Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Det endar 2-1 til Hødd over Moss etter ein spanande og tett kamp. Heimelaget leia fortent 1-0 etter første omgang, ei leiing som nok burde ha vore endå større etter fleire forspelte sjansar. Blåtrøyene verka å ha kontroll også etter kvilen, men ut av ingenting rota forsvaret det til og forærte Moss og Rossi utlikninga. Etter dette var det Østfold-laget som styrte det meste av spelet og også skapte dei største sjansane. Men som ved utlikninga var det no Hødd sin tur til å score mot spelets gong, i det innbytar Rawufu stanga eit hjørnespark i mål. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Innlegg frå Lassen, men Alme plukkar lett.
90+4'
Lassen rotar vekk ballen med feilkast. Svakt av den elles så solide backen.
90+3'
Minimum fem minutt tillegg her.
90+1'
Nære på for Moss! Eit skot frå distanse blir fista over mål av keeper Alme.
87'
Det er framleis Moss som pressar på her. Hødd ligg djupt og forsvarar seg, og har lite å by på spelemessig.
84'
Stor sjanse til Moss! Lassen slår presist inn frå høgre, men Memedov stupheadar ballen over mål. Der bør det stå 1-2!
81'
Visted går og går med ballen, og endar til slutt opp inne i boksa. Vinkelen blir derimot litt for skrå, og mosseforsvaret får avverga.
78'
Og så bør Hødd svare! Haugland og Håheim-Elveseter kjem to mot éin, men førstnemnde går for skotet sjølv og endar med å få det blokkert. Svakt utnytta.
77'
God moglegheit for Moss! Fuglestad blir spelt fri inne i boksa, men frå god posisjon sender han i veg eit svakt skot rett på Alme.
77'
Hødd mistar ballen så fort dei har fått tak i den no.
75'
Lassen med hardt og lavt innlegg frå høgre. Mulac må gje til corner.
75'
Lufta ser ut til å ha gått ut av Hødd her. No er det Moss som vil mest og som har initiativet.
74'
Memedov med skotforsøk. Endar med innkast på motsett side.
70'
Ei lita kanonade frå Moss, men Hødd får blokkert alle forsøka.
69'
Også Hødd-benken har gjort klart til eit dobbeltbyte. Håheim-Elveseter og Roppen får dei siste instruksane.
69'
Fuglestad kjem seg ned til dødlinja og får lagt inn, men ingen i gult er på enden av det innlegget.
67'
Engesvik står klar til å entre bana for Moss. Memedov også.
66'
Veldig svak periode i kampen dette. Ingen av laga tek skikkeleg ansvar, og balltempoet er lågt.
66'
Grønli skyt frå langt hald. Ufarleg over mål.
65'
Skotheim skjer innover og avsluttar med høgrefoten, men skotet går langt til side for kassa.
63'
997 tilskodarar på Høddvoll i dag.
63'
Mykje småspel frå heimelaget, utan at det resulterer i mykje avansement på bana.
60'
Hødd-trenar Marius Bøe er lite imponert over det han ser frå gutta sine på bana, og uttrykkjer det klart og tydeleg. Blir nok endringar her snart.
58'
Bra forsøk for Moss! Fuglestad skjer innover og bankar til, men Alma reddar flott.
57'
Målet var for øvrig Rossi sitt første for Moss etter overgangen frå Brattvåg i sommar.
48'
Scarcella prøvar seg frå distanse. Via ein Moss-spelar og inn til Eriksen. Ufarleg.
48'
Moss på ein skummel visitt inn i Hødd si boks. Rossi slår flatt inn mot Fuglestad, men han blir stoppa av Mikhail som får sett fram ein fot.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-0 til Hødd over Moss etter dei første 45+1 minutta på Høddvoll. Moss hadde initiativ ei lita periode, men stort sett er det Hødd som har stått bak det meste av spelet og skapt dei største sjansane. Sebastian Haugland sørgja for 1-0 på straffespark i det 10. minutt, og både før og etter det hadde blåtrøyene mange moglegheiter til å putte fleire. Når så lite skiljer dei to laga er det framleis vidope her til 2. omgang. Her er det berre å gle seg til ei spanande andre akt!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Barros prøvar seg med venstrefoten frå distanse. Langt utanfor mål.
45'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
45'
Fuglestad med eit innoverskrudd innlegg frå høgrekanten. Dalar ned i klypene til Alme.
44'
Mange frispark og stopp i spelet her no. Moss slit med å finne aggressiviteten dei hadde tidlegare ei periode.
42'
Fuglestad skjer flott innover og avsluttar, men skotet går via ein motspelar og ut. Corner.
40'
Susande takling frå Rossi like etterpå, men domaren nøyer seg med tilsnakk.
39'
Nok ein gong nydeleg forarbeid av Ola Visted, den spanande spelaren på lån frå Viking. Han kjem seg enkelt ned til dødlinja og sender ballen foran mål. Utruleg nok er det ingen i blått som luktar det, og Moss kan puste letta ut.
37'
Lassen sender ballen inn i Hødd si boks, men der er ingen i gult og kula trillar utover sidelinja.
35'
Veldig nære for Hødd igjen! Visted mottek eit kort frispark, dreg seg ned til dødlinja og slår 45 grader inn. Der kjem Urnes stormande, men midtbaneterrieren sender skotet utanfor mål.
33'
Jakobsen går i bakken inne i Hødd si boks etter ein duell med målvakt Alme. Bortebenken ropar på straffe, men det endar i staden med frispark til Alme.
29'
Nesten for Hødd! Ein Moss-forsvarar prøvar å skjerme ballen ut, men endar med å gje den frå seg. Det endar med at Visted får lagt inn til Mikhail som headar utanfor frå bra posisjon.
27'
Mange ballmiss frå Hødd no. Moss er aggressive i presset og klarer å vinne ein del ball.
25'
Bra opprulling av blåtrøyene. Til slutt får Robertsen slått inn frå kanten, men Moss får gitt til corner.
23'
Litt meir Moss no. Ballen går raskt til tider, og det skapar meir problem for heimelaget.
20'
Rossi stussar eit utspel i bakrom, men diverre for bortelaget er det ingen som når fram på andreballen.
19'
Robertsen med innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet, men Hødd beheld kula.
19'
Nok ein gong klabb og babb i Moss-forsvaret. Ein laus ball blir sendt mot keeper Eriksen, som blir takla av Mikhail. Målvakt får derimot assistanse av dommar Bodding og får det som ser ut som eit litt billeg frispark.
15'
Godt forsøk for Moss! Gultrøyene er på ein sjeldan visitt, og Grønli får avslutta med venstrefoten frå bra posisjon. Litt over mål.
13'
Haugland på farta igjen! Spissen blir spelt fri i bakrom, men frå litt skrå vinkel set han skotet svakt til side for mål. Den bør han få meir ut av!
8'
Og så smell det frå Hødd-spiss Haugland! Moss klarer ikkje å få klarert, og Hødd sin nummer ni avsluttar på halvspretten. Eriksen reddar bra.
7'
Nesten for Hødd igjen! Skotheim får ballen inne i boksa, men frå seks-sju meters hald sender han ballen utanfor mål. Den bør han utnytte betre!
5'
Nære på at keeper Eriksen rotar det til for Moss! Målvakta har ballen i beina, men tek seg veldig god tid og endar med å sende utsparket rett i Visted og like til side for eige mål. Han bør ikkje ha fleire slike om han har intensjon om å halde nullen her!
4'
Rossi prøvar å vende til Fuglestad i bakrom, men pasninga går berre inn til Alme i Hødd-målet.
3'
Mange høge ballar og tette duellar hittil i starten.
Avspark Start 1. omgang
No har dagens 22 utvalde entra bana, anført av domar Anders Bodding!
Det motsette oppgjeret mellom laga tidlegare denne sesongen enda med 3-1 til mossingane etter scoringar av Memedov (2) og Hegland. Kallevåg putta for Hødd.
I nyare tid har Hødd og Moss møttest til dyst 22 gongar. Her er tala i favør dagens bortelag, med 9-5-8. Her på Høddvoll har det derimot vore veldig vanskeleg for mossingane. Den einaste sigeren deira her kom i 2008, ein kamp dei rett nok vann heile 5-1. Amin Askar og Kenneth Kvalheim var blant målscorarane. Hødd har på si side vunne seks av 11 kampar i Ulsteinvik, med 4-2 i 2019 og 3-1 i 1993 som dei største sigrane.
Begge laga er i full gang med oppvarminga her i Ulsteinvik. Det er fine forhold, med litt sol og svak vind. Det passar nok fint for dei tilreisande frå Kråkevingen. Det ser ut til at 10-12 stykke har teke turen frå Østfold.
For Moss er den einaste endringa at Håkon Vold Krohg er inne på laget til fordel for Jamiu Musbaudeen
Begge troppane er offentleggjorte no, og den mest signifikante endringa for Hødd er at kaptein Torbjørn Kallevåg er ute med suspensjon etter å ha fått to gule kort i førre kamp mot Odd. Den nyerverva australiaren Matthew Angelo Scarcella held dermed fram på den sentrale midtbana til Hødd, ei rolle Kallevåg har hatt det meste av sesongen. Isak Skotheim går inn i den eine 10-ar-rolla bak dagens kaptein Sebastian Haugland. Elles er mannskapet det same som sist.
Moss og hovudtrenar Ole Martin Nesselquist har også 1-2-2 på sine fem siste oppgjer i serien, så det er to lag i omtrent same form som møtest i dag. Førre runde blei det 1-1 borte mot Skeid, medan det kampen før der blei tre poeng heime mot Mjøndalen (3-1).
2-1-sigeren mot Odd førre runde var første trepoengaren til Marius Bøe og co sidan Egersund blei slått 1-0 30. juli. Laget har spelt fleire jamne kampar sidan det, men slitt med effektiviteten. Statistikken for fem siste i serien er 1-2-2.
Det er to tabellnaboar som møtest på kunstgraset i Ulsteinvik i dag. Etter ein etterlengta siger borte mot Odd sist ligg heimelaget i skrivande stund på 9. plass med 27 poeng. Moss ligg på plassen bak med eitt poeng mindre. Avstanden til dei øvre og nedre plassane er omtrent like stor, så begge dagens motstandarar er nok lystne på å kome seg lengst mogleg vekk frå laga bak på tabellen.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Moss, direkte frå Høddvoll!