Referat
Kun høydepunkter
Hødd klarer å forsvare seg til alle tre poenga etter ein nervepirrande kamp på Høddvoll. Begge laga hadde sine perioder og sjansar gjennom heile oppgjeret, og etter 50 minutt førde Steffen Moltu Hødd opp i føringa. Etter dette gav blåtrøyene frå seg initiativet, og MIF pressa på. Nokre minutt før slutt fekk også bortelaget spele med éin mann meir etter at Joachim Magnussen fekk eit litt tvilsamt raudt kort. Hødd klarte likevel å ri av stormen, og dermed har laget frå Ulsteinvik klatra til 4. plass på tabellen. Mjøndalen ramla på si side ned på 10. plass. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Innkast for bortelaget inne på eigen halvdel.
90+4'
Offside på ein Mjøndalen-spelar. Lie skyt langt ut.
90+4'
Hødd får klarert, men keeper Rotevatn beinar den opp igjen.
90+3'
Sundli skal hive langt.
90+3'
Frispark til MIF inne på eigen halvdel. Blir teke kjapt.
90+3'
Grodås med innkast for heimelaget.
90+2'
Det blir dømt for hands på ein MIF-spelar inne i Hødd si boks. Nok ei kvilepause for dei blå.
90+1'
Nære på at Gauseth får ballen på fem meters hald. Lie kjem ut og snappar.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+1'
Publikum gjer i alle fall sitt for at dei blå skal ta med seg alle tre poenga her. Sjeldant stort lydnivå på Høddvoll!
90'
Skal Hødd klare å ro dette i land med ein mann mindre på bana, eller skal MIF få med seg eit velfortent poeng?
87'
God prestasjon av Kirkevold som får vendt opp og avslutta. Skotet går over buret til Lie, som har god kontroll.
86'
Magnussen vinn innkast høgt i bana. Dermed kan Hødd bruke tid.
85'
MIF har sett linja si nokre meter frå midtsirkelen, samtidig som dei står oppe med tre mann på topp.
83'
Meget spanande på Høddvoll no. Mjøndalen pressar bra, men hittil har Hødd klart å stå imot.
82'
Törnqvist stangar unna.
81'
Olsen skal svinge inn eit frispark.
79'
Nok eit langt innkast frå Sundli. Hødd får rydda unna.
79'
Karlsen går i bakken inne i Hødd si boks, men domaren vinkar spelet vidare. Såg korrekt ut.
77'
Ertsås snappar kula frå Sundli, men får frispark imot. Der hadde han vore åleine igjennom.
76'
Helland stormar fram langs høgrekanten, men innlegget hans går bak mål.
74'
Hansen, som ikkje er like synleg no som i 1. omgang, slår inn frå venstre. Moltu stangar unna.
74'
Hødd blir snytt for straffe, kan det sjå ut som. Helland kjem seg inn i boksa, men blir halde igjen av ein motspelar. Domar Moen let spelet gå.
72'
Kirkevold kjem til nok ei avslutning med hovudet. Det forsøket går over.
72'
Langt oppspel mot Ertsås, men Sundli ordnar flott opp.
69'
Frispark til Hødd midt på bana. Sandal står klar. MIF får klarert, men blåtrøyene held oppe trykket. Heltne Nilsen får til slutt avslutta, men forsøket går langt utanfor.
68'
1665 tilskodarar på Høddvoll i dag.
68'
Domar Moen får høyre det frå heimefansen gjentekne gongar i dag. Ingen graverande feil frå domaren frå Løvenstad, men litt smårusk har no det vore.
67'
Offensiven frå Mjøndalen har roa seg litt no. Hødd får halde litt meir på ballen.
63'
Bra forsøk for heimelaget. Aursnes får tid og rom, og sender i veg eit langskot som snik seg like utanfor målet til Rotevatn.
63'
Utspel frå Lie. Keeperen roar ned tempoet no.
62'
Bra trykk frå bortelaget no. Dei hadde absolutt fortent ei scoring.
61'
Bortelaget er farlege på sine lange innkast, og denne gongen endar det i corner.
58'
Sundli med nok eit langt innkast. Hødd får rydda unna både ein og to gongar, før eit skot blir sendt langt utanfor.
55'
Stor sjanse for MIF! Ballen blir lempa inn i Hødd si boks, og noko heldig dett ballen rett ned i føta på Gauseth. Han skyt over.
55'
Hødd går på ein overgang, men Nilsen spolerer det heile ved å rote vekk kula.
53'
Sundli skal kaste langt. Litt fram og tilbake, før Nilsen headar ballen ut til corner.
53'
Helland med eit godt innlegg frå høgre. Magnussen blir nokre cm for lav.
52'
Farleg innlegg frå høgre for Hødd. Endar i corner.
50'
Frispark i fin innleggsposisjon for Hødd.
50'
Kirkevold får avslutta med venstrefoten, men Lie har bra kontroll på forsøket.
49'
Ny corner. Frå andre sida no.
47'
Mykje fram og tilbake dei første minutta.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein artig omgang på Høddvoll. Begge laga har hatt sine perioder og sjansar, men utan at det har resultert i mål så langt. Vi ser fram til ein like spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Sandal blir halde i trøya på veg framover, men domar Moen let spelet gå. Hødd-publikummet viser høglytt si misnøye med det.
44'
Ohr og Olsen står klare.
44'
Frispark til bortelaget i bra posisjon.
43'
Nære på at Hødd rotar det til inne i eigen sekstenmeter. Blåtrøye blir redda av ei offsideavvinking på ein MIF-spelar.
41'
Sandal med farleg innlegg. MIF får renska unna.
40'
Nok eit sleivtreff frå Helland. Lavt og rett i muren.
40'
Frispark i fin posisjon for heimelaget.
38'
Utruleg nære 1-0! Sandal kjem seg fri i mellomromet og speler Helland åleine igjennom med ei presis pasning. Forsøket set derimot Helland like utanfor målet til Rotevatn. Utruleg at vi endå ikkje har fått sjå scoring i denne kampen!
37'
Nok eit frispark for Hødd, men nok ein gong legg Helland ballen for lavt.
37'
Det enda i staden med eit kort innkast til Olsen som får svinga kula inn. Lie får tak i den.
36'
Sundli skal kaste langt igjen.
35'
Langt framspel frå heimelaget, men Heltne når aldri tak i kula.
32'
Sandal kjem i fint driv, men vel å gjere ting sjølv i staden for å spele fri Helland på høgrekanten, og dermed stoppar det heile opp.
29'
Kirkevold kjem til avslutning igjen, men nok ein gong går det nokså rett på Lie som fangar ballen greitt.
27'
Forsøket er dårleg utført, og MIF får rydda unna.
27'
Frispark til Hødd midt på bana. Helland skal lempe ballen opp i bortelaget si boks.
26'
Magnussen får tilsnakk etter å ha kome for seint inn i ein duell.
26'
Ballen blir lempa inn i boksa, men Lie kjem flott ut og fangar den.
23'
Kjempesjanse for Hødd! Sandal speler Magnussen heilt åleine igjennom, men i spissen sviktar i den avgjerande augneblinken og sender eit svakt skot rett på Rotevatn.
21'
Stor sjanse igjen for Mjøndalen! Kirkevold får stå heilt åleine og motta ballen i Hødd si boks, men vendinga og avslutninga blir for svak og går utanfor.
20'
Karlsen avsluttar frå langt hald. Rett på Lie, som også held ballen.
18'
Gauseth fintar unna Latifu og avsluttar, men rett i ein spelar. Det er definitivt på venstresida at Mjøndalen har skapt ting hittil.
16'
Stor sjanse for bortelaget! Hansen rundlurar Latifu og legg inn til Kirkevold som får avslutta frå bra posisjon. Lie gjer derimot ei bra redning og får boksa kula unna.
14'
Hødd held oppe trykket etter eit innkast, men slit med å finne opningane i Mjøndalen sitt forsvar.
12'
Sundli hiv ballen rett i fanget til den innleigde AaFK-keeperen Andreas Lie.
11'
Sundli med innkast for bortelaget.
11'
Innlegget frå Helland går rett i nevane til Rotevatn.
10'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon.
10'
Nære på at Hødd lukkast på ein overgong. Pasninga fram mot Helland blir derimot for svak og Mjøndalen overtek.
8'
Helland skal kaste langt. Törnqvist stussar vidare, men Heltne blir avvinka for offside.
7'
God sjanse for Hødd! Helland dreg seg innover slik som for eit par minutt sidan, og denne gongen treff han betre med avslutninga. Rotevatn klarer likevel å stoppe forsøket.
4'
Heltne finn Sandal rundt Mjøndalen sin sekstenmeter, men innlegget frå sistnemnde går berre inn til Rotevatn.
3'
Hansen kjem seg nok ein gong fram på venstrekanten sin. Innlegget går forbi alle i boksa.
2'
Helland skjer innover og avsluttar - langt utanfor.
1'
Nære på at bortelaget får tråkla seg igjennom, anført av Mads Hansen.
1'
Mjøndalen sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
No står begge dei to laga klare på bana. Hødd skal spele mot høgre i første omgang.
På Høddvoll er det greie speleforhold no. Det er overskya, men opphaldsvêr. Temperaturen ligg på 7-8 grader, og det er usedvanleg vindstille.
Christian Moen er dagens domar. Han blir assistert av Frode Ølmheim og Øystein Simon Ytterland. Even Myrheim er fjerdedomar.
Vegard Hansen har litt meir hovudbry, og til klubbens heimside seier han at Vamouti Diomande, Martin Strange og Ivar Forn ikkje er klare for spel endå.
Hødd-trenar Lars Arne Nilsen har nesten full tropp å velje i frå til denne kampen. Den einaste som ikkje blei klar til dagens kamp var Espen Standal. Spissen slit visst nok med ryggen.
Dagens to motstandarar har møtt kvarandre 10 gongar sidan 1972. Mjøndalen har gjort det klart best med 6-2-2 statistisk sett. På Høddvoll er tala 2-1-2. Laga vann kvar sin kamp i fjor, Hødd 3-0 og Mjøndalen 2-1. Dei fleste oppgjera mellom desse to laga har vore målrike, og berre ved eitt tilfelle har det blitt færre enn tre scoringar.
Mjøndalen har også hatt ein ujamn start på sesongen, men før denne runda ligg dei likevel berre to poeng bak dagens motstandar (men med ei kamp meir spelt). 4-1-4 er fasiten hittil. Førre kamp enda med eit brutalt 3-0-tap heime for Bryne. Borte frå Mjøndalen stadion har dei 2-1-2 hittil denne sesongen.
Laget frå Ulsteinvik har fått ein bra start på sesongen, og etter åtte spelte kampar ligg dei på 6. plass med 15 poeng etter 5-0-3. Etter fire strake sigrar etter tap i opningskampen, gjekk dei to smellar mot henhaldsvis Bodø/Glimt og Ranheim, men på onsdag tidlegare denne veka sat dei ein stoppar for den trenden med 1-0 over Kristiansund på bortebane i den TV-sendte kampen. Heime på Høddvoll har dei 3-0-1 hittil.
Også Vegard Hansen har gjort ei ending på laget sitt. Bjarne Ingebretsen har gått ut, medan Jonathan Borrajo har kome inn.
Då er begge laga ute. Hødd gjer éi endring sidan midtvekekampen mot Kristiansund. Vegard Heltne har kome inn for Rune Ertsås, noko som betyr at Joachim Magnussen blir flytta opp som midtspiss.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Mjøndalen, direkte frå Høddvoll!