TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet for denne gong. Ha ein fin sundag vidare!
Avslutningar: 13-12. På mål: 7-5.
Det var ein underhaldande, men litt snodig kamp vi var vitne til i Ulsteinvik i dag. Begge laga skapte store sjansar gjennom heile kampen, men der Hødd sløsa framføre mål var Levanger effektive. Bortelaget gav seg ikkje før det stod 0-4, eit resultat som nok vil vekke oppsikt i fotball-Noreg. Om laget frå Nord-Trøndelag held fram slik blir det i alle fall ikkje nedrykk.
Levanger smadrar Hødd på Høddvoll!
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+3'
Hjørnespark
Endar med utspel.
90+3'
Benjamin Stokke prøvar seg utanfor boksa. Over mål.
90+2'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Sveen prøvar å chippe igjennom Andersen inne i bortelaget sin sekstenmeter, men sistnemnde tapar den påfølgjande duellen.
90'
Heimepublikum ropar på straffe etter ei hending inne i boksa til bortelaget. Domar Ahlsen seier nei.
90'
Det unge talentet Sondre Beite prøvar eit saksespark inne i Levanger si boks. Treff dårleg og ballen humpar inn til Rygg. Har gjort mykje bra i dag, ungguten, trass i resultatet.
89'
Ein jamn straum av publikum som er på veg vekk frå stadion no. Ikkje vanskeleg å forstå det, slik ting har enda for Hødd i dag.
87'
Hjørnespark
Blir enkelt heada unna ved første stolpe.
87'
Sveen skyt via ein Levanger-spelar og ut til nok eit hjørnespark.
86'
Kallevåg skjer innover i Levanger si boks og prøvar eit skot. Blir blokkert.
85'
Sveen vinn att ballen for Hødd.
85'
Hjørnespark
Gjestane får ordna opp og set i gong ei kontring.
85'
Ulland Andersen skyt via ein motspelar og ut til corner.
83'
Hjørnespark
Falch får plukka til slutt etter litt klabb og babb.
83'
Beite kjem i full fart framover og slepp ballen igjennom til Andersen. For n-te gong i kampen blir den tidlegare Vard-spelaren avvinka for offside.
82'
Heimelaget prøvar framleis å skape ting framover i bana, men poenga er sjølvsagt langt utanfor rekkevidde. For ein kamp Levanger har levert her på Høddvoll idag!
81'
Blåsarane gjer sitt for å støtte laget og syng framleis 'Heia Hødd'.
79'
Spillerbytte
79'
Nesten 0-5! Ei heading frå kort hald går like utanfor.
76'
Spillerbytte
75'
Hjørnespark
Blir teke kjapt og endar med at Andersen skyt over frå god posisjon. Der skal det vere mål!
74'
Bartalsstovu prøvar seg frå spiss vinkel. Over.
73'
Spillerbytte
Også Karlsen får prøve seg litt.
72'
Gult kort
Også Shroot får kort.
71'
Gult kort
Får kortet for protestar.
70'
Mål!
0-4
Leikestue på Høddvoll! Bye ordnar 4-0 frå kort hald.
70'
Stor jubel på stadion når det også blir dømd offside på ein Levanger-spelar.
68'
Brukbart spel av Hødd, men diverre for heimelaget endar det med offside på Andersen.
66'
Langt oppspel mot Shroot. Rygg kjem ut og fangar kula.
64'
Heimelaget står høgt og er svært sårbare på kontringar. Blir garantert fleire mål her!
62'
Spillerbytte
Unge Beite kjem inn for ein ikkje altfor god Myklebust.
62'
Hødd skal gjere nok eit byte.
61'
Utruleg at det står 0-3 her. Laga har vore nokså jamngode.
58'
Mål!
0-3
Avsluttar det direkte frisparket midt i mål. Utruleg merkeleg mur av Hødd. 0-3!
58'
Gult kort
Spring for tidleg ut.
57'
Sju meters hald.
57'
Indirekte frispark til Levanger etter tilbakespel til keeper!
55'
Spillerbytte
50'
Dette blir ei knallhard oppgåve for Hødd. Likevel, laget er kapable til å kome seg tilbake her, men då må både det defensive og offensive forbetrast.
47'
Mål!
0-2
Levanger doblar leiinga! Heimelaget står høgt og utan press på ballførar og blir straffa av det når Stokke blir spelt åleine igjennom. Spissen bankar ballen knallhardt i stolpen, men returen hamnar i beina på Bartalsstovu som har ein enkel jobb med å plassere den i nettet. 0-2!
47'
Ingebrigtsen får seg ein smell og blir liggjande litt før han kjem seg på beina.
46'
Shroot og Aursnes sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen endringar på nokon av laga.
No kjem laga ut på bana igjen!
Levanger leiar 1-0 over Hødd etter dei første 45 minutta etter mål av Bendik Bye. Kampen har vore svært underhaldande, med gode sjansar til begge lag. Vi gler oss til 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Andersen med eit innlegg som går forbi alle i feltet. Bra spel i forkant, der.
43'
Framleis Hødd som pressar her.
41'
Andersen skjer innover og avsluttar. Blir blokkert.
40'
God sjanse for Bye! Avsluttar over å direkten frå god posisjon.
40'
Aursnes legg frisparket bak mål. Svakt av den ettertrakta midtbanespelaren.
38'
Frispark til Hødd.
38'
Veldig bra Hødd-periode no. Mykje trykk.
38'
Offside på Shroot. Ikkje nøgd med det, briten.
36'
Hjørnespark
Bortelaget får ordna opp.
36'
Nesten for Hødd! Shroot vendar opp og avsluttar raskt. Nok ei god redning av Rygg!
35'
Hjørnespark
Blir klarert.
33'
Hjørnespark
Fleire skot før ei heading tvingar fram ei kjemperedning av Rygg.
32'
Hjørnespark
Endar med eit skot like over frå Andersen. Bra sjanse!
31'
Sveen kjempar fram nok eit hjørnespark.
30'
Hjørnespark
Bortelaget får klarert nok ein gong.
29'
Hjørnespark
Endar med ein ny corner.
29'
Begge lag med kvar sine frispark i løpet av kort tid. Endar med ingenting.
26'
Moltu med ein grov glipp i eigen sekstenmeter og Rønning får plutseleg sjansen til å avslutte. Midtstopparen sender skotet rett på Falch.
25'
Levanger med innkast høgt i bana. Endar med ingenting.
24'
Brukbart forsøk av vertane. Ulland Andersen trillar til Aasbak som slår inn i feltet. Sveen får avslutta med hovudet, men forsøket går tilside for mål.
24'
Målet var for øvrig Bendik Bye sitt sjuande for sesongen. Har starta alle Levanger sine kampar hittil, 25-åringen.
22'
Kvittrøyene frå Nord-Trøndelag køyrer definitivt kampen her no. Scoringa var ei skikkeleg vitamininnsprøytning.
21'
Gjestane med frispark. Blir slått heilt inn til Falch som plukkar greitt.
19'
Nesten igjen for bortelaget! Bye får eit presist innlegg frå venstre og stussar ballen like utanfor Hødd-målet. Gjekk eit gisp gjennom heimefansen, der.
19'
Hødd sitt trenarapparat er misfornøgde med domarane her no. Dei meiner at dei ikkje har fått frisparka dei skulle hatt.
18'
Gjestane med eit skotforsøk som endar høgt over mål.
17'
Effektivt angrepsspel av bortelaget der, men samtidig var det mykje uorden i Hødd sitt forsvar. Kom seg veldig lett igjennom der, Levanger. Uansett, eit fint utgangspunkt for resten av oppgjeret, for no må Hødd i alle fall fram!
15'
Mål!
0-1
Levanger sjokkopnar på Høddvoll! Ein lang ball blir slått opp på Stokke som elegant stussar den vidare til Bye som kjem på eit bra løp. Åleine med Falch gjer bortelaget sin nummer 11 ingen feil og plasserer ballen sikkert forbi Hødd-keeperen.
12'
Hødd og Levanger har for øvrig møttast åtte gongar i nyare tid. Statistikken viser 5-2-1 i favør dagens heimelag. Den eine gongen trøndarane vann var tilbake i 2006 då dei smadra Hødd 4-1 i 2. runde av NM. Det kan også leggjast til at dei to siste møta mellom laga har enda 0-0.
9'
Hjørnespark
Blir teke kort og endar til slutt med at Rønning rotar ballen ut over sidelinja.
9'
Hopen med eit skummelt innlegg frå venstre. Myklebust med ei god klarering i boksa. Corner.
9'
Vertane har opna oppgjeret klart best. Har vore nære ved å lukkast på overgongar ved fleire høve.
8'
Ulland Andersen blir spelt igjennom og avsluttar i mål, men blir avvinka for offside. Var raskt oppe med flagget der, assistentdomaren.
3'
Shroot med kampens første skot. Utanfor.
2'
Ulland Andersen prøvar seg med eit innlegg, men bortelaget får klarert. Er tilbake etter å ha sona karantene sist, Hødd sin toppscorar.
1'
No er kampen i gong!
Avspark Start 1. omgang
Mads Andreas Ahlsen er kveldens hovuddomar.
Sindre Eid gjer nokre endringar på laget sidan sist. Blant anna kjem Robin Shroot inn til sin andre heimedebut i Hødd-trøya etter returen frå Sogndal.
Vi ventar no på at laga skal kome inn.
Motstandarlaget frå Nord-Trøndelag har på si side 2-2-2 på dei seks seinaste kampane dei har vore involverte i. Borte frå Levanger har det blitt svake 1-2-6.
Til trass for ein sterk 1-0-siger borte mot Jerv på onsdag, har laget til Sindre Eid vore veldig ustabile i det siste. 3-1-2 er fasiten på dei seks siste ligakampane. Heime på Nye Høddvoll har det blitt 5-2-2 så langt i sesongen.
Levanger kjempar i motsett enda av tabellen, og laget til Andreas Holmberg befinn seg på 12. plass, hakket over øvste nedrykksplass. Åsane og Fredrikstad har også lik poengsum, men har dårlegare målforskjell. Også bortelaget har stort behov for poeng i dag, altså.
Heimelaget Hødd er nok favorittar i kveldens oppgjer og det er liten tvil om at blåtrøyene treng tre poeng i kampar som dette om dei skal klare å halde fylgje i toppen. I skrivande stund ligg laget frå Ulsteinvik på 4. plass på tabellen, åtte poeng bak leiarlaget Sogndal.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Levanger!