Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gong. Ha ein fin tysdagskveld vidare!
Avslutningar: 5-16. På mål: 3-6.
KBK tronar framleis trygt øvst på tabellen, medan Hødd no er på trygg grunn igjen.
Hødd vinn altså 1-0 over leiarlaget i 1. divisjon, Kristiansund. Lite fortent ut i frå talet på avslutningar og ballinnehav, men det er lov å vere god til å forsvare seg. Kampens einaste scoring kom i det 30. minutt, då Robin Shroot scora åleine med keeper. Bortelaget skapte ein drøss av sjansar, men makta ikkje å få ballen forbi kampens gigant, Jan-Lennart Urke. Målvakta tok alt som kom.
Domaren bles av og fleire av Hødd-spelarane går rett i bakken. Tydeleg utslitne!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Moltu går i bakken og domaren må stoppe spelet.
90+3'
Andersen har nok ein gong sjansen til å halde på ballen høgt i bana, men som ved tidlegare tilfelle skuslar han den vekk.
90+1'
Nære på at KBK klarer å tråkle seg igjennom. Urke klarer likevel å skjerme ballen utover sidelinja.
90+1'
Det blir lagt til minst fire minutt her.
90'
Kristiansund maktar ikkje å skape all verda no. Hødd står godt imot.
88'
Torset vinn ballen høgt i bana, avanserer nokre meter og avsluttar langt utanfor. Har kjempa godt i dag, larsnesingen.
86'
Ikkje langt unna 2-0! Karlsen speler fri Beite som rundar Månsson og avsluttar på mål. Ein spelar i kvitt får blokkert på streken.
85'
Kristiansund speler i bakrom. Urke kjem ut og fangar ballen.
83'
Frispark til Hødd midt på bana. Blir teke kort.
82'
Innbytar Sørli med eit lurt innlegg bak Hødd-forsvaret. Så vidt det kjem eit Hødd-bein på det.
80'
Bamba med ei håplaus avslutning. Treff nesten cornerflagget.
80'
Ulland Andersen prøvar å setje fart på ei kontring, men blir enkelt stoppa.
79'
Kallevåg har fått seg ein smell og blir liggjande på graset.
77'
Blir teke kort til Rønningen som prøvar eit skot. Kallevåg får blokkert.
77'
Frispark til KBK like ved den eine kortsida av Hødd sin sekstenmeter.
76'
Karlsen og Beite skal straks inn for Hødd. Begge er offensive spelarar.
76'
For eit trykk det har vore frå KBK dei siste minutta. Utruleg om Hødd skulle sleppe unna dette utan baklengsmål. Det kan dei utan tvil takke målvakt Urke for. Har spelt ein kjempekamp så langt.
74'
Stor sjanse! Bamba får ballen inne i boksa og avsluttar, men Urke stoppar også dette forsøket.
74'
Rett i muren!
73'
Kalludra kolliderer med ein motspelar og får eit litt billeg frispark. I god posisjon.
72'
Stor sjanse for bortelaget! Mendy kjem åleine med keeper, men nok ein gong vartar Urke opp med ein strålande manøver og hindrar mål.
67'
Christian Michelsen skal straks gjere ei endring. Sondre Sørli står klar.
65'
Aasbak skyt i eit KBK-bein.
65'
Aasbak og Andersen står klare.
65'
Frispark til Hødd i god posisjon. Wembangomo er det som blir felt.
64'
Tendensar til panikk i Hødd-forsvaret no. Kor lengje skal dei klare å stå imot KBK sin offensiv?
61'
Ei KBK-avslutning går via ein Hødd-spelar og til corner.
61'
Liten tvil om at Kristiansund hadde fortent scoring på Høddvoll.
59'
Veldig stor sjanse for bortelaget igjen! Qaka får gå og gå med ballen, men avslutninga frå god posisjon blir meisterleg redda nok ein gong av Urke.
59'
Nære på for KBK! Rønningen avsluttar, men Urke reddar flott.
58'
Heimefansen er misfornøgde med domar Hagenes etter at Magnussen får frispark imot etter ein jamn duell med ein KBK-spelar.
57'
KBK med eit frispark som blir avslutta langt utanfor.
56'
Bjerkås med eit godt innlegg frå høgre. Urke feilreknar i duellen, men blir redda av ein lagkamerat.
53'
Ulland Andersen speler fri Shroot som avsluttar på Månsson frå skrått hald. Lukta offside, der.
52'
Rønningen med eit veldig svakt innleggsforsøk. Bak mål.
50'
Bendik Torset får tilsnakk etter å ha nappa litt i drakta til ein motspelar.
48'
Mendy prøvar eit skot frå skrå vinkel, men 26-åringen avsluttar utanfor.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar 1-0 over OBOS-ligaen sitt leiarlag Kristiansund BK etter dei første 45 minutta på Høddvoll. KBK opna klart best og skapte fleire store sjansar, blant anna fekk dei ei scoring annullert, men det var derimot Hødd som scora først. Shroot blei spelt fri av Ulland Andersen og putta enkelt åleine mot Månsson. Etter dette presterte også Hødd betre, samtidig som KBK skapte bra med sjansar. Forhåpentlegvis har vi ein god 2. omgang i vente!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Scoringa var for øvrig Robin Shroot si sjuande denne sesongen. Hans beste sesong i Ulsteinvik var for øvrig i 2014 då han scora 16 på 23 kampar.
43'
Bra spel av Hødd endar med at Ulland Andersen vinn ein corner. Den skal han ta sjølv.
43'
Godt forsøk av Hødd! Hugues Wembangomo kjem til avslutning frå god posisjon, men sender skotet høgt over mål.
36'
Nesten for Hødd! Vestvatn chippar igjennom til Andersen som avsluttar raskt på mål. Månsson vartar opp med ei god redning. Corner.
35'
Kalludra får avslutta på halvvolley etter eit langt innkast av Bjerkås. Over målet til Urke.
33'
Nære på for KBK igjen! Eit frispark blir slått inn i boksa, men Bjerkås headar utanfor frå god posisjon. Den bør han klare å få på mål!
29'
Hødd med dødball, men kula blir berre sendt rett i fangen på Månsson. Vi ventar framleis på den første avslutninga til heimelaget!
26'
Kjempesjanse for KBK! Bamba speler fri Kalludra som enkelt vender vekk ein Hødd-spelar og avsluttar frå kort hald. Urke reddar derimot skotforsøket meisterleg. Corner.
25'
Rønningen avsluttar via ein spelar og får corner.
24'
Andersen prøvar seg med ein stikkar i bakrom til Torset. Pasninga blir derimot for upresis og Månsson kan enkelt plukke.
22'
Meir Hødd no. KBK står derimot godt i forsvar og hindrar både innlegg og avslutningar.
21'
Wembangomo kjem til innlegg på høgresida, men går berre for pur kraft og bankar ballen rett i ein KBK-spelar.
19'
Så er det Jean Alassane Mendy som prøvar seg. Vender vekk næraste forsvarar og avsluttar rett på Urke. Godt forsøk.
16'
Steffen Moltu mislukkast i det han prøvar å spele ballen ut av eige forsvar med ei utsidepasning.
14'
Noko som minner om ei Hødd-kontring. Robin Shroot sender dessverre for heimelaget ballen bak Magnussen og til innkast for KBK.
11'
Wrele prøvar å finne Andersen i bakrom, men pasninga går berre inn til KBK-keeper Månsson.
10'
Roleg opning på oppgjeret. Ingen av laga hiv seg i angrep når dei får ballen.
8'
Ulland Andersen har mista den eine skoen og må knyte den fast. Bamba står ved sidan og passar på at han tek ein skikkeleg dobbeltknute denne gongen.
7'
Jonas Rønningen tek med seg ballen inn i Hødd sitt felt og avsluttar. Langt over målet til Urke.
6'
Hødd ligg djupt når bortelaget har ballen.
5'
35-40 personar frå KBK sin supporterklubb Uglan har også teke turen til Høddvoll for å støtte laget.
4'
Bortelaget kjem til avslutning, men forsøket går rett på Urke som har god kontroll.
2'
Aasbak kjem seg inn i boksa med ballen, men brukar for lang tid og innlegget blir blokkert til corner.
2'
Førre møtet mellom laga tidlegare i år enda for øvrig 2-0 til KBK. Daouda Bamba scora begge måla.
1'
Bortelaget, som speler i kvitt, sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Kristoffer Hagenes frå Hovding er kveldens hovuddomar.
Kristiansund BK har på si side henta inn Thompson Ekpe på lån frå Molde. Han er 19 år, frå Nigeria og speler defensiv midtbane. Ekpe byrjar oppgjeret på innbytarbenken.
Det einaste som har skjedd på spelarsida i Hødd sidan sist er at Erik Skaasheim har gått tilbake til Sogndal etter å ha vore på lån halve sesongen. Elles har det, som nær sagt vanleg, vore rykte kring Erik Ulland Andersen. Både AaFK og Strømsgodset har blitt sett på som aktuelle klubbar.
Etter dei andre resultata i denne 18. runda er Hødd under nedrykksstreken igjen. 18 poeng er fasiten etter 5-3-9 hittil. Med siger i kveld kan dei derimot hoppe til 11. plass.
Fylkesrival Kristiansund har det derimot gått langt betre med, for etter over halvvegs spelt serie toppar laget tabellen med 39 poeng. Med siger i dag mot Hødd kan dei auke forspranget ned til Sandefjord på 2. plass med sju poeng, og ned til Levanget på 3. med heile 10. Om ting held fram på same måten også i haustsesongen kan det gå mot laget sitt første opprykk til Tippeligaen sidan klubben blei skipa i 2003.
Etter at Steinar Lein tok over ansvaret som hovudtrenar for sparka Hans Erik Eriksen har det gått betre med Hødd. Forutan ein stygg 3-0-smell borte mot Mjøndalen har blåtrøyene sigra heime mot både Åsane (3-0) og Ranheim (2-0). Den siste runda før fotballferien fekk også sesongens første (!) bortepoeng i det dei klarde 1-1 mot KFUM Oslo. Før dette stod laget med sju strake tap på framandt gras.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Kristiansund, direkte frå Høddvoll. Endeleg er det fotball igjen i Ulsteinvik!