Oppsummering
Ranheim slår Hødd 1-0 her på Høddvoll etter ein høgdramatisk kamp! Bortelaget gjekk i føringa ved innbytar Bye kort tid før pause. Før det hadde nok Ranheim hatt mest initiativ, sjølv om begge lag skapte sjansar. Hødd hadde fleire gode perioder etter dette, og spesielt på tampen av kampen var dei utruleg nære scoring, men med både straffemiss og deira andre stolpeskot for kampen ville det seg rett og slett ikkje for heimelaget i dag. Ein sterk defensiv prestasjon av Ranheim, som no endeleg har fått sin første siger i årets 1. divisjon.
Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+6'
Wenaas held på ballen og blir felt høgt i bana. Ranheim kan bruke tid.
90+5'
Holte er sterk og får lagt inn frå høgre. Rett i fanget til Nilsen.
90+3'
I tverrleggaren! Mikhail bankar til frå langt hald og ballen går via ein motspelar og i metallet bak ein totalt utspelt Nilsen. Utruleg at det ikkje står 1-1!
90+2'
Ranheim ryddar meisterleg opp i eiga boks.
90+1'
Hødd trykkar verkeleg her no. Mange innlegg.
90'
6 minutt tillegg her. Minimum.
90'
Nære på 0-2! Bortelaget sender i veg eit slags skot som går via ein Hødd-spelar og til corner.
89'
Så går Brandal rett i bakken, men domaren vinkar spelet vidare. Såg ut til å dette lett der.
84'
Hødd tek langt større risiko no. Samtidig er det ganske mykje bakrom for Ranheim å utnytte.
81'
Ranheim med innlegg frå høgre. Johansen gir til corner.
80'
Samuelsen trillar til Kolstad som avsluttar frå distanse. Rett på Ulla.
79'
Keeper Nilsen ligg nede, og Ranheim utnyttar stunda til ein taktisk prat med trenar Rismark.
77'
Nesten for Hødd igjen. Mikhail slår inn, men Ranheim får gitt corner.
75'
Holte får ein stikkar i bakrom, men blir avvinka for offside.
74'
Kallevåg misser ballen til Wenaas og riv han så kynisk over ende.
73'
Holte legg seg i midtspissposisjonen. Myrlid går ut til venstre.
72'
Skotheim kjem til avslutning, men sender den utanfor. Har ikkje truffe på skota i dag, den lokale spelaren.
72'
Magnus Holte står klar til å kome inn for Hødd.
70'
Samuelsen med luke på Kallevåg. Imponerer der, angriparen frå Færøyene.
68'
Ein Ranheim-spelar ligg nede. Stopp i spelet.
68'
Brandal slår inn frå høgre. Klarert til corner.
64'
Brandal prøvar å kome seg forbi Tønne, men får frispark imot. Bra forsvarsjobb av Ranheim sin nummer 15.
62'
Meir Hødd siste minutta no. Marius Bøe og co er nok svært lite lystne på å gå poenglause av heimebane igjen.
58'
Grei dobbeltsjanse for Hødd. Først får Mikhail avslutta med ei heading etter bra innlegg frå Hanssen, men forsøket blir blokkert. Like etterpå skyt Skjold rett på Nilsen.
57'
Tage Johansen ser ut til å gjere seg klar for heimelaget.
57'
Visted snappar ball og slår flatt inn til Skotheim, men sistnemnde blir for ubesluttsam og mistar kula.
55'
Wenaas rundlurar Mulac, men pasninga vidare til Holden blir for svak og Hødd kan overta.
54'
Ranheim held fram med å trille ball. Er nokså komfortable med det, men har også pådratt seg nokre småskumle brot imot.
53'
Hødd med avslutning etter ei bra kontring. Skotheim avsluttar utanfor frå grei posisjon.
49'
Småspel inne i bortelaget si boks. Endar med corner.
48'
Stillingskrig i starten her. Begge lag har klart å skape gode brot, men utan å utnytte dei.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ranheim leiar 1-0 over Hødd etter første omgang på Høddvoll. Innbytar Bendik Bye har scora kampens hittil einaste mål. Trøndarane har hatt mest ball og initiativ, medan heimelaget har satsa mest på å liggje djupt og kontre, i tillegg til nokre perioder dei har stått høgare med laget. No må Hødd fram for å score mål, noko som kan opne opp kampen bra. Her er det berre å gle seg til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Nære på for Hødd! Blåtrøyene speler hurtig, og Skjold sender Myrlid igjennom. Frå spiss vinkel klarer angriparen derimot ikkje å få ballen på mål.
45'
Småfarleg Ranheim-skot. Endar ikkje langt utanfor.
45'
Minimum tre minutt tillegg.
45'
Mulac med tøff takling på Holden. Sistnemnde blir liggjande litt.
45'
Skotheim avanserer med ballen, men avsluttar ikkje sjølv om han er på 17-18 meters hald. Endar i staden med feilpasning.
44'
Solid press frå Hødd no. Mange innlegg, men få avslutningar.
39'
Hødd kjem nokså heilhjarta på ein overgang, men dessverre for blåtrøyene blir gjennombrottspasninga til slutt for unøyaktig.
34'
Stor sjanse for Hødd! Heimelaget kombinerer bra, og ballen blir lagt igjen til Kallevåg som får avslutta frå god posisjon. Keeper Nilsen vartar derimot opp med ei god redning.
32'
Ranheim pressar veldig aggressivt til tider. Hødd-forsvaret er ikkje altfor komfortable med det. Men så langt har det gått bra.
31'
Pereira med eit bruktbar innlegg mot Bye, men headinga blir for svakt og når aldri fram til mål.
25'
Nære på for bortelaget! Gjestane speler seg nydeleg ut, og Bye finn Samuelsen i god posisjon. Dessverre for Ranheim sender innbytaren forsøket over mål.
24'
Skjelbred får eit innlegg i Hødd si boks, men klarer berre å bryste ballen inn til målvakt Ulla.
23'
Tre spelarar i same duell. Ranheim får frispark, men det er Hødd-spelar Urnes som blir liggjande etterpå.
22'
Litt rolegare periode i kampen no. Hødd får ha litt ball.
19'
Grei sjanse for gjestane! Samuelsen får avansere med ballen inn i boksa, men skotet blir for svakt og går rett på Ulla. Beste Ranheim har skapt hittil.
18'
Skotheim prøvar å nå Myrlid med ein stikkar, men forsøket blir for kort.
17'
Wenaas slår inn frå høgre, men Mulac stangar unna.
16'
På sidelinja for Ranheim finn vi også nok ein eks-høddar, nemleg cupvinnaren frå Hødd sitt jubelår 2012; Pål Andre Helland. Han er medtrenar for Ranheim.
15'
Ranheim med 10 mann i augneblinken.
12'
Skotheim er på beina att, men Mogensen må få medisinsk tilsyn. Får håpe det ikkje er noko alvorleg for spissen.
12'
Fleire tøffe smellar på kort tid her. Først går Mogensen rett i bakken etter å ha blitt vendt vekk, før Skotheim også blir liggjande etter ein annan situasjon.
10'
Ranheim med initiativet i starten her. Trillar mykje ball.
8'
Mikhail dyttar Wenaas over ende, men får ikkje frispark imot. Den var nok ikkje heilt riktig. Lista har blitt lagt høgt, no spørs det om det blir konsekvent gjennom kampen.
6'
Wenaas blir pressa utover sidelinja av ein Hødd-spelar. Liten tvil om at heimelaget vil gå hardt ut i byrjinga her.
5'
Mogensen går ned i feltet til Hødd, men domar Koløy vinkar spelet vidare. Få protestar, så den såg grei ut.
3'
Stolpetreff for Hødd! Myrlid blir spelt igjennom og lobbar over ein utrusande Nilsen. Forsøket til spissen går i stolpen før den humpar langs streken og ut. Veldig nære 1-0!
1'
Hødd startar med å presse aggressivt, noko som fører til at ein litt småstressa Skjelbred sender ballen utover sidelinja.
Avspark Start 1. omgang
No er begge laga ute på bana, og vi er få minutt unna avspark!
Også Ranheim-spiss Gustav Mogensen må nemnast når vi er inne på spelarar med historie i begge dagens klubbar. Dansken var på lån i Hødd i 2023 og enda med fire scoringar på 17 kampar, før altså turen gjekk vidare til Ranheim i fjor.
Ranheim sin sportslege coordinator, Michael Karlsen, er også til stades på gamle trakter i dag. Den gamle spissen har vore i Ulsteinvik-klubben i to perioder; 2011-2012 og 2015-2016. Spesielt 2011 var fantastisk for Karlsen, då han scora 16 mål på 28 kampar. Av nedturar er det vel naudsynt å nemne den mislukka panenka-straffa i straffesparkkonkurransen mot Jerv i opprykkskvalifiseringa i 2015. Karlsen tok på seg skulda, og medgav blant anna at "Eg skulle vel prøve å vere litt kul", i følgje eit gamalt NRK-intervju.
Her på Høddvoll har heimelaget hatt overtaket dei siste møta. Blåtrøyene har vunne tre av dei fire siste, og vi må tilbake til 2013 for å finne siste gongen dei tok alle poenga. Då vann trøndarane 3-2 etter mål av Blakstad, Aas og Bye. Sistnemnde er for øvrig på benken for Ranheim i dag. Ikkje verst det, 12 år etter.
I nyare tid har Hødd og Ranheim møttest 17 gongar. Statistikken her viser at laga har vunne fem gongar kvar, medan sju har enda uavgjort. Ulsteinvik-laget var skarpast dei første åra, før Ranheim tok meir over. Dei siste åra har det vore meir jamt, og dei to siste oppgjera har enda med 0-0. Forhåpentlegvis får vi sjå scoringar i dag!
Begge laga er godt i gong med oppvarminga her på kunstgraset på Høddvoll. Det regnar ein god del, men det er ikkje altfor mykje vind, så litt positivt er no det å ta med seg!
Ranheim har på si side gjort éi endring sidan førre seriekamp. Den tidlegare Rosenborg-legenda Per Ciljan Skjelbred er nemleg inne for Mikael Tørset Johnsen. Elles har trenar Rismark ein debutant på benken, nemleg senegalesiske Famara Camara. Han er ein midtbanespelar som er ein del av Senegal sitt U20-landslag.
Som vi ser av Hødd si startoppstilling, gjer Marius Bøe ingen endringar frå laget som slo Start på bortebane førre runde. Fleire av dei spelarane fekk kvile i 2. runde-kampen av NM mot Grorud førre torsdag, noko som nok resulterte i at laget rauk ut. Blant spelarane heimelaget har på innbytarbenken kan det vere lurt å følgje litt ekstra med på Magnus Holte som er på lån frå Rosenborg. Han har blant anna fleire kampar i Eliteserien å vise til, inkludert eit mål mot Haugesund.
Ranheim og Christian Eggen Rismark har på si side fått ein langt tøffare start på sesongen, og trøndarane står med 0 poeng etter dei tre første rundene. Det er med andre ord nødvendig at dei kjem i gong med poengsankinga i kveld. Tapa har for øvrig kome mot Lyn (0-3), Moss (0-2) og Sogndal (1-2). I NM har dei derimot gjort det betre, og er klare for 3. runde der dei møter divisjonskollega Egersund.
Heimelaget frå Ulsteinvik er altså tilbake på det nest øvste nivået i Noreg etter ein sesong i PostNord-ligaen. Etter dei tre første rundene har laget til Marius Bøe imponert stort på bortebane der det har blitt fire poeng mot henhaldsvis Stabæk og Start. På Høddvoll gjekk det derimot tråare, då det sist blei 0-2-tap for Kongsvinger, ein kamp gjestane vann komfortabelt. Forventingane her på Sunnmøre er då at heimelaget skal vise seg frå ei langt betre side no.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjons-oppgjeret mellom Hødd og Ranheim, direkte frå Høddvoll!