som luktar det.
7'
Robin Shroot er for øvrig Hødd sin toppscorar i år med 11 scoringar. For motstandarane Ranheim er det Gjermund Åsen som har netta flest, med sine sju mål.
5'
Også Hødd prøvar å setje fart, men forsøket frå Shroot blir blokkert.
5'
Snekvik slår inn, og det dannar seg ei mølje inne i feltet, men Hødd får til slutt rydda opp.
4'
Det endar med eit frispark som skal bli slått inn i boksa.
4'
Bortelaget kontrar.
3'
Hødd kombinerer fint, men engelskmannen Robin Shroot prøvar eit skot frå distanse som er enkelt å fange for Barli.
2'
Det er bra temperatur i Ulsteinvik, men samtidig mykje vind.
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Christian Moen frå Løvenstad. Han blir assistert av Frode Ølmheim og Jim Andre Dyb, frå henhaldsvis Syril IL og Valder IL Fotball.
No kjem laga ut på bana!
Dagens motstandarar har møttest 10 gongar sidan 2001. 3-4-3 er statistikken over desse. Ranheim har hatt eit bra tak dei siste åra, og vi må tilbake til 2011 for å finne sist Hødd vann. På Høddvoll har Ranheim vunne dei to siste gongane. Det siste oppgjeret mellom laga i mai enda med 1-0-siger til trøndarane etter mål av Karl Morten Eek.
Ranheim har på si side 6-2-5 på sine 13 borteoppgjer, noko som tilsvarer 20 av 45 poeng.
Det er faktisk på Høddvoll at det har svikta mest for Hødd i år, og 22 av 37 poeng har blitt sanka på bortebane. 4-3-6 er fasiten over dei først 13 oppgjera i Ulsteinvik i år.
Dei siste kampane har laget til den gamle stopparkjempa Eid fått meir sving på sakene, og det blei siger både mot Fredrikstad (2-0 heime) og Hønefoss (4-1 borte), før det blei poengdeling (1-1) i Alta.
For Hødd sin del har dei lite å spele om, og det er nok ingen tvil om at dette har vore ein svært skuffande sesong for blåtrøyene. Dei to føregåande åra baud på store oppturar, med NM-gull og nesten-opprykk, men under den nye trenaren Sinre Eid har 2014 vore eit skuffande Hødd-år i Ulsteinvik. Snakk om opprykk blei etter kvart til ei frykt for å unngå å hamne ned ein divisjon, og det var først i førre runde at plassen definitvt blei sikra.
Ting ser derimot ikkje så bra ut formmessig for Ranheim, for med berre éin siger på dei fem siste kampane har laget rota vekk eit bra utgangspunkt og sleppt mange av dei andre kvalikjagande laga innpå seg. Dei står med to strake tap, mot henhaldsvis Fredrikstad og Ullensaker/Kisa.
Det er definitivt Ranheim som har mest å spele for i dag. Trond Nordsteien sitt lag ligg i skrivande stund på 4. plass på tabellen, men med totalt fem lag kjempande om dei fire plassane som gir spel om opprykk, kan dette fort endre seg. Kristiansund, Ranheim, Fredrikstad og Bærum har alle 45 poeng, medan Mjøndalen har 44. I tillegg til Hødd i dag, har trøndarane igjen Nest-Sotra (borte) og Strømmen (heime).
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjons-oppgjeret mellom Hødd og Ranheim, direkte frå Høddvoll!