TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet for denne gong. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 15-12. På mål: 7-3.
Det var ein svært sjåverdig kamp vi blei vitne til her i Ulsteinvik. Alle scoringane kom rett nok før pause, men også den 2. omgangen baud på sjansar og dramatikk. Robin Shroot scora begge Hødd sine mål. Det første putta han åleine med keeper etter pasning frå Magnussen, det andre på eit straffespark. Mjøndalen reduserte så like før pause etter at Fuhre utnytta ein stygg miss av heimelaget. Etter kvilen pressa bortelaget kraftig på, men å få ballen i mål ein gong til klarde dei ikkje. Dermed hoppar Hødd litt opp på tabellen, medan Mjøndalen nok ein gong øydelegg for seg sjølv i kampen om opprykk.
Hødd slår Mjøndalen 2-1 på Høddvoll etter ein svært underhaldande og nervepirrande kamp!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+6'
Hjørnespark
Keeperen går opp! Hødd får klarert.
90+6'
På overtid av overtida no.
90+5'
Utspel frå Hødd. Heimefansen klappar som berre det!
90+4'
Hjørnespark
Urke boksar unna.
90+4'
MIF prøvar framleis å slå langt.
90+2'
Gult kort
Er frustert og legg ein Hødd-spelar i bakken.
90+2'
Sell held rundt Magnussen og legg han i bakken. Soleklart frispark til Hødd. Blåtrøyene kan roe endå meir ned.
90+1'
Minimum fem minutt tilleggstid på Høddvoll.
90'
Mjøndalen pumpar ballane framover no.
90'
Urke brukar bra med tid på utspela no.
89'
Endar med ei heading utanfor.
89'
Det endar med at Wrele lagar frispark. MIF flyttar opp laget. Solberg skal servere.
89'
Utspel frå Makani.
88'
Heimelaget kontrar ved Beite, men ungguten skjer innover så mykje at det i staden endar med innkast i staden for ein sjanse. Hødd beheld uansett kula.
87'
Nervepirrande på Høddvoll. Alt kan framleis skje!
86'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
86'
'5-4-1!' ropar Hødd sin assistenttrenar til spelarane i blått.
86'
Steinar Lein skal gjere sitt andre byte i kampen.
85'
Fredrik Sjølstad ligg framleis nede i Hødd sin sekstenmeter.
85'
Gult kort
Får det gule kortet etter knuffing.
84'
Ein Hødd-spelar ligg nede, men bortelaget held fram med å speke. Det endar med knuffing mellom spelarane og ein endå meir irritert Vegard Hansen på sidelinja.
83'
Hjørnespark
Hødd får rydda unna.
82'
Hansen skal hive langt. Moltu stangar unna ved første stolpe, men bortelaget beheld ballen.
80'
Så skjer det ting i motsett ende. Shroot chippar igjennom til Aasbak som slår hardt inn framføre mål. Bortelaget får så vidt rydda opp.
78'
Spillerbytte
78'
For ein sjanse for bortelaget! Fredriksen rundlurar Hatakka to gongar og legg flott inn i feltet. Der stig Midtgarden til vêrs, men headinga går over. Der skal det vere scoring!
77'
Spillerbytte
77'
Shroot lempar frisparket svakt over mål. Dårleg utnytta.
77'
17-18 meters hald.
76'
Shroot er arkitekten bak eit bra Hødd-angrep. Briten blir sjølv felt utanfor MIF sin sekstenmeter og Hødd får frispark.
75'
Kallevåg vinn ballen høgt i bana, avanserer og avsluttar. Rett på Makani som enkelt reddar.
75'
Veldig nervøs stemning på Høddvoll no. Det ligg definitivt ei scoring og svevar her.
74'
Midtgarden slår smart flatt inn i feltet, men ingen i kvitt og brunt kjem raskt nok på ballen. Hødd prøvar så å kontre, men Hansen gjer ein god defensiv jobb og ordnar opp.
73'
Frispark i god innleggsposisjon for Mjøndalen.
71'
Hødd kontrar og Kallevåg finn Shroot inne i boksa. Briten vender opp og avsluttar, men forsøket blir blokkert.
69'
Boye får teke ned kula på kassa og avslutta inne i Hødd si boks, men skotet blir blokkert.
68'
Supporterklubben 3050 responderer med eit taktfast 'Vegard Hansen!'-rop.
68'
Mjøndalen-trenar Vegard Hansen får tilsnakk frå domar Hauge. 'Sett dej ned!' syng Blåsarane.
67'
Hansen klarer nesten å få ein stikkar fram til Midtgarden. Ballen endar i staden hjå Urke.
66'
Gauseth med ei stygg takling på Magnussen som er på veg framover. Merkeleg nok blir det ikkje gitt kort.
64'
Nok eit godt forsøk av Hødd! Aasbak skrur frisparket inn i boksa, og der stig Magnussen til vêrs og headar. Ballen går like utanfor målet til ein letta Makani.
64'
Sjølstad set fart med ballen framover, men blir stoppa ulovleg av bortelaget. Frispark til Hødd midt på MIF sin halvdel.
62'
Kjempesjanse for Hødd! Corneren går innom fleire før den blir flikka i tverrleggaren og ut av Sjølstad. Veldig nære 3-1 for heimelaget!
61'
Hjørnespark
60'
Spillerbytte
59'
Nære på igjen for MIF! Pellegrino er det vel som får avslutta, men Urke reddar flott. Returen blir putta i mål, men vedkomande blir korrekt avvinka for offside.
59'
Hatakka prøvar å finne Shroot inne i boksa. Bortelaget får stanga unna.
58'
Grove balltap frå begge lag no.
57'
Mathias Fredriksen skal straks inn for bortelaget.
57'
Slår inn, men MIF får klarert.
57'
Aasbak med dødball for Hødd.
56'
Gauseth med eit innlegg som landar på nettaket. Småskummelt.
56'
Heimelaget ligg veldig djupt og kompakt no. Mjøndalen slit med å finne opningane.
54'
Vertane farleg frampå i det Sereba slår inn, men Magnussen klarer ikkje å kome først på ballen inne i feltet.
54'
Hødd sine supporterar, Blåsarane, gjer sitt for å støtte laget. Lagar veldig god stemning på stadion.
52'
Hjørnespark
Stor sjanse for MIF! Arneberg kjem til heading på corneren, men forsøket går like over mål. Svært nære, det!
51'
Fuhre avsluttar via ein høddspelar og til corner.
50'
Mjøndalen har mykje ball i starten her.
49'
Sereba kjem til innlegg på høgresida, men avleveringa går berre via ein motspelar og inn i hanskane til Makani.
48'
1.813 tilskodarar på Høddvoll i dag.
48'
Mange stopp i spelet hittil denne omgangen.
46'
Mjøndalen sparkar i gong andre akt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga på veg ut på bana att.
Det står 2-1 til Hødd over Mjøndalen etter ein rett og slett herleg 1. omgang på Høddvoll. Robin Shroot ordna 1-0 etter flott og direkte spel, og same mann putta også 2-0 på eit straffespark som nok vil bli diskutert. Heimelaget såg ut til å ri av den offensive stormen frå Mjøndalen, men like før domaren bles til pause fekk Lars Fuhre sjansen til å redusere etter ei stor forsvarstabbe av Hødd. Det er berre å gle seg til dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+1'
Gult kort
Sparkar bort ballen og får Hødd si første gule kort i kampen.
45+2'
Hjørnespark
Rett i nevane på Urke som enkelt held ballen.
45+2'
Hjørnespark
44'
Mål!
2-1
Mjøndalen reduserer etter ei kjempetabbe! Hødd sender opp mange spelarar på eit frispark, men Mjøndalen stel ballen og kontrar. Det ser så ut til at Wembangomo har full kontroll, men backen klarer berre å klarere ballen i Fuhre som kjem stormande. Åleine med Urke gjer Mjøndalen sin nummer 23 ingen feil og scorar sikkert. 2-1 på Høddvoll!
44'
Boye får putta ballen i mål for bortelaget, men assistentdomaren er umiddelbart oppe med flagget og vinkar for offside. Bra spel av Mjøndalen der.
42'
Sereba og Shroot vinn kula høgt i bana og førstnemnde får avanserer med den mot mål. Dessverre for heimelaget er han i ubalanse når han skal avslutte, slik at skotet berre trillar inn til Makani.
41'
Gauseth blir felt av Wrele og blir liggjande.
39'
Hjørnespark
Magnussen headar unna ved første stolpe.
39'
Hansen slår inn frå høgre, men Aasbak får stussa til corner.
38'
Robin Shroot er for øvrig oppe i 11 ligamål denne sesongen. Storparten av dei har han scora no på haustsesongen.
38'
Midtgarden går i bakken i motsett ende og ropar på straffe. Domar Hauge seier nei.
37'
Straffa vil nok bli diskutert i ettertid, for fellinga såg ut til å skje på sekstenmeterstreken og ikkje klart innanfor.
36'
Gult kort
Får det gule kortet etter å ha felt Sereba.
35'
Mål på straffe!
2-0
Britiske Shroot sender Makani feil veg og trillar ballen enkelt i mål. 2-0 til Hødd over Mjøndalen!
34'
Straffe!
Arneberg feller Sereba på kanten av sekstenmeteren og Hødd får straffe!
34'
Ein del frå Mjøndalen sin supporterklubb 3050 har teke turen i dag. Dei har ikkje fått jubla endå, men har vore nære ved fleire gongar.
32'
Dei første 30 minutta er gjorde på Høddvoll, og det har vore ein herleg fotballkamp så langt. Mål, mange sjansar og kontroversielle situasjonar.
31'
Aasbak vel å gå for skot frå over 30 meters hald. Treff godt, men ballen går berre rett på Makani som ikkje gir nokon retur.
30'
Dødball til Hødd midt på gjestane sin halvdel.
29'
Det endar med ein stor sjanse til bortelaget! Pellegrino får plutseleg ballen åleine inne i boksa, men 26-åringen avsluttar høgt over mål. Dårleg utnytta!
28'
Hansen skal kaste langt igjen for MIF.
27'
Nesten igjen for Mjøndalen! Midtgarden slår inn mot Boye, men sistnemnde klarer ikkje å stokke beina hurtig nok. Kula trillar berre inn i fanget til Urke.
25'
Hjørnespark
Blir slått inn mot streken der Moltu går i bakken i lag med Makani. Heimefansen ropar på straffe, men domar Hauge dømer i staden frispark til bortelaget.
25'
Stor sjanse for Hødd! Aasbak slår inn og berre ei god redning frå Makani hindrar at headinga frå Sjølstad går inn. Corner.
24'
Gult kort
Får det gule etter overfallet på Sereba. Det der kunne fort ha vore av den raude fargen.
23'
Kaos på Høddvoll! Makani kjem ut for å klarere og regelrett sparkar Sereba over ende.
23'
Sereba snappar ballen høgt i bana og avsluttar raskt. Rett på Makani som enkelt reddar.
22'
Så er det Sereba som skjer innover for Hødd. Skotet frå den tidlegare Follo-spelaren skrur derimot langt utanfor mål.
21'
Nok eit skot over frå dei brune og kvite. Midtgarden skaut.
20'
Hansen med eit godt innlegg frå sida si. Nære på at Boye får gjort noko kreativt med det.
19'
Mjøndalen er farleg frampå endå ein gong! Boye blir spelt fri og avsluttar frå god posisjon. Dessverre langt utanfor for bortelaget.
18'
Skummelt innlegg frå høgre inn i MIF si boks. Makani får snappa ballen like foran beina på målscorar Shroot.
16'
Godt forsøk av bortelaget! Jonathan Lindseth får avanserer med ballen og avslutte utan nemneverdig press. Like over målet til Urke.
14'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet. Wrele plukkar opp på motsett side, men får berre eit innkast imot.
14'
Kastet endar med at Hødd tek ein overgang. Det fører til eit skot som går utanfor i motsett ende. Via ein motspelar.
13'
Mads Hansen skal kaste langt.
12'
Shroot går over ende inne i bortelaget si boks, men blir vinka opp att av domar Hauge.
11'
Solberg slår inn, men Wrele får stanga unna. Hødd ynskjer så å kontre, men bortelaget jobbar disiplinerte bakover og hindrar det.
10'
Pellegrino blir felt og Mjøndalen får frispark i interessant posisjon.
8'
Solberg Olsen prøvar å curle ballen i mål frå distanse. Langt utanfor frå Mjøndalen sin kaptein.
7'
Bortelaget prøvar seg på venstresida, men Hatakka får rydda unna. Finnen, som er på lån frå Brann, debuterer frå start av for Hødd i dag.
6'
God sjanse for Hødd! Ein totalt umarkert Magnussen blir spelt fri i farleg område, skjer innover og avsluttar utanfor frå god posisjon. Har vore aktiv i starten her, den tidlegare Hønefoss-spelaren!
5'
Hjørnespark
Dett farleg ned i feltet, men ingen klarer å kome på ballen.
5'
Solberg med frispark for bortelaget. Blir stussa til corner av Wrele.
3'
Mål!
1-0
Hødd sjokkopnar på Høddvoll! Magnussen får ei langpasning ved MIF sin sekstenmeter og headar fri ein umarkert Shroot inne i boksa. Åleine med Makani gjer spissen ingen feil og plasserer kula i mål. 1-0!
2'
Erik Midtgarden sender i veg eit skot med futt i. Ikkje langt over mål.
1'
Hødd prøvar å slå langt mot store Joachim Magnussen. Utover sidelinja.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga er no på bana, og vi er få straksar unna kampstart.
For Hødd er det litt spesielt at tidlegare assistent i AaFK, Karl Oskar Fjørtoft, er tilbake i ei rolle for sin tidlegare klubb. Fjørtoft, som blant anna var sentral i Hødd-laget som spelte i Tippeligaen i 1995, har no fått ei rolle som assistenttrenar.
Steinar Hauge frå Bjarg IL er kveldens hovuddomar. Med seg på sidene har han Morten Ophuus og Christer Solheim Jørgensen.
Laga har møttest 17 gongar sidan 1972, og laget frå Buskerud har ein solid statistikk her (11-2-4). Mjøndalen har faktisk tre storsigrar på rad mot Hødd (3-0, 4-0 og 4-1), medan Hødd sist vann i 2014 (3-1 på Isachsen stadion).
Hødd og Mjøndalen møttest på Nedre Eiker i slutten av juni, i det som var Steinar Lein sin første bortekamp som hovudtrenar etter at han tok over for sparka Hans-Erik Eriksen. Det var derimot kollega Vegard Hansen som kunne juble høgast då bruntrøyene tok ein overbevisande 3-0-siger. Midtgarden, Fredriksen og Pellegrino stod for scoringane.
Mjøndalen har på si side sett betre ut den siste tida, og er utan tap på dei fem siste. Dei står også med to strake sigrar på framandt gras (Fredrikstad og Åsane).
Hødd er faktisk blant dei beste heimelaga i divisjonen, men ei skrekkeleg borteform, der laget har utrulege eitt poeng på ti kampar, gjer at blåtrøyene ligg der dei ligg. På Høddvoll har det blitt 7-2-2 så langt, og topplag som Kristiansund, Levanger og Sandnes Ulf har blitt slått her.
Dei to siste kampane i den 22. runda går av stabelen i kveld, og på Høddvoll er både Hødd og Mjøndalen desperate etter dei tre poenga. Heimelaget ligg berre eitt poeng over nedrykksstreken, medan Mjøndalen ynskjer å avansere opp på plassane som gir håp om opprykk.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Mjøndalen, direkte frå Høddvoll!