TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein kveld vidare!
Avslutningar: 6-5. På mål: 1-4.
KBK avanserer dermed til 5. plass på tabellen, mens Hødd framleis innehar sølvplassen.
Kristiansund vartar opp med eit lite ran på Høddvoll og stel til slutt alle tre poenga. KBK la seg bakpå frå start av og var sjeldan interesserte i å angripe, men heilt på slutten rota Hødd det til i eige forsvar og Rønningen kunne enkelt putte kula i det tome buret. Heimelaget kan på si side berre takke seg sjølve, for dei hadde nok av sjansar til å vinne i dag. Når ein til og med ikkje klarer å score på straffespark fortener ein kanskje ikkje meir. Totalt sett ein lite fortent siger, men det er det ingen i Kristiansund som bryr seg om no.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Gult kort
Får det gule kortet etter munnbruk.
90+2'
Mål!
0-1
KBK scorar ut av ingenting! Ein lang stikkar blir sendt opp mot Rønningen, men Falch og Törnqvist rotar det til for seg sjølve. Ballen ligg plutseleg åleine på 16 meters hald, med keeperen ute av spel. Rønningen får så ein enkel jobb med å trille den i det tome buret.
90+1'
Berre tre minutt tillegg i kampen. Nokså lite, med tanke på alle frisparka og tidsdrøyinga som har vore.
89'
Coly kjem til avslutning, men forsøket frå spiss vinkel går rett på Falch.
88'
Lite som tyder på at vi får ein sluttspurt her. Hødd er pysete, medan KBK er uinteresserte.
84'
Rønningen prøvar eit sjeldant KBK-skot. Rett på Falch.
82'
Spillerbytte
82'
2-3 KBK-spelarar nede for teljing igjen. Liten tvil om at dei tilreisande vil drøye tida mest mogleg.
81'
Fin opprulling av heimelaget. Innlegget frå Ingebrigtsen blir derimot heada utanfor av Magnussen.
79'
Moltu med nok ei håplaus langpasning i ingenmannsland. Hødd stangar her no.
78'
Eirik Ulland Andersen har ikkje utmerka seg spesielt hittil i kampen. Han har vore Hødd sin store formspelar dei siste kampane, men ikkje fått til stort i kveld.
77'
Fleire kvitkledde spelarar nede for teljing igjen. Aursnes lagar det eine frisparket, og bør nok vere glad for at han ikkje får det gule kortet.
75'
Veldig lite spanande som skjer på Høddvoll no. Sporadiske sjansar av Hødd i kampen, men KBK har på si side berre kreert ei moglegheit, og den kom tidleg i 1. omgang.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Aliou Coly ligg nede og bortelaget nyttar høvet til å få i seg litt drikke. Flaskene blir for øvrig delt ut av keepertrenar Trond Hjelle, som også har ei fortid som målvakt i nettopp Hødd.
71'
Nære på at Myklebust klarer å ta ned ballen inne i KBK si boks. Bortelaget får derimot ordna opp.
69'
Torske går i bakken inne i Hødd sin sekstenmeter, men blir vinka opp att av domar Steen. Domaren gjer nok det rette, sjølv om KBK protesterer.
68'
Myklebust prøvar å kome seg forbi Sivertsen, men KBK-spelaren ryddar flott opp.
66'
Spillerbytte
66'
No ser det ut til at vertane skal gjere eit byte. Joachim Magnussen får instruksjonar av trenar Ronny Osnes, mannen som aldri går utan caps.
64'
Hjørnespark
Heimelaget får klarert, før ein stuss endar i hanskane til Månsson.
64'
Frispark til KBK på eigen halvdel. Blir teke kort, og gjestane held fram med å rulle ballen til kvarandre.
63'
Fleire spelarar i oppvarming for begge laga, men framleis ikkje altfor mykje som tyder på at det blir ei snarleg endring på nokon av laga.
61'
Sveen prøvar eit skot frå langt hald, men forsøket blir raskt blokkert.
60'
Berg slår frisparket rett i muren. Nok ein svak dødball av KBK sin nummer 7.
59'
Frispark til KBK i grei posisjon.
59'
Gult kort
Hødd-kapteinen kjem for seint inn i ei sklitakling og får eit greitt gult kort.
58'
Lite kreativt som skjer når gjestane har ballen. Som regel blir det støttepasningar i det bakre ledd før ballen blir lempa opp mot ein av angrepsspelarane.
56'
Sveen prøvar seg med eit langdistanseskot, men den tidlegare HamKam-spelaren bankar ballen over buret til Månsson.
55'
Gult kort
Ulvestad får KBK sitt andre gule kort i kampen etter å ha kome for seint inn i ei takling.
55'
Vertane har sjansen til å spele seg igjennom på høgresida, men Ingebrigtsen rotar det til og chippar kula til utspel frå Månsson.
54'
Meir liv i KBK sine supporterar no. Til og med tromme har dei med seg!
53'
Karlsen headar lett vekk forsøket frå Berg.
53'
KBK med dødball.
53'
Roleg åpning på 2. omgang.
51'
Berg får tilsnakk etter å ha felt Aasbak.
50'
2.006 tilskodarar på Høddvoll i dag.
49'
Sivertsen får lagt inn frå venstre, men Aursnes får klarert.
48'
Sveen med ei håplaus klarering til ein motspelar 30 meter frå eige mål. Heldigvis for han ordna lagkompis Moltu opp.
Start 2. omgang Start 2. omgang
For øvrig ingen endringar på laga.
No er laga på veg ut på kunstgrasmatta igjen!
Det står 0-0 til pause i Møre og Romsdal-duellen mellom Hødd og Kristiansund. Det har ikkje vore ein altfor underhaldande omgang, men nokre store sjansar har vi då fått. Den største fekk Hødd sin Michael Karlsen då heimelaget fekk straffespark i det 28. minutt. Trønderen makta derimot ikkje å få den i buret. Vi håpar oppgjeret opnar seg endå meir etter kvilen slik at vi får sett sjansar og mål!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Karlsen går i bakken etter å ha vore i duell med to KBK-spelarar. Får ikkje frispark.
45'
KBK trillar ball, men utan noko form for framdrift.
43'
Sender den utover sidelinja.
43'
Aasbak står klar med dødballen.
43'
Gult kort
Sivertsen lagar både frispark og sparkar vekk kula. Greitt gult kort, det!
41'
Ulland Andersen prøvar seg med eit skot. Får bra klem på det, men retninga er det verre med.
40'
Myklebust går i bakken inne i Hødd sin sekstenmeter, men blir vinka opp igjen av domar Steen.
39'
Nesten for Hødd igjen! Karlsen er servitør denne gongen, og slår inn til Myklebust i boksa. Den tidlegare Tippeligaen-spelaren stussar ballen utanfor.
36'
Blåsarane gjer sitt til å mane heimelaget til fleire sjansar.
35'
Stor sjanse til Hødd! Heimelaget speler bra fotball og Aasbak får slått inn frå venstre. Karlsen kjem først på ballen inne i boksa, men sender avslutninga utanfor.
33'
Lite som stemmer for vertane no. Spelarane slit med å finne kvarandre.
33'
Daniel Berg skjer innover og prøvar å skru ballen i det lengste hjørnet. Fleire meter utanfor.
31'
Hødd skuslar altså vekk eit straffespark i jakta på kampens første mål. Skuffande av Michael Karlsen, som slit litt med å få det heilt til i Hødd-trøya. Trøndaren, som er inne i si andre periode i klubben, har berre laga eitt mål så langt i sesongen, og det kom på straffe.
30'
Hjørnespark
Går forbi alle i feltet.
29'
Bom på straffe!
Månsson går rett veg og stoppar det svake straffesparket frå Karlsen!
28'
Straffe!
Coly er for vill i eit taklingsforsøk og feiar Sveen over ende. Straffe til Hødd!
27'
Hjørnespark
Endar med ei heading som går rett på Falch. Ufarleg.
27'
Bra sjanse for KBK! Siverten passerer Ingebrigtsen lett og avsluttar frå utanfor boksa. Falch er derimot klar og reddar flott. Corner.
26'
Frispark til dei kvitkledde nokre meter inn på Hødd sin halvdel. Blir teke kort.
25'
Coly vartar opp med ei knallhard klarering - rett i KBK si innbytarboks. Christian Michelsen og co slepp med skrekken.
24'
Første halvdel av første omgang er no unnagjort. Det har vore mange duellar og tidvis høgt tempo, men ingen av laga har makta å skape noko.
22'
Ingebrigtsen prøvar å slå inn frå høgresida si. Blir blokkert.
21'
Hjørnespark
Hødd får klarert.
21'
Sivertsen med eit småskummelt innlegg. Aasbak prøvar å bryste til eigen keeper, men lagar i staden corner.
20'
Månsson brukar bra med tid ved utspela. KBK flyttar også opp mykje av laget sitt.
17'
Fredrik Aursnes får tid og rom og prøver eit skot frå distanse. Til side for målet til Månsson. Målvakta har bra kontroll.
16'
KBK med eit lite initiativ her no. Framleis ingen sjansar i oppgjeret.
11'
Nære på at Andersen finn Myklebust med ein stikkar. Gjestane får ordna opp.
9'
Hjørnespark
Aursnes slår hjørnesparket i tverrleggaren og over. Månsson ser likevel ut til å ha kontroll.
9'
Mange tette duellar hittil. Derimot ingen tendensar til stygt spel.
7'
Ein gjeng har også teke turen frå Kristiandsund for å støtte laget sitt. Det sist omtrent 25-30 på bortetribuna.
6'
Törnqvist prøvar å slå langt opp, men forsøket endar berre i klypene til målvakt Conny Månsson. Månsson var for øvrig ein av dei to som blei utvist sist laga møttest. Svensken laga straffespark og fekk dermed sjå det raude kortet.
3'
Gjestane er aggressive i presset og har allereie vunne ballen frå dei blå ved to høve.
1'
KBK ser ut til å starte i ein slags 3-5-2-formasjon her. Hødd med sin vanlege 4-3-3.
Avspark Start 1. omgang
Om ein skal trekkje fram nokre profilar til oppgjeret på Høddvoll er Eirik Ulland Andersen og Torbjørn Agdestein gode kandidatar. Andersen er i si beste form sålangt i Hødd-trøya og står med sju ligascoringar så langt og heile fire på dei to siste. Agdestein har på si side scora fire.
Her i Ulsteinvik er det relativt greie forhold for fotball. Det er i augneblinken opphaldsvêr, men samtidig litt vind.
Sidan KBK blei stifta i 2003 har dei møtt Hødd totalt 11 gongar i offisiell samanheng. Om ein også tek med treningskampane laga imellom er tala 11-3-3 i favør høddarane. I tilsvarande oppgjer i fjor vann KBK 2-1 her på Høddvoll etter mål av Kalludra og Bamba. Ulland Andersen reduserte for Hødd. I kampen på Kristiansund Stadion slo Hødd derimot til med heile 4-0. Underteikna tok faktisk turen til Nordmøre og kampen var prega av ein scoringshungrig Robin Shroot (3 mål) og amper stemning (to raude kort til KBK).
Kristiansund er også med å kjempar om dei øvste plassane, og ligg før kveldens oppgjer på 6. plass med 15 poeng. Forma til kristiansundarane er derimot meir ustabil, noko 2-2-2 på dei seks seinaste vitnar om.
Heimelaget Hødd er i veldig god form om dagen. Spelarane til trenar Sindre Eid ligg heilt oppe på ein 2. plass på tabellen og har allereie før kampen ei luke på fire poeng ned til neste lag. Leiarlaget Sogndal vann derimot tidlegare i dag, og er fem poeng framføre Hødd med ein kamp meir spelt. 4-2-0 er statistikken for Ulsteinvik-laget på dei seks siste, og på dei to siste har dei heile 8-1 i målskilnad.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande Møre og Romsdal-oppgjeret mellom Hødd og Kristiansund, direkte frå Høddvoll!