Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med dette for fylgjet. Ha ein fin kveld vidare!
Avslutningar: 11-5. På mål: 6-2.
I 4. runde ventar altså Bodø/Glimt på Aspmyra stadion. Mange i Ulsteinvik drøymer kanskje om å gjenta NM-triumfen frå 2012. Dei har i alle fall vist at dei kan overraske på heimebane. No spørs det korleis dei klarer seg på framandt kunstgras.
Det var ikkje enkelt å sjå at det var bortelaget som var favorittane i dag. Hødd kjempa frå første spark på ballen og var det klart beste laget. KBK tok berre ansvar i korte perioder, og mot slutten av kampen var det faktisk Hødd som var nærare å auke leiinga enn kva kristiansundarane var redusering. Rett og slett ein fantastisk kamp av ulsteinvikarane.
2. divisjonslaget Hødd har slått ut Eliteserie-laget Kristiansund og er klare for 4. runde av NM!
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+5'
Diop feller Rahhaoui og lagar frispark. Dette tek Hødd!
90+4'
Bra forsøk for KBK! Bamba får avlslutt, men Alme reddar.
90+3'
Heimepublikummet røyser seg og klappar no!
90+2'
KBK får avslutta frå kort hald, men domar Skjerven tek ansvar og dømer offside. Den fekk ikkje assistenten hans med seg!
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. No må KBK score umiddelbart om dei skal ha håp om å gå vidare i cupen!
87'
Fleire skumle ballmiss av Naglestad. Så langt har det ikkje straffa seg.
86'
Bortelaget med innkast høgt i bana.
85'
Sørli med nok eit svakt innlegg. Alme plukkar lett.
85'
Trampeklapp på stadion no. Litt vel tidleg, det vel?
84'
Heimelaget kjem i overtal inn i KBK si boks, men ei svak pasning øydelegg.
83'
Hødd burde ha punktert denne kampen no. Det kan fort straffe seg å ikkje gjere det!
81'
Nok eit bra forsøk av heimelaget! Osvold blir spelt igjennom, men er i ubalanse og klarer ikkje å overliste McDermott som reddar flott nok ein gong.
81'
Det er utruleg nok Hødd som skapar dei store sjansane på slutten her. Er nærare 3-0 enn KBK er redusering. Det kan uansett snu fort. Nok av tid igjen for KBK å kome tilbake her!
77'
Stor sjanse for Hødd! Osvold blir spelt åleine med McDermott, men spissen brukar for lang tid og skotet blir stoppa. Corner.
76'
Gjertsen med ein stikkar inn i boksa. Endar utover kortlinja.
75'
Avslutning frå Bamba etter innlegg frå høgre. Skyt langt, langt utanfor.
74'
For n-te gong i kampen sender ein KBK-spelar ei pasning utover sidelinja.
71'
Osvold blir forsøkt spelt fri i bakrom, men nok ein gong er McDermott på plass og ryddar opp.
69'
God sjanse for bortelaget! Bye slår inn i boksa der Bamba kjem stormande, men sistnemnde sender avslutning utanfor.
67'
Trøyttare bein hjå heimelaget no. Er seinare inn i duellane enn kva tilfellet var den første timen.
66'
Dermed har KBK brukt opp alle sine tre innbytarar.
64'
Andreas Breimyr med ei håplaus tversoverpasning som bortelaget snappar. Heldigvis for blåtrøyene klarer dei ikkje å få ein sjanse ut av det.
63'
Under halvtimen att å spele her. Meir enn nok tid for Kristiansund å kome tilbake på, men i augneblinken strevar dei stort med å skape ting offensivt.
62'
Plutseleg bryt heimefansen ut i eit rungande 'Heia Hødd!' på stadion. I tillegg held pensjonistane bak pressetribuna på å knuse pleksiglaset med krykkene sine i det dei bankar takta.
61'
Hjelmeseth gjer ein god jobb og vinn eit innkast høgt i bana for Hødd.
60'
Det hissar KBK-benken seg opp over, og domar Skjerven må bort og gje tilsnakk.
59'
Eirik Haugan sit nede etter ein duell og vi får ein stopp i spelet.
57'
Diop med eit vanvittig svakt innleggsforsøk frå høgrekanten. Langt bak mål.
56'
Nære på for Hødd! Eid slår eit lavt innlegg frå høgre, og ballen trillar forbi målet utan at nokon kjem på den. Der var McDermott utspelt!
55'
Blåsarane gjer sitt for å støtte heimelaget her. Syng og støttar laget like bra som vanleg!
54'
Definitivt meir innsats blant Kristiansund-spelarane no.
53'
Hjelmeseth blir forsøkt spelt fri i bakrom, men keeper McDermott kjem raskt ut og plukkar ballen. Våkent keeperspel.
52'
Sondre Sørli med eit svakt innlegg. Bak Hødd-målet.
52'
Ein KBK-spelar går i bakken inne i Hødd si boks, og bortefansen ropar på straffe. Verken domar Skjerven eller spelaren det gjaldt ser ut til å meine at det er noko å blåse for.
48'
Hødd står høgt og tvingar KBK til å slå langt.
47'
Ingen endringar på nokon av laga, men fleire mann er i oppvarming.
46'
Hødd med avsparket. Osvold med eit høgt spark på Pål Erik Ulvestad. KBK-spelaren går i bakken.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er begge laga klare på bana igjen.
Hødd leiar fortent 2-0 over Kristiansund etter dei første 45 minutta på Høddvoll! 2. divisjonslaget har kjempa godt og for ein gongs skuld vore effektive framføre motstandaren sitt mål. KBK har ikkje fått til all verda, men dei burde definitivt hatt ei scoring då Bye kom åleine med keeper på stillinga 1-0. Dessverre for nordmøringane sendte han avslutninga utanfor mål. Det er duka for ein skikkeleg spanande 2. omgang. Heng med!
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Det blir lagt til minimum to minutt her. Skal KBK få ei viktig redusering heilt på tampen?
45'
Robin Hjelmeseth med dagens andre målgjevande pasning.
42'
KBK-fansen er misfornøgde med det meste av domaravgjerslene som går imot laget deira. Kraftig buing og roping til tider.
40'
Det som verka som ei oppgiring av bortelaget har no roa seg. Heilt jamt i banespelet.
37'
Andreas Breimyr med ein lobb inn i KBK si boks. Er nære ved å nå Osvold, men ein spelar i kvitt kjem i vegen.
36'
Osvold set fart framover med ballen og ser at McDermot står langt ute. Spissen prøvar ei frekk avslutning, men treff heller dårleg og ballen går utover sidelinja.
36'
Sætre med innlegg i bortelaget si boks, men det går for lavt og KBK får klarert.
34'
Eliteserielaget har definitivt teke meir tak i kampen no!
33'
Eid med endå eit kast. Bortelaget klarerer enkelt ved fremste stolpe.
32'
Stor, stor sjanse for KBK! Lepistu speler fri Bye som skyt utanfor åleine med Alme. Den bør han utnytte betre!
31'
Den første halvtimen er unnagjort på Høddvoll, og det er faktisk fullt fortent at det er heimelaget Hødd som er i føringa. KBK har vore tannlause offensivt.
30'
Eid med innlegg frå høgre. Rett i fanget til Sean McDermott.
29'
Hjelmeseth med eit ufarleg skot frå distanse. Over mål.
28'
Brukbart spel av bortelaget. Eit innlegg blir slått presist inn frå høgre, og ein Hødd-spelar brystar ballen inn til eigen keeper. Iskaldt gjort.
27'
Heimelaget står høgt og stressar Kristiansund når dei skal spele seg ut.
26'
No må KBK satse meir offensivt enn dei har gjort hittil i kampen. Hødd, som har slite med å vere effektive så langt i sesongen scorar altså på deira første avslutning på mål i kampen.
22'
KBK kjem plutseleg i overtal, men dei utnyttar situasjonen dårleg og til slutt endar det berre med ei pasning utover sidelinja.
20'
Treff i metallet for Hødd! Heimelaget kontrar og Eid får tak i eit innlegg. Backen hamrar til, men skotet går i tverrleggaren og ut.
19'
Kristiansund prøver å kombinere på si høgreside, men ballen går berre utover sidelinja.
18'
Så får plutseleg KBK kampens første sjanse etter rot i Hødd-forsvaret. Bye klarer ikkje å overliste Alme som er på halvdistanse.
17'
Dett etter kvart ned i beina på Hødd-spelar Hagen, men han rekk ikkje å få avslutte. I staden lagar han frispark imot.
17'
Eid med nytt kast.
16'
Heimelaget med fleire innleggsforsøk, men KBK er flinke til å blokkere.
10'
Opningsminutta på Høddvolla har vore intense, men så langt har ikkje nokon av laga skapt sjansar.
8'
Endar med ingenting av farlegheiter.
7'
Nytt langt innkast frå Eid. Viktig offensivt våpen for Hødd, det.
6'
Hjelmeseth avsluttar i mål, men blir avvinka for offside allereie før han fekk sendt av garde skotet. Det såg ut som ei korrekt avgjersle.
5'
Så avsluttar Benjamin Stokke i motsett ende av bana. Ufarleg.
4'
Ballen dett etter kvart ned i beina på Moltu som får avslutta, men skotforsøket blir blokkert.
4'
Så skal Daniel Eid kaste langt.
1'
Sørli set fart med kula, men blir stoppa av heimelaget sin høgreback Daniel Eid. Han er forresten son til Hødd-trenar Sindre Eid.
1'
Gjestane frå Kristiansund sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Det er for øvrig allereie klart kven vinnarlaget av kveldens kamp skal møte i 4. runde. Det blir Bodø/Glimt.
Der kjem endeleg dei to laga ut på kunstgrasmatta på Høddvoll, anført av hovuddomar Tommy Skjerven.
Det siste oppgjeret mellom laga enda med siger 1-0 til Hødd. Det skjedde i 2016, sesongen ulsteinvikarane altså rykka ned. Før det hadde KBK vunne tre strake. I NM-samanheng møttest dei sist i 2011. Michael Karlsen og Adama Diomande sørgja for 2-0-siger til sunnmørslaget.
Sidan 2007 har desse to laga møttest 15 gongar. Hødd har vore best totalt sett, med åtte sigrar mot KBK sine fem. Her på Høddvoll har det blitt 4-1-2 i favør ulsteinvikarane.
Gjestane frå Nordmøre stiller med ein bra delegasjon av supporterar. Det skaper ei endå betre ramme kring kampen!
Dei to laga er ferdige med oppvarminga og har gått i garderobene for ein siste peptalk.
KBK har på si side hatt det langt enklare i runde 1 og 2. Først blei Sunndal slått 4-0, før Bergsøy, som sendte ut AaFK i 1. runde, blei smadra 6-0 i Herøy. Blant anna scora Benjamin Stokke tre mål i det oppgjeret.
I dei to første rundene av årets NM har Hødd slått ut henhaldsvis Volda (1-0) og Florø (2-1 e.e.o.). Oppgjeret mot 1. divisjonslaget frå Sogn og Fjordane blei ein skikkeleg thriller, og avgjersla kom først i det siste minuttet av den andre ekstraomgangen, då Bendik Rise til slutt fekk plassert ballen i mål.
Heller ikkje Kristiansund har imponert så veldig i Eliteserien, men Christian Michelsen sitt lag er i det minste vanskelege å slå. Det har berre blitt to sigrar på dei åtte første kampane, men samtidig har dei spelt uavgjort fire gongar. Sist blei det tre poeng heime mot Stabæk.
Laget som er på heimebane i Ulsteinvik speler til dagleg i 2. divisjon etter nedrykk etter 2016-sesongen. Hødd ynskjer sjølvsagt å returnere til nivå 2 i Noreg, men dei klarde det ikkje på første forsøk i fjor då dei kom på ein skuffande 6. plass, heile 14 poeng bak avdelingsvinnar Nest-Sotra. Sindre Eid sitt mannskap har rota litt i starten av 2018 også, men ligg likevel på ein brukbar 3. plass med sju poeng på dei fire første kampane.
Hei og velkomen til livedekning av det meget spanande oppgjeret mellom Hødd og Kristiansund, direkte frå Høddvoll. Det er klart for 3. runde av Noregsmeisterskapet!