TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då enda det uavgjort 2-2 her på Høddvoll, etter at heimelaget to gongar tok att ei Mjøndalen-leiing. Bortelaget var best i ein svak førsteomgang, medan Hødd tok seg kraftig opp etter kvilen. Heimelaget pressa lenge på dei siste 45 minutta, men også Mjøndalen var farleg frampå fleire gongar. Uavgjort er nok eit greitt utfall i det som har vore ein kamp prega av ei svært våt og vanskeleg bane. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+5'
Hjørnespark
Ballen hamnar på nettaket.
90+5'
Mjøndalen kontrar, men Olsen går i offside.
90+4'
Hjørnespark
Ballen ligg i feltet, men ingen kjem skikkeleg til avslutning!
90+3'
Hjørnespark
Går via ein spelar i kvitt og ut.
90+3'
Kampen siste sjanse? Frispark til Hødd på eigen banehalvdel. Corner.
90+2'
Frispark til Mjøndalen midt på bana. Hødd får klarert.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Fullstendig ope er i augneblinken. Kva som helst kan skje!
90'
Hjørnespark
Ajeti skyt frå 15-16 meter, men Nyland har få problem med den.
90'
Nesten for bortelaget! Idris skyt frå langt hald, og Nyland må strekkje seg så lang han er.
89'
Innbyttar Boldt får ein stor sjanse, men han bommar på ballen frå 13-14 meter!
89'
Innkast til bortelaget høgt i bana. Sundli skal kaste.
87'
Hjørnespark
Mjøndalen får ordna opp etter ei utboksing frå Rotevatn.
87'
Spillerbytte
86'
Hjørnespark
Rotevatn fistar den over.
85'
Frispark til Hødd midt på bana. Ein spelar i kvitt headar ut til corner.
84'
Spillerbytte
83'
Nok ein spelar i kvitt ligg nede. Mjøndalen har nok ingenting i mot at tida går.
82'
Sandal er for andre gong på to minutt nære på å nå eit innlegg framføre Mjøndalen-buret, men nok ein gong er Rotevatn kald og fangar ballen.
81'
Ajeti prøvar å dempe ballen på brystkassa i Hødd si boks, men mistar kontrollen.
80'
Spillerbytte
79'
Rotevatn ligg nede. Publikum er utolmodige.
77'
Hjørnespark
Rotevatn får nok eit frispark. Det har ikkje vore enkelt å vere målmann på dødballane i dag!
77'
Framleis ingen tendensar til at nokon av trenarane vil byte fleire spelarar.
76'
Hødd køyrer kampen no. Mjøndalen har nok med å forsvare seg.
74'
Hjørnespark
Corneren er bra slått, men Rotevatn er flott oppe og fistar ballen vidare.
73'
Frispark til heimelaget i bra innleggsposisjon. Lik den før 2-2-målet. Blir klarert av Mjøndalen i første omgang, før Torset skyt over frå distanse.
71'
Mykje fram og tilbake på Høddvoll no. Det kan fort bli tilfeldigheitene som avgjer denne kampen.
70'
Hjørnespark
Endar med at Sandal skyt over på volley.
69'
Nesten for Hødd! Sundli dett rett utanfor eige felt, og Karlsen er nære på å få avslutta frå fem meter.
69'
Karlsen vinn ein duell på 18 meter, men ballen går inn til Rotevatn.
67'
Hjørnespark
Treff Rønningene som headar utanfor frå 14-15 meter.
66'
Der er Mjøndalen som har initiativet no.
66'
Høvring prøver seg med eit gjennomspel, men Moltu får kontroll.
65'
Sundli slår presist, ein medspelar stussar, men heldigvis for heimelaget klarer Latifu å få hovudet på ballen.
64'
Mjøndalen har fått frispark, men Heltne Nilsen held fram med å krangle på avgjersla.
63'
Hjørnespark
Ein Hødd-spelar headar mot eige mål, men Nyland er igjen med på notane.
62'
Kjempesjanse for Mjøndalen! Olsen slår frisparket mot mål, og Nyland vartar opp med ei kanonredning på ei heading.
62'
Alt kan skje i denne kampen. Bana er håplaus i augneblinken, og spelarar frå begge lag slit med å stå på beina. Underhaldande er det i allle fall!
58'
Selvmål!
2-2
Det innoverskrudde frisparket går rett i mål frå Sandal! Mange spelarar går i duellen i feltet og jobben er vanskeleg for Rotevatn som som slår ballen i eigen speler før den ruller over streken.
58'
Frispark til Hødd nokså lik posisjon på bortelagets halvdel. Sandal skal slå.
56'
Mjøndalen får frispark 9-10 meter frå cornerflagget. Olsen slår, Hødd headar unna på første stolpe.
55'
1215 tilskodarar her i dag. Vêret må nok ta ein del av skulda for den nedgangen.
55'
Morten Sundli held seg til panna etter ein duell.
54'
Ajeti er nære på å vende opp innanfor Hødd sitt felt, men han mister litt oversikta over ballen og det endar med utspel for Nyland.
53'
Hjørnespark
Rotevatn går opp med mistar ballen. Får likevel frispark.
51'
Nilsen skal slå den inn i feltet. Klarer ikkje å løfte den nok. Hødd beheld ballen.
51'
Frispark til Hødd midt på Mjøndalen sin banehalvdel.
48'
Mål!
1-2
Domaren konferer med assistenten, men dømer likevel mål. Det blei ei SKIKKELEG mølje etter innkastet frå Sundli, og ein Mjøndalen-spelar får til slutt pirka ballen i mål! Det er lenge usikkert kven som stod for målet, men Knut Rønningene blir til slutt kreditert scoringa!
48'
Innkast til Mjøndalen høgt i bana.
48'
Ajeti prøvar ei brasse. Bommar.
47'
Sandal skrur frisparket like utanfor mål! Heimelagets beste sjanse i tillegg til straffa.
46'
Hødd stormar i angrep og Diomande blir holdt igjen på 17 meter! Frispark i veldig god posisjon.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
Det står 1-1 til pause her på Høddvoll etter ein skikkeleg blaut omgang. Mjøndalen har vore best, så resultatet er nok ikkje heilt fortent. Bortelaget har stort sett hatt kontroll bakover, i tillegg til at dei har vore farlege på overgangar og dødballar. Hødd har slitt stort sett heile omgangen, men scoringa på straffe rett før pause gir nok spelarane i blått ein skikkeleg boost. Vi gledar oss til ein kald og spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+4'
Gult kort
Held fram med å protestere og får kort av domar Hansen.
45+3'
Mål på straffe!
1-1
Rotevatn går rett veg, men skotet frå Sandal er for hardt og Hødd utliknar!
45+1'
Straffe!
Mork dreg seg innover og blir felt. Domaren er litt i tvil om hendinga skjedde innanfor, men han dømer til slutt straffe etter å ha fått tenkt seg om. Rotevatn og co er framleis ueinige og diskuterar med domaren.
45+1'
Mork dreg seg innover og blir felt. Domaren er litt i tvil om hendinga skjedde innanfor, men han dømer til slutt straffe etter å ha fått tenkt seg om. Rotevatn og co er framleis ueinige og diskuterar med domaren.
45+1'
For nokre sjansar for Hødd! Skotet frå Sandal går i muren og trillar ut på baksida. Der står Diomande åleine med Rotevatn, men spissen bommar totalt på ballen. Fleire spelarar i blått kjem til, men Mjøndalen får med naud og neppe klarert. Der stod Hødd-spelarane i kø!
45'
Frispark til Hødd i bra posisjon. Nilsen og Sandal står klare.
44'
Latifu slår langt opp, men Sundli knusar Diomande i lufta.
43'
Sandal prøvar å pirke ballen gjennom til Mork, men blir for unøyaktig. Rotevatn hadde også full kontroll.
42'
Engebretsen er nære på å finne Rnkovic bak Hødd sin forsvar, men spissen er eit par skonummer for liten.
41'
Sandal fekk seg ein smell etter ein duell. Er på beina att.
38'
Kazeem kjem seg åleine gjennom, blir korrekt avvinka for offside.
37'
Klock mistar ei klarering grovt for tredje gang, men Ajeti er uoppmerksam og mistar ballen utover sidelinja.
36'
Hødd er frampå, men Nilsen mistar ballen altfor enkelt.
34'
Hjørnespark
Nyland plukkar og gir ein liten retur som han klarer å fange att.
33'
Ingebretsen kjem seg heilt laus frå Latifu og slår eit farleg innlegg. Hødd får beina ballen unna i første omgang.
32'
Mjøndalen jobbar heroisk og hindrar det meste Hødd prøvar seg på.
30'
Hjørnespark
Går rett mot mål igjen, og Nyland må bokse unna! Det er farleg nesten kvar gong Ingebretsen slår eit hjørnespark.
30'
Klock rotar det til nok ein gong og lagar corner. Dette var andre gongen han skyt ballen BAK seg på volley.
28'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon. Nilsen er klar. Heimelaget er for tøffe i duellane, og Mjøndalen får frispark i eiga boks.
26'
Gult kort
Blei for ivrig i praten med domar Hansen.
25'
Mjøndalen har hatt god kontroll bakover så langt, med unntak av dei gongane Diomande og Kazeem har sett opp farta.
24'
Hjørnespark
Mjøndalen ordnar opp.
24'
Kazeem kjem seg fint fri på høgresida, Strange blokkerar.
23'
Hjørnespark
Rotevatn plukkar enkelt.
22'
Rnkovic spelar fri Olsen, men sistnemnte får ein dårleg touch og rotar vekk sjansen.
20'
Hødd pressar på no, men slit med å kome til sjansar.
20'
Diomande prøvar å vende opp, men blir stoppa av Mjøndalen-forsvaret.
19'
Forholda her er veldig vanskelege, men merkeleg nok er det Hødd som verkar å slite mest med underlaget.
18'
Mjøndalen med innkast. Hødd headar unna.
16'
Mål!
0-1
Ajeti lobbar over Nyland som står på halvdistanse! Skotet går via tverrleggar og i mål. Ajeti gjer sitt tredje mål på like mange kampar.
16'
Torset tråklar seg nydeleg fri og kjem åleine mot Rotevatn, men blir takla i siste liten. Hødd sin beste sjanse så langt!
14'
Mjøndalen med frispark. Ingebretsen er nok ein gong presis, og det er med naud og neppe at Brandal får sparka vekk ballen.
14'
Hødd sin Torset med ei grov feilpasning, men Mjøndalen maktar ikkje å skape noko ut av den.
12'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon. Nilsen er klar. Går forbi alle, og Ingebretsen får klarert.
12'
Etter at Mjøndalen var best ei periode er det no Hødd som har initiativet.
11'
Diomande spring frå oppassaren sin og slår inn framføre mål, men diverre for heimelaget var ingen medspelarar med på den.
10'
Sandal ligg nede etter ein duell. Sparka hardt i ballen samtidig som ein Mjøndalen-spelar.
9'
Mjøndalen har klart festa grepet i kampen, og dei har allereie vore på mange farlege visittar på Hødd sin banehalvdel.
8'
Mork er nære på å finne Sandal på seksten meter. Bortelaget får stoppa ein eventuell sjanse.
8'
Mjøndalen med innlegg. Nyland plukkar sikkert.
7'
Hjørnespark
Hødd får klarert.
6'
Hjørnespark
Skikkeleg møljespel framføre mål! Mjøndalen er nære på å putte der.
6'
Sundli prøvar eit innlegg, Latifu blokkerar til corner.
6'
Innkast til bortelaget høgt i bana. Sundli kastar.
5'
Hjørnespark
Går rett mot mål. Latifu headar unna.
4'
Hjørnespark
Blir heada unna av Sandal, før Mjøndalen blir avvinka for offside.
3'
Rnkovic prøvar å finne Olsen, men Moltu bryt fint.
1'
Tøffe taklingar allereie. Det glatte underlaget gjer nok sitt til at det skal bli mykje av den sorten.
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget skal starte med ballen.
NO er laga på veg ut på bana!
Då rungar hymna 'Liten - men stor' på Høddvoll.
Det er ekte sunnmørsvêr på Høddvoll! Vind, regn og lav temperatur.
Mjøndalen stiller på si side med det nøyaktig same mannskapet som starta mot Nybergsund Trysil.
Hødd har gjort éi endring sidan førre kamp. Stortalentet Christian Mork har kome inn for Martin Haanes som har vore sjuk. Haanes er på benken.
Det har byrja å fyllast opp på Høddvoll! Hødd sine supporterar Blåsarane er sjølvsagt på plass, og det same er ein delegasjon på 11-12 frå Mjøndalen sine Supporterklubben 3050.
Dagens dommar er Kjetil Thorsø Hansen frå Charlottenlund SPK.
Hødd og Mjøndalen har møttes seks gongar sidan 70-talet, og på desse oppgjera står dagens bortelag med solide 4-1-1. På Høddvoll har dei faktisk vunne to av tre, den siste i 1991. Klubbane var i 1. divisjon i lag i 1994, sesongen der Hødd rykte opp til Eliteserien, og tilsvarande oppgjer då enda med 4-0 til blåtrøyene. Bortekampen enda med 3-3. Dei fleste av møta mellom laga har også vore målrike, med heile 28 scoringar på dei seks kampane. Det tilsvarar 4,7 mål per kamp!
Tidlegare denne veka fekk Mjøndalen keisame nyhende, då det blei kjent at den amerikanske midtstopparen Rhett Bernstein blir ute heile sesongen med eit avrive korsband i det venstre kneet. Også ein annan midtstoppar, Daniel H. Reinoso, er langtidsskada. I tillegg er også Lars Granaas, Stian Ohr (har spelt for Hødd tidlegare), Kyle Helton og Anders Larsen utilgjengelege. Dagens bortelag kan derimot glede seg over å ha med den tidlegare Strømsgodset- og AaFK-spelaren Lasse Olsen til kampen. Spissen bur for tida i Ålesund og tek altså kortturen til Høddvoll i dag.
Hødd har ein del spelarar ute med skader, og på den lista finn vi namn som Dag Roar Ørsal, Vegard Heltne, Victor Grodås og Thomas Lid Kleppe. I tillegg er Martin Haanes, som har starta begge kampane hittil, usikker etter å ha vore sjuk heile veka.
Mjøndalen byrja på den noko kronglete vegen til Høddvoll laurdag, og etter å ha teke laurdagsnatta i Ålesund, kom dei til Ulsteinvik i dag. Til Mjøndalen si heimeside seier trenar Hansen at han er veldig optimistisk sjølv om det er ein vanskeleg bortekamp. Han seier også at laget har hatt ei bra treningsveke, med gode økter både torsdag og fredag.
Laget frå Ulsteinvik har faktisk same antal poeng no som var tilfellet etter to rundar sist dei var i 1. divisjon, men den store skilnaden mellom dei to utgåvene av laget er at Hødd no speler god offensiv fotball. Trenar Lars Arne Nilsen er tilhengjar av 4-3-3-formasjonen, og spesielt mot Bodø/Glimt blei det skapt haugevis med sjansar. Hødd-sjefen seier til også til lokalavisa at Mjøndalen nok vil vere meir kyniske, men og at 'Vi skal uansett gjere det same som vanleg og berre klinke til'.
Mjøndalen har også starta greitt, med heile 5-2 mot Nybergsund Trysil heime på Nedre Eiker Stadion i den føregåande kampen, og 2-0-tap borte mot Kongsvinger i den første runda. Før denne kampen ligg Vegard Hansen sine spelarar på 7. plass.
Hødd har byrja sesongen veldig bra, og med 3-0 over Bodø/Glimt på Høddvoll og 1-1 borte mot Hønefoss, ligg laget på ein sterk 4. plass på tabellen.
Mjøndalen er inne i sin tredje strake sesong i Adecco-ligaen, og en 10. og 11. plass tilseier at dei har klart seg greitt.
Hødd er altså tilbake i den nestøvste divisjonen etter to år på nivå tre. Laget frå Ulsteinvik er dermed tilbake der dei høyrer heime, ettersom dei trass alt er det laget som har flest sesongar på dette nivået i Noreg gjennom tidene!
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Mjøndalen!