Oppsummering
Hødd slår Odd fullt fortent 3-1 på Høddvoll. Heimelaget gjekk tidleg i føringa ved Skotheim, og etter dette såg dei seg aldri tilbake. Urnes dobla leiinga halvvegs i omgangen. Bortelaget gjorde fleire endringar på laget til 2. omgang, men utan at dette hjalp nemneverdig. I staden var det Myrlid som kunne juble for 3-0 etter timens spel. Odd reduserte derimot umiddelbart ved innbytar Skjeldal, men sjølv om det var lenge att å spele klarde dei svært sjeldan å skape farlegheiter for Hødd. Dermed enda det 3-1 og Hødd har teke endå ein stor skalp i returen deira til 1. divisjon. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Nære på igjen for Hødd! Brandal vinn ballen og gir til Skjold som bankar den like over mål.
90+2'
Hødd prøvar å halde på ballen ved cornerflagget, men mislukkast raskt med det.
90'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Lite som tydar på at det ikkje skal ebbe ut med Hødd-siger.
90'
Gjerde står klar for å kome innpå for heimelaget.
89'
Kjempesjanse for Hødd til å punktere! Urnes trillar ballen ut til Visted inne i Odd si boks, men Hødd sin nummer 18 avsluttar utanfor. Den bør han få på mål.
89'
Ikkje lange tida å gjere det på for Odd no, men det går frykteleg sakte med Skiens-laget.
87'
Hardt innlegg frå Hødd si høgreside. Vikarierande stoppar Owusu stangar ballen vekk til corner.
83'
Holte pressar Hagen og tvingar Odd-kaptein til å spele heilt tilbake til Hansen. Målvakta brukar overraskande lang tid med ballen med tanke på at dei er to mål under.
80'
Svakt innlegg inn i Hødd si boks. Ulla kan legge seg på ballen og roe ned.
80'
Skjeldal slår bra inn frå venstre, men Hødd får klarert.
79'
Magnus Holte står klar til å kome inn for Hødd. Den talentfulle spissen er på lån frå Rosenborg.
79'
Hussain slår ut til breiddehaldar Svendsen, men sistnemnde er ikkje merksam og blir avvinka for offside.
78'
Til trass for redusering har ikkje Odd sett inn noko stormløp her. Hødd framstår å ha ganske god kontroll.
77'
Kallevåg trillar ut til Visted og Brandal som står åleine på høgresida, men begge stoppar og ballen trillar utover sidelinja. Dårleg med kommunikasjon, der.
77'
Odd skal absolutt spele seg ut bakfrå, men når Hødd står høgt slit dei med å finne opningane.
72'
Nære på for Odd. Bortelaget kontrar hurtig ved Svendsen, og han speler fri Njie til høgre. Under press frå Mulac klarer ikkje angrepsspelaren å gjere anna enn å sende i veg eit nokså svakt skot rett på Ulla.
72'
Njie prøvar å nå Skjeldal bak Hødd-forsvaret, men pasninga er altfor hard og går rett utover sidelinja.
70'
Børven blir spelt fri i mellomrom og sender ballen umiddelbart vidare, men ingen i kvitt er med på den og Hødd kan overta.
68'
No spørs det korleis heimelaget reagerer. Skal dei halde fram med å spele tidvis offensiv fotball, eller vil dei legge seg meir bakpå?
62'
Baccay i hardt vêr i det han er for seint i ei takling på Urnes. Hødd-spelarane er på domaren for å gje det gule kortet, men domaren seier nei.
61'
Bra sjanse for Odd! Innbytar Aas er først på eit innlegg inne i boksa, men sender heading over mål. Nære på.
61'
Skotheim med ei farleg heading inn i eiga boks. Heldigvis for heimelaget er ingen i kvitt på den.
58'
Hødd med alle mann frå 30 meter og inn no. Odd trillar ball, men det går ikkje raskt nok og Hødd føler seg nok nokså komfortable.
57'
Dei første ti minutta av 2. omgang har vore nokså jamne. Tette duellar og mykje småfikst spel, men utan at det har resultert i noko nemneverdig.
52'
Njie trillar til Aas som får veldig mykje tid og rom. Skotet hans går likevel bra til side for mål.
51'
Tage Johansen dreg i gong ei kontring for Hødd, men resten av laget er nokså avventande og det heile stoppar opp.
48'
Småskummelt i det Odd får pirka ballen forbi Hødd-målet, men ingen i kvitt oppfattar det tidsnok.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heimelaget Hødd går til pause med ei imponerande 2-0-leiing over Odd. Ulsteinvikarane gjekk nokså offensivt til verks, og skapte ein stor sjanse etter få minutt. Odd hadde litt initiativet etter dette, men etter at Skotheim sende heimelaget i føringa etter eit kvarters spel, har ikkje høddarane sett seg tilbake. Dei har tidvis herja med Odd, og spelt dei ut med fikst kombinasjonsspel. Urnes la på 2-0 i det 23. minutt. No blir det spanande å sjå korleis dei to laga vel å angripe dei siste 45 minutta. Odd må sjølvsagt fram for å få mål, men har Hødd berre tenkt å legge seg bakpå? Følg med!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Minimum eitt minutt tillegg her. Kan Odd skape noko heilt på tampen?
45'
Njie har fått seg ein smell, og hinkar rundt på kunstgraset.
45'
Baccay kjem for seint inn i ei takling på Johansen, men domaren let spelet gå. Har allereie det gule kortet, Odd sin nummer 3, så han bør vere litt forsiktig.
38'
Så er det sidestoppar Hansen som er oppe og slår innlegg for Hødd. Blir klarert. Odd slit rett og slett med å henge med her.
37'
Johansen med knallhardt innlegg frå høgre, men forbi alle i feltet.
36'
Zekhnini slår inn frå høgrekanten, men det er altfor mykje luft under ballen og Ulla kan endå ein gong stige til vêrs og fange ballen.
33'
Njie får vendt opp og avslutta, men Johansen blokkerer nydeleg. Corner.
32'
Det har nesten berre vore Hødd etter den andre scoringa. Odd verkar rett og slett litt sjokkskada her!
31'
Tage Johansen slår inn frå høgre, men Odd får klarert til kast.
29'
Visted får lagt inn foran mål, men blir avvinka for offside. Hansen var uansett på plass og fanga kula.
28'
Hødd held fram med å presse Odd her. Dei har ikkje tenkt å legge seg bakpå med det første, verkar det som.
26'
Lang ball i bakrom mot Børven. Mulac og Hansen går i kropp og ballen sprett inn til Ulla.
21'
Gunnerød slår inn frå høgre. Ulla plukkar lett.
20'
Endå meir rot i Odd-forsvaret. Ballen endar opp med å trille langs målet, men ingen i blått er vakne nok til å lukte ein eventuell målsjanse.
18'
Klabb og babb i Odd-feltet. Nære på at Myrlid får servert ein lagkamerat etter at bortelaget er veldig avventande.
17'
Hødd med høgt press igjen. Det fører til at Hagen slår ei vanskeleg langpasning som heimelaget til slutt vinn.
16'
Hødd scorar altså på sin andre store sjanse i kampen, så såleis leiar dei fortent. Samtidig har Odd hatt mykje ball og initiativ. No blir det spanande å sjå korleis Knut Rønningene sitt mannskap responderer!
13'
Panisk i Hødd-feltet no. Odd festar tidvis eit god grep.
9'
Marius Bøe ropar laget sitt opp. Det tidvise høge presset har definitivt stressa laget i kvitt i starten her.
8'
Omtrent 20 frå Oddrane Supporterklubb har teke turen til Ulsteinvik for å støtte laget. Hittil har dei plassert seg i to grupper, der den eine syng og hoppar, medan den andre er meir observerande.
6'
For ein sjanse for Hødd! Odd maktar ikkje å hindre ballen i å bli spelt ut til Johansen på høgresida, men åleine med Hansen plasserer vingbacken kula like til side for mål. Der bør det stå 1-0!
6'
Nok ei brukbar opprulling av heimelaget, men rytma mellom Skotheim og Mikhail stemmer ikkje heilt og Odd får innkast.
5'
Som venta legg Hødd seg med alle 11 godt inne på eigen halvdel når Odd har etablert spel.
3'
Fin opprulling av heimelaget. Blir slått opp på Myrlid som legg bra igjen til Visted. Dessverre for heimelaget missar sistnemnde i den avgjerande pasninga.
3'
Zakhnini finn Børven som avsluttar høgt over mål.
Avspark Start 1. omgang
Her i Ulsteinvik er det no småyr og litt vindfullt, ein bra kontrast til slik vêret var før i dag.
I følgje Odd si nettside går dei inn i denne kampen med mål om å dominere, men samtidig vere solide bakover. Trenar Rønningene seier blant anna at laget er sterkare no samanlikna med tidlegare. For Hødd sin del gjeld definitivt sistnemnde moment, og det vil heller ikkje overraske om dei vel å ligge bakpå og satse på kontringar. Samtidig har laget vist at dei også er kapable til å trykke motstandarane bakover om det er naudsynt.
Begge laga er no nokså ferdige med oppvarminga, og spelarane tuslar av kunstgrasmatta for å få dei siste instruksane i garderobene.
Knut Rønningene gjer på si side fleire endringar på laget sidan 16. mai-kampen mot Moss. Gunnerød, S. Hagen og Zekhnini har kome inn for Walstad, Sjøl og O. Hagen. Walstad og Sjøl er heller ikkje å finne på innbytarbenken, blant anna på grunn av skade.
No er begge laga ute, og det er omtrent ein time til avspark. Marius Bøe stiller med ein forventa 11ar, og han har ikkje gjort nokre endringar på laget som tapte 2-0 for Aalesund førre runde.
Knut Rønningene og Odd ligg på si side på 5. plass, eitt poeng bak Start på sølvplass. Laget står med to strake sigrar, etter tre poeng mot henhaldsvis Kongsvinger og Moss. Borte frå Skagerak Arena har Oddrane vunne éin av tre. Den statistikken er dei nok lystne på å forbetre i dag.
Marius Bøe og Hødd har hatt ein absolutt godkjent start på returen til 1. divisjon, og står med 3-1-3 hittil. Spesielt på bortebane har dei vore solide, med sigrar mot Start og Lyn. Heime på Høddvoll har det derimot gått tråare, men siger sist mot Sogndal kan kanskje bety at laget kan byrje å plukke poeng meir stabilt her. Laget var seinast i aksjon 16. mai, då det blei 0-2 i lokaloppgjeret mot AaFK. Hødd gjorde seg ikkje vekk i den kampen, men sleit med ålesundarane sine dødballar, samtidig som dei sjølve var ineffektive foran mål.
Totalt har Hødd og Odd møttest sju gongar sidan 1997. Statistikken er skremmande lesing for alle med Hødd-hjarte, for Odd har vunne samtlege sju kampar. Målskilnaden er 5-21 i favør Oddrane.
Kveldens oppgjer blir det første mellom laga sidan 2008. Odd vann 4-0 i Skien og 2-1 på Høddvoll. Det var litt av eit lag Oddrane skilta med den gongen, med store Eliteserie-profilar som Tommy Svindal Larsen, Peter Kovacs, Alex Valencia og Bentley. For Hødd sin del stod noverande landslagskeeper Ørjan Nyland i mål for Ulsteinvik-laget.
Det er i dag duka for komikar Atle Antonsen sitt gamle draumeoppgjer i det dei to klubbane med korte einstavingsnamn endeleg møtast igjen. Forhåpentlegvis dreg dei to supportargruppene i gong ropekonkurranse med "Hødd" og "Odd" slik som Antonsen gjorde med sitt standuppublikum for ein del år sidan!
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Odd, direkte frå Høddvoll stadion!