TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hødd vinn fortent 3-0 etter ein bra 1. omgang og ein påfølgjande strålande 45 minutt. Nybergsund Trysil var kompakte ei lang stund, men etter 1-0-målet tok Hødd fullstendig over. Med dette resultatet tangerer også Ulsteinvik-laget rekorden frå 1965 på 28 kampar utan tap. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+4'
Lund hinkar av bana, og bortelaget må nok avslutte med ein mann mindre. Men med 3-0 til Hødd speler nok ikkje det noko rolle uansett.
90+3'
Stian Lund ligg nede etter ein duell. Han held seg til foten.
90+2'
Demba Traore får vendt opp og avslutta innanfor Hødd si boks, men skotet går like over. Sundet sin største sjanse i kampen endar heller ikkje i scoring.
90'
Durakovic testar skotfoten nok ein gong, men Nyland har god kontroll.
90'
Hødd med ei glimrande kontringsmoglegheit, men Kazeem og Latifu rotar det til. Publikum er lystne på fleire scoringar!
88'
Hjørnespark
Blir heada unna, i tillegg til at Sundet får frispark.
88'
Brandal speler Sandal flott fri, og Hødd vinn eit hjørnespark.
87'
Grodås finn nesten Karlsen med eit godt innlegg inn framføre boksa.
86'
Emil Viddal med frispark midt på bana. Endar etter kvart med at Grodås slår eit innlegg som Deniz Öksuz kan leggje seg ned og vente på.
85'
Durakovic avsluttar frå langt hald. Enkelt for Hødd-målvakta.
83'
Hjørnespark
Ørjan Nyland ravar i lufta og plukkar ballen elegant.
83'
Mendy er nære på å dra seg fri, men Moltu ryddar opp.
83'
Nybergsund Trysil evnar ikkje å skape noko særleg her på Høddvoll. Det er i staden heimelaget som angrip så kjapt sjansen byr seg.
81'
Spillerbytte
79'
Sandal med frispark til Hødd midt på Sundet sin halvdel. Han vel å avslutte med strak vrist, men skotet går mange meter utanfor kassa. Dårleg utnytta.
79'
Lund prøvar å overliste Nyland med ein lobb frå langt hald, men avslutninga går over.
78'
Hjørnespark
Hjørnesparket er farleg, men ingen spelarar i blått får skikkeleg avslutta.
78'
Kjempeangrep av Hødd! Karlsen viser teknikk og speler fri Kazeem, og sistnemnte er nære på å finne medspelarar framføre Sundet si boks.
75'
Spillerbytte
Sandbuløkken får applaus frå heile stadion når han går av. Flott gest av heimelaget!
75'
Keeper Yngve Sandbuløkken må gå av. Han blør frå ei skade i arma.
74'
Spillerbytte
74'
Karlsen lobbar frisparket og Sandubløkken må verkeleg strekkje seg. Returen blir etter kvart sett i mål, men domar Eskås bles frispark.
72'
Frispark til Hødd rett ved sekstenmetersstreken. Fleire står klare.
72'
Mendy avsluttar frå langt hald. Markkrypar inn til Nyland.
71'
Brenden med innlegg. Engen Grimstad får klarert.
70'
Spillerbytte
69'
Nesten 4-0! Steffen Moltu får ballen på fem-seks meter etter frisparket, men tuppar den utanfor.
69'
Nytt frispark til Hødd. I midtsirkelen på Sundet sin halvdel. Nilsen er klar.
68'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
68'
Nesten for Sundet! Frisparket går rett inn foran mål, der ein Hødd-spelar beinar ballen like utanfor.
67'
Frispark til bortelaget i bra innleggsposisjon. Durakovic står klar.
66'
Hjørnespark
Blir teke kort, men Sundet får ordna opp.
66'
Sandal skyt via muren og like utanfor!
66'
Nytt frispark til Hødd. 18-19 meter.
65'
Spillerbytte
64'
Gult kort
64'
Nytt frispark.
63'
Frispark til Hødd 13-14 meter inne på Sundet sin banehalvdel. Heltne Nilsen tek det kjapt til Sandal som blir felt. Nytt frispark.
63'
1502 tilskodarar på Høddvoll i dag. Hødd sin arrangementansvarlege, Lars Petter Rønnestad, hadde venta 2000, men er nok likevel nøgd med at såpass mange tok turen.
60'
Mål!
3-0
Hødd kontrar etter Sundet sin corner, og Kazeem viser overblikk og finn Diomande framføre mål. Spissen ser ut til å miste kontrollen på ballen, men han klarer likevel å banke den inn bak Sandbuløkken. Flott angrep av Hødd!
60'
Spillerbytte
59'
Hjørnespark
Nyland fistar den vidare.
59'
Heltne er frampå nok ein gong, men ved dette tilfellet er Sandbuløkken tidleg ute og fangar ballen.
57'
Sandal er nære på å spele gjennom Heltne på ei kontring. Hødd er nærare 3-0 enn Nybergsund Trysil er redusering i augneblinken.
56'
Begge må ut på sidelinja ein tur, der Heltne er tydeleg misfornøgd med at bortelaget har fått frispark.
55'
Vegard Heltne og Stian Lund klinkar saman i ein luftduell. Begge blir liggjande på bakken.
54'
Hødd tek ein lur variant på frisparket, men Sundet får stoppa stikkaren til Kazeem i å nå fram.
54'
Johansson tek ein Diomande som er på full fart framover, bakfra. Er heldig og slepp kort.
52'
Vegard Heltne kjem seg fri på venstrekanten, men innlegget blir for høgt og går forbi alle.
50'
Mål!
2-0
Hødd går rett i angrep, og Bendik Torset avsluttar nydeleg frå distanse, inn via Sandbuløkken sin høgre stolpe! Flott scoring av ungguten, som gjer sitt andre for sesongen.
50'
Stor sjanse for Sundet! Mendy blir spelt åleine gjennom, men Grimstad får forstyrra han sopass mykje at Nyland får redda flott. Veldig nære på 1-1!
49'
Mendy er nære på å dra seg fri inne i Hødd si boks, men Latifu får ordna opp.
48'
Frispark til Hødd 11-12 meter inn på Sundets halvdel. Vegard Heltne slår inn til Sandbuløkken som nok ein gong er solid i lufta.
47'
Sandal avsluttar frå god posisjon, men han får dårleg treff, og det heile endar med at Sundet tek over ballen.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då står laga klare!
Etter ei tam opning har dette blitt ein offensiv og artig kamp. Hødd si 1-0-scoring ved Erik Sandal trigga begge lag, og sjølv om Hødd har vore best, har Sundet ved fleire tilfelle vist at dei også er farlege. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Enorm sjanse for Hødd! Vegard Heltne kjem seg ned til dødlinja og får slått inn foran mål, men frå eit par meter klarer ikkje Kazeem å putte den i kassa. Der burde det ha stått 2-0!
44'
Hjørnespark
Går forbi alle.
43'
Heltne Nilsen kjem seg til dødlinja, men innlegget blir heada ut til ein ny corner.
42'
Hjørnespark
Blir heada unna på første stolpe.
41'
Remond Mendy stormar framover på venstrekanten, men Engen Grimstad vartar opp med ei god og viktig sklitakling.
39'
Farleg for Sundet! Enkerud får heada inn framføre mål, men diverre for han er der ingen andre i gult. Nyland var heilt utspelt der.
37'
Bortelaget med eit farleg framspel. Ungguten Grimstad headar unna.
36'
Sandal slår frisparket litt for høgt, og dermed går det forbi alle.
36'
Vegard Heltne blir felt i bra innleggsposisjon for Hødd. Erik Sandal er klar.
35'
Diomande er nære på å bli spelt gjennom, men pasninga blir for hard.
33'
Vegard Heltne skjer innover, men skotet hans blir blokkert.
33'
Sandal får nesten vendt opp i Sundet si boks, men blir stogga.
33'
Latifu slurvar og Enkerud kan storme framover, men Heltne Nilsen gjer ein solid defensiv jobb og vinn ballen for Hødd.
32'
Sandal sitt mål endrar nok denne kampen ein heil del. Sundet har satsa på defensiv struktur så langt, men no må dei framover på bana. Det kan opne opp for Hødd-kontringar også.
30'
Hjørnespark
Går rett inn til Sandbuløkken.
30'
Hjørnespark
Den blir teke kort til Kazeem, som er nære på å vende seg fri. Ny corner.
30'
Hødd held fram med å presse, og Latifu vinn ein corner.
27'
Mål!
1-0
Hødd går opp i føringa! Diomande får ballen i Sundet si boks, og etter først å ha prøvd å vende seg fri, speler han ei kortpasning til Sandal som ladar kanona og fyrer av frå 20 meter og i mål. Flott scoring av midtbanespelaren!
26'
God sjanse for Hødd! Kazeem dreg seg innover bana, men skotet hans blir altfor svakt, og Sandbuløkken har ein enkel jobb med å halde det.
25'
Etter ei god Hødd-periode er det no Nybergsund Trysil som prøvar å skape noko.
25'
Remond Mendy er eit uromoment for dei blå. Fleire gongar har han framprovosert feil blant heimelaget sine spelarar.
23'
Frisparket er innoverskrudd, men det går forbi alle og Sandbuløkken får plukka etter litt fomling.
23'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon. Heltne står klar.
22'
Sundet med ei god kontringsmoglegheit, men Tobias Johansson vel nok feil når han avsluttar frå langt og skrått hald. Utanfor.
21'
Innkast til heimelaget høgt i bana. Latifu skal kaste. Endar etter kvart med at Diomande nesten klarer å dra seg fri. Hødd har heilt klart initiativet her no!
19'
Tverrleggarskot! Erik Sandal forsøker eit vristskot frå omlag 30 meter, og ballen dalar ned i tverrleggaren og utanfor. Kampens klart beste sjanse så langt!
19'
Moltu med eit forferdeleg framspel som går rett i Mendy nokre meter frå han. Heldigvis for Hødd får ikkje Sundet-spissen skikkeleg kontroll på kula.
18'
No er det høgrebacken Johansson som leverer eit svakt innlegg for bortelaget. Ola Brenden sitt mannskap har satsa på å vere defensivt kompakte så langt.
16'
Kazeem er nære på å tuppe Torset gjennom, men pasninga frå førstnemnte blir for hard.
15'
Hødd sine supporterar, Blåsarane er bra representerte på ståtribuna, i tillegg til at dei har fått selskap av russen. Der sit to einsame sjeler på bortesupporterane sitt felt, men det er vel heller tvilsamt at dei er Sundet-fans.
14'
Sundet speler seg bra fram, men det flate innlegget frå Lennartsson blir for svakt. Gode tendensar der.
13'
Traore får ei fin gjennombrotspasning, men han er uheldig og får ballen i bakhovudet.
12'
Erik Sandal prøvar seg med ei avslutning frå distanse, men skotet blir blokkert.
11'
Latifu blir felt. Frispark til Hødd som dei tek kjapt.
9'
Hjørnespark
Enkerud headar unna.
7'
Frispark til Hødd midt på bana. Heltne Nilsen slår, men klarer ikkje å løfte den over næraste Nybergsund-spelar.
6'
Torset med eit innlegg som går bak mål.
4'
Brandal prøver å spele fram Heltne, men pasninga blir for hard.
4'
Innkast til Hødd høgt i bana.
3'
Ikkje mykje som har skjedd så langt. Laga trillar ball.
1'
Durakovic med langt innkast. Moltu headar unna.
1'
Sundet med eit langt framspel som endar med innkast for Hødd.
Avspark Start 1. omgang
Bortelaget skal starte med ballen.
Kampen for Hødd i dag er også viktig på ein annan måte, for dersom dei blå unngår tap, så vil dei tangere rekorden frå 1965, då dei gjekk 28 seriekampar på rad utan å tape.
No kjem laga inn på den grøne matta!
No blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt på stadion. Publikum ventar på at laga skal kome på bana!
Då er Nybergsund Trysil sine spelarar på veg tilbake til garderoba. Hødd trillar framleis ball. Omlag 10 minutt igjen til kampstart!
Det er fantastiske forhold på Høddvoll i dag. Sola skin, det er varmt i vêret, og mykje underhaldning føregår rundt omkring. Akkurat no underheld Musikklaget Ulf med korpsmusikk, medan dei to laga varmar opp.
Også Ola Brenden gir dei fleste frå førre seriekamp tilliten igjen, unntaket er Stian Lund som kjem inn for Christoffer H. Solbakken.
Hødd stillar uforandra frå førre seriekamp med unntak av Vegard Heltne, som kjem inn og gjer sin første obligatoriske kamp for året.
Dagens domar er Espen Eskås frå Haslum IL. Han blir assistert av Kjell Gunnar Midtlyng og Frode Ølmheim, medan Øystein Simon Ytterland er fjerdedomar.
Skadesituasjonen til Nybergsund Trysil er usikker, ettersom trenar Ola Brenden ikkje ville oppgi informasjon om hverken tropp eller tilgjengelegheit før kampstart. Vi kjem tilbake med dette så fort lagoppstillingane blir offisielle.
Hødd har framleis ein del spelarar ute med skader, blant anna finn vi Dag Roar Ørsal, Fredrik Klock og Thomas Lid Kleppe på denne lista. Erik Sandal er derimot klar igjen, etter å ha forlatt bana i cupkampen mot Volda med ein smell. Også Christian Mork er tilbake etter spel med Noregs G18-landslag.
Laga har også møttest to gongar på La Manga, seinast før noverande sesong. Den kampen enda 0-0, i det som blei sett på som en sjansefattig kamp. Dei møttest på same plass også i 2008, og også her enda det uavgjort (1-1).
Dagens motstandarar har ikkje møtt kvarandre ved mange tilfelle. Sundet vann dei einaste obligatoriske møta mellom laga i 2008. På heimebane vann dei heile 4-0, etter mål av Rune Buer Johansen, Pål Ekeberg Schjerve og Hallvard Ligård, samt et sjølvmål av Hødd sin dåverande amerikanar, Kyle Veris. Her på Høddvoll vann Sundet 3-2, etter mål av Håvard Storbæk (2) og noverande Brann-spelar Kim Ojo. Hødd låg under 3-0 til 20 minutt var att av kampen, men scoringar av Eirik Hoseth og Fernando Cabellero pynta litt på resultatet.
Dagens bortelag ligg på plassen over Hødd, på 7., med 2-1-1 og 7 poeng så langt. Nybergsund Trysil har teke poenga på dei tre kampane dei har spelt heime på Nybergsund Stadion (siger over Kongsvinger og Sandnes Ulf, og uavgjort mot Alta). Tapet kom i 2. runde borte mot Mjøndalen, i ein kamp Ola Brenden sine menn blei audmjuka med 2-5.
Dagens bortelag ligg på plassen over Hødd, på 7., med 2-1-1 og 7 poeng så langt. Nybergsund Trysil har teke poenga på dei tre kampane dei har spelt heime på Nybergsund Stadion (siger over Kongsvinger og Sandnes Ulf, og uavgjort mot Alta). Tapet kom i 2. runde borte mot Mjøndalen, i ein kamp Ola Brenden sine menn blei audmjuka med 2-5.
Heimelaget Hødd har fått ein overraskande bra start på sesongen, og dei er på 8. plass med 1-3-0 så langt. Sigeren kom heime mot Bodø/Glimt (3-0), medan poengdelingane kom borte mot Hønefoss (1-1) og Kongsvinger (1-1), og heime mot Mjøndalen (2-2). Ulsteinvik-laget har no 19 seriekampar på rad utan tap på Høddvoll, og totalt 27 om ein også tek med borteoppgjera. Sjølv om storparten av desse har kome i 2. divisjon, er det likevel ei tøff oppgåve som ventar Nybergsund Trysil i dag.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Nybergsund Trysil!