TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet frå iskalde Nye Høddvoll. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Avslutningar: 9-12. På mål: 6-8.
Hødd er dermed framleis på jakt etter sin første trepoengar for sesongen. Den bør kome nokså kjapt også, for avstanden til toppen blir større og større. Kongsvinger har på si side vist at dei kan bli å rekne med framover. Laget gjorde ting veldig vanskeleg for Hødd til tider i dag.
Det endar altså 2-2 på Høddvoll mellom Hødd og Konsvinger. Heimelaget tok leiinga i begge omgangane ved henhaldsvis Magnussen og Vestvatn, men KIL kom tilbake ved begge høva. Moldskred og Ellingsen netta for bortelaget. I alt er det nok eit greitt resultat då kampen var nokså jamspelt.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+2'
Nesten for Hødd! Sjølstad får ballen i perfekt posisjon utanfor boksa, men set avslutninga like over mål.
90'
Hjørnespark
Glir av issen på ein Hødd-spelar og til utspel.
89'
Hjørnespark
KIL klarerer via ein høddspelar og til utspel frå Fredrikson.
89'
Sotiroglou kjem til heading etter innlegg. Urke plukkar greitt.
86'
Hjørnespark
KIL får klarert. Hødd beheld kula.
86'
Skal vi få ein vinner heilt på tampen her? Begge laga er i alle fall angrepsvillige.
84'
Hjørnespark
Endar med null og niks.
81'
Mål!
2-2
Plutseleg står det 2-2 på Høddvoll! Ellingsen skyt frå langt hald og forsøket går via ein spelar og forbi ein totalt utspelt Urke.
79'
Spillerbytte
79'
Spillerbytte
79'
Heimelaget pressar no. Sereba kjem til avslutning, men forsøket blir blokkert.
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Hødd skal gjere eit dobbeltbyte.
74'
Hjørnespark
Forbi alle i feltet.
73'
Hjørnespark
Hødd overtek og prøvar ei kontring. Den endar med frispark til KIL.
70'
Hjørnespark
Endar til slutt med utspel.
70'
Ulland Andersen skyt. Via ein motspelar og til corner.
70'
Moldskred avanserer med ballen og avsluttar, men nokså rett på Urke.
69'
Heimelaget har ballen utanfor KIL si boks, men klarer ikkje å kome til avslutning.
64'
Hjørnespark
Endar med utspel frå Urke.
64'
Hjørnespark
Går utover sidelinja til ein ny corner.
63'
Spillerbytte
63'
Moldskred med eit innlegg som går via ein motspelar og på oversida av tverrleggaren. Corner.
60'
Nesten 3-1! Sereba driblar seg elegant fri på høgrekanten og chippar ballen inn framføre mål. Der stig Magnussen til vêrs, men headinga klarer ikkje å overliste keeper Fredrikson.
59'
Ellingsen avsluttar - over mål.
59'
Vennberg og Ellingsen står klare.
58'
Frispark til Vinger i god posisjon. Av det litt billege slaget ser det ut til.
58'
Keeper Fredrikson fungerer som sweeper og kjem ut og klarerer ei bakromspasning.
57'
Vi har fått ein fantastisk start på denne andre omgangen! To mål og ganske sikkert fleire i vente.
56'
Stor sjanse for KIL! Bortelaget får avslutta frå kloss hald, men Urke reddar flott. Gjestane får også moglegheita på returen, men skotet blir sendt høgt over mål.
56'
Øystein Vestvatn gjer dermed sitt første mål for Hødd. Førre sesong enda han med åtte mål på 30 kampar for Follo.
53'
Mål!
2-1
Hødd svarer umiddelbart! Heimelaget slår eit innlegg inn i boksa og KIL ser ut til å ha kontroll, men i staden for å klarere sender Pålerud ballen rett foran Vestvatn. Den tidlegare Follo-spelaren takkar og bukkar og plasserer ballen flott i nettet forbi Fredrikson.
50'
Mål!
1-1
Kongsvinger utliknar etter flott spel! Raudtrøyene rullar opp eit bra angrep og kjem til fleire innlegg. Maikel prøvar eit slags skot inne i boksa, men får berre til å forlenge kula til Moldskred som får tuppa ballen rett framføre nasen på Urke. 1-1 og vi er like langt!
49'
Aasbak slår ein crossar inn i boksa, men Sereba klarer ikkje å få gjort noko skikkeleg med den.
48'
Kongsvinger sin hovudtrenar Luis Berkemeier Pimenta gjer kva han kan for å mane spelarane sine til innsats.
47'
Pålerud med eit svært farleg innlegg frå høgre. Snik seg forbi alle i feltet.
Start 2. omgang Start 2. omgang
KIL Supporterklubb er oppe og viftar med flagga, og vi er kort tid unna avspark.
Hødd leiar 1-0 over Kongsvinger etter dei første 45 minutta. Joachim Magnussen scora kampens hittil einaste mål i det 13. minutt. Etter det har det vore langt mellom moglegheitene, men begge laga har hatt gode forsøk. Vi håpar at det tek endå meir av på Høddvoll etter pause!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Nesten 2-0! Ulland Andersen prøvar å plassere frisparket nede i det ein hjørnet, men Fredrikson får avverga.
45+1'
Frispark til Hødd 23-24 meter frå mål.
45'
Gult kort
Wennberg stoppar ein overgang og får kampens andre gule kort.
45'
Martin Ellingsen avsluttar på mål, men Urke avvergar utan altfor mykje problem.
44'
Ellingsen står klar.
44'
Raudtrøyene får eit frispark på hjørnet av Hødd sin sekstenmeter. Kan bli farleg dette.
43'
Hjørnespark
Endar berre med eit innkast.
41'
Hjørnespark
Veldig nære scoring! KIL får avslutta inne i boksa, men Urke får avverga. Returen hamnar på femmeteren, men Hødd får blokkert i siste liten.
41'
KIL kjem plutseleg i overtal framover, men kaptein Wrele ordnar opp med ei veldig viktig takling.
40'
Sereba med eit slags skot frå spiss vinkel. Fredrikson blokkerer greitt.
40'
Didrik Sereba prøvar å kome seg fri på høgresida, men blir stoppa altfor lett.
38'
Hjørnespark
Endar med eit frispark til Hødd etter knuffing i feltet.
37'
Dobbeltsjanse for KIL! Moldskred får to sjansar til å putte ballen i mål. Det første reddar Urke, men målvakta gir ein farleg retur. Den får Moldskred tak i og spissen prøvar seg igjen. Forsøket går via ein høddspelar og til corner.
37'
Ikkje altfor mykje som skjer på Høddvoll no. Heimelaget har ballen mykje, men det luggar litt framover.
33'
Hjørnespark
Endar med utspel.
33'
Pålerud prøvar å slå inn. Via ein Hødd-spelar og til corner.
31'
Magnussen prøvar eit skot, men det blir raskt blokkert.
26'
Hødd kjem på ein flott overgong, men Magnussen blir for rådvill og speler ei vanskeleg pasning til Ulland Andersen. Med litt meir presisjon og tydeleg løp kan det angrepsspelet bli veldig farleg.
24'
Andersen går for skot! Den tidlegare Vard-spelaren prøvar ein frekkis i det næraste hjørnet, men forsøket går like utanfor.
23'
Andersen og Aasbak står klare.
23'
Frispark til heimelaget i god innleggsposisjon.
22'
Pålerud med eit godt innlegg frå høgre. Heimelaget får reinska unna.
19'
Hans Erik Eriksen lukkast altså med valet med å setje Joachim Magnussen på topp. Joa, som han blir kalla, hadde eit skuffande 2015 og enda opp med berre ei scoring på 20 kampar.
16'
Hjørnespark
KIL får klarert, men Andersen får igjen kula. Han dreg seg innover i bana og prøvar eit skot. Høgt over mål.
16'
Hjørnespark
Blir klarert til ein ny corner.
15'
Hjørnespark
Går til Wrele på bakerste stolpe. Han prøvar å heade inn foran mål, men gjestane får blokkert.
15'
Ulland Andersen dreg i gong ei kontring, men blåtrøyene klarer ikkje å finne kvarandre.
13'
Mål!
1-0
Magnussen sender Hødd i føringa! Spissen blir spelt åleine igjennom og avsluttar sikkert i langhjørnet bak Fredrikson. 1-0!
11'
Hjørnespark
Denne gongen klarer Aasbak og Ulland Andersen å setje seg i offside når corneren skal takast. KIL overtek.
9'
Ulland Andersen prøvar så å finne Magnussen med ein stikkar, men løp og ball går i ulike retningar. Ikkje mykje samspel å finne i Hødd-laget på den siste tredjedelen endå.
7'
Magnussen prøvar å heade ned til Ulland Andersen, men mislukkast. Ballen går til keeper Fredrikson.
6'
Venstreback Aasbak hjå Hødd har allereie seld seg kraftig to gongar. Dette kan nok KIL utnytte meir.
5'
Gult kort
Aasbak får eit tidleg kort etter å ha prøvd å stoppe ei kontring.
5'
Hjørnespark
Blir slått til innkast på motsett side. Elendig dødball av Ulland Andersen.
5'
Godt førearbeid av Magnussen som riv seg laus med ballen. Vinn ein corner.
3'
Frispark til Hødd eit godt stykke inne på KIL sin halvdel. Heimelaget prøvar å ta det raskt, men domar Skarsem er pirkete.
2'
Vi er i gong i Ulsteinvik. Det er eit ufyseleg vêr med regn og vind og låg temperatur. Forhåpentlegvis vil spelet varme.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga har no kome ut på kunstgrasmatta på Høddvoll. Hødd-hymna "Liten - men stor" rungar ut over stadion.
Det har vore fleire minnerike møte mellom laga. Den største sigeren kom i 2001, då Hødd vann heile 7-0. Oppgjeret her på Høddvoll i 2005 var derimot meir jamt, men blåtrøyene sigra 4-3 i ein artig fotballmatch.
Hødd og Kongsvinger har møttast 18 gongar sidan 1995. Det året var dei begge i Tippeligaen, men medan sunnmørslaget rykka ned berga hedmarkingane så vidt plassen. KIL har vore best totalt sett med 8-3-7 på desse oppgjera. Sist dei møttest, i 2013, vann Hødd begge oppgjera 1-0 etter mål av henhaldsvis Erik Sandal og Sivert Heltne Nilsen. Ingen av desse speler i Ulsteinvik lenger.
Bortelaget frå Hedmark har på si side vore involvert i to målrike kampar hittil. Først blei det eit grusomt 3-0-tap for Åsane, før nykomar Raufoss blei slått 3-2 førre sundag. Moldskred, Maikel og Sotiroglou ordna måla.
Til trass for mykje ballinnehav har ikkje Hødd imponert noko særleg endå, og heller har det ikkje resultert i noko særleg med poeng. Det blei 1-1 heime mot Bryne i opningskampen før det blei 2-1-tap for Ranheim sundagen etter. Dermed er det eit bra behov for tre poeng for ulsteinvikarane i dag.
Begge laga klarde å sikre avansement frå 1. runde av NM i midtveka. Heimelaget Hødd smadra Godøy heile 6-1, medan Kongsvinger tok ein knepen 1-0-siger borte mot Flisa. Martin Ellingsen scora det einaste målet her eit kvarter før slutt. For Hødd sin del fekk spissane Joachim Magnussen og Michael Karlsen nokre etterlengta oppturar. Magnussen scora tre, noko som har ført til at han har fått fornya tillit på topp for heimelaget i dag. Karlsen laga to mål, men trenar Hans Erik Eriksen har ikkje klart å finne plass til meir enn ein spiss på laget.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande oppgjeret mellom Hødd og Kongsvinger, direkte frå Høddvoll!