TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin maikveld vidare!
Skotstatistikken endar med 17-12 i favør Hødd. I forsøka på mål blei det 11-3 til det same laget.
Hødd vinn til slutt 3-2 over Nest-Sotra etter nesten å ha klart å rote vekk ei 3-0-leiing. Ulland Andersen og Karlsen sørgja for at heimelaget leia 2-0 til pause, og når Hødd i tillegg putta på til 3-0 ved Törnqvist såg dei ut til å cruise inn ein grei siger. Nest-Sotra hadde eit visst press før denne tredje scoringa, men dette gav seg så før Skålevik plutseleg dukka opp og reduserte i det 74. minutt. 13 minutt seinare reduserte same mann nok ein gong etter ein stor brølar frå Hødd-keeper Falch. Gjestane pressa på for ei utlikning, men gjekk til slutt tome for tid. Likevel, ein fortent siger til Hødd, sjølv om dei var nære ved å rote vekk det heile.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+4'
Sjølvsagt nervøs stemning på Høddvoll no.
90+1'
Gult kort
90+1'
Joachim Magnussen blir soleklart felt i situasjonen før skotet, men domaren let vere å gi gult kort i etterkant. Diverre nokre feil frå kampleiaren i dag.
89'
Hødd kontrar og Kallevåg avsluttar over. Burde ha fått meir ut av den, heimelaget.
87'
Mål!
3-2
Nok ein gong scorar Nest-Sotra ut av nesten ingenting! Ein lang ball blir slått inn i Hødd si boks og Falch, som har vore så god i feltspelet hittil, feilbereknar totalt og slepp ballen forbi seg. Frå to meters hald har Skålevik ein svært enkel jobb med å setje ballen i det tome buret. 3-2 og full spaning igjen!
87'
Hjørnespark
86'
Spillerbytte
86'
Aursnes prøvar ei avslutning. Forsøket går ikkje mot mål og bortelaget får i tillegg klarert.
84'
Aksnes får ein god gammaldags trillar og prøvar å avslutte på direkten. Forsøket endar derimot høgt over mål.
84'
Bortelaget har framleis vilje igjen i beina og prøvar framleis å skaffe seg fleire mål.
83'
Nok eit innlegg frå dei tilreisande. Falch fangar trygt.
82'
Ulland Andersen prøvar å få med seg ballen inn i bortelaget si boks, men blir takla i siste liten.
81'
Langeland slår inn frå venstre, men Falch kjem ut og fangar kula.
81'
Ein spelar i grønt går i bakken etter ein duell med Magnussen.
79'
Spillerbytte
79'
Redning på strek! Bortelaget pressar på og får avslutta frå kort hald. Ballen er på veg å gå i mål, men ein spelar i blått får rydda unna like ved krittstreken. Nesten for Nest-Sotra!
79'
Wichne rundlurar Aasbak før han sender av garde eit dårleg innlegg. Endar likvel med corner.
77'
Hjørnespark
Falch fistar unna.
76'
Gjestane har definitivt fått att trua no.
76'
Skålevik skyt i ein Hødd-spelar og ropar på straffespark. Greitt at domaren let den passere utan å blåse.
76'
Hødd såg ut til å ha full kontroll på oppgjeret, men no spørs det korleis dette vil utarte seg.
74'
Mål!
3-1
Nest-Sotra scorar ut av ingenting! Hødd klarer ikkje å klarere og Skålevik får sjansen frå bra posisjon. Spissen avsluttar flott forbi Falch. Ny spaning i kampen!
73'
Han treff ein høgtsvevande Törnqvist som headar like over. Kom seg ikkje skikkeleg over ballen der, finnen.
73'
Aasbak med dødball for heimelaget.
72'
Myklebust går for øvrig i bakken inne i Nest-Sotra si boks og vil ha straffe i ein situasjon før bytet. Domaren seier derimot nei.
71'
Spillerbytte
71'
Bjarne Langeland med eit par gode tofotsfinter på rad. Diverre for bortelaget endar det med ingenting offensivt.
70'
Hødd skal straks gjere sitt første byte i kampen.
69'
Nære på at Skålevik kjem åleine igjennom. Målvakt Falch er derimot lynsnar ut og plukkar ballen foran tærne på Nest-Sotra sin nummer 9.
68'
Aksnes står klar. Wrele headar lett ut.
68'
Dødball for bortelaget inne på Hødd sin halvdel.
67'
Hjørnespark
Går like over luggen på målscorar Törnqvist.
66'
Godt forsøk av Hødd! Ulland Andersen skjer innover og avsluttar bra på mål. Øvretveit med ei god redning. Corner.
66'
Nesten bra kombinasjonsspel av laget frå Sotra. Keeper Falch er derimot vaken og kjem ut og snappar ballen.
65'
Myklebust med eit forsøk som går over etter eit hardt innlegg frå høgre.
65'
Hødd med ein gyllen sjanse til å kome til avslutning, men ein ubesluttsam Sveen og ein knotete Karlsen rotar det heile vekk.
63'
For ein sjanse for Nest-Sotra! Etter litt klabb og babb får innbytar Wichne sjansen frå fem meters hald, men utruleg nok plassserer han ballen utanfor målet. Om gjestane skal få med seg noko frå denne kampen må sjansar som det vere mål!
62'
Spillerbytte
62'
Vertane scorar altså i ei periode der Nest-Sotra har hatt initiativ og trykk.
60'
Mål!
3-0
Hødd går opp til 3-0! Corneren frå Aasbak er presis og kaptein Törnqvist stig til vêrs og stangar inn heimelaget sitt tredje mål for dagen. Er kampen avgjort?
60'
Hjørnespark
60'
Myklebust skjer innover og avsluttar utanfor via ein motspelar. Corner.
59'
Hødd er litt for pysete i overgangsspelet no. Tek ikkje dei sjansane som byr seg.
58'
Både Kallevåg og Magnussen er i oppvarming for Hødd.
57'
Nest-Sotra styrer det meste på Høddvoll no. Heimelaget bør verkeleg passe seg.
56'
Hjørnespark
Bortelaget pakkar godt inn keeper Falch. Moltu får heada unna før Langeland avsluttar godt utanfor på halvvolley.
55'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet, men bortelaget beheld ballen.
54'
Hjørnespark
Nok ein gong knuffing i feltet og Hødd-keeper Falch går til og med i bakken. Når corneren til slutt blir slått får Hødd rydda unna.
54'
Langeland slår inn, men Hødd får klarert.
53'
1.925 selde billettar på Høddvoll i dag.
53'
Hjørnespark
Rett i klypene til Øvretveit.
53'
Karlsen får tid og rom, men brukar for lang tid og sender skotet over via ein motspelar. Corner.
52'
Karlsen og Myklebust forsøker eit veggspel, men ballen blir snappa av ein spelar i grønt før heimelaget kjem til ein avslutningssjanse.
51'
Bra start på omgangen av gjestane frå Sotra.
50'
Hjørnespark
Riving inne i feltet. Domar gir tilsnakk til Falch. Corneren blir slått mot første stolpe der Moltu får stanga ballen vekk.
49'
Hjørnespark
Falch kjem ut, men bommar på utboksinga. Bortelaget sine spelarar vil ha hands på ein Hødd-spelar, men blir avvist av domar Gjermshus.
49'
Småskummelt innlegg i Hødd si boks. Vertane får gitt til corner.
47'
Bjarne Langeland dreg seg innover i bana og avsluttar over mål. Keeper Falch har full kontroll.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana igjen. Det tilreisande laget skal gjere eit tidleg byte.
Hødd leiar fortent 2-0 over Nest-Sotra etter dei første 45 minutta på Høddvoll. Gjestane var best dei første fem minutta, men så tok heimelaget totalt over. Ulland Andersen ordna 1-0 etter bra spel, medan Michael Karlsen putta 2-0 på straffespark. Om bortelaget skal få poeng her må kvaliteten på spelet deira kraftig opp. Vi håpar på ein målrik 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
God sjanse for Hødd! Heimelaget treff til slutt på kontringa, men skotet frå høgreback Ingebrigtsen går over mål. Kunne kanskje ha slått inn foran mål der, Hødd sin nummer 21.
43'
Hødd med fleire gode overgangsmoglegheiter her, men så langt har dei vore litt unøyaktige i pasningsspelet framover.
41'
Ulland Andersen går i bakken utanfor gjestane si boks, men domaren vinkar han opp att. Datt litt enkelt der, den tidlegare Vard-spelaren.
40'
Simen Næss prøvar å finne Rahmani, men pasninga blir litt for hard. Ness har for øvrig stått bak det vesle Nest-Sotra har skapt i kampen.
38'
Hjørnespark
Blir slått lavt ut til Aksnes som prøvar eit skot på direkten. Endar ikkje langt utanfor Falch sin høgre stolpe.
38'
Skålevik med ein real dytt i ryggen på Moltu, men utruleg nok blir det ikkje dømd frispark. I staden blir det corner til gjestane.
35'
Øystein Aksnes får ballen like utanfor Hødd si boks, men blir raskt avvinka for offside.
31'
Hødd og Sogndal knivar om å inneha førsteplassen no. Laget til Eirik Bakke leiar 3-0 og har dermed betre målskilnad enn Hødd. Tidlegare Hødd-spiss Robin Shroot har for øvrig stått for den eine scoringa.
28'
Karlsen blir spelt fri inne på bortelaget sin halvdel men blir avblåst. Der er både han og resten av spelarane i blått ueinige i, men domaren står likevel fast ved si avgjersle.
26'
Mykje Hødd her no. Ikkje langt unna at Sveen klarer å spele fri Myklebust i bakrom.
25'
Hjørnespark
Ein kort variant som endar med eit slags taklingsskot frå Wrele.
25'
Enkelte stygge taklingar i starten her. Domar Gjermshus har derimot lagt lista høgt.
24'
Scoringa til Michael Karlsen var for øvrig hans første sidan returen til Hødd. Frå si første periode i kampen enda han med 34 mål på 69 kampar (både offisielle og uoffisielle kampar).
21'
Martinsen slår inn, men keeper Falch kjem ut og plukkar enkelt.
21'
Kaptein Bjørsvik blir felt midt inne på Hødd sin halvdel, og bortelaget får dødball.
20'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet.
20'
Haugsdal prøvar å leggje inn frå høgre, men Aasbak får klarert til corner.
17'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha laga straffesparket. Ingenting å seie om domar Gjermshus hadde gitt målvakta raudt kort heller der.
16'
Mål på straffe!
2-0
Øvretveit går til høgre og Karlsen sender ballen til andre sida. 2-0 til Hødd!
15'
Karlsen kjem seg åleine mot Øvretveit men blir soleklart felt. Straffe til Hødd!
15'
Straffe!
Karlsen kjem seg åleine mot Øvretveit men blir soleklart felt. Straffe til Hødd!
13'
Törnqvist stussar fint vidare framføre mål, men diverre for heimefansen er det ingen i blått som lurer inne på femmeteren.
12'
Aasbak med langt innkast.
12'
Etter ei litt famlande opning er det Hødd som har initiativet her. Det har sett litt nervøst ut i forsvarsfiraren, men så langt har ikkje gjestane klart å utnytte det.
11'
Dette er for øvrig første gong sidan 3-0-sigeren mot Brann at Hødd har scora det første målet. Etter det har dei spelt fire utan å lage mål først.
8'
Ny bra sjanse for Hødd! Målscorar Andersen får ballen utanfor Nest-Sotra si boks og prøvar eit skot. Det går derimot rett på Øvretveit som reddar greitt.
6'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa! Karlsen blir spelt fri i bakrom og tek med seg kula ned til dødlinja. Han finn så Ulland Andersen framføre mål, og Hødd sin toppscorar får først eit skot blokkert før han tuppar kula i nettaket på returen.
4'
Hødd får eit litt billeg frispark nokre meter inne på Nest-Sotra sin halvdel. Blir teke kort.
3'
Hjørnespark
Ivkovic kjem seg fri inne i boksa men sender headinga utanfor. Bra sjanse det!
2'
Hjørnespark
Endar med ein ny corner frå motsett side.
2'
Simen Næss med dagens første avslutning. Blir blokkert til corner.
1'
Langeland prøvar å slå inn, men Hødd får enkelt klarert.
1'
Gjestane sparkar i gong dei første 45 minutta!
Avspark Start 1. omgang
Det vil straks bli eitt minutts stillheit for den store Hødd-supportaren og flotte personen Nora Leknes som gjekk bort tidlegare i veka. Ein fin gest av Hødd.
No kjem laga på bana, og framføre dei går kveldens hovuddomar Anders Gjermshus.
Ein link mellom dei to klubbane er tidlegare Hødd-trenar Lars Arne Nilsen. Han tok som kjent Hødd til eit sensasjonelt NM-gull i 2012 før han gav seg eit år etter det. Som spelar var han derimot nokre sesongar i Nest-Sotra, frå 1991 til 1994.
Vertane manglar blant andre Vegard Heltne, Bendik Torset og Jan Lennart Urke til kampen i dag.
Sjølv om laga har starta sesongen ulikt bør absolutt gjestane frå den 246 kvardratkilometer store øya vest for Bergen ha bra med sjølvtillit. Nest-Sotra smadra nemleg Hødd med heile 5-2 på Høddvoll førre sesong. Blant anna stod det heile 0-3 før halvtimen var gått. Hødd vann på si side 1-0 på Sotra.
Begge kveldens motstandarar var i aksjon i cupen i midtveka. Hødd snudde 0-1 til 3-1 mot Fana og skal møte Aalesund i neste runde. Nest-Sotra rauk på si side 0-2 mot leiarlaget i 1. divisjon, Åsane.
Nest-Sotra fekk på si side årets første siger i førre runde då Fredrikstad blei slått 1-0 på Ågotnes Idrettsanlegg. Preben Hammersland scora kampens einaste mål 20 minutt før domaren bles av. Resultata totalt i sesongen har vore 1-1-4, så laget til Michael Schjønberg har absolutt behov for poeng i Ulsteinvik i dag.
Heimelaget Hødd har levert ein god del bra resultat så langt, men viste også mot Bærum (0-4 borte) og Jerv (0-0 heime) at botnnivået er lavt. Laget har likevel imponert mot dei anteke beste laga og overbevist mot blant andre Brann og Hønefoss. Før oppgjeret i kveld ligg laget til Sindre Eid på 6. plass.
I Ulsteinvik er det fine forhold for fotball. Det er opphaldsvêr og ikkje altfor mykje vind. Temperaturen er også grei.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Nest-Sotra, direkte frå Høddvoll!