TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Lyn er klare for 1. divisjon 2024! Dei tilreisande supportarane stormer bana og hiv seg rundt spelarane i raudt og kvitt. Bluss blir tende og fyrverkeri sendt til vêrs, og det spørs om ikkje det blir nokre Lyn-fans som kjem til å feire i Ålesunds gater i kveld. For ein jobb Jan Halvor Halvorsen og co har gjort med denne gamle storheita! Ulsteinvik blir det derimot lite å glede seg over når det gjeld fotball. Hødd rykker altså ned i 2. divisjon etter berre eitt år på nivå 2. Etter ein god start på sesongen glei dei lenger og lenger ned på tabellen, men til trass for ei bra avslutning som hindra direkte nedrykk må dei ta den tunge vegen ned. No blir det interessant å sjå kva grep klubben Hødd gjer, for det som har blitt levert av Joachim Dragsten og co i år har ikkje vore godt nok.

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for følgjet for i år, og ønsker begge laga lukke til i deira respektive divisjonar neste år. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Hødd var klart best i 1. omgang og skapte mange store sjansar, men berre éin gong makta dei å få ballen i mål. Lyn var på si side meget effektive, og score på sin første sjanse i kampen, før Elvevold kontra inn 1-2 rett før slutt. Etter kvilen var det nemleg Lyn som gjorde mest ut av seg på bana. Effektivitet har vore nøkkelordet i desse to oppgjera mot Hødd, og Oslo-laget scora på det aller meste, samtidig som Hødd sløsa stort.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
88'
Mål!
1-2
Elvevold sender Lyn i føringa! Han blir flott spelt fri og åleine med Alme bankar han ballen utakbart i mål via stolpen. Lyn-fansen er i ekstase!
87'
Skeide med skotforsøk. Blir blokkert.
87'
Olsen får eit innlegg der det gjer vondast, og blir liggjande på grasmatta. Ny stopp i spelet.
85'
Ingenting som tyder på at Hødd skal klare å score tre mål her. Dette tek Lyn!
85'
Innlegg i Lyn si boks, men headinga frå Hjelmeseth går langt utanfor farleg område.
82'
Spillerbytte
82'
Gult kort
Skal nok vere glad for at det berre blei gult, Hødd-kapteinen.
81'
Gult kort
Havner i en skikkelig diskusjon med Alm, og får et gult kort.
81'
Gult kort
Får det nok for holdingen på Scriven.
81'
Gult kort
Sparker til Olsen idet sistnevnte ligger nede.
80'
Fullt kaos blant spelarane! Olsen regelrett riv Skriven over ende, og då stormar fleire i blått til. Det blir drege i drakter, og spesielt Alm er svært hissig.
80'
Skotheim kjem seg heilt inn på Lyn sin femmeter med ballen, men pasninga hans blir blokkert og går inn til keeper Pedersen.
77'
Hjørnespark
Endar med ingenting. Hødd beheld ballen.
77'
Lyns målscorar går av og får gode tilrop frå bortefansen.
76'
Spillerbytte
74'
Heimelaget klarer ikkje å finne flyten her. Mange stopp i spelet, og når eit lag først prøvar å vere offensive, så er det som regel Lyn.
74'
Bortelaget med avslutning frå 17-18 meter. Utanfor.
73'
Kallevåg misser ballen og feller ein motspelar. Er heldig som slepp det gule kortet, der.
69'
Spillerbytte
69'
Stor sjanse for Hødd! Kallevåg rundlurer oppassaren sin på eit kast og slår flatt inn i boksa. Der avsluttar Nersveen høgt over frå god posisjon.
68'
Svakt innlegg frå Nersveen. Rett i klypene til Pedersen.
68'
Langt frå same offensiven frå Hødd no som før pause. I staden er det heller Lyn som har vore farlegast frampå.
64'
Spillerbytte
64'
Spillerbytte
64'
Hjørnespark
Veldig nære! Etter mykje klabb og babb får Schneider avslutta frå god posisjon. Like over mål!
63'
Nære på at eit Lyn-skot snik seg via eit høddbein og i mål. Endar i staden med corner.
63'
Ein halvtime att å spele, og Hødd treng tre mål. Her bør det første av dei kome ganske kjapt om det skal vere håp!
62'
Hjørnespark
Endar resultatlaust.
61'
Bra sjanse for Hødd! Skeide avsluttar frå utanfor boksa, og Pedersen må i aksjon. Reddar bra, men gir ein svak retur. Corner.
59'
Hjørnespark
Hødd vinn ballen og Mogensen prøvar å kontre igjen, men dansken misser ballen raskt.
59'
Håplaus involvering av Nersveen. Har kontroll på ballen, men prøvar utruleg nok eit hælspark. Det endar med at han bommar på ballen og lagar frispark i staden.
58'
Så er det Olsen som går i bakken, og meir tid går. Skeide er det som lagar frispark.
56'
Ein ny Lyn-spelar ligg nede. Blir nok ikkje den siste.
54'
Hjørnespark
Scriven vinn duellen og Hødd prøvar å kontre ved Mogensen. Lyn får stoppa forsøket.
53'
Gult kort
Får det gule kortet mest sannsynleg for munnbruk.
53'
Hjørnespark
Endar med ny corner.
51'
Mogensen prøvar seg frå langt hald. Svakt over.
49'
Hødd pressar bra på også no.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står smått utruleg berre 1-1 til pause i dette viktige kvalifseringsoppgjeret mellom Hødd og Lyn. Heimelaget gjekk offensivt til verks og pressa gjestane frå start av, men til trass for fleire store sjansar var det Lyn som fekk det første målet då Breistøl varta opp med eit skikkeleg sololøp. Hødd heldt fram med å presse vidare, og til slutt fekk Skeide utlikna. Heimelaget har hatt 12 avslutningar, og fleire av dei har vore veldig nære ved å gå inn, men samtidig har Lyn vore farlege innimellom. Kristiansen hadde for eksempel eit frispark som gjekk i metallet.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Minimum tre minutt tillegg her.
45'
Bra kontring av Hødd, men dei kjem ikkje til avslutning.
38'
Mål!
1-1
1-1 på Color Line! Eit langt innkast frå Ziko blir stussa vidare av Tøsse, og Skeide prikkar ballen i mål frå bra posisjon. Då er vi like langt, men Hødd må fortsatt ha tre mål - minst.
38'
Bra Hødd-angrep, men den avgjerande avslutninga frå Scriven går svakt på Pedersen. Gjer mykje bra Hødd-angriparen, men nokon klinisk avsluttar er han ikkje.
35'
Mogensen med ei heading som går ufarleg over.
34'
Frispark
I stolpen! Kristiansen sender frisparket rett i stolpen. Alme hadde ikkje hatt sjanse, der! Veldig nære 0-2.
33'
Gult kort
Held i trøya på ein Lyn-spelar.
33'
Brukbart forsøk frå Scriven. Avsluttar på direkten utanfor boksa, men forsøket går rett på Pedersen.
31'
Frispark
Så er det Tøsse som serverer svakt. Klarer ikkje å løfte ballen over næraste Lyn-forsvarar.
30'
Det påfølgjande frisparket frå Kallevåg blir enkelt klarert.
29'
Gult kort
Bydal får kampens første gule kort etter ein ettersleng på Scriven.
28'
Frispark
Svakt slått på første stolpe, og Lyn kan overta. Dårlege dødballar frå den tidlegare AaFK-spelaren så langt.
28'
Lang ball mot Scriven, men Schneider vinn duellen i lufta.
27'
Lyn rullar bra opp eit angrep, men det avgjerande innlegget går bak mål.
20'
Hjørnespark
Endar resultatlaust. Hødd beheld ballen.
19'
Kallevåg får eit skot blokkert, før Scriven set ballen utanfor etter eit innlegg.
15'
Veldig nære 1-1! Ballen blir slått inn i feltet, og det er så vidt ikkje ein Lyn-forsvarar set ballen i eige mål. Fantastisk redning av Pedersen.
12'
Frispark
Scriven blir felt. 20-21 meters hald. Rett i muren frå Kallevåg. Svakt utnytta.
12'
Mogensen prøvar seg frå distanse. Rett på Pedersen som held ballen enkelt.
9'
Mål!
0-1
Lyn sjokkerer heimelaget! Ole Breistøl får gå åleine frå langsida og inn gjennom feltet før han set ballen lavt til side for Alme i Hødd-målet. Svakt forsvarsspel for Hødd, for Breistøl dreg seg forbi tre Hødd-spelarar før han også får score for lett på Alme. No ser dette ut som ei endå meir umogleg oppgåve for Hødd. Men Lyn-fansen feirar igjen!
8'
Ny god sjanse for Hødd! Scriven får servert ei femogførtigraderspasning, men set ballen over mål.
7'
Hødd har vore aggressive og angrepsvillige i starten her.
6'
Hjørnespark
Bra forsøk igjen! Nersveen avsluttar over frå bra posisjon.
6'
Bra sjanse for Hødd! Skeide avsluttar frå utanfor boksa, og ballen går via ein Lyn-spelar før returen blir klarert. Heimelaget ropar på straffe, men domaren vinkar spelet vidare.
4'
Hjørnespark
Pedersen boksar unna.
3'
Hjørnespark
Endar med frispark til bortelaget.
3'
Hødd med kampens første avslutning. Via ein Lyn-spelar og til corner.
1'
Gjestane sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Og der gjekk jammen brannalarmen også.
Lyn-fansen har hatt med seg bluss på stadion, noko som har ført til at avspark har blitt utsett nokre minutt på grunn av dårleg sikt på bana.
Fleire Hødd-spelarar gjer sin siste kamp for no i Hødd-trøya i dag. Syver Skeide er allereie klar for Bodø Glimt, og har vore på lyn i Hødd denne sesongen. I tillegg er nok Hødd-kaptein Marius Alm på jakt etter ny klubb. Begge blir takka av før start her.
To potensielle matchvinnarar å sjå opp for i dagens kamp er Alfred Scriven hos Hødd og Andreas Hellum på Lyn. Scriven blei toppscorar for blåtrøyene i ligaen med sine åtte mål, og har i tillegg blitt landslagsspelar for Kenya. Hellum har på si side putta 15 mål på 26 kampar i serien for Lyn.
Med unnateke av den førre kampen har Hødd hatt ei bra form den siste tida. På dei fem seinaste har det blitt 2-2-1. Sigrane kom mot Start og Raufoss. Lyn har på si side vunne alle dei fem siste kampane. Den siste seriekampen enda med heile 10-1 mot Fram, men det helt altså ikkje til direkte opprykk.
Ei bra gruppe med tilreisande Lyn-supporterar er allereie på plass og lagar bra med liv på tribunene.
På grunn av dårlege baneforhold som følgje av frost på Høddvoll blir denne kampen spelt på AaFK si heimebane, Color Line Stadion i Ålesund. Det, og det ekstremt vanskeleg utgangspunktet for kampen, gjer nok sitt til at det blir litt færre Hødd-fans på tribunene. Men forhåpentlegvis møter her opp ein bra gjeng likevel.
Hødd-trenar Joachim Dragsten gjer berre éi endring på laget som starta mot Lyn på måndag. Sander Sundnes slit med ein vond rygg og har blitt erstatta med Peder Nersveen. For Lyn og den gamle ringreven Jan Halvor Halvorsen sin del stiller bortelaget med nøyaktig den same ellevaren som banka Hødd sist.
Oslo-laget Lyn er sjølvsagt enorme favorittar til å ta steget opp i 1. divisjon igjen. Det første oppgjeret mellom laga på måndag enda med heile 3-0. Anders Bjørntvedt Olsen ordna 1-0 etter 17 minutt, og umiddelbart etter pause dobla Henrik Kristiansen leiinga og satte ein skikkeleg støkk i Hødd sitt ønske om ei utlikning. Halvtimen før slutt fiksa Ole Breistøl det tredje målet. Lyn imponerte stort i kampen, medan Hødd var ekstremt tamme offensivt samtidig som dei var usedvanleg slurvete defensivt, og hadde negative involveringar på alle tre scoringane.
Hei og velkomen til livedekning av kvalifiseringskampen om spel i 1. divisjon 2024. I dag skal det avgjerast om det blir Hødd eller Lyn som får halde fram på det nest høgaste nivået i norsk fotball!