Referat
Kun høydepunkter
Hødd tek sin fjerde siger på rad etter ein skikkeleg slitekamp. Blåtrøyene vinn fortent ettersom dei har hatt det meste av spelet og dei fleste sjansane, men Kongsvinger yppa seg bra på slutten og kunne med litt hell fått seg ei scoring. Dei regjerande cupmeistrane har dermed avansert til 2. plass på tabellen, medan Kongsvinger har ramla eit hakk ned etter årets første ligatap. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Nystuen stig til vêrs og headar eit innlegg utanfor. Utspel frå Lie.
90+4'
Hødd vinn kula, men KIl snappar den tilbake og set fart framover.
90+4'
Deinoff spelar langt ut.
90+3'
Shindika slår bak Hødd sitt forsvar, men Myklebust blir nok ein gong avvinka for offside.
90+2'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Nok av tid for bortelaget, det!
90+1'
Bortelaget pressar på no. Nervøs stemning på Høddvoll.
90'
God sjanse for KIL! Lie må gi retur på eit hardt skot, men Brandal får rydda ballen unna.
89'
Deinoff beinar ballen fram.
89'
Pasning mot Myklebust i bakrom. Lie kjem ut og plukkar ballen.
89'
Lie med utspel. Den innleigde AaFK-spelaren brukar bra med tid no.
88'
Tre minutt av ordinær tid att. Kan Kongsvinger klare å få med seg eitt poeng på tampen?
85'
Klabb og babb i Hødd si boks. Endar med corner til KIL.
85'
Ertsås og Solum skal inn.
84'
Begge lag skal gjere eit innbyte no.
84'
KIL får slått eit frispark inn i boksa, men den påfølgjande headinga går utanfor.
83'
Kan Kongsvinger klare å kome tilbake her? Det dei har vist hittil offensivt har ikkje vore mykje å skryte av.
81'
Med 10 minutt att å spele er det klart mest liv i Blåsarane. Dei tilreisande frå KIL Supporterklubb har ikkje laga altfor mykje liv og røre i dag.
80'
Heltne går i bakken, men domaren gir i staden frispark til KIL, til heimepubikummet sin store forarging.
77'
Helland prøvar å finne Magnussen inne i boksa. Pasninga blir for unøyaktig.
76'
Brandal med innkast for Hødd. Magnussen dyttar Nystuen overende og lagar frispark.
74'
Hæstad prøvar å slå langt mot Ellingsen, men pasninga går berre inn til Lie.
73'
Lite kreativt som skjer her no. Dette byrjar å likne på ein 0-0-kamp.
72'
Dadjo prøvar å stikke igjennom til Hæstad, men KIL-kapteinen når ikkje kula.
69'
Litt laber periode i kampen no. Ingen av laga evnar å skape noko særleg av farlegheiter.
65'
Helland skyt via muren og til corner.
65'
Sandal og Helland står klare.
64'
Heltne jobbar fram eit frispark i veldig bra posisjon for heimelaget.
64'
Innkast til Hødd høgt i bana.
63'
Hassane Dosso avsluttar på halvvolley. Utanfor buret til Lie, som for øvrig har bra kontroll.
62'
Vehard Heltne tek over venstrekanten, medan Joachim Magnussen går inn som spiss.
61'
Helland slår inn, men ballen blir stussa nokre meter utanfor. Ufarleg.
61'
Helland slår inn, men ballen blir stussa nokre meter utanfor. Ufarleg.
61'
Frispark til Hødd 6-7 meter inne på KIL sin halvdel.
60'
Hæstad slår mot Myklebust, men den tidlegare Hødd-spissen blir avvinka for offside.
59'
Standal jaktar ein ball høgt i bana og får ein corner som belønning.
58'
No har det byrja å regne i Ulsteinvik også.
56'
Hødd tek eit frispark kjapt, men Helland får ei dårleg berøring og får ikkje til eit altfor godt innlegg. Deinoff plukkar kula.
55'
Kongsvinger har starta denne omgangen langt betre enn den første.
52'
Hæstad dreg seg fint framover i bana og trillar til Dosso. Han skyt via ein motspelar og til corner.
50'
Kongsvinger slår i bakrom mot Myklebust gong på gong, men hittil har ikkje pasning og løp stemt overens.
48'
No er det bortelaget sin tur til å rope på straffe. Hæstad vendar opp inne i Hødd si boks for så å dette overende. Domar Toppe tek fløyta til munnen, men vel så å peike på ballen i staden.
47'
Magnussen stussar fri Standal bak KIL sitt forsvar. Spissen er først på ballen og går så i bakken, men domaren vinkar han opp att.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare igjen.
Det står 0-0 til pause på Høddvoll i ein omgang Hødd har dominert. Blåtrøyene har pressa i store delar av kampen og skapte fleire gode sjansar, men effektiviteten har vore dårleg. Det blir spanande å sjå om Kongsvinger kan heve seg etter kvilen, eller om Hødd sitt overtak vil halde fram.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Myklebust slår inn, men heimelaget får rydda unna.
45'
Johannesen får eit tvilsamt frispark. Skal KIL gjere det på ein dødball?
44'
Helland slår inn, men heimelaget får klarert.
43'
Helland blir dytta overende og Hødd får frispark nokre meter frå kortsida på KIL si boks
41'
Standal går i bakken inne i KIL si boks etter ein dytt. Domaren dømer i staden frispark andre vegen for noko i forkant.
40'
Helland legg ballen rett i muren.
40'
Frispark i bra posisjon for heimelaget. 18-19 meters hald.
39'
Domar Toppe dempar ballen til Nilsen som skyt. Forsøket blir blokkert.
39'
Shindika dyttar Standal i ryggen og Hødd får frispark.
38'
Helland skjer innover og avsluttar. Høgt over mål. Hødd hadde verkeleg fortent å leie her no.
37'
Stor jubel på stadion når speaker annonserar at Molde leiar 2-0 over Ålesund!
36'
Stor sjanse for Hødd! Standal snik seg inn bak KIL sitt forsvar på frisparket, men headinga er veldig svak og går langt utanfor mål.
36'
Nok ein dødball til Hødd på midten.
36'
Latifu slår i bakrom til Helland, men sistnemnde er ikkje heilt med og startar ikkje på pasninga.
34'
Helland får frispark midt inne på KIL sin halvdel. Blir teke kjapt, og Deinoff må fort tilbake i buret for å plukke kula.
33'
Brandal med innkast høgt i bana.
33'
Småfarleg frå bortelaget. Myklebust vinn ein duell inne i Hødd si boks og headar inn framføre mål, men der blir ein spelar for hardhendt og lagar frispark imot.
32'
Hæstad med innlegg frå høgre. Forbi alle. Kongsvinger står litt høgare no.
31'
Dadjo prøvar seg frå langt hald, men forsøket blir enkelt for Lie å halde.
30'
Hødd har ballen mest igjen no, etter ei lita periode der KIL yppa seg.
26'
Hødd er farleg frampå, men Helland klarer aldri å få kontroll på kula inne i boksa.
23'
Hødd sin offensiv har roa seg litt no. Diverre for blåtrøyene klarde dei aldri å utnytte presset dei hadde.
23'
Småtrykk frå bortelaget. Dosso får avslutta, men forsøket når aldri fram.
21'
Nok eit frispark til bortelaget. Midt på bana.
20'
Tuelo Johannesen går for skot, men rett på Lie.
20'
Kongsvinger får eit relativt billeg frispar midt på Hødd sin halvdel.
19'
Innkast høgt i bana for bortelaget.
17'
Stor sjanse for Hødd! Magnussen dreg i gong eit angrep og spelar vidare til Sandal som slepp kula til Helland. Åleine med Deinoff rotar trøndaren med medtaket og KIL får gitt til corner.
15'
Nesten for Hødd! Helland slår inn tidleg og ballen blir stussa like utanfor. Der var Deinoff på halvdistanse og hadde aldri nådd ballen.
15'
Frispark til heimelaget midt på KIL sin halvdel.
12'
Helland med eit flott innlegg frå høgre. Ballen blir stussa vekk like framføre Magnussen inne i feltet.
11'
Liten tvil om at Hødd har kome best i gong her.
7'
Hødd på ein fin overgang, men Sandal blir ubesluttsam og rotar vekk kula. Fine kombinasjonar av heimelaget i forkant.
7'
Første duell mellom Tornqvist og Magnussen. Den vinn Hødd sin kaptein.
5'
Latifu kastar langt og Magnussen stussar farleg vidare inn i feltet. Ballen går forbi alle i feltet. Der burde det absolutt ha stått ein spelar i blått.
3'
Som eit artig moment kan vi nemne at då Hødd sist slo KIL, i 2006, var Kim Deinoff keeper for blåtrøyene. Og for Hødd er målscoraren frå den gongen, Erik Sandal, den einaste som er igjen på laget.
1'
Hødd går rett i angrep med ei langspasning, men KIL får etter kvart rydda opp.
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget skal starte med kula.
No kjem laga på bana!
Petter Kristiansen Toppe er dagens hovuddomar, medan Monica Brun Løkkeberg og Helge Myklebust er assistentar på langsidene.
KIL Supporterklubb er representerte på Høddvoll i dag, med 14-15 tilreisande frå Hedmark. Hødd sine Blåsarane er sjølvsagt i fleirtal, men det skal bli spanande å fylgje kampen på tribunene også i dag.
Hødd og Kongsvinger har møtt kvarandre 16 gongar sidan 1995, då dei begge var i Tippeligaen. Statistikken over desse oppgjera er 8-3-5 i favør KIL. På Høddvoll har blåtrøyene hatt eit lite overtak med 4-1-3. Sidan Hødd rykka opp igjen i Adeccoligaen i 2011 har dei tapt begge oppgjera på Høddvoll med 0-2, og vi må faktisk tilbake til 2006 for å finne siste gongen Hødd vann. Erik Sandal scora då på eit straffespark i det 86. minutt i det som enda med ein 1-0-siger.
Dagens kamp blir spesiell for to av KIL-spelarane. Både keeper Kim Deinoff og spiss Magnus Myklebust har ei god fortid i Hødd, med fleire sesongar bak seg der. Sistnemnde var også på radaren til Hødd før denne sesongen, men valde altså spel i Hedmark-klubben i staden.
Heimelaget manglar blant anna Victor Grodås og Eirik Heltne til denne kampen. Kongsvinger må på si side unnvere Kai Olav Ryen, Patrik Hansen og Gøran Wigum, medan Magnus Solum endå er eit stykke unna kampform, og er ikkje med, melder Glomdalen.
Kongsvinger har også fått ein grei start på 2013, etter at 1977-modellen Stian Aasen overtok for Tom Nordlie før denne sesongen. Med 2-2-0 hittil er dei på 8. plass. Heime på Gjemselund enda dei med 1-0 over Mjøndalen og 2-2 mot Stabæk, før dei i dei to påfølgjande kampane blei 2-2 borte mot Elverum og 2-1 heime over opprykksfavoritten Fredrikstad.
Etter tap i den første runda mot Fredrikstad har Hødd hatt ein god oppsving, og med tre strake sigrar er dei i si beste form i seriesamanheng på lang, lang tid. HamKam (2-1 heime), Stabæk (1-0 heime) og sist Strømmen (2-0 borte) har heimelaget slått i dei siste kampane. Dette gjer at dei ligg på 6. plass i augneblinken, og det med ein kamp til gode etter at oppgjeret mot Follo blei utsett for nokre veker sidan.
Då er begge laga ute, og dei to trenarane Lars Arne Nilsen og Stian Aasen gjer éi endring kvar. Erik Sandal har rista av seg sjukdomen og kjem inn på laget til fordel for Bendik Torset. På Kongsvinger kjem Petter Tiller Larsen inn for Mats Skårdal.
For første gong i år er det bra vêr og gode speleforhold på Hødd si heimebane i Ulsteinvik. Blåtrøyene er godt i gong med oppvarminga, men dei tilreisande frå Kongsvinger har endå ikkje byrja å røyre på seg.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Kongsvinger! Livereportar Sebastian Eide og assistent Nikolai Løken Eide er til stades på Høddvoll og vil fylgje at som skjer på grasmatta med argusauge dei neste timane.