TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Laget frå Hordaland har dermed klatra til 4. plass på tabellen, og om dei held fram med slikt spel som i dag er det ikkje godt å vite kor høgt dei endar til slutt. Om Hødd på si side ikkje vaknar snart kan det bli ein tung sesong. Takk for fylgjet og ha ein fin kveld vidare!
Nest-Sotra gir Hødd rundjuling på eiga heimebane. Det var berre eitt lag som makta å spele fotball i Ulsteinvik i dag, og det klarde dei til gagns. Laget frå Hordaland opna ballet etter berre to minutt og leia heile 3-0 før halvtimen hadde gått. Hødd si redusering gav heimefansen litt håp til dei siste 45 minutta, men i staden heldt Nest-Sotra fram trenden frå før pause og scora før publikum hadde fått i seg pausematen. Etter dette fekk dei blå til minimalt, og det var ikkje noko å seie på at dei også gjekk opp i 5-1. Hødd reduserte på overtid, men det var sjølvsagt ikkje noko anna enn ein parantes.
Kamp slutt Slutt (2-5)
90+3'
Mål!
2-5
Sveen slår inn frå høgre og Aursnes puttar ballen enkelt i mål. Mager trøst for heimelaget. 2-5.
90+3'
Nokon i blått som bør få skryt etter denne kampen er Hødd sin supportergjeng, Blåsarane. Trass i 1-5 på heimebane og få minutt att å spele, syng dei 'Over alt, støtte laget over alt'. Respekt!
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90'
Hødd-trenar Sindre Eid har nok fått teke opp denne kampen på video, men når han etter kvart set den på bør han ikkje bruke tid på å studere eige lag, men heller studere korleis Nest-Sotra speler. Leksjonen i fotball Hødd har fått i dag bør det absolutt dragast nytte av!
86'
Mål!
1-5
Utklassing på Høddvoll! Tveit gjer det Hødd ikkje har prøvd på denne kampen, nemleg å spele i rom. Langeland kjem åleine med Falch, og innbytaren gjer ingen feil og hamrar kula nede i keeperens høgre hjørne. Flott scoring!
85'
Bortelaget kontrar. Torset får snappa kula.
84'
Spillerbytte
84'
Hødd klarer ikkje å setje inn noko form for sluttspurt her. Dei slår framleis langt, men Nest-Sotra har hatt god kontroll på dei forsøka gjennom heile kampen.
82'
Heltne med frispark. Rett i nevane til Olsen. Nest-Sotra-keeperen har vore veldig solid i heile kampen.
82'
Nest-Sotra får putta ballen i mål, men blir avvinka for offside. For første gongen på lenge får heimefansen juble litt!
81'
Veldig nære på at Tveit kjem til avslutning frå sju meters hald. Torset gjer ein god defensiv jobb.
81'
Det er bortelaget som har ballen og prøvar å skape ting her.
79'
Spillerbytte
79'
Mork Kleppe har ein sjanse til å slå inn, men prøvar å gjere ting på eiga hand og misser kontrollen på kula.
76'
Spillerbytte
76'
Veldig lite som skjer på grasmatta no. Nest-Sotra har ganske bra kontroll og ser ut til å vinne komfortabelt. Om ikkje det skal skje må i alle fall Hødd respondere kjapt.
72'
Hjørnespark
Wrele får heada på mål, men bortelaget får rydda unna på streken. God sjanse, det!
72'
Aursnes kjem seg fri til høgre og får lagt inn. Standal får bra klem, men forsøket blir blokkert.
71'
Innkast høgt i bana for heimelaget. Med Ingebrigtsen ute blir det teke kort.
67'
Spillerbytte
67'
Også Robin Hjelmeseth skal inn for heimelaget. Nok ein ung spiss skal få prøve seg, altså.
62'
Spillerbytte
62'
Torset med eit halvhjarta forsøk frå veldig langt hald. Svært langt utanfor.
61'
Mange langpasningar og duellar på bana no. Lite givande å sjå på.
58'
Ungguten Benjamin Mork Kleppe skal straks inn for Hødd.
58'
Aursnes prøvar seg frå distanse. I nettveggen.
57'
Hjørnespark
Heltne kjem til avslutning inne i boksa, men forsøket blir blokkert.
57'
Standal har fått seg ein smell no. Han kjem seg på beina att.
56'
Kjempesjanse for Nest-Sotra! Skålevik kjem seg fullstendig åleine mot Falch etter å ha blitt spelt fri bak høddforsvaret, men keeper Falch kjem ut og stoppar forsøket. Meget god redning!
54'
Johnny Furdal må ta seg ein pust på sidelinja, men joggar til slutt inn igjen på bana.
52'
Spillerbytte
52'
Hødd skal setje inn Bendik Torset. Eit nokså merkeleg val å setje inn ein defensiv anlagt spelar når du jaktar mål.
51'
Både Ulland Andersen og Furdal slit med smellar her.
49'
Mål!
1-4
Nest-Sotra sjokkopnar også denne omgangen! Martinsen kjem seg fri på venstresida, dreg med seg ballen inn mot mål og bankar den inn via stanga frå heilt spiss vinkel. Kjempescoring, og det står 1-4 på Høddvoll!
47'
I utgangspunktet svakt slått, men Hødd får ikkje rydde unna med ein gong.
46'
Bortelaget får frispark nokre meter inne på Hødd sin halvdel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er tydeleg at det er mykje frustrasjon blant heimefansen etter første omgang. I pausa blei nemleg delar av pressetribuna utsett for kaffikasting av publikummarar. Forhåpentlegvis vil pressedelen og pensjonistdelen av stadion bli adskilde når Hødd får ny stadion seinare i år slik at sånne hendingar ikkje oppstår fleire gonger!
Nest-Sotra har levert ein strålande omgang på Høddvoll og leier fortent 3-1 over Hødd. Alexander Straus sitt mannskap gjekk ut i hundre og scora tre mål i løpet av kampens 24 første minutt. Eit sjokkskade Hødd-lag vakna litt etter dette, og Tornqvist si redusering kvarteret før pause sørgjar for at vi har spaning også dei siste 45 minutta. Forhåpentlegvis vil vi få sjå eit heimelag som angriper med det dei har, samtidig som bortelaget tek kontringane slik dei gjorde før kvilen. Vi gler oss!
Slutt 1. omgang Pause (1-3)
42'
Frispark til Hødd. Blir slått inn på bortelaget sin femmeter, men til trass for at Heltne får avslutta så går forsøket langt over.
41'
Kaptein Törnqvist misser ballen i farleg område, men Nest-Sotra klarer ikkje å utnytte situasjonen.
40'
Eit innkast frå heimelaget er småfarleg, men ballen dett til slutt berre inn til Olsen.
39'
Skålvik er nære på å tråkle seg igjennom. Han mislukkast med det, men kjem seg likevel til avslutning. Den endar eit godt stykke over mål.
38'
Hødd-trenar Eid prøvar å rope laget sitt høgare i bana, men får ikkje mykje gehør.
37'
Nære på redusering! Heltne får vendt opp inne i bortelaget si boks, men avslutninga er ikkje godt nok plassert og Olsen får avverga.
35'
Langt betre Hødd-takter dei siste minutta, men Nest-Sotra er framleis veldig farlege på overgongar.
31'
Mål!
1-3
Det er ikkje pent, men mål er mål! Hødd går for same variant som i stad og fyller på med folk inne på streken. Etter ein skikkeleg mølje liknanade dei du vanlegvis finn i lilleputtfotball endar kula i mål. Kaptein Jesper Törnqvist blir kreditert scoringa. Ny spaning på Høddvoll!
31'
Hjørnespark
31'
Hjørnespark
Nesten for Hødd! Heimelaget stiller halve laget sitt på streken, og der er med naud og neppe at ikkje kula hamnar i mål. Ny corner!
30'
Godt forsøk for heimelaget! Sveen prøvar seg frå distanse, og for første gong i kampen må Olsen skikkeleg i aksjon. Corner!
28'
Aursnes kjem seg fri på venstrekanten, men innlegget hans trillar berre roleg inn til Olsen.
27'
Kva no Sindre Eid? Hødd-trenaren er aktiv verbalt, men verkar ikkje å tenkje på å gjere nokre andre grep her. Ingen blåkledde er i oppvarming.
24'
Mål!
0-3
Det ser så enkelt ut! 3-0 til Nest-Sotra, og vi har ikkje spelt ein halvtime endå! Skålevik får stå åleine og utan press i fin skothald, og bortelaget sin spiss let seg ikkje be to gonger. Avslutningar fyk ned i Falch sitt venstre hjørne.
23'
Nest-Sotra har framstått som eit lite Atletico Madrid dei første 20 minutta her. Dei har vore veldig aggressive i presset og vunne ballen tilbake i gunstige posisjonar gong på gong. Dei har også vore kjappe med å spele i bakrom, noko som sørgja for 2-0-scoringa.
21'
Gult kort
Taklar stygt og får eit greitt gult kort. Likevel unødvendig, då situasjonen skjedde langt inne på Nest-Sotra sin halvdel.
21'
Furdal i aksjon igjen. Eit skot frå distanse går rett på Falch.
19'
Aursnes med frispark. Slår ballen rett utover sidelinja. Ikkje nok skru i den avleveringa.
19'
Ingenting som stemmer for Hødd no. Brandal speler ei enkel pasning rett utover sidelinja.
18'
Gult kort
Ein frustrert Standal misser ballen i bra posisjon og endar i staden opp med å klippe ned ein motspelar. Kampens første gule kort er soleklårt.
17'
Furdal prøvar å spele kjapt i bakrom på ein-touch. Skålevik må derimot sjå på at Falch er raskast bort til ballen.
16'
Brukbart angrep av heimelaget. Sveen slår inn mot bakerste stolpe, men Standal rekk aldri å kome seg i bra nok posisjon til å få avslutta.
15'
Hjørnespark
Dalar på nettaket. Falch har kontroll.
15'
Furdal avsluttar. Via ein høddspelar og til corner.
14'
Det er null rørsle i Hødd-laget, og det endar med at Törnqvist lempar ballen opp i bana, berre for å sjå ein Nest-Sotra-spelar knabbe den. Lite plan over heimelaget hittil.
12'
Heimelaget med frispark. Blir slått langt inn mot mål, men Olsen har bra kontroll og plukkar utan altfor mykje press.
11'
Nesten for Hødd! Ulland Andersen speler fri Sveen, men den tidlegare HamKam-spelaren blir for ubesluttsam og får aldri avslutta.
11'
Dei grønkledde beveger seg kjapt og motspelarane i blått klarer rett og slett ikkje å hengje med.
10'
Bortelaget prøvar seg igjen. Törnqvist får reinska unna.
10'
Nest-Sotra har verkeleg teke Hødd på senga her. Heimelaget har fått til nada både offensivt og defensivt dei 10 første minutta.
9'
Nære på at Skålevik blir spelt åleine igjennom no. Falch er derimot vaken og får fanga kula.
7'
Mål!
0-2
Nest-Sotra går opp i 2-0! Hammersland blir spelt fri bak eit høgtståande Hødd-forsvar, og åleine med Falch lyfter bortelaget sin nr 20 ballen over keeperen og i mål.
7'
Simen Næss kjem til skot. Ballen går ein liten meter utanfor Falch sin venstre stolpe. Det blei ingen smultring på Hødd-keeperen, men kampen kan framleis vinnast!
6'
Ein nonchalant Steffen Moltu er ikkje altfor langt unna å misse kula til ein annan Steffen, Nest-Sotra sin Skålevik. Moltu klarer likevel å ordne opp.
5'
Grasmatta verkar å vere veldig laus. Fleire av dei blåkledde spelarane har mista fotfestet allereie.
4'
Bortelaget har ballen og ynskjer å skape endå meir trøbbel for Hødd.
2'
Mål!
0-1
Nest-Sotra sjokkopnar på Høddvoll! Corneren blir slått bra inn i feltet, og Zachariassen får stussa vidare til Gjesdal som stangar kula utakbart i mål.
2'
Hjørnespark
2'
Hødd-keeper Aslak Falch har for øvrig bursdag i dag. Det han ynskjer seg aller mest er nok ein trepoengar til laget og ein smultring til seg sjølv.
Avspark Start 1. omgang
Hødd-hymna 'Liten - men stor' rungar no over høgtalaranlegget.
Begge laga er no på bana, og vi er eit lite minutt unna kampstart!
Om du har noko på hjartet er det berre å tvitre det her: https://twitter.com/SebEide
Dagens hovuddomar er Christian Moen. Han blir assistert av Mads Hagerup-Lyngvær og Thomas Skaiaa på flankane. Jan Erik Bratteberg er 4. domar.
Ein som hadde gledd seg til kampen i dag, men som må stå over, er Nest-Sotra sin forvarsspelar Thomas Lid Kleppe. Kleppe kom til Hordaland-klubben frå nettopp Hødd og hjalp laget med å rykke opp foran denne sesongen. Han fekk ein del kampar for Ulsteinvik-laget, men klarde aldri heilt å etablere seg fast på laget. Det han nok vil bli hugsa mest for i Hødd er hans treffsikkerheit på straffespark, då han traff på alle forsøka han hadde.
Heimelaget har fleire spelarar ute til denne kampen. Erik Sandal, Robin Shroot, Victor Grodås og Franjo Tepuric er alle skadde.
På Nest-Sotra har det vore litt fleire endringar, noko som ikkje er rart sidan laget gjekk på ein frykteleg 4-0-smell heime mot Sandefjord på tysdag. Øystein Aksnes og Marius Hagen har kome inn på laget til dagens kamp.
Hødd-trenar Eid stiller med neste det same mannskapet som tapte 1-0 borte mot Ranheim, i det som var ein meget svak kamp. Einaste endringa er at Ruben Kenneth Brandal har kome inn for Andreas Rekdal. Vegard Heltne, som var på venstrebacken då, har blitt flytta lengre opp i bana i dag.
Alexander Straus sitt mannskap ligg på si side på ein god 5. plass etter 5-0-4 så langt. På bortebane har dei klard seg bra, med to sigrar på fire forsøk. Nokså gjerrige bakover også har dei vore, noko fem baklengs på desse oppgjera tyder på.
Hødd ligg i skrivande stund på 9. plass etter 3-4-2 hittil. Laget til Sindre Eid har klart seg bra på bortebane, det er først og fremst på eige gras at det har svikta. 1-3-0 er ikkje godt nok om klubben skal ha forhåpningar om å forbetre 3. plassen frå i fjor.
Det er to formsvake lag som møtest her på Sunnmøre i dag. Hødd står med ingen trepoengarar på sine fire siste kampar, sjølv om dei rett nok berre har tapt ein av desse. Nest-Sotra har på si side to strake tap med henhaldsvis 0-2 og 0-4 i sekken, noko som har vore ein kraftig nedtur etter ein elles fin start på opphaldet i 1. divisjon.
Forholda for fotball her i Ulsteinvik er gode. Temperaturen ligg på 13-14 grader og det er overskya. Litt vind, men ikkje altfor gale.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Nest-Sotra, direkte frå Høddvoll!