TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hødd tek ein svært fortent siger her i dag. Randaberg hadde sine periodar og sjansar i 1. omgang, men etter kvilen var det berre eitt lag på stadion. Heimelaget skapte sjansar i fleng, men berre ein fantastisk Olav Dalen i Randaberg-buret hindra stygge siffer. To minutt på overtid reduserte Martin Hestvik ut av ingenting, men sigeren var likevel aldri truga. Hødd vinn dermed for første gong på fire forsøk heime på Høddvoll og avanserer til 7. plass på tabellen, medan Randaberg er håplaust fortapt aller nedst. Takk for fylgjet!
Det skjer ting her etter kampslutt!
90+3'
Rødt kort
Bala sparkar etter Diomande som ligg nede! Randaberg avsluttar ein dårleg kamp på ein lite verdig måte.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+2'
Mål!
2-1
Randaberg har redusert! Innbyttar Hestvik får eit høgt innlegg frå Andersen og headar ballen i ein boge over Nyland. Mål ut av ingenting! Kan Randaberg få poeng også?
90+2'
Hødd har ballen mykje no. Dette blir heimesiger.
90+1'
Brandal med innkast.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her på Høddvoll.
90'
Latifu dreg seg innover og avsluttar til side for mål.
89'
Frispark til Randaberg midt på bana. Håland får til eit slags bakoverspark. Nyland har full kontroll.
88'
Bendik Torset avsluttar frå distanse. Langt over.
87'
Frispark til Hødd like ved cornerflagget. Sandal står klar.
86'
Hjørnespark
Blir teke kjapt. Endar i utspel frå Dalen.
85'
Hjørnespark
Endar i ingenting. Hødd beheld ballen.
85'
Diomande skyt via ein motspelar og ut. Nok ein stor sjanse!
85'
Standal speler vegg og kjem seg også nesten forbi Dalen. No skjer det mykje her!
84'
Hjørnespark
Randaberg får renska unna.
84'
Sandal skyt via ein motspelar og like utanfor! Corner.
83'
Nok ei redning på strek! U. Andersen slår inn framføre mål og forbi Nyland, men der står Latifu og får beina ballen unna.
82'
Redning på strek! Haanes kjem seg unna Dalen og skyt, men då kjem eit anna Randaberg-bein i vegen. Utruleg at det ikkje har blitt fleire scoringar her!
81'
Nære på for Randaberg! Håland speler til ein fullstendig umarkert Hestvik, men innbytaren rotar og skuslar vekk ein kjempesjanse.
80'
Spillerbytte
78'
Dobbeltsjanse for Hødd! Diomande spring seg fri og ballen hamnar hos Standal som ikkje klarar å putte no heller. Returen hamnar hos Sandal som som skyt svakt rett på Dalen. No burde Hødd ha punktert dette!
78'
Diomande blir spelt fri, men spissen er tydeleg sliten og blir løpt opp av oppassaren sin.
76'
Standal får ein stor sjanse med ein gong! Blir spelt fri på kanten av 16-meteren, dreg seg fri og skyt like utanfor mål. For eit innhopp det hadde vore!
76'
Spillerbytte
76'
Christer Håland er nære på å snappe ballen frå Moltu, men Hødd-stopparen får frispark.
74'
Hjørnespark
Sender den bak mål. Ikkje like bra kvalitet på dødballane som tidlegare i kampen.
73'
Martin Haanes viser seg fram! Han skjer innover og avsluttar hardt på mål. Dalen med nok ei god redning!
72'
Veldig nære at kampen blir punktert! Latifu speler flatt inn framføre mål til ein umarkert Diomande, men den Strømsgodset-klare (frå neste sesong) spelaren klarer ikkje å treffe mål. Svakt utnytta.
72'
Karlsen er åleine gjennom igjen, men denne gongen blir han vinka av for offside. Vi har ikkje sett altfor mykje til den tidlegare RBK-spissen i denne kampen.
71'
Gram med innlegg. Går bak mål.
70'
Karlsen blir spelt åleine gjennom og blir felt. Domar Eskås vinkar spelet vidare. Skal bli interessant å sjå den om att seinare!
69'
Hjørnespark
Lid Kleppe må bak og hente, og headinga går over.
68'
Diomande skyt via ein Randaberg-spelar og ut. Nok ein corner.
67'
Innkast til Randaberg høgt i bana. Endar i utspel frå Nyland.
66'
Hjørnespark
Mislukkast denne gongen. Bala får frispark.
65'
Hjørnespark
Blir teke kjapt. Ballen hamnar etter kvart hos Nilsen som skyt via ein motspelar og ut.
65'
Dalen fistar unna til eit nytt hjørnespark.
65'
Spillerbytte
64'
Hjørnespark
64'
Mork prøvar å tråkle seg gjennom. Får corner.
64'
Latifu fossar fram, men blir felt.
63'
Hjørnespark
Dalen boksar unna.
62'
Spillerbytte
62'
Hjørnespark
Speler til Mork som prøver å dra seg laus. Vinn ein ny corner.
61'
Brandal prøvar å finne Torset i bakrom, men bortelaget får rydda opp.
60'
Fredrik Norberg slit utpå matta etter ein duell. Ser ut til å gå bra.
59'
Bala skrur på jetmotoren og fossar forbi Brandal, men Moltu kjem til og snappar ballen.
58'
Frispark til Hødd midt på Randaberg sin halvdel. Sandal slår inn. Blir heada unna.
55'
Sandal slår flatt inn framføre mål, men ingen spelarar i blått kjem på den. No lev Randaberg farleg!
54'
Hjørnespark
Bra slått igjen, men bortelaget får klarert.
54'
Sandal slår inn til Karlsen som headar like utanfor. Ballen var innom ein Randaberg-spelar og det endar i corner.
53'
Gult kort
Får det for fellinga av Diomande.
53'
Diomande fossar framover og blir kynisk felt av Norberg.
51'
Randaberg kombinerer flott rundt Hødd si boks, men Marvik misser den ut over sidelinja.
50'
1167 tilskodarar på Høddvoll i dag. Absolutt godkjent ut i frå vêret og forma Hødd har hatt i det siste.
49'
Moltu får seg eit spark frå Bala, men eit handshake trøstar nok litt.
46'
Innkast for Randaberg. Assistkongen Sandal snappar ballen og set i gong ei kontring. Den endar i ingenting.
46'
Heimelaget sparkar i gong dei tre siste kvartera.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No har begge laga kome på bana att.
Hødd leiar fortent til pause her på Høddvoll. Laget har vore best spelemessig og skapt flest sjansar, men også Randaberg har hatt sine periodar og moglegheiter, og då først og fremst Christer Håland, som bomma heilt åleine med keeper Ørjan Nyland. Hødd ligg an til å få ein etterlengta siger, men med 45 minutt att å spele kan framleis alt skje. Det veit alle som har vore på Høddvoll tidlegare!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Mål!
2-0
Sandal slår corneren presist inn, og Lid Kleppe har ein grei jobb med å stange inn sitt første mål for sesongen. Eit svært godt tidspunkt for Hødd å score på, og eit ditto dårleg for Randaberg.
45+1'
Hjørnespark
45+1'
Utruleg nære 2-0! Randaberg-forsvarane glir og Sandal kan spele fri Karlsen. Sistnemnte klarer ikkje å overliste Dalen.
45'
Frispark til heimelaget på eigen halvdel. Ser ut til å ebbe ut i 1-0.
44'
Norberg prøvar å kome seg inn i boksa, men feller Lid Kleppe og heimelaget får frispark.
43'
Bortelaget med initiativet dei siste minutta her no. Skal dei klare å ordne utlikning før pause?
42'
Hjørnespark
Nyland boksar flott unna.
42'
Bala skyt knallhardt via ein Hødd-fot og ut til hjørnespark.
40'
Hjørnespark
Corneren blir heada like over mål. Brukbar sjanse.
40'
Fredrik Førre må ut og få på seg ein ny sko. Randaberg med ti mann i augneblinken.
37'
Hjørnespark
Diomande får hovudet på kula, men den trillar utover sidelinja.
37'
Nære på for Hødd! Nilsen skyt og Dalen må varte opp med ei god redning. Keeperen stoggar også Diomande sitt forsøk på returen.
36'
Motland klarer.
36'
Hjørnespark
36'
Diomande ordnar eit hjørnespark.
35'
Mork ordnar ein dødball for bortelaget. Ulland Andersen skal ta den. Slår med vrista rett i næraste Hødd-bein.
35'
Karlsen treff...skogen bak stadion.
34'
No er det Karlsen som får frispark. Ser ut som om han skal ta det sjølv, noko han hadde hell med førre runde.
33'
Karlsen lagar frispark. Bortelaget kan dytte opp mannskapet sitt.
31'
Hjørnespark
Moltu headar unna.
31'
Førre skyt i ein Hødd-spelar og ut til corner.
30'
Stor sjanse! Diomande slår presist inn, men frå 6-7 meter klarer ikkje ein heilt umarkert Torset å sete ballen i mål med hovudet.
30'
Håland prøvar å finne Bala, men ballen hamnar inne hos Nyland.
29'
Sandal speler fri Mork, men sistnemnte er litt for kjapp og det gule og oransje flagget kjem opp.
27'
Hjørnespark
Karlsen er der igjen og headar unna. Spissen har vore veldig viktig defensivt så langt.
27'
Bala skyt via ein Hødd-spelar og til corner.
27'
Hjørnespark
Olav Dalen misser ballen, men får samtidig frispark.
26'
Diomande skyt frå langt hald. Dalen reddar nok ein gong! Bra sjanse.
26'
Hødd pressar på igjen no, etter at Randaberg gjorde det same ei kort stund.
25'
Hjørnespark
Sandal treff Lid Kleppe, men midtstopparen headar over.
25'
Mork skyt via Førre og til corner.
24'
Langt framspel mot Norberg. Kantspelaren må sjå ballen gå utover sidelinja.
23'
Hjørnespark
Dalen plukkar igjen.
22'
Nære på 2-0! Sandal slår bak Randaberg-forsvaret der Diomande nikkar kula mot mål. Berre ei god redning av Dalen hindrar nok eit Hødd-mål!
22'
Vanvittig med pasningsfeil frå begge lag no. Her kan det bli tilfeldigheiter som avgjer.
19'
Marvik med innkast. Karlsen nikkar unna.
19'
Randaberg som køyrer no. Hødd har vore svært slepphendte i pasningsspelet.
19'
Bala kjem seg nesten åleine med Nyland, men Moltu klarer å halde spissen unna.
18'
Sivert Nilsen misser med mottaket, og Christer Håland kjem heilt åleine med Ørjan Nyland. Spissen prøvar ein chipp, men er altfor hard på labben og sender ballen langt over mål. Der burde det ha stått 1-1!
17'
Fortent at Hødd leiar ut i frå spelet så langt.
15'
Mål!
1-0
Høgreback Latifu stormar mot mål, speler vegg med Sandal og bankar ballen sikkert forbi Dalen. Kjempescoring!
15'
Dødballen blir teke kort, og Hødd vinn innkast.
14'
Frispark til heimelaget midt på bana. Bala sparkar så vekk kula, men slepp unna med tilsnakk.
11'
Sandal blir felt bakfrå og Hødd får frispark i ganske bra innleggsposisjon. Sandal går sjølv for skot. Ikkje altfor langt utanfor, men Dalen har fullstendig kontroll.
11'
Bala set fart og dreg seg forbi fleire Hødd-spelarar. Ballen havnar etter kvart hos Norberg som vender opp og avsluttar innanfor boksa. Skotet går til side for mål. Bra forsøk!
10'
Diomande kjem til avslutning, men skotet blir blokkert. Mork vinn att kula, men treff ingen medspelarar med pasninga. Hødd med eit lite grep no.
8'
Latifu med innkast. Får tilbake ballen og slår den etterkvart rett i ein spelar i svart.
6'
Marvik skal kaste langt. Karlsen headar unna før ein Randaberg-spelar skyt langt over.
6'
Bala har plass å springe i, men Steffen Moltu er kjapt ute og taklar.
5'
Hjørnespark
Olav Dalen plukkar flott.
5'
Karlsen med eit bra forsøk! Går via ein motspelar og til corner.
4'
Ulland Andersen fossar fram, men blir stogga før han får gjort noko endå meir konstruktivt.
3'
Innkast til bortelaget. Blir kasta farleg inn framføre mål, men assistentdomaren vinkar av for offside.
2'
Karlsen går i sin første duell, men blir samtidig avvinka for offside.
1'
Endar i ingenting.
1'
Dalen klarer rett over sidelinja. Innkast til Hødd høgt i bana.
1'
Randaberg startar med ballen.
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga på bana!
Då blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt på stadion, og heimepublikummet har røyst seg. Ganske høgtidleg altså - med unntak av lyden frå nokre clappers.
Dei arrangementsansvarlege i Hødd har funne det for godt å dele ut gratis clappers til ungane på stadion. Vi kommenterer ikkje dette noko vidare enn det!
Det er opplett på Høddvoll akkurat no, men det har regna kraftig i heile dag så bana er nok ganske tung å spele på. Temperaturen ligg på rundt 15-16 grader.
Randaberg har heile seks mann ute til denne viktige kampen. Johan Karlefjärd, Daniel Berntsen, Trond Kenneth Kindervåg og Bjarte Lunde Aarsheim er ute med skader, medan Omar Sande og Christoffer Bigseth Olsen er suspenderte. Klubben bedyrar likevel at dei har god tru på siger - dersom nokon skulle tru noko anna!
I tillegg til Kazeem, som er på plass i Tyrkia, manglar Hødd midtstoppar og kaptein Fredrik Klock på grunn av ei skade, medan nykomaren Faysal Ahmed er ute med suspensjon etter for mange gule kort.
Hødd og Randaberg har berre møttest ein gong før i nyare tid, nemleg i juni i årets sesong. Då enda det 2-2 på Randaberg stadion etter at Hødd rota vekk ei 2-0-leiing. Torset og Ahmed netta for Hødd, medan Håland og Ulland Andersen gjorde det same for Randaberg. Sistnemnte sitt mål kom to minutt før ordinær tid var ute.
Heimelaget Hødd har hatt ei trøblete periode også utanom det sportslege i det siste. For nokre veker sidan vart det kjend at styret i klubben hadde godteke eit tyrkisk bod på publikumsfavoritten Kazeem Ahmed utan at hovudtrenar Lars Arne Nilsen fekk kjennskap til det, og tidlegare i denne veka blei det kjend at toppscorar Adama Diomande skal spele for Strømsgodset neste år.
Hødd sin situasjon er likevel lys om ein samanliknar med det uføret Randaberg befinn seg i. Etter berre 3-3-15 så langt ligg dei heilt nedst på tabellen, med håplause 14 poeng opp til sikker grunn. På sine seks siste har Bjarte Lunde Aarsheim sine spelarar oppnådd det same som Ulsteivik-laget: 1-0-5. Sigeren kom heilt tilbake i juli, og etter det har dei gått på fem strake nederlag.
Etter ein glimrande vårsesong der dei var heilt øvst på tabellen fleire gongar, har det gått veldig trått for Hødd i det siste. Før denne runda ligg dei heilt nede på 9. plass, berre seks poeng unna første nedrykksplass. Dei har 1-0-5 på sine seks siste kampar, og her heime på Høddvoll står dei med tre strake tap mot henhaldsvis Hønefoss, Sandefjord og Løv-Ham.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Randaberg!