TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein flott kveld vidare, og hugs: no er det berre to dagar til VM! Dei kampane kan du sjølvsagt fylgje her hos oss.
KBK har dermed avansert til 4. plass på tabellen, fem poeng bak direkte opprykk. Hødd ser på si side botnstriden nærme seg, og med den heimeformen laget har framvist i år er ikkje det rart. Om det ikkje skal ende med fiasko i Ulsteinvik må det takast grep.
Kristiansund tek ein sterk, men fortent siger i Ulsteinvik over Hødd. Kristiansundarane var best i begge endane av bana og hadde veldig god kontroll den første timen og Kalludra og Bamba ordna kvar si scoring. Eit par innbyte sette likevel fart i Hødd og då laget reduserte 20 minutt før slutt var det nok mange som såg sjansen for poeng. KBK klarde likevel å halde dei blå unna, og til slutt kunne dei tilreisande Uglan juble høgast.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
Heimelaget rotar vekk ballen. KBK overtek.
90+4'
Endar med nok eit innkast.
90+3'
Innkast for Hødd. Siste sjanse!
90+2'
Conny Månnson med utspel.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Ulland Andersen får snudd seg og avslutta, men skotet går bra over mål.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
90'
Ikkje mange minutta att å gjere det på for Hødd no.
89'
Spillerbytte
89'
Grei sjanse for Hødd i det Sveen sender eit slags brassespark over mål.
88'
Grodås får slått inn igjen, men også det forsøket blir stanga unna.
88'
Blir stanga unna.
88'
Frispark til Hødd midt på bana.
88'
Grodås er skadd og må av.
87'
Bortelaget får halde litt på ballen no.
85'
Hjørnespark
Stor sjanse! Midtstoppar Moltu får stå heilt åleine og avslutte, men den knallharde volleyen går langt utanfor. Liten tvil om at den sjansen hamna hos feil mann!
84'
Hjørnespark
Panikk i KBK-forsvaret, og ballen blir klarert nærast ut av henda på Månnson. Ny corner.
82'
Spillerbytte
82'
Torset prøvar ein stikkar mot Wrele, men det heile er dårleg koordinert og det endar med utspel.
81'
Altfor lavt slått og KBK får rydda unna.
81'
Frispark til bortelaget. Wrele skal slå inn.
80'
Veldig spanande på Høddvoll no. Skal Kristiansund klare å stå imot, eller klarer Hødd å kome tilbake?
80'
Andersen slår inn frå venstre for Hødd, men bortelaget får rydda unna.
79'
KBk kontrar her. Hødd vinn igjen kula.
78'
Hødd kontrar, men får ikkje anna enn eit innkast.
77'
Innkast for bortelaget no. Dei har klart å roe sluttspurten til Hødd dei siste minutta no.
76'
Litt meir paniske tendensar å spore hjå bortelaget no. Hødd jaktar på utlikning her!
75'
Frispark til Hødd. Wrele slår inn, men ballen går gjennom heile feltet og ut til utspel frå Månnson.
73'
Spillerbytte
73'
Gult kort
Hindrar Hødd i å ta eit kjapt frispark.
73'
Hjørnespark
KBK får rydda unna.
72'
Hjørnespark
Endar etter kvart med endå eit hjørnespark.
72'
Nesten igjen for Hødd! Shroot blir spelt fri bak forsvaret til KBK, men skotet blir redda. Ny corner.
71'
Mål!
1-2
Ny spaning i kampen! Andersen skjer innover og bankar ballen flott i det høgre krysset.
70'
Hjørnespark
70'
Går via muren og til corner.
70'
Frispark til Hødd i meget god posisjon. Andersen står klar.
68'
1403 tilskodarar på Høddvoll i dag.
68'
Moltu rotar det til i eige forsvar og Bamba får drege med seg ballen inn i Hødd si boks. Grodås er derimot med på notane og får takla i det spissen skal til å skyte.
65'
Hjørnespark
Bortelaget får avslutta også her, men forsøket går over mål.
65'
Nesten 0-3! Kalludra får servert ein god gammaldags trillar og avsluttar godt frå distanse, men Falch kjem borti den. Corner.
64'
KBK er nære på å spele seg heilt fri. Mendy kjem seg laus bak Moltu, men innlegget går rett i hanskane til Falch.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Nesten for bortelaget igjen! Det blir avslutta frå god posisjon, men Falch er med på notane og får redda bra.
62'
Grodås har fått seg ein smell og ligg nede.
62'
Franjo Tepuric og Robin Shroot gjer seg klare for Hødd. Dermed vil det bli eit meir internasjonalt snitt over heimelaget ettersom Tepuric er kroatisk og Shroot nord-irsk (men fødd i London).
59'
Gult kort
Er tydeleg frustrert og taklar ein KBK-spelar stygt over ende.
59'
KBK-fansen er i form og ropar ironisk 'Heile stadion!' medan dei prøvar å få publikum til å klappe. Humoren er i alle fall inntakt i Kristiansund!
59'
KBK-fansen er i form og ropar ironisk 'Heile stadion!' medan dei prøvar å få publikum til å klappe. Humoren er i alle fall inntakt i Kristiansund.
54'
Hjørnespark
Månnson viser at han har god rekkevidde og held ballen greitt.
54'
Nesten for Hødd. Sveen slår inn og ballen blir klarert like over mål. Corner.
54'
Nesten for Hødd. Sveen slår inn og ballen blir klarert like over mål. Corner.
53'
Gode takter av heimelaget no. Tempoet er skrudd opp og spelarane brukar færre berøringar.
52'
Bra opprulling av Hødd. Innlegget frå Ingebrigtsen blir derimot for svakt og bortelaget tek over.
51'
Kalludra med frispark. Går bak målet til Falch.
50'
For ein bom av Magnussen! Hødd kontrar og kjem i overtal. Andersen slår lavt inn frå høgre og ein umarkert Magnussen skal berre putte ballen i mål, men spissen regelrett bommar på den. Der kunne, og burde, Hødd redusert.
49'
Hjørnespark
48'
Magnussen vinn ballen høgt i bana, men viser dårleg overblikk og misser kula i staden for å spele fri Ulland Andersen.
47'
Bortelaget har hatt ballen sidan avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana igjen.
Kristiansund leiar fortent 2-0 over Hødd etter ein solid omgang på Høddvoll. Laget opna forrykande og scora allereie etter tre minutt ved Kalludra. Etter dette la dei seg etter kvart bakpå og lot heimelaget trille litt ball. Rett før pause ville så bortelaget vise seg litt fram igjen då Bamba ordna 2-0 på halvvolley. Hødd har ein formidabel jobb foran seg om dei skal få poeng her. Vi håpar på 45 spanande minutt etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Frispark for Hødd. Ulland Andersen skyt like utanfor.
43'
Mål!
0-2
KBK scorar ut av ingenting! Hødd-presset er fråverande og Bamba bankar til når ballen er på halvspretten. For å seie det med Ritchie Valens: 'Bamba, bamba, bam!'
43'
Hødd-kaptein Jesper Törnqvist vartar opp med sitt n-te dårlege oppspel i kampen. Dei gongane heimelaget har skapt noko har det skjedd når ballen har gått langs graset.
42'
Ingebrigtsen får lagt inn frå høgre, men headinga frå Mork Kleppe er ikkje hard nok og går rett på Månnson. Bra takter frå Hødd, no.
41'
Andersen legg opp til Grodås som bankar til på direkten. Månnson gir ein farleg retur, men ingen i blått er oppmerksomme og bortelaget kan klarere.
40'
Frispark for Hødd. Wrele og Ulland Andersen står klare.
40'
Frispark for Hødd. Wrele og Ulland Andersen står klare.
40'
Frispark for Hødd. Wrele og Ulland Andersen står klare.
39'
Hødd har ballen heile tid no, men KBK er komptakte bakover og hindrar dei blå i å skape noko særleg.
35'
Grei sjanse for Hødd! For ein gongs skuld spelar heimelaget ball langs bakken, og Torset får avslutta etter ein vegg med Kleppe. Skotet skrur like utanfor mål. Beste Hødd har kome opp med hittil.
32'
Økland prøvar seg frå distanse, men Falch har ein enkel jobb med å halde ballen.
30'
Ulland Andersen prøvar å finne Magnussen med ein stikkar, men bortelaget får ordna opp nok ein gong.
30'
Kristiansund tek få sjansar framover i bana no.
29'
Tidlegare Hødd-trenar Lars Arne Nilsen, som vann NM-gull med laget i 2012 og nesten klarde å rykke opp til Tippeligaen i fjor, er for øvrig til stades på Høddvoll. Han kan nok ikkje vere spesielt imponert over kva Sindre Eid har fått til med det tidlegare laget hans.
26'
Litt betre takter av Hødd no, sjølv om dei ikkje maktar å kome til moglegheiter.
24'
Hjørnespark
Andersen får to førsøk, men bortelaget får rydda opp ved begge høva.
22'
Hjørnespark
Endar etter kvart i returromet der Wrele avsluttar. Ballen sprett opp i handa på ein KBK-spelar, men domar Hansen gjer nok rett i å ikkje døme på den situasjonen.
21'
Hødd rotar vekk ballen på eigen halvdel og Mendy prøver eit skot. Falch er derimot med på notane og fangar den greitt.
20'
Sveen går i bakken like utanfor bortelaget sin sekstenmeter, men domar Hansen vinkar han berre opp att.
17'
Magnussen vinn sin første duell i kampen og legg igjen til Ulland Andersen. Den tidlegare Vard-spelaren avanserer med kula før han avsluttar over mål. Det beste Hødd har varta opp med hittil.
16'
Offensiven til KBK har roa seg ned no. Men for nokre offensive minutt vi var vitne til i starten av oppgjeret!
15'
Bamba skjer innover og avsluttar, men skotet går høgt over mål.
14'
Hjørnespark
Blir stanga unna på første stolpe.
14'
Ingebrigtsen med innkast. Endar med hjørnespark.
11'
Nok ein dødball for bortelaget. Kalludra står klar igjen. Godt slått endå ein gong, men ingen får heada på mål.
10'
Frispark til KBK. Kalludra slår nok ein gong farleg inn, men ingen i kvitt rekk å kome på ballen. Utspel frå Falch.
10'
Hødd startar for øvrig med ungguten Benjamin Mork Kleppe på høgrekanten. Han gjer sin debut frå start for blåtrøyene. Ettersom heimelaget har hatt meir enn nok med å demme opp bakerst har vi sett minimalt til han.
8'
For ei opning det har vore av bortelaget. Hødd ser ikkje ut til å vere klare over at kampen har starta, og det er ikkje akkurat for første gong i sesongen at det har sett slik ut.
7'
KBK er livsfarlege! Hødd slit stort, og eit passivt forsvar ser på at Mendy får teke med seg ballen åleine igjennom. Spissen er under press og Falch får stoppa det ikkje altfor harde skotet.
5'
Hjørnespark
Hødd har heada unna.
5'
Veldig nære 0-2! Kalludra slår eit frispark inn i boksa, og ein sterk Bjerkås får heada på mål frå kort hald. Noreg sin U21-keeper Aslak Falch er derimot vaken og får forhindra scoring ved å gjere ei fantastisk reaksjonsredning.
3'
Mål!
0-1
Bortelaget går i føringa! Kristiansund pressar på litt, og Hødd er meget passive i presset. Ballen dett etter kvart ned i beina til Kalludra, og svensken viser god presisjon i det han plasserer ballen i det lengste hjørnet.
2'
Hjørnespark
2'
Bra sjanse for KBK! Bortelaget får avslutta frå distanse, og Falch må ut i full strekk for å forhindre mål. Corner.
Avspark Start 1. omgang
Ein bataljon på 10-15 stykke har teke turen frå KBK sine supporterar, Uglan. Dei har skapt mest liv hittil på stadion, så Hødd sine Blåsarane får ein bra kamp med å vinne på tribunene.
Kveldens hovuddomar er Bjørn Hansen frå Kolbotn IL.
No er begge laga på veg ut på grasmatta, som ser svært så strøken ut.
Tidens Krav spør på si side om det kan bli Bamba-show frå Karamoko Daouda Bamba i Ulsteinvik i dag. Spissen frå Elfenbeinskysten står med berre eitt mål på ti kampar hittil i sesongen, men har likevel fått tillit på topp i lag med KBK sin toppscorar Jean A. Mendy.
Heimelaget har fått fleire viktige spelarar klare til dagens kamp. Falch, Grodås og Ulland Andersen er alle tilbake i startoppstillinga, i tillegg til at briten Shroot er på benken. Ein av dei viktigaste spelarane til Hødd er derimot framleis ute, nemleg strategen Erik Sandal. Han har byrja å jogge i fylgje lokalavisa Vikebladet, men er likevel langt unna å kunne sparke ball. I tillegg er stortalentet Fredrik Aursnes suspendert etter for mange gule kort.
Dei to naboklubbane, om vi kan kalle dei det, har møttest ni gonger sidan 2007. Inkludert i denne perioden er tre sesongar i lag i 2. divisjon. Hødd har hatt ein bra overtak på desse, med totalt seks sigrar mot KBK sin eine. Dagens bortelag kan derimot vise til den største sigeren på desse oppgjera, og 5-0-sigeren i Kristiansund i 2009 var tungt å bere for ulsteinvikarane, som heller ikkje klarde å rykkje opp det året. Det førre møtet mellom laga enda med 1-1 her på Høddvoll i fjor. Sandal og Mendy scora måla.
Heller ikkje Kristiansund har hatt ein optimal start på 1. divisjon 2014 med fire tap hittil. Seks sigrar og to uavgjort gjer likevel sitt til at kristiansundarane har kontakt med dei fire kvalikplassane.
Heimelaget Hødd har hatt ein veldig variabel start på sesongen, og ei god periode i byrjinga har blitt etterfylgd av ei dårleg ei. Hittil har blåtrøyene 4-4-4 og 16 poeng, noko som tilsvarer ein 10. plass. Det er spesielt heime på elles ugjennomtrengelege Høddvoll at laget til Sindre Eid har svikta mest. 1-3-2 på seks kampar held ikkje om cupvinnarane frå 2012 skal kunne kjempe om opprykk. I tillegg rauk dei ut på verst mogleg vis i NM her, med heile 1-5 mot 2. divisjonslaget Florø.
Det er, som mange andre plassar elles i landet, veldig flotte forhold for fotball i dag, både for aktørar og tilskodarar. Temperaturen i Ulsteinvik har lege på over 20 grader i dag, og for ein gongs skuld er det også vindstille på heimebana til Hødd.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjonsoppgjeret mellom Hødd og Kristiansund, direkte frå Høddvoll!