TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det endar 1-1 på Høddvoll, eit resultat som ikkje var optimalt for nokon av laga. Hødd var det beste laget i store delar av kampen, men var svært ineffektive på dei mange sjansane dei skapte. Det var ikkje KBK, og rett etter kvilen sendte Mendy av gårde ein verkeleg susar til 1-0. Sandal ordna 1-1 berre ni minutt seinare, men etter dette klarde dei blå berre sporadisk å setje eit komptakt KBK-lag på store testar. Hødd er dermed framleis på 2. plass, to poeng bak Stabæk, og det med ein kamp meir spelt. Kristiansund ligg endå på 9., men avstanden til laga foran dei på tabellen er liten. Takk for fylgjet, og ha ein fin sundagskveld vidare!
90+4'
Gult kort
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Gult kort
Får kortet etter knuffing.
90+4'
Kalludra ligg ned etter eit samanstøyt med Aursnes.
90+4'
Knuffing igjen på Høddvoll.
90+3'
Innkast til Hødd på eigen halvdel.
90+2'
Bortelaget vinn dei fleste duellane her no.
90+2'
Utspel frå Urke.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her.
90+1'
Andersen får lagt inn, men bortelaget får rydda unna.
90'
Lite som tydar på at Hødd skal klare dette. Faktisk er det bortelaget som har vore vassast siste minutta.
90'
Edvardsen med frispark. Dårleg slått, og rett inn til Urke.
89'
Gult kort
Misser ballen og sparkar ned næraste motspelar i frustrajon. Soleklart.
88'
Mykje frustrasjon blant Hødd-spelarane no.
88'
Aalbu prøvar seg med eit langtskot. Over mål.
88'
Risholt med dødball midt på bana.
87'
Edvardsen med frispark. Det endar med ingenting.
86'
Tømmernes slår inn frå venstre, men Moltu headar unna.
84'
Lite rytme i det laga føretek seg no. Hødd har problem med å trengje igjennom det komptakte KBK-forsvaret.
83'
Bortelaget prøvar seg på eit innkast, men det endar berre med utspel frå Urke.
81'
Spillerbytte
81'
Lars Arne Nilsen set innpå to gode boksspelarar. Tydeleg at heimelaget vil få meir ut av dei mange dødballane.
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
80'
Tydeleg at bortelaget er nøgde med eitt poeng her. Dei ligg veldig djupt, og overgangar blir berre tekne sporadisk.
79'
Hødd skal gjere eit dobbeltbyte.
76'
Spillerbytte
75'
Hjørnespark
Blir slått forbi alle. Utspel frå KBK si målvakt.
75'
Blir stussa opp på nettaket. Corner.
74'
Hjørnespark
Svakt slått, og Hødd får berre innkast på motsett side.
74'
Hødd har absolutt initiativet her no.
73'
Dødballen blir svakt slått heilt inn til Berntzen.
73'
Nilsen får ein olboge i andletet og blir liggjande.
73'
Kastet endar med eit mislukka innlegg frå Ingebrigtsen.
71'
Hjørnespark
Blir stussa ut til Hødd-kast på motsett side.
71'
Blir heada ut til hjørnespark.
71'
Ingebrigtsen med kast.
70'
Stor sjanse for Hødd! Ulland Andersen er heilt fri inne i boksa, men brukar så lang tid at ein KBK-forsvarar får blokkert skotet.
69'
Spillerbytte
68'
Bortelaget visar seg fram no.
66'
Blir stussa farleg vidare, men ballen trillar inn til Berntzen. KBK lev farleg her no.
65'
Ingebrigtsen skal kaste langt igjen.
65'
N'Siabamfumu ligg nede og vi har ein stopp i spelet.
64'
Sandal kjem seg inn i boksa med ballen, men klarer ikkje å få avslutta, sjølv om han også kjem seg forbi Berntzen.
63'
Gult kort
Aalbu er den involverte, men Mendy er den som får det gule kortet. Usikker på om Mendy prata på seg det, eller at domar Lundby rett og slett gjorde ein feil.
62'
Gult kort
62'
Knuffing blant spelarane no. Brandal og Aalbu er involverte.
59'
Mål!
1-1
1-1 på Høddvoll! Aursnes startar angrepet med å skjere innover mot KBK sitt mål før han slepp kula til Sandal. Hødd sin midtbanestrateg speler ein heldig vegg med hælen til Standal, før han bankar kula i ein boge over Berntzen og i mål.
59'
Aursnes slår frisparket kort til Sandal som avsluttar, men skotet blir blokkert.
58'
Gult kort
Stor jubel på stadion når domaren til slutt gir kort til ein spelar på bortelaget.
57'
Frisparket fører til ingenting av farlegheiter. KBK har forsvart seg bra på Hødd sine dødballar.
57'
Heimelaget får frispark midt på bana, men denne gongen let domar Lundby la vere å drage opp kortstokken sin. Inkonsekvent der.
55'
Hjørnespark
Moltu stig til vêrs og headar like over. God sjanse!
55'
Heltne Nilsen går for skot, men det går via ein motspelar og ut til corner.
54'
Endar i ingenting.
54'
Frispark til Hødd midt på bana.
53'
Hødd vinn ballen høgt i bana, men stikkaren frå Sandal mot Standal blir for upresis og KBK får ballen igjen.
52'
Bortelaget tek leiinga imot spelets gong, men Hødd har ingen andre å skyld på enn seg sjølv for ineffektiviteten sin.
50'
Mål!
0-1
Kristiansund går i føringa! Toppscorar Mendy ladar kanona og fyrer av frå bra hald. Skotet går i vinkelen bak ein utspeld Urke.
49'
Hjørnespark
Nesten! Törnqvist stig til vêrs midt foran boksa, men headinga går like utanfor. Bra moglegheit, det.
47'
Hjørnespark
Ein KBK-spelar går i bakken og domaren bles frispark mot Hødd.
46'
For øvring ingen endringar på laga.
46'
KNK går rett i angrep, men dei blå får rydda opp.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause etter ein omgang der Hødd har vore klart best og skapt fleire store sjansar også. Nærast kom dei då Fredrik Aursnes avslutta i stolpen. Temperaturen har vore høg, både på bana og på tribuna, og det lovar godt for ein dramatisk 2. omgang også.
Domar Lundt bles av første omgang til ein massiv pipekonsert. Mannen i gult har ikkje vore populær blant heimefansen i dag, og med tanke på at fleire av avgjerslene hans har vore tvilsame kan ein til ei viss grad forstå det.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Hødd kjem på ei farleg kontring, men ingen får avslutta.
45'
Gult kort
Kjefter på seg eit gult kort etter at KBK har fått hjørnespark.
45'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
43'
Hjørnespark
Nære på! Ballen dett ned i feltet og ein spelar får avslutta på mål. Hødd får reinska unna rett foran eiga kasse. Ny corner.
43'
Berntzen med frispark på eigen halvdel.
43'
Fleire stopp i spelet no.
39'
Mykje misnøye med domaren så langt frå Hødd-delen av stadion.
39'
Sprett over Törnqvist og inn til Berntzen. Bortelaget har klart seg bra på innkasta som Hødd er så farlege på.
38'
Ingebrigtsen skal kaste langt igjen for Hødd.
36'
Psyche slår eit frispark langt opp. Hødd får klarert.
36'
Brandal prøvar seg på direkten frå vanskeleg hald. Langt utanfor mål.
34'
Ein susar frå Sandal! Heimelaget rullar bra opp, og Sandal prøvar seg med eit hardt skot frå distanse. Ballen duppar, men ikkje nok til at det går på mål. Utspel frå Berntzen.
30'
Liten tvil om at heimelaget hadde fortent å leie her no. Vi tel 4-1 i gode sjansar den første halvtimen.
29'
Espen Standal har fått seg ein smell og blir liggjande.
28'
Hjørnespark
Moltu og Törnqvist misforstår kvarandre og ein spelar i kvitt får snappa ballen.
28'
Stolpeskot! Aursnes prøvar seg frå langt hald og skotet går via ein motspelar og i stolpen forbi ein utspeld Berntzen.
27'
Hjørnespark
Bortelaget får rydda unna. Hødd beheld ballen.
27'
Andersen speler fri Standal på venstrekanten og spissen spurtar inn mot boksa før N'Siabamfumu får avverga til corner.
24'
Nære på igjen! Sandal tek med seg ballen nydeleg i mellomromet og speler Andersen fri med ein presis stikkar. Den tidlegare Vard Haugesund-spelaren forsøker ei avslutning, men han får lite klem på den og Berntzen kan redde greitt.
21'
Frispark til bortelaget midt på Hødd sin halvdel. Ein spelar i kvitt blir avvinka for offside i det ballen blir slått inn.
20'
Stor sjanse for Hødd! Ulland Andersen skjer innover og går for eit slags skot, men i staden dukkar Standal opp og styrer ballen over frå kort hald. Der kunne vi fort ha fått kampens første scoring.
19'
Aalbu slår inn, men Törnqvist headar unna.
19'
Torset feller ein motspelar og KBK får frispark.
18'
Blir farleg stussa vidare inn i boksa før KBK får reinska unna. Nytt kast.
18'
Ingebrigtsen med eit nytt langt innkast.
17'
Domar Martin Lundby har delt ut to gule kort allereie etter eit kvarters spel. I mine auge har begge vore noko strengt idømde.
16'
Gult kort
Ligg nede og sparkar etter ballen, og får sjå det gule kortet.
15'
Bortelaget er litt meir med no etter å ha vore under sterkt press dei første 10 minutta.
14'
Nære på! Mendy gjer alt sjølv og skjer inn frå venstre og avsluttar like utanfor Urke sin høgre stolpe. Der hadde nok ikkje målmannen til Hødd altfor god kontroll.
13'
Aursnes lempar ballen inn mot KBK si boks, men Standal blir avvinka for offside.
12'
Frisparket blir slått inn i boksa, men Urke har få problem med å plukke kula.
11'
Gult kort
Misser balansen og kjem for seint inn i ei takling.
11'
Rett i klypene til Berntzen.
10'
Ingebrigtsen skal kaste langt.
10'
Ulland Andersen blir spelt igjennom, men er i dårleg balanse og får ikkje gjort noko kreativt med kula.
9'
Hjørnespark
KBK får renska unna.
9'
Liten tvil om at heimelaget har kome best i gong her, med eit bra press som har stress kristiansundarane så langt.
8'
Mendy prøvar å runde Moltu, men endar i staden opp med å misse ballen og lage frispark.
7'
Veldig god stemning på Høddvoll no. Eit fantastisk vêr gjer også sitt til at det blir eit positivt preg på kampen.
6'
Nok eit langt framspel mot Standal. Berntzen kjem ut og plukkar enkelt.
5'
Ei gladnyhende for KBK i dag er at Sverre Økland startar for første gong på lang tid etter sitt skadeavbrot.
4'
Hjørnespark
Farleg slått, men bortelaget får klarert.
4'
Bra sjanse for Hødd! Standal blir spelt fri i bakrom og får avslutta frå spiss vinkel. Berntzen reddar til corner.
2'
Hjørnespark
KBK får heada unna, før Standal skyt over på halvvolley. Ufarleg.
2'
Blir stussa til corner.
2'
Aursnes med frispark for Hødd.
1'
KBK vann myntkastet og vel å bytte banehalvdel slik at dei ikkje får sola i andletet.
Avspark Start 1. omgang
Speaker les opp namnet til Andreas Lie, men han startar ikkje i dag på grunn av skada som dukka opp. Jan-Lennart Urke vaktar buret i staden.
No har laga kome på bana, flott assistert av bluss frå Blåsarane.
Dei to laga har møttest åtte gongar i offisiell kamp sidan 2007. 6-1-1 er statistikken over desse. KBK har aldri teke poeng her på Høddvoll. Oppgjeret tidlegare i sesongen enda med 1-0 til høddarane etter scoring av Pål Andre Helland, som no er i Rosenborg.
Det er ei flott rame på kampen, og heimefansen har teke med seg skjerf for å markere støtte til laget i det Hødd-hymna 'Liten - men stor' blir speld over høgtalarane her på Høddvoll. Også bortelaget er representerte med eit respektabelt antal frå supportergjengen Uglan.
KBK er på si side i fritt fall poengmessig, med null sigrar på dei seks seinaste. 0-3-3 er fasiten på desse. På framand gras har dei 5-2-6 hittil.
Heimelaget er i veldig bra form om dagen, med 5-1-0 på dei seks siste kampane. Dei står med tre strake sigrar. Heime på Høddvoll har dei 9-0-4 så langt i år.
Geir Bakke må på si side klare seg utan suspenderte Mahmoud El Haj i dag. Han må stå over på grunn av for mange gule kort.
Med få minutt att til kampstart står Hødd ovanfor ei vanskeleg problemstilling. Førstekeeper Andreas Lie skada seg på oppvarminga, og det er usikkert om han kan spele. Andrevalet Jan-Lennart Urke har førebudd seg bra her den siste halvtimen, så det kan fort vere at han må i aksjon i dag. I tillegg til dette må Hødd-trenar Lars Arne Nilsen klare seg utan Joachim Magnussen.
Kristiansund BK har også veldig mykje å spele om, og dagens oppgjer er dermed viktig for dei og. Dei ligg på 9. plass før denne runda, og det er berre tre poeng opp til næraste lag på kvalikplass. Men om det skulle bli tap i dag kan Geir Bakke sitt lag få ein lang veg å gå om også dei andre resultata skulle gå feil veg.
Hødd har for alvor fått sniffa på lukta av Tippeligaspel, og med berre fire kampar att har dei framleis håp om å rykke direkte opp eit hakk. Nærmaste utfordar til det, Stabæk, har måtta utsetje sin kamp mot Vard til den 24. oktober, noko som betyr at dei har spelefri i dag, og at Hødd kan ta over tabelleiinga med siger på Høddvoll i dag. I tillegg til dagens kamp skal blåtrøyene frå Ulsteinvik ut mot Bryne (b), Follo (h) og Mjøndalen (b). Eit tøft program, men ikkje like tøft som det Stabæk har - på papiret.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Kristiansund. Det er duka for Sunnmøre mot Nordmøre på Høddvoll!