TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

KBK tek alle tre poenga heilt på tampen her! Det var lenge ein tett og jamn kamp, men til trass for fleire gode sjansar til begge laga måtte vi vente heilt til det 92. minutt før scoringa kom. Før dette hadde KBK gira litt opp, og spesielt innhoppet til Stokke sørgja for meir trøkk i Hødd si boks. Målet fekk derimot ikkje bortelaget æra av å score sjølv, for ein uheldig Sundnes fekk ballen i seg før den gjekk i eige mål etter eit skot av Broholm. Veldig synd på Hødd som kjempa så tappert så lenge, for dette kunne ha bikka begge vegar. Det var likevel bortelaget som makta å presse best på slutten her. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Innkast for bortelaget. Brukar bra med tid no.
90+4'
Fortsatt over eit minutt igjen!
90+3'
Kan Hødd få ei utlikning heilt på tampen her?
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Selvmål!
0-1
KBK går i føringa! Eit skot av Broholm blir redda før ballen går i Sundnes og i mål. Uheldig der, Hødd-stopparen. Rekk ikkje å flytte seg.
90+1'
KBK trillar. Hødd med press på eigen halvdel.
90'
Det blir lagt til minimum fem minutt her. Dette kan fortsatt gå begge vegar!
90'
Nytt kast frå Sundnes. Endar med eit skot frå Ziko som Mbaye slår over mål. Hødd får derimot ingen corner.
89'
Stokke er nede i eigen sekstenmeter og nikkar unna.
89'
Sundnes med langt kast.
89'
Hødd kontrar, men Kallevåg vel å gå for skot. Blokkert.
87'
Frispark
Frispark i farleg innleggsposisjon. Hødd får rydda unna, men bortelaget beheld ballen.
87'
Hjørnespark
Hødd får klarert.
87'
Hjørnespark
Endar med ny corner.
86'
To enorme sjansar for KBK! Stokke kjem plutseleg åleine med Alme, men målvakta reddar heilt meisterleg. Returen set så KBK sin toppscorar i stolpen. Til slutt endar det med corner.
85'
Mange tøffe duellar ute på matta her. Domaren har latt mykje gå, men har samtidig vore veldig konsekvent. Har gjort sine saker veldig bra hittil, domar Sletner.
83'
Småpanikk i bortelaget si boks. Innkast frå andre sida no. Sundnes tek turen heilt over.
82'
Langt kast for Hødd.
82'
Veldig mange høge innlegg frå Hødd inne i bortelaget si boks. Det blir som regel enkel skuring for Ulvestad og Olsen.
81'
Bra sjanse for KBK! Willumsson møter eit innlegg frå venstre, men avslutninga går rett fram - utanfor målet.
80'
Hjørnespark
Hardt slått forbi alle i feltet, men KBK beheld ballen.
78'
Scriven sit nede og får hjelp til å tøye litt.
78'
Usedvanleg god kok blant heimefansen no. "Heia Hødd!" rungar over heile stadion.
77'
Ziko med ei for sein takling på Sivertsen. Domaren let også den gå.
76'
Skikkeleg ruskevêr på Høddvoll no. Kulde, vind og regn. Om det skulle dukke opp nokre skrivefeil her er det fordi underteikna knapt kjenner at han har fingrar.
75'
Willumsson med eit svakt innlegg frå venstre. Humpar inn i klypene til Alme.
74'
Mbaye plukkar det som ganske tydeleg er eit tilbakespel, men domar Sletner let spelet gå. Store protestar frå heimepublikummet.
72'
Scriven får plutseleg stå åleine med ballen utanfor KBK si boks. Har derimot null tilløp, så Mbaye reddar greitt.
71'
Spillerbytte
70'
Sundnes med langt innkast. Endar berre med eit frispark for gjestane.
68'
1353 tilskodarar på Høddvoll i dag. Ikkje verst på ein kald oktoberkveld!
67'
Meir og meir Kristiansund her. Hødd er stort sett berre farlege på overgangar no.
67'
Hødd kontrar etter strålande forarbeid av Urnes. Mogensen blir spelt fri til venstre, men innlegget hans endar berre med frispark mot Scriven.
65'
Stokke er for øvrig ny midtspiss på bortelaget. Willumsson har trekt ut til venstre.
64'
Fantastisk stopparspel av Alm som ofrar alt og blokkerer to gongar i løpet av få sekund. Har fått æra av å ha kapteinsbindet også i dag, sjølv om førstekaptein Nersveen er på bana.
62'
Bra sjanse for bortelaget! Willumsson avsluttar frå distanse, og Alme gir ein farleg retur. Den får derimot Hødd reinska unna.
61'
Spillerbytte
61'
Spillerbytte
61'
Benjamin Stokke er det som får dei siste instruksane frå KBK-benken. Står med 11 mål hittil i serien.
60'
Amund Skiri skal straks gjere sitt andre innbyte.
59'
Hødd kjem på ein bra overgang, men den avgjerande stikkaren frå Tøsse kjem for seint til Scriven som får forsøket sitt blokkert.
59'
Fortsatt veldig jamt her på Høddvoll. Ingen av laga dei altfor store sjansar offensivt.
54'
Hjørnespark
Nære på! Bortelaget vinn duellen inne i boksa, men headinga går berre på Scriven og ikkje på mål.
54'
Hjørnespark
Mogensen klarerer til ny corner.
54'
Sivertsen kjem til avslutning inne i boksa, men Nersveen blokkerer.
53'
Vertane kjem til ein del innlegg, men stort sett klarer KBK å rydde unna.
52'
Dårleg kommunikasjon mellom Mbaye og Ulvestad, og Hødd får overta ballen. Det klarer dei deirmot ikkje å utnytte.
50'
Bra sjanse for Hødd! Heimelaget set fart framover og Mogensen blir spelt fri. Frå litt skrå vinkel set han avslutninga svakt rett på Mbaye.
49'
KBK med ball, men Hødd ligg med alle mann frå 30 meter og inn.
48'
Langt oppspel frå Alme til Scriven, men sistnemnde får ein elendig touch og ballen trillar inn til Mbaye.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og KBK etter tett og jamn 1. omgang. Det har ikkje vore flust med sjansar, men laga har hatt nokre gode forsøk kvar. Vi håpar kampen opnar seg endå meir etter kvilen, og at vi også får litt scoringar. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+4'
Blir klarert til corner, men då vel domar Sletner å blåse av. Mange som er misfornøgde med det!
45+3'
Sundnes med langt innkast.
45+2'
Frispark
Kallevåg avsluttar rett på Mbaye. Svakt utnytta.
45+2'
Olsen legg arma i nakken på Mogensen i ein duell utanfor eiga boks og får frispark imot. Kan bli farleg, dette.
45'
Frispark
Midt inne på Hødd sin halvdel. Blir slått inn i feltet der Gjertsen får avslutta. På halvvolley over mål. Bra sjanse, det!
45'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Det er på grunn av skada på Isaksen.
45'
Gjertsen skjer innover og legg ut til Aasbak som kjem på overlappen. Innlegget hans blir derimot greitt fanga av Alme.
43'
KBK med initiativ her, men Hødd ligg kompakte bakover og har ganske god kontroll.
39'
Frispark
Kallevåg slår rett i hanskane til Mbaye frå eigen halvdel.
39'
Bra sjanse for KBK! Sivertsen vinn ballen og slår igjennom til Bruseth. Sistnemnde prøvar å leggje ballen i det lengste hjørnet, men forsøket går like utanfor.
38'
KBK kontrar. Endar til slutt med eit innlegg som går forbi alle og til kast for Hødd.
36'
Hjørnespark
Endar til slutt med utspel frå Alme.
33'
Hjørnespark
For ein sjanse! Ballen går rett fram i feltet og regelrett treff Scriven. Utruleg nok endar ballen oppå nettaket. Liten tvil om at Hødd er nærast 1-0 her!
33'
Ballen dett ned på femmeteren, men KBK får klarert til hjørnespark.
32'
Nytt langt innkast frå Sundnes. Er like farleg som corner!
31'
Aasbak slår inn frå venstre, men Alm får beina den unna til trass for ein litt lei stuss.
30'
Langt utspel mot Mogensen. Ulvestad nikkar kula vekk.
26'
Hjørnespark
Stor sjanse for Hødd! Corneren blir stussa vidare ved første stolpe, men bakerst i feltet klarer ikkje Mogensen å få ballen på rett side av stanga. Nære på der!
26'
Skummelt tilbakelegg til keeper Mbaye. Målvakta maktar berre å gje til corner.
26'
Mange tøffe duellar mellom Scriven og stopparane Ulvestad og Olsen så langt. Hittil har det vore nokså jamt styrkeforhold her.
23'
Spillerbytte
23'
Det ser ut til at bortelaget må gjere eit byte her.
21'
Greitt forsøk for Hødd! Tøsse stel ballen frå Willumsson og set fart framover. Han sender i veg ein stikkar til Mogensen, men spissen sender avslutninga bra til side for mål. Kampens beste sjanse hittil.
20'
Sundnes kastar langt, men Ulvestad klarerer.
17'
Hjørnespark
Ulvestad er først på ballen, men Hødd får blokkert og blåtrøyene får i tillegg frispark.
17'
Omlag eit kvarter er unnagjort, men vi ventar framleis på den første sjansen i kampen.
15'
Tek det faktisk kort til Larsen, men innlegget endar berre med at Tøsse blir avvinka for offside.
15'
Sundnes med endå eit langt innkast.
14'
Gult kort
Bruseth riv ned Tøsse og får det gule. Nokså unødvendig då KBK var i grei balanse bakover.
12'
Hjørnespark
Tøsse får to sjansar på å slå inn, men det siste går over Alm inne i boksa og ut til utspel.
12'
Sundnes kastar heilt inn på femmeteren, der ballen blir klarert til corner.
11'
Bortelaget har sendt folk i oppvarming, men det spørs om ikkje KBK sin nr 14 er klar til å halde fram kampen.
10'
Isaksen er det som sit nede.
9'
Så ligg ein KBK-spelar nede etter ein duell. Får tilsyn frå det medisinske personellet.
9'
Heimelaget med ballen. Endar med innkast. Då kjem Sundnes fram.
8'
KBK har sjølvsagt to andre Hødd-kjenningar på og rundt laget forutan nemnde Aasbak. Oskar Sivertsen fekk seks kampar og to mål for laget så seint som i fjor, medan assistenttrenar Sander Nyland var hovudtrenar for Hødd i 2019 i tillegg til fleire andre trenaransvar.
7'
Hjørnespark
Endar med avslutning inne i boksa, men KBK får blokkert kjapt.
3'
Urnes bryt sentralt i bana og blir rive ned. Kunne fort ha blitt eit gult kort på syndaren Isaksen der, men han slepp.
1'
Hjørnespark
Endar med innlegg frå motsett kant. Via Scriven og til kast.
1'
Mykje røyk på bana i augneblinken, men vi satsar på at spelarane likevel klarer å finne kvarandre.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Herlig ramme rundt kampen her i Ulsteinvik! Mange på tribunane, mykje som skjer rundt stadion, samt bluss i det laga rusla ut på bana. Ekstra kjekt er det at ganske mange har teke turen frå Kristiansund også.
No ventar vi berre på at dei to laga skal entre kunstgrasmatta på Høddvoll.
Kveldens kamp blir kanskje litt ekstra spesiell for nemnde Christoffer Aasbak. Trønderen spelde for Hødd i 2015 og 2016 og fekk med seg 58 kampar og eitt mål i denne perioden. Ein kan vel også nemne at backen då var nabo med underteikna, og han gav eit godt inntrykk. Rett og slett ein hyggeleg kar og ein god fotballspelar!
Også Amund Skiri forandrar litt på mannskapet. Marius Broholm og Mikkel Rakneberg går ut og inn kjem Heine Bruseth og Christoffer Aasbak.
Hødd-trenar Joakim Dragsten gjer to endringar på laget sidan førre serierunde. Det skjer på stopparplass, der Peder Nersveen kjem inn for Bernardo Morgado, og på sentral midtbane, der Sverre Økland vikar plass for Torbjørn Kallevåg.
Totalt har Hødd og KBK møttest 17 gongar i nyare tid. Ulsteinvik-laget har vore best med 9-2-6. Her på Høddvoll har heimelaget vunne fem av åtte. Det motsette oppgjeret i juli enda med heile 4-0 til KBK.
Kristiansund har også vore variable i det siste, med 1-3-2 på dei fem seinaste. Sist kamp var på onsdag, då laget til Amund Skiri tok ein sterk 4-2-gevinst borte mot Sogndal. Den tidlegare AaFK-helten Skiri har som kjent hatt trenaransvaret sidan slutten av august.
Etter ei god periode med fleire sigrar har det butta imot for Hødd i det siste. Det blei berre uavgjort heime mot Jerv og Sandnes Ulf, to kampar Hødd nok hadde fortent å vinne. 1-2-2 er forma på dei fem siste. Førre runde enda med eit tungt 3-0-tap for Moss.
Det er to lag som kjempar i kvar sin ende av tabellen som møtast i Ulsteinvik i dag. KBK ligg i augneblinken på nedste kvalifiseringsplass for spel i Eliteserien, og med tre poeng i dag kan dei kome á poeng med Sogndal på 4. plass. For Hødd sin del handlar alt om å unngå nedrykk til 2. divisjon igjen. Returen til det nest-øvste nivået i Noreg har vore tøff, men laget til Joakim Dragsten har fortsatt ein god sjanse til å overleve. Men då må dei starte å plukke trepoengarar igjen.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande oppgjeret mellom Hødd og Kristiansund. Det er er fylkesduell på Høddvoll!