TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Hødd vinn meget fortent 3-0 over Mjøndalen her på Høddvoll. Utvisninga på keeper Forn etter berre 10 minutt var sjølvsagt avgjerande i forhold til at bortelaget sleit slik dei gjorde. Mjøndalen yppa seg riktig nok litt i periodar, men i store delar av kampen var det Hødd som hadde kontroll og dei fleste store sjansane. Dermed heng Hødd framleis bra med i kampen om å unngå nedrykk, medan Mjøndalen no kan sjå langt etter direkte opprykk til Tippeligaen. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+2'
Latifu med eit elendig innlegg. Innkast for Mjøndalen.
90+1'
Då er i alle fall denne kampen avgjort, Hødd tek tre meget fortente poeng. No er spenninga på Høddvoll stor i forhold til det som skjer i oppgjeret Strømmen-Notodden.
89'
Spillerbytte
89'
Mål!
3-0
Lid Kleppe avventar keeper og set ballen sikkert nede til høgre. Haaskjold blir ståande stille midt i målet.
88'
Straffe!
Grodås vinn ballen inne i boksa og set fart. Blir felt og Hødd får si andre straffe for dagen!
87'
Helland prøvar seg frå skrått hald. Utanfor mål.
87'
Kirkevold prøvar seg på ein frekkis på Nyland som står langt ute. Han bommar totalt og ballen er nærmare cornerflagget enn målet til Hødd.
86'
Frispark til Hødd ti meter inne på Mjøndalen sin halvdel.
86'
Gult kort
Held igjen Helland som er på veg framover.
84'
Nok ei bakromspasning mot Kirkevold. Han når den ikkje, og det endar med utspel frå Nyland.
82'
Spillerbytte
81'
Pasning i bakrom mot Kirkevold, men spissen blir avvinka for offside.
81'
Aursnes prøvar seg frå distanse. Rett på Haaskjold.
81'
Sandal spelar farleg inn, men ingen i blått kjem først på ballen.
79'
Eit frispark blir slått inn i boksa, men det går forbi alle og til utspel frå Haaskjold.
79'
Spillerbytte
78'
Stor sjanse for Hødd! Helland blir spelt fri og kjem åleine mot Haaskjold. Han prøvar å runde keeperen nok ein gong, men kjem for nærme og den unge innbyttaren får fanga kula.
77'
Kirkevold prøvar å få til noko på eiga hand, men blir stoppa av Helland.
75'
Spillerbytte
74'
Hjørnespark
Blir heada unna ved første stolpe, før ballen blir slått farleg inn. Diverre for Hødd går det forbi alle.
74'
Fint spel av Aursnes og Hødd. Endar i corner.
73'
Sellin og Heltne kjem to mot ein, men førstnemnde ventar for lenge og må til slutt avslutte sjølv - rett i ein motspelar.
72'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
72'
Nære på 3-0! Sandal skyt lavt i det eine hjørnet, men Haaskjold er kjapt nede. Corner.
72'
Frispark til Hødd i bra posisjon.
70'
No flyttar bortelaget sitt forsvar seg høgare opp.
69'
Lang ball mot Kirkevold. Han handsar og Hødd får frispark.
69'
No må i alle fall Mjøndalen høgare opp i bana for å kome tilbake her. Det kan opne opp for gode overgangar for heimelaget.
67'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga! Ein sjeldan kontringssjanse byr seg, og Standal spelar fri Helland som spring i bakrom. Han rundar Haaskjold og set ballen enkelt i mål.
65'
Berre Hødd her no. Mjøndalen ligg lågt og gjer lite av seg offensivt.
63'
Nære på for Hødd! Heimelaget kontrar, og Helland chippar inn til Sandal som bommar på volleyen, men ballen går til Heltne. Også han treff dårleg med skotet, og Mjøndalen tek over.
62'
Frispark for bortelaget midt på bana.
62'
Spillerbytte
62'
Gult kort
Stoppar ein Mjøndalen-overgang.
61'
Hødd med ballen mykje no, men dei slit med å finne opningar i eit kompakt Mjøndalen-forsvar.
61'
Grodås med ein fin skotsjanse, men han går i staden for ein slags chip som går rett inn til Haaskjold.
58'
No har også sola dukka opp på Høddvoll. Når ikkje spelet akkurat varmar, er det fint at noko anna gjer det.
57'
Hjørnespark
Ballen dett ned i feltet, men ingen får avslutta.
57'
Latifu slår inn, men Sundli får heada til corner.
55'
Idris med ei flott tostegsfinte, men den påfølgjande pasninga går svakt inn til Nyland.
55'
Veldig lavt tempo i kampen no.
55'
Sandal prøvar seg med ein stikkar mot Helland, men blir for hard på labben.
53'
Innkast høgt i bana for Hødd.
52'
Hjørnespark
Sellin og Lid Kleppe stangar unna kvar sin gong.
52'
Solberg med nok eit volleyforsøk. Endar etter kvart med corner.
50'
Heltne Nilsen kjem til skot, men sender det høgt over. Mange feiltreff frå Hødd-slitaren dei siste minutta.
47'
Latifu kjem seg fri på høgrekanten, men slår ikkje inn og spelar heller til Nilsen som skyt, men får eit elendig treff. Hødd beheld kula.
46'
Diomande prøvar seg på eit skot, men det blir blokkert.
46'
Mjøndalen sparkar i gong 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana att!
Det har vore ein dramatisk omgang her på Høddvoll. Hødd leiar 1-0, og Mjøndalen har fått keeper Forn utvist i situasjonen som førte til straffe imot og scoringa til Lid Kleppe. Heimelaget har vore klart best og hatt mange store sjansar. Mjøndalen har derimot kome seg på tampen av omgangen, og skapt fleire brukbare forsøk. Det blir ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Diomande får to innleggsforsøk, men ingen av lagkameratane klarer å gjere noko med dei.
45+2'
Kirkevold rundar Klock og avsluttar frå spiss vinkel. Nyland ligg nede og fangar ballen.
45+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt denne omgangen.
45+1'
Godt forsøk for bortelaget! Sundli kastar langt, og Solberg prøvar seg på volley frå bra posisjon. Over.
44'
Hjørnespark
Nilsen stangar unna ved første stolpe.
44'
Hjørnespark
Endar i ein ny corner.
44'
God sjanse for Mjøndalen! Kirkevold kjem seg fri og avsluttar hardt rett på Nyland. Han har ikkje full kontroll og slepp ballen til corner.
43'
Helland hælar Sandal igjennom, men skotet frå Hødd sin nr 7 snik seg ein meter utanfor buret til Haaskjold.
42'
Helland med ein håplaus ballmiss midt på bana. Mjøndalen klarer ikkje å utnytte moglegheita som openberrer seg.
41'
Mjøndalen har senka laget sitt kraftig og ligg mykje djupare no enn dei gjorde i starten av kampen. Offensivt har dei skapt minimalt.
41'
Endar med ein ufarleg volley frå Solberg. Ballen humpar inn til Nyland.
40'
Ingebritsen med frispark midt på bana.
39'
Tverrleggarskot! Sandal ser at Haaskjold er på halvdistanse og prøvar ein chipp frå 16 meter. Den går i tverrleggaren og ned på streken før Mjøndalen får klarert.
38'
Nilsen og Sellin går i vegen for kvarandre rett utanfor Mjøndalen si boks, og det heile endar opp med at bortelaget tek over kula.
36'
Aursnes tråklar seg innover mot boksa, men får ballen litt for langt framføre seg og lagar frispark når han skal vinne den att.
34'
Hjørnespark
Ohr får beina unna. Innkast for Hødd.
34'
Sandal slår inn. Via ein motspelar og til corner.
34'
Litt laber periode i kampen no. Mjøndalen har ballen meir enn tidlegare i oppgjeret.
33'
Idris stoppar ei Hødd-kontring ved å kaste vekk ballen midt på bana, men slepp å få sjå det gule.
32'
Ohr slår farleg inn, men heimelaget får med naud og neppe klarert.
32'
Frispark til bortelaget i bra innleggsposisjon.
31'
Mjøndalen-trenar Vegard Hansen får kraftig tilsnakk frå domar Toppe.
30'
Helland dreg seg fint innover, men skyt litt for tidleg og ballen skrur langt utanfor mål.
29'
Kirkevold er nære på å bli spelt fri i bakrom, men Latifu får ordna opp før han også får frispark.
28'
Helland skyt frå distanse. Haaskjold ligg nede og ventar på skotet.
28'
Hjørnespark
Idris får stussa unna.
27'
Aursnes spelar fri Sellin, men Rønningane gjer ein god defensiv jobb. Corner.
25'
Hjørnespark
Går heilt inn til Haaskjold som boksar. Klock avsluttar over på returen.
25'
Ingebritsen slår i bakrom, men både Diomande og Kirkevold møtar, og ballen går inn til Hødd sin keeper.
23'
Hjørnespark
Sundli kjem først på corneren, men set headinga utanfor. Mjøndalen sin beste sjanse hittil.
23'
Sundli med innkast. Endar i corner.
22'
Heltne slår farleg inn framføre mål. Bortelaget får klarert.
20'
Hjørnespark
Endar etter kvart hos Latifu som slår inn. Klock vinn duellen i boksa og blir dytta litt samtidig som han headar over.
20'
18-åringen Andreas Haaskjold gjer faktisk sin debut i Adeccoligaen i dag. Ingen lett anledning for han å kome innpå.
19'
Ballen blir klarert, men Hødd beheld trykket.
18'
Frispark til Hødd. Sandal slår det.
17'
Sandal spelar fri Helland som prøvar eit skot i steget. Treff dårleg og ballen trillar inn til Haaskjold.
15'
Dette blir tøft for Mjøndalen. 0-1 og éin mann mindre i 80 minutt, samt eit Hødd-lag som har sprudla så langt.
12'
Mål!
1-0
Haaskjold går til venstre og Lid Kleppe sender ballen høgt til høgre. 1-0 på Høddvoll!
11'
Spillerbytte
10'
Rødt kort
Feller Sellin som prøvar å runde han. Domar Toppe har ikkje anna val enn å gi straffe og raudt kort.
10'
Sellin rundar Forn og blir sparka over ende. Straffe og raudt kort!
10'
Straffe!
Sellin rundar Forn og blir sparka over ende. Straffe og raudt kort!
9'
Liten tvil om at Hødd har kome best i gong her på Høddvoll.
9'
Hjørnespark
Corneren går lavt igjennom heile feltet, og det er utruleg at ingen er på den.
8'
Endå eit bra forsøk for heimelaget! Helland dreg seg innover og skyt, og Forn og forsvaret får ordna opp. Corner.
7'
Nok ein stor sjanse for Hødd! Sandal finn Sellin med ein fin stikkar, men den innleigde AaFK-spissen set skotet like utanfor buret til Forn.
7'
Nære på at Sellin kjem åleine igjennom. Sundli gjer ein god defensiv jobb og får ordna opp.
6'
Diomande slår farleg inn, men Klock får beina unna.
6'
Endar med at Heltne får lagt inn, men Mjøndalen får klarert.
5'
Nok eit frispark for heimelaget. Helland er klar.
5'
Hjørnespark
Klock kjem på den, men ballen glir over skallen og Mjøndalen får ordna opp.
4'
Stor sjanse for Hødd! Forn med ein retur, og Heltne Nilsen set den via ein motspelar og over.
4'
Frispark til heimelaget i bra posisjon. Helland skal ta det.
3'
Latifu med ei pasning til Helland, men pasningane blir for hard, og Helland er også i offside.
2'
Grodås med ei langpasning no. Den går inn til Forn.
1'
Latifu slår langt mot Sellin, men ballen går utover sidelinja.
1'
Hødd sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Dagens domar er Petter Toppe.
Vegard Hansen har måtta gjere mange endringar også på sitt lag. Helton, Bernstein, Granaas og Paul har gått ut, medan Rønningane, Karlsen, Diomande og Ohr har kome inn. Stian Ohr har også hatt eit opphald i Hødd tidlegare, noko speaker også minnast.
Heimelaget har gjort tre endringar sidan førre kamp mot Bryne. Nyland har kome attende i buret etter å ha hjelpt Noreg sitt U21-lag til EM, medan Urke har gått tilbake til benken. Moltu må sone karantene etter tre gule, og blir erstatta av Lid Kleppe i midtforsvaret. Standal har også måtta vike plass for Heltne på den eine kanten.
Mjøndalen har 4-0-2 på sine seks siste, og laget hadde ei fantastisk periode med heile 13 kampar utan tap, før det no har blitt 0 poeng i dei to siste kampanane mot henhaldsvis Sarpsborg 08 og Start.
Til trass for at Hødd som kjent er i finala i NM og skal møte Tromsø i slutten av november, er ikkje innsatsen i serien all verda å skryte av. På dei seks siste i serien har det blitt 2-0-4, og laget står med to strake tap før dagens oppgjer.
Mjøndalen har hatt eit bra tak på Hødd dei siste åra, og blåtrøyene har berre vunne éin av ni kampar sidan 1972. Statistikken totalt er 6-2-1 i favør bortelaget. Sist gong Hødd vann var i 1994, det året laget frå Ulsteinvik også rykte opp i Tippeligaen. Kampen mellom laga tidlegare denne sesongen enda med 2-1 til Mjøndalen etter ein nokså tam kamp. Aziz Idris og Joachim Solberg scora for Bruntrøyene, medan Sivert Heltne Nilsen gjorde det same for Hødd.
Mjøndalen befinn seg på 4. plass med 45 poeng etter 13-6-6 så langt. Avstanden til laga under kvalikplassane er sju poeng. Opp til Sandefjord på 2. plass er det seks poeng. På bortebane har dei greie 5-4-4.
Hødd er på trygg grunn før kampen i dag, men berre målskilnad skiljer dei ifrå Strømmen som innehar øvste nedrykksplass. Ulsteinvikarane har 8-4-13 hittil, og 28 poeng totalt. Heime på Høddvoll har dei 7-2-4, så det er altså her dei fleste poenga til blåtrøyene har kome.
Dagens oppgjer er av stor betydning for begge lag, men av heilt motsette grunnar. Hødd må kjempe med nebb og klør for å unngå nedrykk til 2. divisjon, medan Mjøndalen framleis har ein sjanse for direkte opprykk til Tippeligaaen, samtidig som det er kamp om plassane som gir kvalifisering.
Hei og velkomen til livedekning av dette viktige Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Mjøndalen, direkte frå Høddvoll!