TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin sumarkveld vidare!
Mjøndalen knusar Hødd 4-1 i Ulsteinvik og framstår med det som eit av laga å rekne med i toppen av divisjonen. Vegard Hansen sine spelarar sette tonen frå avspark og allereie etter fire minutt fekk dei den første scoringa, ved Kapidzic. Rasch dobla så leiinga før pause. Hødd gjorde to endringar til 2. omgong og såg ut til å ville få med seg noko frå oppgjeret, men i staden enda det med fleire baklengs sigert Diomande. Shroot stod for kampens augneblink i det han skrudde ballen i krysset, men med totalt 4-1 i sekken blei det berre ein veldig liten parentes. Om laga held fram på denne måten får vi sjå dei i kvar sin ende av tabellen.
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+7'
Ulland Andersen legg den i krysset, men Forn vartar opp med ei fantastisk redning. Då endar det 1-4.
90+6'
Tepuric går i bakken 17 meter frå MIF sitt mål. Skal Hødd få pynte litt på resultatet?
90+4'
Grodås legg inn frå venstre. Ballen dalar ned på nettaket.
90+4'
Hødd er for øvrig berre fire poeng unna øvste nedrykksplass. Om dei held fram med slikt spel dei har vist i dag kan det ein kamp om å overleve i divisjonen.
90+1'
Vamouti Diomande jaktar på hattricket sitt og avsluttar frå distanse. Over mål.
89'
Måten dei to trenarane no framstår er eit bra bilete på kampen. Sindre Eid har resignert og sit stille på benken, medan Vegard Hansen står oppreist ved sidelinja og manar sine spelarar til fortsatt innsats.
87'
Tabellmessig ser det no bra ut for Mjøndalen. Dei innehar i augneblinken 4. plassen.
86'
Grodås med eit skot som går via fleire spelarar før det går på mål. Forn reddar greitt.
83'
Spillerbytte
81'
Spillerbytte
80'
Hjørnespark
Blir klarert.
79'
MIF prøvar å setje i gong ei kontring, men blir avvinka for offsida. Til trass for at laget hans leiar med tre mål er trenar Hansen sint over det!
78'
Hjørnespark
Forn er konge i lufta og snappar ballen.
78'
Andersen avsluttar via ein motspelar og til corner.
78'
Hødd har kome til fleire innlegg dei siste minutta, men ved alle høva har bortelaget hatt god kontroll. Det har rett og slett vore klasseforskjell i korleis dei to laga har opptredd i denne fasa av spelet.
76'
Spillerbytte
76'
Sjølv om ein ikkje skal ta frå Mjøndalen noko, så har forsvarsspelet til Hødd vore svakt ved alle fire scoringane. Med slikt defensivt spel som blåtrøyne har vist i dag har dei ingenting i toppen av 1. divisjon å gjere.
73'
Mål!
1-4
Mjøndalen punkterer kampen definitivt! Moltu ser ut til å ha kontroll på ballen i eigen sekstenmeter, men misser den til Diomande. Åleine med Falch gjer han ingen feil.
73'
Shroot snappar ballen inne på MIF sin halvdel, men den påfølgjande pasninga frå nord-iren blir snappa av ein spelar i brunt igjen.
71'
Mange duellar og stopp i spelet no. Det har ikkje skjedd noko offensivt dei siste 10-11 minutta.
68'
Spillerbytte
65'
Vegard Hansen skal straks gjere sitt første innbyte.
64'
Aursnes slår inn i boksa, men nok ein gong er ikkje heimelaget sine spelarar aggressive nok, og Forn får etter kvart snappa kula.
64'
Frispark til Hødd midt på MIF sin halvdel.
63'
Hødd har eit lite initiativ her, men dei ser samtidig veldig nervøse ut defensivt når Mjøndalen har ballen.
61'
Asmundsen skal kaste langt.
60'
Hjørnespark
Falch får fista kula unna.
60'
Grodås prøvar eit skot frå distanse med venstresleggja. Langt utanfor.
59'
Aursnes kjem seg fint frå på høgresida, men innlegget blir beina unna.
58'
Rasch med ein god sjanse, men skotet går rett på Falch. Nesten, det!
55'
Mål!
1-3
Når Hødd endeleg scorar, så ser det spetakulært ut! Shroot skjer innover med kula, speler vegg med Andersen og skrur ballen i krysset. Skal verkeleg Hødd klare å kome tilbake her?
51'
Mål!
0-3
3-0 til Mjøndalen! Med Hødd-spelarane som passive tilskodarar får Asmundsen gå og gå langs venstrekanten. Innlegget blir slått flatt inn framføre mål, og frå kort hald har ein umarkert Diomande ein enkel jobb med å putte kula i mål. Utklassing på Høddvoll!
50'
Litt meir vilje frå heimelaget no, sjølv om det har skorta litt på dugleiken så langt.
49'
Grodås kjem seg fint fri på venstrekanten og får lagt inn, men ingen andre i blått er aggressive nok og kula går forbi alle.
48'
Wrele får tid og rom til å avslutte, men forsøket går svakt utanfor. Såg ikkje heilt ut som om han hadde trua sjølv, der.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga ut på bana igjen. Det ser ut som om Hødd skal gjere to byte.
Mjøndalen leiar fortent 2-0 over Hødd på Høddvoll etter dei første 45 minutta. Duoen Rasch og Kapidzic har terrorisert heimelaget sitt forsvar både langs bakken og i lufta, noko som har ført til ei scoring på kvar av dei. Hødd har rett nok hatt sine sjansar dei også, men ineffektivitet, samt svakt forsvarsspel, sørgjer for at ståda er som den er. Forhåpentlegvis vil Hødd satse meir offensivt framover etter kvilen, slik at dette blir ein endå meir målrik kamp.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+2'
Bra sjanse for MIF. Skotet frå Diomande blir blokkert.
45+1'
Eitt minutt tillegg på Høddvoll denne omgongen.
45+1'
Rasch får ballen inne i Hødd si boks, men misser balansen og går overende. Det kunne fort ha blitt veldig farleg!
43'
Nesten for Hødd. Shroot blir spelt fri bak MIF-forsvaret, men knotar med nedtaket og Forn får snappa kula.
42'
Vanskeleg å sjå korleis Hødd skal klare å kome tilbake i kampen når ein tenkjer på deira svake heimestatistikk og det vesle antalet scoringar dei har her.
37'
Mål!
0-2
Mjøndalen har dobla leiinga! Diomande får ballen på bakerste stolpe og får to sjansar til å avslutte. Det siste går forbi keeper og ein framoverstormande Rasch får ein enkel jobb med å putte ballen i det tome målet. Heimelaget ropar på offside på målscoraren, og det kan sjå ut som om dei har ei sak. Uansett, domaren godkjenner scoringa, og MIF leiar 2-0 her i Ulsteinvik!
37'
MIF er aggressive i gjenvinninga og flinke til å hindre heimelaget overgongar når dei har sjansen.
31'
Hjørnespark
Går rett i klypene til Forn som står på streken og ventar. Lite aggressivt spel av heimelaget, der.
31'
Heimelaget prøvar å finne Torset i bakrom, men keeper Forn kjem ut og header vekk kula. Manuel Neuer-light, der!
28'
Avslutning i tverrleggar! Eit presist innlegg blir sendt inn i boksa frå høgre, og Kapidzic får heada mot mål. Forsøket går i metallet og ut i bana igjen. No er Hødd heldige som ikkje ligg under meir!
27'
Hjørnespark
Falch er nok ein gong sjef i lufta og boksar unna kula.
27'
Diomande får avslutta, men forsøket blir blokkert til corner.
27'
Gult kort
Snakkar på seg kampens første gule kort.
27'
Domar Steen hissar på seg heimepublikummet i det han først dømer eit feilaktig frispark til MIF, før han gir gult kort til Aursnes for hans verbale reaksjon.
25'
Hjørnespark
Falch kjem ut og plukkar.
24'
Asmundsen skal kaste langt. Bortelaget ser ut til å vinne to duellar før ballen trillar ut, men er likevel heldige og får corner.
23'
Stor sjanse for Hødd! Torset får på finurleg vis lurt med seg ballen inn i Mjøndalen sin sekstenmeter. Femogførtigraderspasninga til Ulland Andersen er perfekt, men den tidlegare Vard-spelaren set skotet over mål.
20'
Hjørnespark
Blir slått lågt mot første stolpe, og det er ikkje langt unna at den påfølgjande flikken endar med ein MIF-spelar.
19'
Erik Midtgarden får avslutta frå distanse. Via ein høddspelar og til corner.
18'
Vi har ikkje fått sett mykje til Hødd sine to fremste offensive ess, Robin Shroot og Eirik Ulland Andersen, hittil. Andersen scora for øvrig to mål i førre runde, medan Shroot laga hattrick sist heimekamp, så forma bør vere bra.
16'
Sanel Kapidzic mottek ballen bak Hødd sitt forsvar, men blir korrekt avvinka for offside.
16'
Stormløpet mot Hødd-målet har roa seg dei siste minutta.
14'
Sjølv om Hødd har vore i bra form dei siste rundene, og står med to strake ligasigrar, har dei skuffa stort på heimebane denne sesongen. 2-3-3 på dei åtte første kampane her på Høddvoll er ikkje godt nok for eit lag som vil kjempe i toppen.
12'
Hjørnespark
Nesten utlikning! Også Aursnes viser at han har ein bra innleggsfot og finn Wrele inne i feltet. Den knallharde headinga frå svensken går like over mål.
12'
Mjøndalen har fullstendig dominert dei første 10 minutta av kampen. Om dette held fram vil det sjå svært stygt ut for Hødd.
9'
Hjørnespark
Redning på strek! Olsen er nok ein gong millimeterpresis og finn ein medspelar midt foran mål. Avslutning ser ut til å gå i mål, men Rekdal får stussa den ut via tverrleggaren.
9'
Midtgarden slår inn og ballen blir stussa til nok ein corner.
9'
Diomande prøvar å forsere langs venstrekanten, men blir blokkert av ein Hødd-spelar. Frispark i god innleggsposisjon.
7'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet.
7'
Nesten 0-2! Rasch får veldig god tid til å avslutte, og berre ei flott redning av Falch hindrar nok ei Mjøndalen-scoring.
4'
Mål!
0-1
Mjøndalen går i føringa! Solberg Olsen får tid og rom til å slå inn, og det perfekte bananinnlegget har Kapidzic få problem med å stange i mål. Effektiv fotball av Mjøndalen, men samtidig svakt forsvarsspel av Hødd.
3'
Grodås prøvar å leggje inn frå venstre, men Forn plukkar kula greitt.
2'
Lang ball i bakrom mot Rasch, men spissen kan berre sjå Hødd-keeper Falch kontrollere den utover sidelinja.
1'
Hødd sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Dagens hovuddomar er Kai Erik Steen frå Gneist IL. Han blir assistert av Jim Andre Dyb og Runar Langseth.
Begge laga har no kome ut på bana.
Dei to laga ligg også i lag på tabellen. Vegard Hansen sitt MIF har best utgangspunkt ettersom dei ligg på 6. plass. Hødd ligg på plassen bak, og kan passere Mjøndalen med storsiger i dag.
Mjøndalen gjer i dag sin første kamp etter sommarpausa ettersom oppgjeret mot Tromsø førre veke blei utsett grunna tromsøværingane si deltaking i Europa League. Hødd var på si side i aksjon mot Tromsdalen, ein kamp blåtrøyene vann 3-2.
Hødd har mykje å revansjere mot dagens motstandar Mjøndalen, då eit direkte opprykk til Tippeligaen glapp for blåtrøyene i fjor då dei tapte 1-3 på Nedre Eiker. Hødd gjekk i leiinga, men MIF, som nok fekk god domarhjelp til å kome tilbake i oppgjeret, vann til slutt 3-1. Klubbane møttest i kvalifiseringskamp etter det også, men eit overraskande umotivert Hødd-lag blei slått 2-0 her i Ulsteinvik. I den påfølgjande kampen blei derimot MIF banka 1-4 av Ranheim. I møtet mellom Hødd og Mjøndalen tidlegare denne sesongen vann Hødd 3-1, og fekk då teke litt igjen.
Her i Ulsteinvik er det nydeleg vêr, og grasmatta ser fantastisk ut. Det har blitt vatna bra før kampstart, så heimelaget vil definitivt ha tempo i spelet.
Hei og velkomen til Høddvoll og livedekning av det spanande 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Mjøndalen. Etter at vi har måtte ha nøya oss med VM og namn som James Rodriguez, Lionel Messi og Thomas Müller den siste tida er no det endeleg klart for å få sjå kjære heltar som Fredrik Aursnes, Eirik Ulland Andersen og Stian Rasch igjen!