Referat
Kun høydepunkter
Det endar 3-4 her på Høddvoll, i det som har vore ein vanvittig spanande kamp. Det stod likt til pause, men då 2. omgang starta sjokkerte Løv-Ham heimelaget med to kjappe scoringar. Blåtrøyene reduserte etter at timen var spelt, men då ein av kampens gigantar, Bjørn Dahl, banka inn 2-4 kvarteret før slutt, trudde nok dei fleste at det heile var avgjort. Hødd ville derimot ikkje gi seg, og då Karlsen reduserte endå ein gong fekk vi ein vanvittig spanande slutt. Det blei store sjansar til begge lag dei siste minutta, men Tom Mangersnes' lag klarde å ri av stormløpet. Med det tok dermed Løvene sin første bortesiger for året, medan Hødd ramlar ned frå toppstriden. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (3-4)
90+4'
Nyland med utspel. Siste sjanse?
90+4'
Bortelaget med store rom å kontre i, men Hødd får med naud og neppe avverga.
90+3'
Hødd vinn ballen igjen. Nyland speler longt fram.
90+3'
Mendy lagar eit unødvendig frispark og bortelaget kan bruke tid.
90+2'
Offside på ein Løv-Ham-spelar. Langt oppspel.
90'
Nesten 4-4! Standal blir spelt gjennom, men Thorbjørnsen kjem kjapt ut og får avverga. Veldig viktig redning av målmannen.
89'
Vanvittig nære 3-5! Campos speler til Hansen som skyt utanfor under hardt press. Bra jobb av Engen Grimstad der.
88'
Karlsen speler til Diomande som skyt like utanfor! Bra spel av Hødd i forkant.
87'
Bortelaget kjem til avslutning. Nyland får avverga.
85'
Frispark til Hødd i brukbar posisjon. Sandal og Karlsen står klare.
85'
Brandal med nok eit innlegg. Litt for høgt for Diomande som berre får den kortklipte luggen på det.
82'
Utruleg at Løv-Ham ikkje punkterer! Mats Andre Kaland rundar ein utstormande Nyland, men glir og dett i det han skal putte ballen i det tome målet.
82'
Standal hælar igjennom Sandal, men sistnemnte skyt langt utanfor på direkten. God sjanse til å kome tilbake i kampen på, det!
80'
Framleis nok av tid for Hødd å kome tilbake i denne kampen på, men samtidig er Løv-Ham svært farlege på overgangar.
78'
Anders Næs ligg nede med ei skade etter eit samanstøyt med Mendy. Blir hjelpt av bana.
77'
Brandal med eit halvhjarta forsøk frå distanse. Barnemat for John Thorbjørnsen.
73'
Stor sjanse for bortelaget! Kaland dreg seg innover og avsluttar mot mål, men eit Hødd-bein kjem i vegen.
72'
Karlsen prøvar å runde Dahl, men Løv-Ham-kapteinen er standhaftig.
71'
Hødd pressar på no, men lev samtidig konstant farleg. Løv-Ham har eit hav av rom å kontre i.
70'
Brandal med eit hardt innlegg. Dahl stangar unna.
70'
Møvik er hypp på å bli spelt igjennom, men pasninga blir for unøyaktig.
69'
No ropar trenar Nilsen på Espen Standal. Hødd skal gjere sitt siste bytte for dagen.
65'
Brandal kjem til innlegg, men forbi alle.
64'
Dessalegn med ei avslutning. Skrur den langt utanfor.
64'
Mykje rom for Belsti Dessalegn å springe i, men hittil har gjennomspela og -løpa ikkje fungert optimalt.
62'
Brandal rundlurar Glesnes, men slår inn litt for tidleg og Løv-Ham får klarert.
61'
Det striregnar på Høddvoll no. Vi får nok sjå svært mange sklitaklingar etter kvart, og i tillegg har fleire av spelarane hatt problem med å stå på beina. Tilfeldigheiter kan avgjere i dag!
59'
Frispark til Hødd i ganske bra innleggsposisjon. Sandal står klar.
58'
Sandal slår inn til Diomande som ikkje får styrt headinga på mål. Brukbar sjanse.
56'
Mork prøvar å kome seg forbi Martinsen, men nok ein gong har backen god kontroll.
56'
Løv-Ham har verkeleg sjokkåpna her på Høddvoll med to kjappe scoringar. Lars Arne Nilsen har utan tvil mislukkast med innbytta og formasjonsendringa han føretok i pausa.
50'
Hødd er nære på å svare, men ballen trillar feil og Torset får ikkje avslutta.
47'
Sandal med frispark. Lavt slått og bortelaget får klarert.
47'
Mange byte i pausa altså. For Hødd sin del legg dei om til 3-5-2.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Der bles domaren av og det endar 1-0 til Hødd ala 1981. Fortent siger og revansje for det forsmedelege tapet for 20 år sidan!
Harald Riise med stolpeskot for Hareid, før Hødd kontrar og Einar Warholm set inn 1-0 på ope mål. Fortent leiing.
Stolpeskot av Jon Åge Sundal! Vanvittig nære på.
Framleis 0-0 her. Hødd har skapt dei fleste sjansane, medan Hareid slit med å kome over midten på den vesle sjuarbana.
Det er no duka for showkamp mellom naboklubbane Hødd og Hareid, ei reprise på sistnemnte sin sensasjonelle 4-0-siger i 1981. Laga stiller nokon lunde likt som den gongen, med unntak av eit par kilo meir og nokre hårstrå mindre. Røde Kors står klare.
Det står 1-1 til pause her på Høddvoll, noko som er greitt ut i frå spel og sjansar. Begge laga har hatt sine periodar, Hødd var best i starten medan Løv-Ham har vore det same i siste halvdel av omgangen. Tre av dei fire siste kampane mellom laga har enda med 1-1, men vi har likevel eit berettiga håp om endå fleire scoringar her i dag!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Gjennomspel mot Dessalegn. Nyland er kjapt ute.
45'
Løv-Ham-dødball midt på Hødd sin halvdel. Stopparane har blitt sendt opp. Hamnar bak alle spelarane der Dessalegn ventar, men han blir samtidig avvinka for offside.
44'
Lite som stemmer for Hødd offensivt no. Laget slit med relasjonane, noko som ikkje var heilt uventa etter alle utskiftningane på laget.
43'
Frispark til bortelaget i same posisjon som ved 1-1. Anders Næs går for innlegg på direkten, men han mislukkast og ballen går langt bak mål.
42'
Glesnes med innlegg. Går forbi Dessalegn.
41'
Mork prøvar å runde Martinsen, men Løv-Ham-backen har nok ein gong brukbar kontroll på vingen.
40'
Ikkje utfortent at Løv-Ham har utlikna. Laget har hatt ei bra periode dei siste 10-15 minutta, samt at dei har skapt fleire store sjansar. Skal dei klare årets første bortesiger!
38'
Frispark til bortelaget midt på Hødd sin halvdel. Stopparane blir sendt opp.
37'
Frispark til Hødd. Sandal slår inn og Dahl vinn nok ein duell. Løv-Ham tek over ballen.
37'
Diomande driv fram på kanten sin og legg inn, men Dahl stangar unna kula.
34'
Utruleg at det ikkje blir scoring! Løv-Ham speler kortpasningsspel og Glesnes får stå fullstendig åleine på fem-seks meter og avslutte. Han skyt forbi Nyland og via stolpen, men ballen trillar så langs streken og Hødd får klarert. Den såg alle i mål!
34'
Karlsen blir spelt igjennom, men i det han skal vende vekk Dure glir han og mistar ballen.
33'
Løv-Ham med eit lite initiativ no!
33'
Langt framspel mot Dessalegn. Nyland er kjapt ute og headar ballen ut til innkast.
31'
Nesten for bortelaget! Dahl kjem seg fri i god posisjon og lobbar mot Hødd-målet. Keeper Nyland er utspelt, men ballen snik seg like over tverrleggaren. Nære på der!
29'
Erik Sandal skyt frisparket rett i muren. Svakt.
29'
Dahl med ei tøff takling på Karlsen. Frispark til Hødd i brukbar posisjon.
28'
Mork får tråkla seg inn i Løv-Ham-boksa og ballen trillar til Karlsen som skrur den over mål. Nok ein brukbar Hødd-sjanse.
26'
Sandal avsluttar frå distanse. Like utanfor.
26'
Dessalegn parkerer Lid Kleppe og stormar mot mål, men den avgjerande førtifemgraderspasninga blir for unøyaktig. Bra forsøk av bortelaget!
24'
Sandal tuppar ballen vidare til Diomande som plasserer den like utanfor. God sjanse!
22'
Næs og Løv-Ham kontrar, men Viddal gjer ein god defensiv jobb og hindrar bortelaget i å skape noko.
17'
Latifu slår flatt inn, men bortelaget får beina unna.
15'
Mork legg inn til Diomande som dempar ballen til Torset, men sistnemnte rekk ikkje å få klem på kula. Løv-Ham er kjapt oppe i spelarane i blått.
12'
Hødd har kome til veldig mange innlegg så langt, men hittil har Dahl og co forsvart seg bra.
11'
Diomande med eit farleg innlegg. Blir heada unna.
10'
Christian Mork kjem til to innlegg, men treff ingen på begge forsøka.
9'
Diomande dreg seg innover og avsluttar ein meter over mål. Bra forsøk.
9'
Torset og Sandal lukkast nesten med ein vegg, men ein Løv-Ham-fot kjem i vegen.
7'
Brandal speler til Torset som står heilt åleine i bra posisjon, men midtbaneankeret brukar for lang tid og får skotet blokkert. Brukbar moglegheit.
6'
Karlsen kjem seg laus og får avslutta, men Løv-Ham-forsvaret får blokkert.
3'
Latifu med eit longt framspel mot Karlsen. Blir for unøyaktig.
2'
Løv-Ham vil mest i starten. Corner.
Avspark Start 1. omgang
No kjem laga på bana!
Dagens domartrio består av Mads Andreas Ahlsen (Hafslund IF), Vidar Hilmen (Øystre Slidre IL) og Jim Andre Alnes Dyb (Giske IL).
Løv-Ham har også sine problem å slite med, og det økonomiske har gjort at klubben var nær med å måtte trekkje seg frå Adeccoligaen. I byrjinga av august blei det likevel kjend at tilstrekkelege midlar hadde blitt skaffa og klubben unngjekk degradering. Ting har faktisk sett betre ut sportsleg også i det siste, og dei står med to uavgjorte på rad.
Det har vore ei vanskeleg veke for Hødd. Før helga blei det kjend at publikumsfavoritten Kazeem Ahmed var på veg til tyrkisk fotball, mot hovudtrenar Lars Arne Nilsen sin viten. Nigerianaren si kontrakt gjekk ut etter sesongen, så styret i Hødd såg seg nøydde til å selje han no for å ha noko att for han. Som om det ikkje var nok skada også kaptein Fredrik Klock seg på trening, og i verste fall vil han vere ute resten av sesongen med skulderskada han pådro seg.
Hødd og Løv-Ham har møttest ni gongar før i seriesamanheng, og på dei møta har Hødd fire sigrar mot Løv-Ham sine to. To har også enda uavgjort. Med unntak av nokre store sigrar til kvart av laga i tidlege år, har møta mellom desse to laga nesten alltid enda eitt eller to mål. Tre av dei fire siste har enda 1-1. Det siste møtet mellom laga kom i juni, då Hødd vann 1-0 på Varden Amfi.
Løv-Ham ligg heilt sist på tabellen, med fattige 10 poeng etter 19 spelte kampar. Statistikken er 2-5-12. Borte frå Varden Amfi står laget med håplause 0-3-6. Det er altså på høg tid at Tom Mangersnes' menn tek full pott på bortebane.
Hødd ligg før denne kampen på 6. plass med 8-6-5 og 30 poeng, sju bak Sandens Ulf som toppar. Heime på Høddvoll har Ulsteinvik-laget 5-2-2 så langt i årets sesong. Dei to tapa, mot henhaldsvis Hønefoss og Sandefjord, har kome på lagets tre siste kampar.
Dagens oppgjer er veldig viktig for begge lag. Om Hødd skal halde fram med å ligge i toppen treng dei tre poeng, og det same må Løv-Ham ha for å kunne ha noko som helst håp om å fornye plassen i Adeccoligaen.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Løv-Ham!