Referat
Kun høydepunkter
Hødd vinn 2-1 etter ei sein scoring på tampen av ein nervepirrande kamp. Dei første 45 minutta var relativt jamne, medan det opna seg endå meir opp etter pause. Begge lag var angrepsvillige, og det var umogleg å spå kvar sigeren skulle hamne. Avgjersla kom i det 88. minutt, då Standal sette inn 2-1 etter eit presist innlegg frå Latifu. Hødd klatrar dermed til 11. plass, medan Notodden forblir på 14., sju poeng bak første sikre plass. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+3'
Utspel frå Nyland.
90+2'
Innkast for bortelaget på Hødd sin halvdel.
90+2'
Notodden gjer alt dei kan for å få ballen opp i boksa.
90+1'
To minutt blir lagt til her.
90'
Alsaker prøvar eit lågt skot frå distanse. Nyland gir retur, men har god kontroll og plukkar den.
89'
Kan Notodden klare å kome tilbake nok ein gong?
87'
Notodden har ballen på Hødd sin halvdel no.
86'
Helland med frisparket. Slår den høgt over mål. Svakt utført av trøndaren.
85'
Alsaker prøvar seg på eit skot frå distanse. Rett på Nyland.
85'
Nynes med innlegg. Forbi alle.
84'
Holmen blir spelt igjennom, men klarer ikkje å ta seg forbi Latifu og inn til Nyland. Veldig god defensiv jobb av Hødd-backen.
83'
Latifu dreg seg innover mot NFK-målet og avsluttar via ein spelar i kvitt og til corner.
82'
10 minutt igjen å spele. Dette er vidope og kan gå begge vegar.
81'
Nære på 1-2! Aksnes prøvar eit kjapt skot på Nyland, og keeperen får handa på den går den susar i mål. Corner.
80'
Helland skjer innover og prøvar eit skot frå distanse. Godt over målet til Notodden.
79'
Hødd set fart, og får til slutt corner.
77'
Aksnes med innlegg. Moltu headar unna. Hødd-stopparen har vore veldig god i dag.
75'
Dårleg periode i kampen no. Begge lag gjere mange feil framover på bana.
74'
Lang ball mot Holmen. Til utspel frå Nyland.
71'
Aursnes prøvar å chippe igjennom til Sellin. Forsøket går berre inn til Larsen.
70'
Langpasning mot Holmen. Inn til Nyland.
69'
Kleven står klar. Nyland får fista unna, før Hødd får ordna opp.
69'
Frispark til bortelaget eit godt stykke inne på Hødd sin halvdel.
69'
Notodden spelar ut ballen ettersom ein av deira eigne spelarar ligg nede, men Hødd vel å ta kastet sjølv. Det endar med at Sandal skyt over frå 18-19 meter.
66'
Sandal prøvar seg med ei kjapp langpasning til Standal, men forsøket blir for langt og går utanfor sidelinja.
65'
Godt forsøk av Helland. Han avsluttar frå distanse, men Larsen reddar greitt til corner.
64'
Veldig fram og tilbake her no. Dette kan gå begge vegar.
63'
Bra sjanse for bortelaget! Holmen kjem seg inn i boksa, men blir såpass forstyrra at avslutninga går utanfor.
62'
Sandal kjem med ballen på ein overgang, men han klarer ikkje å bestemme seg i tide og NFK får snappa kula.
60'
Fikst spel av Hødd, men det avgjerande innlegget frå Latifu blir altfor hardt.
59'
Espen Standal står klar til å kome innpå for Hødd.
59'
Helland går for skot, men sender ballen over mål. Svakt utnytta av heimelaget.
58'
Frispark til Hødd i veldig bra posisjon. Rett ved hjørnet av sekstenmeteren.
57'
1065 selde billettar til dagens kamp. Maksimum halvparten av det er tilstades på sjølve kampen.
56'
Notodden med eit lite overtak her no.
56'
Hagen kjem seg inn i boksa med ballen og prøvar eit skot. Langt utanfor mål.
55'
Nære på 1-2! Frisparket blir lempa inn i boksa og Alsaker prøvar eit skot på volley frå distanse. Nyland må ut i full strekk. Corner.
54'
Kleven med frispark midt på bana.
53'
Kampen har opna seg veldig opp her no. Begge lag er angrepsvillige.
51'
Nære på at eit veggspel mellom Heltne Nilsen og Sandal lukkast. NFK får ordna opp.
51'
Nokre hektiske minutt på Høddvoll no.
48'
Nynes prøvar å skape noko på eigenhand, men mistar ballen utover sidelinja.
47'
Helland går for skot på eit frispark midt på Notodden sin halvdel. Ein meter over buret til Larsen.
46'
Heimelaget sparkar i gong den andre omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 her på Høddvoll etter dei første 45 minutta. Hødd har nok vore hakket betre, men utteljinga framføre mål har uteblitt. Notodden har vore langt meir effektive, og scora på den eine sjansen dei skapte. Vi ser fram til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
42'
Bortelaget prøvar seg på ein overgang, men eit tidleg innlegg går rett i ein uppmerksam NFK-spelar og til utspel frå Nyland.
41'
Helland vendar kjapt og prøvar å slå inn. NFK får klarert.
39'
Bra kontring av Hødd. Endar i corner.
38'
Sandal prøvar ein hælflikk til Sellin, men midtbanestrategen blir for hard på labben og forsøket endar inne hos keeper Larsen.
37'
Alsaker prøvar eit skot på halvvolley. Høgt over målet til Hødd.
36'
Heimelaget prøvar å få til noko spel utanfor Notodden sin 16-meter, men det endar berre med at bortelaget får frispark.
35'
Nynes vender og prøvar eit tidleg skot. Det skrur langt utanfor.
34'
Der er vi i gong igjen. Hødd har ballen.
34'
Ein liten stopp i spelet no. Ein Notodden-spelar blir liggjande etter ein duell.
31'
Nynes vendar kjapt i boksa og prøvar eit skot. Corner.
31'
Notodden har kome litt meir med dei siste minutta, men dei har enda til gode å produsere ein sjanse.
29'
God sjanse for Hødd! Sellin viser fram farta si i det han blir spelt fri, og han er nære på å overliste Larsen. Corner.
28'
Campbell med innkast. Hødd vinn den første duellen og Campbell får igjen ballen. Han sender i veg eit bra innlegg, men ingen i kvitt er med på det.
28'
Nynes prøvar å kome seg forbi Latifu, men Hødd sin nigerianske back har god kontroll og tvingar Notodden-spelaren heim igjen.
27'
Hødd kontrar, og Helland sender i veg ein innsvingar mot målet til Larsen. Enkel jobb for NFK-keeperen.
26'
Øystein Aksnes prøvar å ta det sjølv, men sender det lavt og rett i næraste Hødd-spelar. Svakt utnytta.
25'
Aksnes blir felt av Heltne Nilsen. Frispark i bra innleggsposisjon.
23'
Sandal står også klar, og han sender i veg skotet som Larsen får redda utan altfor mykje problem.
22'
Helland med frispark midt inne på NFK sin halvdel.
21'
Kjell Rune Sellin kjem seg heilt åleine igjennom, men blir avvinka for offside. Hårfint.
21'
Langt oppspel til Sandal som prøvar å stusse vidare til Sellin. Ballen går inn til Notodden sin danske keeper.
20'
Sellin vendar flott og prøver eit kjapt skot. Det går eit par meter over målet til Larsen.
17'
Helland og Latifu kombinerar fint. Sistnemnde kjem til innlegg, men det blir blokkert.
15'
Sellin blir spelt fri bak Notodden sitt forsvar, men spissen får eit dårleg touch og ballen går utover sidelinja.
12'
Stor sjanse for Hødd! Sellin kjem seg fri inne i boksa og prøvar å skru ballen inn i lengste hjørne. Endar i corner.
8'
Helland med frispark på eigen halvdel. Prøvar eit innlegg, men forsøket går ufarleg over mål.
8'
Sandal kjem seg igjennom frå spiss vinkel, men Hegaard Larsen er kjapt ute og plukkar ballen.
7'
Liten tvil om at Hødd har kome best i gang her på Høddvoll. Notodden ligg djupt i bana og har sålangt forhindra sjansar imot.
6'
Sandal prøvar eit gjennomspel til Helland med utsida av foten, men forsøket blir for svakt og NFK kan overta.
5'
Gjennomspel for heimelaget. Hegaard får klarert.
4'
Campbell dett i ein duell med Helland og blir liggjande, men Hødd-spelaren sløsar vekk ein god innleggssjanse med eit dårleg skot. Notodden-backen kjem seg raskt på beina att.
2'
Helland er nære på å drage seg forbi Campbell, men ballen går utover sidelinja.
1'
Bortelaget prøvar seg med eit framspel som endar i utspel frå Nyland.
Avspark Start 1. omgang
Bortelaget skal starte med ballen.
I Ulsteinvik er det opphaldsvêr, men vindfullt. Bana er tørr og fin.
No kjem laga på bana!
Dagens domartrio består av Anders Gjermshus, Frode Ølmheim og Runar Langseth.
Hødd gjer éi endring på laget mannskapsmessig. Espen Standal, som har hatt kraftig måltørke i det siste, går ut til fordel for Pål André Helland som har kome tilbake frå suspensjon. AaFK-innleigde Kjell Rune Sellin tek over spissplassen til Standal.
Skadekrisa i Notodden har ført til at innbyttarbenken er noko uortodoks. Der finn vi nemleg keepertrenar Bjørge Øberg Fedje og hovudtrenar Kenneth Dokken, i tillegg til Jørgen Johan Lia Kasin (1. års junior) og Just Andreas Salvesen (2. års junior).
Dagens motstandarar har møttest tre gongar i nyare tid. Dei var begge i 1. divisjon i 2008, og den gongen enda det med heile 5-1 til Notodden på heimebane, medan det blei 0-0 på Høddvoll. Dei møttest også i midten av juli i år, og det oppgjeret enda 2-2. Notodden tok leiinga to gongar ved Andreas Granerud og Borgar Velta, men mål av Michael Karlsen og eit sjølvmål av Lars Lien sørgja for at Hødd kom tilbake to gongar og også fekk med seg eit poeng til slutt.
Hødd er langt i frå like utsette for skadar og suspensjonar som Notodden, og i følgje lokalavisa Vikebladet Vestposten er det berre desse spelarane som ikkje blir klare: Kazeem Ahmed, Vegard Heltne, Eirik Heltne og Thomas Lid Kleppe. Michael Karlsen, som skal vere nær ein overgang til Ranheim, er derimot med. Det er også helten frå NM-kampen mot Haugesund, Pål Andre Helland. Han var suspendert førre runde.
Notodden hadde ynskje om å få utsett dagens oppgjer mot Hødd grunna mange skader og karantener, men svaret frå NFF var negativt. I følgje bortelaget si heimeside er desse spelarane utilgjengelege til dagens kamp: Lars Lien (karantene), Steffen Jenssen (karantene), Tor Omar Sande (karantene), Jan Tore Amundsen (skada), Andreas Granerud (skada), Kristian Jahr (skada) og Tarjei Dale (skada). I tillegg er Nuno Marques usikker.
Notodden har på si side 1-2-3 på dei seks siste i ligaen, og dei står også med tre strake tap. Kenneth Dokken hadde sin første kamp på sidelinja mot Ullensaker/Kisa sist, og den enda med eitt 1-2-tap etter at Notodden leia til det gjenstod 88 minutt. Utvisning, straffe og to baklengsmål sørgja for at det blei 0 poeng i debuten hans.
Hødd si gode form den siste tida blei som kjent belønna med semifinalekamp på Høddvoll mot sjølvaste Brann i slutten av september. Avansement etter bortekamp mot Haugesund i kvartfinala står det verkeleg respekt av. Hødd har elles 2-2-2 på sine seks siste ligakampar.
Kenneth Dokken har ein stor jobb med å få Notodden-laget på rett kurs. Den tidlegare Sandefjord-spelaren tok over trenaransvaret frå Brede Halvorsen forrige veke, og dagens kamp blir hans andre som trenar for NFK. Dagens bortelag har 4-2-12 hittil, noko som betyr 14 poeng. Borte frå Idrettsparken har laget utruleg svake 0-1-7, noko som betyr at det er på høg tid å sanke poeng også på bortebane.
Hødd har 5-4-9 og 19 poeng så langt denne sesongen. Heime på Høddvoll er statistikken 4-2-3. På eige gras har ikkje blåtrøyene tapt på fem kampar.
Begge dagens motstandarar ligg utsett til på tabellen. Hødd kom seg over nedrykksstreken for første gong sidan 3. runde etter sigeren mot Bærum sist, medan Notodden 14. plass, fem poeng bak Hødd og sikker plass.
Hei og velkomen til livedekning av det viktige Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Notodden!