TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Og med det skrur den krasse nynorsklæraren Sebastian Eide av datamaskina for denne gongen, og begir seg på veg heim der prøveretting og foreldremøteførebuing ventar. Takk for no frå Høddvoll for denne gongen!
Med unntak av ei 10-minuttersperiode med massivt Hødd-press gjorde Mjøndalen som dei ville i dag, og tok ein fortent siger. Spesielt i første omang skapte dei ein drøss med enorme sjansar mot ein Hødd-lag som verka å vere fullstendig paralyserte. Hødd kan likevel sjå tilbake på ein imponerande sesong, 3. plass i Adeccoligaen er ingenting å kimse av. For Mjøndalen sin del kan dette bli eit fantastisk eventyr.
MIF møter Ranheim heime i Mjøndalen førstkomande søndag, og om dei vartar opp med den same innsatsen då som i dag kan dette absolutt gå vegen for dei brune.
Mjøndalen er klare for neste runde av kvalifiseringsspelet til Tippeligaen!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+5'
Hødd maktar ikkje å etablere trykk.
90+4'
Spillerbytte
90+3'
Gult kort
Får det nok for munnbruk. Unødvendig.
90+3'
Nok ein frispark til Mjøndalen.
90+2'
Fullt liv i MIF-fansen no. Og det er det god grunn til!
90+2'
MIF vinn ballen heile tida no. Dette går definitivt deira veg.
90+1'
Grodås med ei håplaus pasning i det Hødd skal drage i gong eit angrep.
90'
Gauseth ligg nede og må få litt hjelp til utstrekking.
90'
Endå eit MIF-frispark. Denne gongen oppe ved det eine cornerflagget.
89'
Borrajo slår langt opp.
89'
Kirkevold vinn frispark midt på bana, og MIF kan roe ned.
88'
Urke med langt oppspel.
87'
Gult kort
Kjem altfor seint inn ei takling. Slik det ser ut no blir det det siste kortet han får i Hødd-drakta, for Nilsen skal som kjent spele for Vålerenga neste sesong.
86'
Forn brukar bra med tid på utspela no.
86'
Sandal slår ballen langt opp. Rekdal får avslutta, men forsøket endar utanfor.
85'
Spillerbytte
85'
Gult kort
Sparkar vekk ballen i det Hødd har fått frispark.
84'
Spillerbytte
84'
Då står Tepuric klar, men det spørs om det kjem for seint. Ordtaket 'Å smi medan jarnet er varmt' kjem til minne.
83'
Solberg slår frisparket i krysstanga og over. Urke hadde likevel bra kontroll.
82'
Frispark til bortelaget i finfin posisjon.
81'
Sandal med ein ettersleng på Diomande, og MIF-spelaren brukar anledninga til å drøye litt tid, forståeleg nok!
80'
Magnussen prøvar eit skot, men forsøket blir blokkert. Hødd-innspurten har ikkje gitt seg endå!
79'
Langt oppspel, men det går heilt inn til Forn.
79'
Har MIF klart å ro av stormen no, eller kjem det meir?
78'
Gult kort
Får kortet etter å ha vore for tøff i ein duell.
78'
Litt knuffing her.
78'
Hødd har den duellsterke spissen Franjo Tepuric på benken. Merkeleg at han ikkje blir sett innpå når heimelaget har så mange dødballar og innlegg.
77'
Standal kjem seg fri inne i boksa, men maktar ikkje å overliste Forn. Utruleg at Hødd ikkje har scora under dette massive presset!
76'
Hjørnespark
76'
Hjørnespark
Endar i endå ein!
76'
Det er så nære! Hødd rullar elegant opp og ballen blir slått flatt inn foran mål. Der får MIF reinska unnna på streken.
73'
Hjørnespark
73'
Hjørnespark
Blir heada ut til endå ein corner. No må det vel bli mål snart?
73'
Rekdal skyt via ein motspelar og ut til ny corner. Bra sjanse igjen for Hødd!
72'
Hjørnespark
Blir takla ut til ein ny corner.
72'
Heimelaget har auka presset no. Dette er ikkje avgjort!
71'
Hjørnespark
Endar i ingenting, men Hødd beheld kula.
70'
Hjørnespark
Nesten for Hødd! Ballen dett ned i boksa, og spelarane står i kø for å skyte. Til slutt er det Moltu som får avslutta. Forn reddar til corner.
69'
Kirkevold har sjansen til å avslutte inne i boksa, men avventar litt for lenge og ballen trillar utover sidelinja.
68'
Hjørnespark
Endar med MIF-kontring igjen!
68'
Hødd-spelarane gjer vanvittig enkle feil no. Har dei verkeleg resignert allereie?
66'
MIF kontrar! Dei er ikkje langt unna å lukkast, men Sandal gjer ein god defensiv jobb og ordnar ut.
66'
Kast til Hødd høgt i bana.
65'
Vegard Hansen har lukkast enormt godt med den offensive strategien hittil. MIF står ofte igjen med begge spissane, slik at Hødd konstant må passe seg for overgangar imot.
64'
Grodås prøvar både innlegg og skot, men MIF får rydda opp ved begge tilfella.
63'
Då er det slutt i Trondheim. Ranheim er klare for neste runde med 2-0. Og ser det ser ut no blir det Mjøndalen som skal stå på motsett halvdel til helga.
61'
Hjørnespark
Urke ser ut til å ha kontroll på ballen, men misser den. Heldigvis for Hødd når han den kjapt att.
61'
Dett farleg ned i boksa, og etter litt klabb og babb får MIF corner.
60'
Aasmundsen med innkast. Skal 1-0-målet bli kopiert?
60'
Heimelaget får ikkje til noko som helst her, og når tenninga er så høg som den er no kan dette bli stygt.
59'
Spillerbytte
58'
Gult kort
Har sjansen til å slå inn, men vel i staden å roe ned. Dermed snappar Diomande ballen, og Grodås ser seg nøydd til å rive han overende. Soleklart.
58'
Ingebrigtsen slår inn. MIF får heada unna.
57'
Standal svarar med ei like tøff takling like etterpå, men heller ikkje han får ei åtvaring frå domaren. Her er lista lagt høgt!
56'
Fredrik Aursnes med ei vill takling. Offeret reagerer vilt, men domar Steen vel å ikkje gi nokon av dei det gule kortet, noko som er overraskande.
55'
Like før slutt i Ranheim-HamKam har Kristoffer Løkberg sendt trøndarane opp i 2-0.
54'
Lite som tyder på at Hødd skal klare å kome tilbake her.
51'
Stor sjanse for MIF! Bortelaget kontrar og kjem to mot ein. Diomande speler fri Beugre, men spissen klarer ikkje å overliste Urke. Der kunne det ha stått 3-0!
51'
Kan Hødd klare å svare her då? Laget har i alle fall vore ein skugge av seg sjølve så langt i kampen.
50'
Då blei det, naturleg nok, også meir liv i 3050-gjengen. 2-0 til MIF, og håpet om opprykk til Tippeligaen har blitt endå større.
48'
Mål!
0-2
For ei scoring! Gauseth får tid og rom og bankar til frå langt hald. Ballen skrur kraftig inn ved Urke sin høgre stolpe, utakbart for keeperen.
47'
Hjørnespark
Domaren må gi tilsnakk til feltet først. Urke misser først ballen, men klarer å fange den att.
47'
MIF går rett i angrep og Hansen kjem seg heilt fri og speler ballen inn foran mål. Der treff han inge andre i brunt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
MIF skal sparke i gong 2. omgong.
No var det akkurat eit fløytsignal inne frå garderobene. Laga gjer seg klare for endå meir fotball!
Mjøndalen leiar denne kampen svært fortent. Dei har vore dei klart beste laget, og Hødd skal prise seg lukkelege over at leiinga ikkje er større enn 1-0. Vamouti Diomande scora kampens hittil einaste mål i det 39. minutt. Vi gledar oss til ein meget spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Hjørnespark
Både Onstad og Aasmundsen får avslutta, men begge forsøka blir blokkerte.
45+2'
Farleg MIF-innlegg. Dalar på nettaket bak ein utspel Urke. Corner.
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her.
45+1'
Aursnes prøvar seg med eit langskot. Rett på Forn.
45'
Frispark til bortelaget eit stykke inne på Hødd sin halvdel. Endar hjå Urke.
43'
Nesten for Hødd! Også dette kastet blir stussa, og ein Hødd-spelar får heada på mål frå kort hald. Det er ikkje altfor mykje kraft i hovudstøytet, så Forn får ein takknemleg jobb med å fange kula.
42'
Ingebrigtsen med innkast. Blir farleg stussa, men ingen får avslutta. Endar med nok eit kast.
41'
No blir det spanande å sjå korleis laga vil respondere. Vil MIF halde oppe trykket eller leggje seg bakpå? Og kan Hødd riste av seg den elendige starten og kome tilbake her?
39'
Mål!
0-1
Mjøndalen går i føringa på Høddvoll! Eit langt innkast frå Aasmundsen blir stussa vidare, og frå god posisjon plasserer Diomande kula i nettet. Ei svært, svært fortent leiing.
37'
Hødd trykkar på og Ingebrigtsen legg inn frå høgre. Standal er så litt for tøff i ein duell og MIF får frispark.
35'
Nære på igjen for MIF. Moltu får i siste liten klarert framføre ein skyteklar Beugre.
32'
Hødd får halde litt meir på ballen no, men det er livsfarleg kvar gong MIF vinn kula i gunstige posisjonar.
31'
Det står 1-0 til Ranheim over HamKam i det andre oppjeret.
30'
Mjøndalen har verkeleg drege med seg dei gode kjenslene frå sigeren på søndag inn i dagens oppgjer. Hødd har på si som side sett ut som eit lag utan sjølvtillit.
29'
Standal får ein ball i andletet og går i bakken.
28'
MIF held fram med å kreere sjansar! Mads Hansen kjem seg gjenom, men trøblar litt med medtaket slik at han ikkje får avslutta bra nok.
26'
Nesten for Hødd! Ingebrigtsen skjer innover frå sin backposisjon og slepp kula til Sandal. Han prøvar ein chipp som dalar ned på nettaket. Usikker på om Forn hadde teke den hadde den gått litt lavare.
25'
Solberg med eit svakt framspel. Hødd overtek.
24'
MIF-trenar Vegard Hansen er utan tvil fornøgd med kva laget hans har prestert hittil. Med betre effektivitet hadde dei allereie leia 3-0 her.
22'
For nokre sjansar Mjøndalen har hatt dei siste fem minutta! Det er rett og slett utruleg at dei ikkje allereie er i føringa.
21'
Hjørnespark
Forn får boksa unna, samtidig som bortelaget får frispark.
20'
Endå ein stor sjanse for MIF! Kirkevold er det vel som kjem seg fri til venstre, men skotet snik seg like utanfor den høgre stolpen til Urke.
19'
Magnussen prøvar seg for Hødd! Kantspelaren får prøve seg med eit skot inne i boksa, men MIF får blokkert.
18'
Nære igjen for bortelaget! Hødd-forsvaret får panikk når Beugre har ballen, og det med rette. Denne gongen kjem han seg åleine igjennom, men skotet blir blokkert.
18'
Hjørnespark
Endar med at Mjøndalen vinn kula.
18'
Sidan 1972 har Hødd og Mjøndalen møttast 12 gongar. 7-2-3 er statistikken i favør MIF. Hødd har vore best på Høddvoll med 3-1-2.
15'
Trippelsjanse for Mjøndalen! Beugre driblar seg fri og kjem åleine med Urke, men Hødd-keeperen reddar det første forsøket. Beugre prøvar seg også på returen, men skotet blir blokkert. Diomande får så prøve seg til slutt, men hans forsøk går utanfor mål. For nokre moglegheiter for MIF!
14'
Heile stadion jublar i det ballen ser ut til å gå i mål, men forsøket frå Sandal endar i staden like over. Bra sjanse, det!
13'
Sandal er klar.
12'
Gult kort
Standal spring etter ballen, og Onstad regelrett dyttar han overende. Unødvendig av stopparen.
9'
Vinnaren av dette oppgjeret møter som kjent vinnaren av Ranheim-HamKam som starta 12.30. Ettersom Hødd enda øvst av laga på kvalifiseringsplass vil dei få heimekamp også i neste runde om dei skulle avansere. For Mjøndalen vil det bli endå eit oppgjer på bortebane om dei skulle klare å ta seg vidare.
7'
MIF prøvar å spele i bakrom, men blir vinka av for offside.
5'
Hjørnespark
Blir stanga unna før Sandal prøvar eit skot frå langt hald. Blir blokkert.
5'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
4'
Kirkevold skaffar corner til bortelaget.
3'
Frispark til MIF. Blir slått langt og dett farleg ned i boksa. Hødd får med naud og neppe rydda unna.
3'
Forn spelar langt ut. Jesper Törnqvist headar unna.
1'
Hødd sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Mjøndalen-trenar Vegard Hansen var i godt humør før kampen, og til ANB uttrykte han god tru på eige lag i dag, men full tropp. Hødd-trenar Lars Arne Nilsen er som kjent suspendert i dag, og plassen han har valt seg ut er faktisk nabosetet til underskrivne! Vi får satse på fortløpande rapportar frå den engasjerte Hødd-mannen. Foreløpig har han ikkje dukka opp.
No kjem laga på bana! Domarteamet, leia at Kai Erik Steen, fører an.
Det er liten tvil om at det er publikumsrekord på Høddvoll i dag. Både stå- og sitjetribuna er nokså fulle. Mjøndalen har også fleire tilreisande frå supportergjengen 3050, og eg vil anslå at dei er rundt 40-50 stykke.
Begge laga er ute og som vi ser er der nokre endringar på begge. Sandal og Aursnes er tilbake frå karantene og kjem inn for Rekdal og Ulland Andersen (karantene etter raudt kort). Mjøndalen har fått inn Beugre for Ingebretsen.
Til trass for smellen på søndag er det framleis stor fotballfeber i Ulsteinvik. Det tidlege kamptidspunktet gjer det vanskeleg for mange å møte opp, men fleire bedrifter har ordna opp i dette ved å gi dei tilsette fri slik dei rekk kampen. Også alle skulane i Ulstein kommune har sørgja for dette, slik at både elevar og dei fleste ansatte har fri frå kl 12. MIF har også eit ynskje om å få fleste mogleg bortesupporterar på kamp, og dermed har dei lova gratis billettar til dei som tek turen. Slikt blir det fotballfest av!
Eit artig moment i førre kamp var at Mjøndalen-trenar Vegard Hansen, som måtte tole same skjebne som kollega Nilsen i runda før og som dermed var utestengt mot Hødd, hadde teke på seg rolle som vakt på Mjøndalen stadion. Ikledd gul sikkerheitsvaktdrakt fekk han sjå laget sitt gjere eit imponerande comeback. Det mange nok spør seg no, er om Lars Arne Nilsen vil ta på seg eit liknande vikariat i kampen på Høddvoll!
Førre oppgjer mellom laga baud på mengder av dramatikk, og dei over 500 tilreisande frå Hødd-land følte seg nok også snytt for noko gjevare enn kvalifiseringsspel. Domar Ole Gya var ein kontroversiell figur i løpet av kampen, og Hødd blei frårøva både ei Standal-scoring som blei feilaktig annullert på stillinga 0-1, og mest sannsynleg også eit straffespark då Mjøndalen leia 2-1. Både trenarapparatet og spelarane til Hødd reagerte sterkt på avgjerslene, noko som blant anna førde til at trenar Lars Arne Nilsen blei vist vekk frå Hødd-benken og Andreas Ulland Andersen fekk sjå det raude kortet.
Dagens kamp er høginteressant av fleire grunnar. Laga møttest som kjent på søndag i den 30. og siste runda av Adeccoligaen 2013, i det som var ein nervepirrande kamp. Mjøndalen kom tilbake frå 0-1 og vann til slutt 3-1, og når Vard Haugesund i tillegg slo Bryne 5-3 på Jæren etter to meget seine mål, klarde MIF å karre seg opp på 6. og siste kvalifiseringsplass. For Hødd fekk tapet ein heilt annan konsekvens, for med 1-1 mellom Stabæk og Bodø/Glimt i Bærum gjekk ulsteinvikarane glipp av ein gyllen sjanse til å rykke direkte opp i Tippeligaen. I staden må dei altså ta ein meget stor omveg for å klare det no.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Mjøndalen, direkte frå Høddvoll. Det er duka for første kvalifiseringsrunde for opprykk til Tippeligaen!