TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gong. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Avslutningar: 11-8. På mål: 5-4.
Heimelaget som har slitt så mykje denne sesongen viste seg frå ei god side i dag. Sjølstad ordna ei tidleg 1-0-leiing, men så snudde Levanger ved Stokke og Bye. Hødd gav seg derimot aldri og utlikna ved kaptein Törnqvist like etter pause. Etter dette var det lenge jamt, men i det 81. minutt sørgja ein aggressiv Shroot for at Nordberg sette kula i eige mål. Levanger klarde aldri å setje inn ei skikkeleg sluttspurt, og gjorde utvisninga av Voll dette til ein lei dag på jobben for Levanger-spelarane.
Hødd har slått Levanger 3-2 etter ein herleg fotballkamp!
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+3'
Heimelaget brukar tid på dødballen no.
90+2'
Gult kort
Legg Magnussen i bakken i det han skal til å springe forbi. Soleklart.
90+2'
Over mål frå Hopen. Stor jubel frå heimefansen.
90+2'
Skal Levanger utlikne på dødball? Hopen og Sørmo står klare.
90+1'
Gult kort
Sparkar vekk ballen i det Levanger får frispark.
90+1'
Minimum tre minutt ekstra her.
90'
Nesten! Sørmo får ballen i returromet og klinkar til. Utanfor.
89'
Hopen lempar den inn.
89'
Dødball til Levanger nokre meter inne på Hødd sin halvdel.
88'
Kallevåg har fått seg ein smell og må rusle av bana for behandling.
88'
Endå meir krangling her no. Domar Amland har sitt å stri med.
86'
To gule kort
Innbytar Voll får sitt andre gule kort og blir vist ut! Skal Levanger rote det skikkeleg til her?
86'
Gult kort
86'
Gult kort
85'
Knuffing og kaos på kunstgrasmatta her.
85'
Skal Levanger gå på sitt andre strake bortetap her? Det er likevel nok av tid for Magnus Powell sitt lag å utlikne her.
84'
Hødd pressar faktisk på for endå eit mål her. Levanger verkar rysta!
83'
Hjørnespark
Endar med ingenting, men Hødd beheld ballen.
81'
Mål!
3-2
Andersen lobbar flott igjennom til Magnussen som sender i veg eit dårleg skot. Ballen går likevel i Shroot inne i boksa, og i ein tøff duell med Nordberg går ballen i mål.
80'
Ettersom Sandefjord ser ut til å vinne mot KFUM Oslo er Levanger i augneblinken nede på 3. plass på tabellen.
79'
Bent Sørmo med kveldens dårlegaste avslutning. Langt utanfor frå distanse.
78'
Spillerbytte
78'
Andreas Lykke Strand skal straks inn for Levanger.
77'
Backen slår ballen like over mål. Hadde nok ikkje 100% kontroll der, keeper Rygg.
76'
Aasbak med dødball.
76'
Hødd har berre fire heimekampar igjen etter kveldens oppgjer, og med tanke på den ultrasvake borteforma (berre eitt poeng hittil) bør det nok minst bli eit poeng her no.
74'
Hjørnespark
Ballen går gjennom lufta og det er veldig nære på at Nordberg får beina den i mål frå kort hald.
74'
Moltu med ein stygg slurv, men heldigvis for han ordnar makker Törnqvist opp. Corner blir det likevel.
73'
Andersen slår det påfølgjande frisparket inn i boksa, men bortelaget får reinska unna.
72'
Gult kort
Voll held igjen ein Hødd-spelar og får eit soleklart gult kort.
71'
Litt stillstand i kampen no. Ingen av laga tek noko særleg med sjansar.
70'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
69'
Gjestane får lagt inn i Hødd si boks, men Urke er ute og fangar ballen.
68'
1.617 selde billettar til kveldens kamp på Høddvoll. Det er nok ein del færre her enn det.
68'
Øystein Vestvatn med nok ein stygg ballmiss for Hødd. Levanger kan overta.
66'
Eit veldig bra førearbeid av Wembangomo endar med at Andersen dempar ballen og avsluttar utanfor halvt liggjande positur.
64'
Store sjansar for Levanger! Hopen får avslutta to gongar på frisparket, men begge blir blokkerte. Så får Bye ballen, men 26-åringen avsluttar over målet til Urke.
63'
Sørmo tapar ein rein duell, men får likevel frispark i noko som kan bli eit veldig skummelt hald.
58'
Hjørnespark
Gjestane får rydda opp, før også Andersen blir avvinka for ein tvilsam offside.
58'
Er nok veldig godt for finske Törnqvist at han fekk den scoringa. Til trass for at han er utnemnd som kaptein for Hødd har han knapt sleppt til i år. Gjer i dag berre sin sjette ligakamp for sesongen. Som regel har han kome inn i sluttminutta for å trygge ei eventuell leiing.
55'
Ikkje ufortent at Hødd har utlikna her. Har vore nær ved fleire høve tidlegare i matchen.
53'
Mål!
2-2
2-2 på Høddvoll! Aasbak skyt frisparket knallhardt inn i feltet der kaptein Törnqvist kjem springande inn og styrer ballen i mål frå kort hald. Ein fantastisk dødball av Aasbak, det.
53'
Aasbak og Andersen er klare.
52'
Hødd får frispark i god innleggsposisjon.
52'
Benjamin Stokke får avslutta frå godt hald, men eit Hødd-bein får blokkert. Tidvis panisk i heimelaget sitt forsvar når Levanger er på sitt mest aggressive.
50'
Hjørnespark
Levanger får rydda opp.
50'
Sjølstad får eit skot blokkert etter pasning frå Andersen. Nytt hjørnespark.
49'
Hjørnespark
Svakt slått. Hødd beheld likevel ballen.
49'
Hødd tek ein overgang og eit innlegg frå Aasbak blir klarert til corner.
48'
Vestvatn er under hardt press og misser kula. Heldigvis for han klarer ikkje Levanger å utnytte det.
46'
Bortelaget står høgt og stressar Hødd-forsvaret.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er klare igjen.
Levanger leiar 2-1 over Hødd etter dei første 45 minutta. Heimelaget tok leiinga ved Sjølstad tidleg i omgangen, men Levanger og Stokke utlikna rett etterpå. Laget frå Nord-Trøndelag tok så leiinga i det halve omgangen var spelt. Det skjedde på heldig vis då skotet frå Bye traff beinet på ein motspelar før den gjekk i ein boge over keeper Urke og i mål. Det har vore to angrepsvillige lag på Høddvoll så langt, og forhåpentlegvis held dei fram med det også etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Hjørnespark
Går til Moltu som stussar ballen ut under hardt press.
45'
Stolpeskot! Magnussen legg fint inn til Andersen som bankar ballen knallhardt i stolpen frå 10 meters hald. Den avslutninga hadde aldri keeper Rygg teke!
45'
Törnqvist prøvar å slå ei diagonalpasning til Andersen, men den finske kapteinen mislukkast og sender ballen til innkast.
43'
Hjørnespark
Hødd får rydda unna før Lopez så klinkar kula utanfor stadion.
43'
Skummelt innlegg inn i Hødd si boks. Wembangomo får så vidt måka kula vekk.
40'
Det er Hødd som har initiativet her no.
40'
Ein Levanger-spelar går i bakken og det blir ein stopp i spelet.
38'
Hjørnespark
Går mot bakerste stolpe der Moltu deisar i bakken. Stopparen vil ha straffe, men domaren overser oppmodinga.
37'
Stor sjanse for Hødd! Shroot får avslutta frå god posisjon, men bortelaget får blokkert til corner.
36'
Levanger prøvar å kontre på nok ein ballmiss av Hødd, men mislukkast.
35'
Hopen bankar ballen inn, men Hødd får klarert.
34'
Frispark til bortelaget i farleg posisjon for innlegg.
32'
Hødd kontrar ved Andersen, men han bankar den utover sidelinja.
28'
Joachim Magnussen har fått seg ein smell og ligg nede.
27'
Hødd jaktar utlikning her. Høgt tempo og to angrepsvillige lag. Slikt likar vi!
26'
Hjørnespark
Endar med utspel frå keeper.
23'
Mål!
1-2
Levanger har snudd det i Ulsteinvik! Hødd misser ballen enkelt og bortelaget set fart ved Bendik Bye. 26-åringen avsluttar frå distanse og ballen går i eit Hødd-bein og sprett i ein boge over ein utspelt Urke. Ei heldig scoring, men det bryr ikkje Magnus Powell og co seg om!
23'
Levanger kontrar.
22'
Shroot får lagt inn i boksa og ballen endar i beina på Andersen. Den ettertrakta vingen avsluttar høgt over mål.
21'
Jo Sondre Aas snappar ei dårleg pasning av Kallevåg og avsluttar frå distanse. Enkelt for Urke å stoppe forsøket.
20'
Etter mykje action dei første minutta har det roa seg meir på Høddvoll no.
18'
Ei bra kontring av Hødd endar med at Wembangomo får lagt inn i boksa. Til tross for at Hødd har fylt opp bra med spelarar der får Levanger klarert.
16'
Hjørnespark
For høgt slått frå Aasbak, og Moltu klarer berre å stusse kula ut til utspark frå Rygg.
16'
Hjørnespark
Stokke headar ut til ein ny corner.
15'
Det er tydeleg at Levanger ynskjer å spele raskt i bakrom. Det er lengje sidan Moltu og Törnqvist har spelt saman i midtforsvaret, mykje på grunn av at ingen at dei innehar noko særleg med fart.
13'
Nokre hektiske minutt der, altså. Hødd har i alle fall enda måltørka mot Levanger etter å ikkje ha klart å score på dei fire føregåande møta mellom laga.
10'
Frispark for Hødd. Aasbak slår inn, men Levanger får klarert til kast.
8'
Mål!
1-1
Levanger utliknar umiddelbart! Hødd-back Wembangomo rotar vekk ballen i farleg område og Bye klarer å spele fri Stokke. Levanger sin toppscorar avsluttar hardt og lavt forbi Urke i Hødd-målet.
6'
Mål!
1-0
Hødd går i føringa på Høddvoll! Shroot er arkitekten bak i det han får med seg ballen inn i boksa, via ei Levanger-arm. Briten rundar Rygg og slår ballen inn framføre mål der Sjølstad først får ei avslutning blokkert, før han puttar inn returen sjølv.
5'
Så er Shroot på farta. Kjem til ei heading som går utanfor målet til Ola Rygg.
5'
Hødd sin britiske spiss Robin Shroot er i veldig god form om dagen. Etter ein svak start på sesongen har han i det siste verkeleg byrja å vise seg fram igjen. På dei fire siste kampane har han scora fem mål.
2'
Hjørnespark
Skummelt slått, men Hødd får klarert.
2'
Godt forsøk av bortelaget! Ørjan Hopen fyrer av frå veldig langt hald og treff godt. Urke fistar ballen over mål.
1'
Bortelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Siver Ø. Amland er dagens hovuddomar. Han representerer Kringlebotn IL.
Hødd har henta inn ein ny spelar til denne kampen. Dani Aleksei Hatakka er finsk og kjem på lån frå tidlegare Hødd-trenar Lars Arne Nilsen sitt Brann. 22-åringen byrjar oppgjeret som innbytar.
Hødd og Levanger har møttest 10 gongar i offisiell samanheng sidan 2006. 5-2-3 er statistikken over desse møta, i favør Hødd. På Høddvoll har det blitt 3-0-1. Det motsette oppgjeret i april enda med 2-0 til laget frå Nord-Trøndelag etter mål av Stokke og Bye. Hødd har eigentleg slitt mykje mot trøndarane dei siste åra, og Hødd er utan siger på dei fire siste. Sist gong dei møttest på Høddvoll blei det attpåtil heile 4-0 til Levanger.
Hødd har derimot skuffa i store delar av sesongen, noko som til slutt endte med at tidlegare Follo-sjef Hans-Erik Eriksen fekk fyken og assistent Steinar Lein avanserte eit hakk opp på trenarsida. Under han har det gått betre, sjølv om to av tre bortekampar har enda med tap. På Høddvoll har blåtrøyene derimot vunne tre på rad. Sist blei tabelleiar Kristiansund slått 1-0, i det som nok må kallast eit ran. Det spørs om dei klarer å stå imot på same måte i dag om Levanger skulle køyre like hardt på.
Levanger har overraska stort denne sesongen, og ligg på 2. plass og direkte opprykk etter 19 spelte kampar. 10-5-4 er fasiten hittil, og borte frå Moan Fritidspark har laget til Magnus Powell 4-3-3 på dei ti første forsøka.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Levanger, direkte frå Høddvoll!