TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Molde slår Hødd 3-1 på Høddvoll og tek seg nokså greitt vidare til 4. runde av NM. Det vart aldri den høgdramatiske kampen vi håpa på, sjølv om heimelaget utlikna til 1-1 på eit draumetreff av unge Martin Håheim-Elveseter. Aaron Samuel sette 0-1 midt i 1. omgang. Uavgjortresultatet stod seg derimot berre fem-seks minutt, då Granaas sneik seg inn i feltet og putta frå kort hald. Få minutt etter det igjen sette Breivik spikaren i kista med eit vakkert plassert skot. Nokon sluttspurt fekk ikkje Hødd til, og Molde hadde god kontroll siste minutta. Med blant anna Rosenborg, Bodø/Glimt og Brann ute av turneringa er nok Erling Moe og moldensarane som store favorittar til å løfte pokalen å rekne. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin 1. mai vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+2'
Brandal skjer innover i Molde-boksa, men er i ubalanse og sender skotet i nettveggen. Greitt forsøk.
90+1'
Eirik Haugan med dagens svakaste skotforsøk. Treff nesten det eine cornerflagget, den tidlegare Hødd-stopparen.
90'
Hjørnespark
Nære på for Hødd! Ein spelar i blått vinn duellen inne i boksa, men headinga snik seg på feil side av stolpen.
90'
Hødd får avslutta via ein Molde-spelar og til corner.
90'
Gult kort
Held igjen Urnes på veg framover.
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
87'
Molde verkar nøgde her, og trillar berre litt ball seg i mellom. Hødd slit med å kome oppi.
86'
Brandal går i bakken i duell med Stenevik, men blir vinka på beina av domar Aslam.
85'
Gulbrandsen kjem til avslutning frå spiss vinkel. Alme reddar greitt.
84'
Helten frå AaFK-kampen i 2. runde, Andreas Televik, står klar til å kome inn. Er son av Hødd-legenda Geir Televik, som også hadde ei periode i Molde.
83'
Urnes snappar ballen og set fart framover, men ingen andre i blått er med på det og dei må roe ned i staden.
83'
Mest liv i Tornekratten no, som venta, men Blåsarane held også fram med å støtte laget sitt. Fortsatt nok tid for Hødd å kome tilbake på, men slik kampen er no er det vanskeleg å sjå korleis det skal skje.
80'
Hødd får lov til å trille litt meir ball no, men Molde ser uansett veldig komfortable ut.
80'
Feilkast på Stenevik, faktisk. Hødd får så sjansen, men endar opp med å spele seg i offside.
75'
Breivik får to skotforsøk etter corneren. Det første blir blokkert, det andre sender han utanfor.
75'
Hjørnespark
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
71'
Vanskeleg å sjå korleis Hødd kan kome tilbake her.
69'
Mål!
1-3
Molde doblar leiinga! Breivik får stå åleine med ballen og plasserer den nydeleg lavt i det lengste hjørnet. Alme strekk seg så langt han klarer, men når ikkje bort.
69'
Molde-benken held på å gjere klare fleire innbytarar. Eirik Hestad er blant dei som tek på seg drakt.
65'
Uhyre effektive her, Molde. 2 mål på 4 sjansar.
62'
Mål!
1-2
Molde er tilbake i føringa! Samuel sender ballen inn i Hødd si boks der Granaas kjem snikande og pirkar inn ballen frå kort hald. Svakt markeringsspel frå Hødd.
59'
Samuel jagar i bakrom, men blir avvinka for offside.
59'
Hødd kjem på ein fin overgang, men Fjørtoft blir for ubesluttsam og rotar ballen utover sidelinja.
58'
Det målet kom verkeleg ut av ingenting. Molde såg ut til å få full kontroll. Hødd si første avslutning i kampen også.
56'
Mål!
1-1
For ei rakett! Unge Martin Håheim-Elveseter får plutseleg litt tid og plass med ballen og han avanserer nokre meter før han bankar ballen i mål frå langt hald. Ballen duppar nydeleg i nettet bak Posiadala. 1-1 og vi er like langt på Høddvoll!
55'
Mulac blir frå arma og må ut på sidelinja for behandling.
54'
Johansen blir litt vel nonsjalant i det Granaas kjem stormande i presset. Molde-spelaren får foten på ballen, men Hødd beheld likevel kontrollen.
52'
Eriksen går i bakken inne i Hødd si boks og ropar på straffe. Domaren vinkar spelet vidare. Mogleg der var ei berøring av ein høddspelar, men Eriksen hjelp kanskje litt vel mykje til sjølv.
50'
Hjørnespark
Hødd får klarert, men Molde beheld ballen.
49'
Molde rullar opp eit angrep, men trillaren frå Eriksen og ut til Stenevik blir altfor lang.
48'
Nære på for Molde! Samuel er først på eit innlegg i boksa, men unge Mulac gjer ein strålande jobb og får hindra spissen i å avslutte.
47'
2. omgang startar slik som den 1. stort sett var, med roleg tempo og eit Molde-lag med ball.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Molde leiar 1-0 over Hødd etter første omgang på Høddvoll. Aaron Samuel scora det einaste målet i det som har vore ein svært tam og nokså kjedeleg affære så langt. Eliteserielaget har hatt stålkontroll defensivt og ikkje sleppt til ein einaste Hødd-sjanse. Molde har ikkje sprudla offensivt heller, men Samuel har score eitt på dei to sjansane han har hatt, så då held det enn så lengje. Det blir spanande å sjå korleis Marius Bøe og Hødd gjer det etter kvilen. Skal dei ta seg vidare til 4. runde må dei i alle fall våge langt meir her. Molde og Erling Moe kan sjølvsagt styrke laget kolossalt om dei brukar innbytarbenken, så vi får sjå om det blir aktuelt etter kvart. Her er det berre å glede seg til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Hjørnespark
45'
Minimum eitt minutt tillagt til her.
45'
Hødd-frispark midt på bana. Blir lempa inn i feltet, men kvittrøyene vinn duellane overraskande enkelt.
43'
Johansen curlar ballen inn i feltet. Forbi alle, før det også blir vinka for offside.
42'
Bra slått av Kallevåg, og ballen dett ned på Molde sin femmeter. Diverre for heimelaget er det ingen i blått som er aggressive nok.
42'
Lund Jensen med obstruksjon på Myrlid. Frispark til Hødd på 30-32 meters hald.
41'
Urnes prøvar å chippe ballen igjennom til Myrlid, men han blir for hard på labben og ballen humpar utover sidelinja.
40'
Molde har veldig god kontroll her. Dei har vore veldig effektive framover i bana, for med unntak av målet har dei berre skapt eit par sjansar. Defensivt har dei derimot sleppt til minimalt så langt.
38'
Fantastiske detaljar av unge Martin Håheim-Elveseter som først tek ei tofotsfinte før han slår ein tunnel. Han speler så Hjelmeseth fri, men veteranen brukar altfor lang tid og får skotet blokkert. Kunne ha sentra til ein medspelar også der, spissen.
35'
Frispark
Frispark midt på Molde sin halvdel. Blir slått mot Mulac på bakerste stolpe, men den unge stopparen tapar duellen.
34'
Molde ligg veldig smalt og kompakt og forsvarar seg, men Hødd held fram med å gå i dei trange roma. Her er nok nøkkelen å vende spelet mykje meir.
33'
Kallevåg set fart framover mot Molde si boks, men blir stoppa i siste liten.
33'
Myrlid går inn i ryggen på Amundsen og lagar eit unødvendig frispark heilt nede ved kortlinja ved Molde-målet. Svært lite Hødd sin angrepstrio har fått til så langt. Håheim-Elveseter har vore friskast av dei tre.
31'
Kallevåg prøvar å nå Håheim-Elveseter med ein lang crossar, men forsøket endar berre opp hos Posiadala.
28'
Frispark
30 meter frå mål. Skal nok legge inn. Ein smart variant til Johansen, men sistnemnde brukar altfor lang tid og Molde får teke over.
27'
Hjørnespark
Blir teke kort, men Håheim-Elveseter snappar kula. Han blir felt før han får gjort noko konstruktivt med den.
27'
Ny stor Molde-sjanse! Granaas sender ein stikkar igjennom til Samuel, men Alme kjem raskt ut og får blokkert. Corner.
25'
Mål!
0-1
Molde i leiinga! Samuel blir spelt fri i bakrom av Kaasa, rundar ein utrusande Alme og trillar ballen i mål. Blikstad kjem stormande til, men klarer ikkje å blokkere skotet på streken. 0-1!
21'
Hjørnespark
Blikstad headar unna, før Alme til slutt får fanga ballen.
20'
Hjørnespark
Greitt forsøk! Aaron Samuel stig til vers, men sender headinga godt over mål. Kampens første sjanse, det.
19'
Hødd rykka som kjent ned til 2. divisjon i fjor etter eit kort opphald i 1. divisjon. Starten på seriespelet i 2024 har ikkje vore som forventa, og laget ligg på 9. plass etter 1-1-2 på dei fire første kampane. Formkurva har derimot peika oppover den siste tida.
13'
Løvik blir spelt fri til venstre og bankar ballen inn i feltet på direkten. Eit nydeleg flatt innlegg som dessverre for bortelaget går forbi alle i feltet.
12'
Elias Myrlid jaktar ei bakromspasning, men Posiadala kjem ut og fangar ballen enkelt. Myrlid er på lån i Hødd frå Brann.
11'
Hjørnespark
Blir møtt av ein Molde-spelar på første stolpe, men forsøket går utanfor.
10'
Hjørnespark
Blir slått langt bak i feltet, og ein spelar i kvitt ropar på straffe fordi han ikkje kjem seg opp i duellen. Domaren vinkar spelet vidare.
10'
Breivik blir spelt fri bak Hødd sitt forsvar, men Molde må nøye seg med corner.
8'
Ekstremt mykje rom på Molde si venstreside, men Hødd har ikkje klart å vende spelet noko særleg så langt.
7'
Nervøst bakerst hos Molde. Slit med frispelinga når Hødd pressar samla.
3'
Innkast høgt i bana for Hødd. Har vore friske i starten her, heimelaget.
2'
Løvik slår inn frå venstre. Enkelt å plukke for Alme.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga har no helst på kvarandre og vi er få straksar unna at hovuddomar Mohammad Usman Aslam bles i gong oppgjeret.
Mange representantar frå Tornekrattet har teke turen til Ulsteinvik for å støtte laget sitt i dag. Hødd sine Blåsarane gjer også sitt for å setje ei fin ramme rundt oppgjeret. I følgje rykta er det over 2000 tilskodarar tilstades på Høddvoll i dag. Ein flott dag for fotball med andre ord!
Den nye Hødd-trenaren Marius Bøe stiller stort sett med dei same 11 som han har brukt dei siste kampane. Einaste endringa frå 3-0-sigeren mot Fløy sist er det veteranen Robin Hjelmeseth har kom inn på laget i staden for Isak Skotheim. Hødd har ein god kombinasjon av rutine og ungt pågangsmot i lag, og vi finn blant anna fleire representantar for det gode 2005-kullet. Mirza Mulac og Martin Håheim-Elveseter speler frå start, medan Iver Husø Johansen og Oliver Eliassen Aske byrjar på innbytarbenken.
Nokon vil kanskje seie at Molde-trenar Erling Moe undervurderer Hødd når ein ser laget han stiller med frå start. Men innbytarbenken er uansett solid, og blant anna finn vi namn som Wolff Eikrem, Hestad, Eriksen og Gulbrandsen der. Det varer nok ikkje lengje før vi får sjå dei i aksjon om bortelaget skulle slite her.
Molde møtte på si side Eide og Omegn frå 4. divisjon, men til trass for at laget blir leia av tidlegare Molde-ess Ole Bjørn Sundgot vann moldensarane komfortabelt 5-0 med eit nokså ungt mannskap. I 2. runde blei det langt meir jamt, og til trass for 2-1-siger streva Molde i perioder mot Strindheim.
I første runde av turneringa møtte Hødd fjerdedivisjonslaget Volda på bortebane. Det enda med heile 6-1, og attpåtil blei det seks ulike målscorarar. I 2. runde blei det langt tøffare, då Aalesund kom på besøk på Høddvoll. Det stod 0-0 etter ordinært spel, og åtte minutt ut i 1. ekstraomgang kom kampens einaste mål, signert unge Andreas Televik.
I NM-samanheng har Hødd og Molde møttast fem gongar sidan 2002. Alle oppgjera har vore tette og jamne, og ingen av laga har vunne med meir enn eitt mål. Hødd gjekk vidare i 2002 då Erling Ytterland sørgja for 1-0. Det mest intense oppgjeret var i 2013. Erik Sandal trudde han hadde sendt Hødd vidare med si scoring, men heile fire minutt på overtid utlikna Magnus Wolff Eikrem og oppgjeret gjekk til ekstraomgongar. Der sørgja Even Hovland for 1-2, men i siste speleminutt utlikna Sivert Heltne Nilsen til 2-2. Også straffesparkkonkurransen blei dramatisk, men tre Hødd-bom på rad sørgja for at Daniel Chukwu til slutt kunne avgjere når han satte inn Molde sitt straffespark nummer sju. Vi tek gjerne imot slik dramatikk i dag også!
Molde Fotballklubb har sjølvsagt langt meir å vise til. NM-gull har det blitt både i 1994, 2005, 2013, 2014, 2021 og 2023. Dei regjerande NM-meistrane slo Bodø/Glimt 1-0 i finalen i fjor etter ei sein scoring av Fredrik Gulbrandsen.
Det er to lag med fine NM-historier å vise til som møtest denne vårdagen. Hødd overraska heile Noreg då dei gjekk heilt til topps i 2012, etter å ha slått Tromsø på straffesparkkonkurranse i finalen. Før det slo dei ut blant anna Sarpsborg 08, Haugesund og Brann.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Molde, direkte frå Ulsteinvik. Det er klart for 3. runde av Noregsmeisterskapet på Høddvoll!