TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kongsvinger vinn 2-0 i ein ikkje altfor velspelt kamp. Tom Nordlie sitt lag var kompakte bakover og hyppe på kontringane, noko som resulterte i null innsleppte og to scora mål. Laget er dermed definitivt å finne i 1. divisjon også neste år, og det same blir Hødd, som noko ein gong sleit med å finne nettmaskene. Lars Arne Nilsen sitt lag har forøvrig spela omlag 340 minutt utan å score no. Det må det rettast på om det skal bli poeng. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+5'
Mål på straffe!
0-2
Nyland går rett veg, men straffa er for godt plassert.
90+4'
Straffe!
Güven kjem seg forbi Latifu og blir felt.
90+4'
Güven kjem seg forbi Latifu og blir felt.
90+4'
KIL vinn innkast. Brukar forståeleg nok bra med tid.
90+4'
KIL med ballen no. Dette blir nok siger til dei raude.
90+3'
Hjørnespark
90+3'
Kim Holmen prøvar å drage seg innover i boksa, men Torset får eit bein på ballen.
90+3'
Nilsen dett og ballen går utover sidelinja til innkast for KIL.
90+2'
Hødd har ballen heile tida no.
90+2'
Nok eit frispark. Nyland slår.
90+1'
Frispark til Hødd midt på bana. Krogh får beina unna.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt i denne kampen.
90+1'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
90'
Nære på at keeper Nyland scorar! Målmannen får ballen vendt frå mål, snur seg kjapt og avsluttar over, via ein motspelar.
90'
Frispark frå Sandal.
89'
Hjørnespark
Også keeper Nyland går opp. Vel tidleg!
89'
Om Hødd ikkje scorar i denne kampen, vil dei ha spelt 340 minutt utan mål. Det er sjeldan kost for eit av Adecco-ligaen sine mestscorande lag.
87'
Torset med innlegg, og endeleg får ballgutane bak mål noko å gjere på.
86'
Michael Karlsen tek ned ballen utanfor sekstenmeteren og skyt utanfor på halvvolley.
86'
Standal blir spelt fri av Sandal, og innbyttaren dreg seg inn i boksa. I staden for å spele til ein lagkamerat går han for skot, som endar over. Den burde han ha teke betre vare på!
83'
Spillerbytte
82'
Ikkje altfor mykje som tydar på at Hødd skal få poeng i denne kampen. Den offensive samhandlinga har ikkje fungert slik den har gjort tidlegare i sesongen.
81'
Spillerbytte
81'
Gult kort
Får det for frisparket han laga.
81'
Hødd og Ahmed er på veg framover, men domar Rafiq dømer frispark motsatt veg.
78'
KIL ligg igjen med 10 mann når Hødd har ballen. Skal dei klare å drage dette i land, og dermed definitivt sikre plass i neste års Adecco-liga?
75'
Sandal lagar frispark, og klokka tikkar Kongsvinger sin veg.
75'
Nyland skal slå langt frå eigen halvdel.
75'
No har sola dukka opp her på Høddvoll. Det varmar i alle fall litt!
74'
Adem Güven stormar framover, og berre ein lang fot frå Engen Grimstad hindrar ein bra sjanse.
73'
Hjørnespark
Tek det kjapt til Ahmed og får tilbake ballen, før han skyt forbi alle i feltet. Kunne fort ha kome eit bein på den.
72'
Latifu blir felt midt på KIL sin halvdel. Frispark. Nilsen slår inn, og bortelaget får gitt til corner.
70'
Spillerbytte
70'
Hødd pressar bra no, men dei slit i dei avgjerande fasane, samt med avslutningane.
69'
Hjørnespark
Endar i ingenting.
69'
Bra forsøk frå KIL! Solum avsluttar bra frå distanse, men Nyland får ei hand på kula.
69'
Latifu kjem seg inn i boksa, men førtifemgraderspasninga treff berre ein spelar i raudt.
67'
Diomande set ballen i mål, men assistentdomaren var oppe med flagget allereie før vingen avslutta. Ikkje altfor mange protestar frå hverken lag eller publikum der, så det var nok ei korrekt avgjerdsle.
65'
Holmen med innkast. Kastar forbi Hødd sitt mål, men heimelaget får klarert. Vanvittig lengde på kasta til vingen.
65'
Ørjan Engen Grimstad skyt frå langt hald. Deinoff stoppar skotet og gir ein retur som han sjølv fangar igjen.
63'
Dobbeltsjanse for Hødd! Heimelaget rullar flott opp, men framføre målet klarer ikkje Nilsen og co å avslutte skikkeleg, til trass for to gode forsøk.
62'
Hjørnespark
Nyland fangar elegant.
62'
Diomande er nære på å kome seg heilt gjennom KIL-forsvaret, men ein våken Shindika får ein fot på ballen og stoppar forsøket.
60'
Sandal prøvar å stikke til Diomande, men han blir litt for hard på labben og Diomande får ikkje tak i den.
59'
Adem Güven er nære på å tråkle seg gjennom Hødd-forsvaret, men ein dyktig Grimstad får hindra forsøket.
58'
Hjørnespark
Karlsen nikkar unna.
58'
Güven stormar inn i Hødd si boks, og berre eit bein frå Torset forhindrar ei farlegheit.
57'
Güven misser ballen til Latifu på eigen halvdel, men er heldig og får frispark.
56'
Hjørnespark
Slår den forbi alle, godt hjelpt av vinden.
55'
Hjørnespark
Nilsen får ballen på 16-17 meter, men bommar totalt.
54'
Nilsen med frispark på eigen halvdel. Deinoff feilbereknar og tapar duellen mot Grodås. Hødd får corner.
54'
Hødd med ein glimrande kontringssjanse etter corneren, men Ahmed blir for ubesluttsom og KIL får overteke.
53'
Hjørnespark
Karlsen nikkar unna.
53'
Karlsen er nære på å spele gjennom Diomande. Hæstad ordnar opp.
52'
Nok ein gong er Diomande på raid, men nok ein gong stoppar det heile opp til slutt.
51'
Grodås med frispark frå eigen halvdel. Rett inn til Deinoff.
51'
Diomande kjem seg forbi på venstrekanten, men nok ein gong blir den avgjerande pasninga for dårleg frå Hødd.
48'
Nære! Samir Fazlagic skur ballen like over mål. Den hadde ikkje Nyland teke om den gjekk på innsida!
48'
Krogh blir felt på 21-22 meter. Frispark.
48'
Shindika med ein grov ballmiss godt inne på eigen halvdel. Heldigvis for han si skuld bommar Karlsen med gjennomspelet mot Diomande.
46'
KIL sparkar i gong dei siste 45!
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga på bana igjen!
Kongsvinger leiar altså 1-0 etter dei første 45 minutta. Det har vore ein nokså artig kamp så langt, med fleire store sjansar. Hødd har hatt det meste av banespelet, medan KIL har vore svært giftige på kontringar og skapt dei fleste store sjansane. Vi vonar 2. omgang blir minst like bra!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Hjørnespark
Redning på strek! Moltu headar ballen mot mål, men Linnis står ved bakerste stolpe og headar unna. Stor sjanse!
45'
Hjørnespark
Ballen går på første stolpe, og ut til ein ny corner.
43'
Sandal med nok ein dødball. Torset vinn den første duellen, men den påfølgjande avslutninga går utanfor. Dosso ligg nede i feltet også, men kjem seg kjapt på beina.
43'
Nære på utlikning! Sandal slår inn til Karlsen som stussar ballen bakover der fleire Hødd-spelarar står. Diverre for dei går avslutninga over.
42'
Frispark til Hødd nokre meter frå hjørnet av KIL si boks.
42'
Latifu dreg seg innover mot KIL sin 16-meter, men bommar med stikkaren til Karlsen. Mykje nesten for Hødd så langt i kampen.
40'
Diomande i duell med Hæstad innanfor KIL si boks. Førstnemnde dett, men domaren vinkar spelet vidare. Såg ut som om den avgjersla var korrekt.
38'
Hødd rullar fint opp, og Sandal får avslutta frå 17-18 meter. Diverre for heimelaget går forsøket utanfor.
37'
Gult kort
37'
Faysal Ahmed prøvar å finte seg forbi Fazlagic, men backen står solid og stoppar forsøket.
36'
Krogh prøvar å hæle gjennom Solum, men flikken treff ein spelar i blått i staden.
34'
Kim Holmen er nære på å få drege med seg ballen gjennom Hødd-forsvaret, men vingen rotar litt med medtaket og Nyland får overteke.
34'
Sandal prøvar ein stikkar til Nilsen, men eit KIL-bein kjem i vegen.
32'
Nilsen med dødball. Slår inn til Grodås som vinn duellen, men ingen er der for å plukke nedfallsfrukta.
31'
Torset legg inn i boksa, men KIL får beina unna.
30'
Holmen med innkast. Hamnar rett i boksa, men der får Moltu klarert.
28'
For ein bom! KIL kontrar ved Krogh, og etter ein kort vegg med Solum får han ballen tilbake rett framføre mål, men frå seks-sju metes hald bommar han rett og slett på ballen. Güven får prøvd seg like etterpå, men på det forsøket har Nyland god kontroll.
27'
Diomande og Ahmed prøvar ein vegg, men ballen frå førstnemnte kjem litt for seint og Ahmed er vekke.
26'
Hødd med initiativet her no. KIL er svært giftige på kontringar.
25'
Kongsvinger kontrar, og det endar til slutt med at Solum avsluttar rett på Nyland frå bra posisjon. Bra forsøk!
24'
Ahmed stormar til dødlinja og slår inn, men KIL får beina unna.
23'
Hødd med ein fin kontringssjanse, men Grodås skuslar det vekk med ei dårleg pasning.
22'
Güven lobbar inn til Fazlagic som stussar over.
22'
Frispark til KIL midt på Hødd sin halvdel. Güven skal slå.
21'
KIL kombinerer fint, men det avgjerande innlegget frå Holmen treff ingen i raudt.
19'
Sandal slår den nok ein gong rett inn til Deinoff. Utruleg svakt av Hødd sin assistkonge.
19'
Ahmed dreg seg forbi Dosso, men blir kynisk felt av midtbaneankeret. Frispark i bra innleggsposisjon.
17'
Innlegg til Holmen som ikkje klarer å styre ballen med hovudet. Vingen tek seg til hovudet, vel vitande om at han allereie burde ha vore målscorar i denne kampen.
15'
Vanvittig nære 0-2! Hødd står høgt i bana, og Samir Fazlagic slår ein fantastisk crossar til Kim Holmen som kjem heilt åleine mot Nyland. Denne gongen er derimot Hødd-keeperen med på notane og vartar opp med ei kjemperedning.
14'
Krogh med eit høgt spark på Nilsen. Nok ein dødball til heimelaget. Nilsen skal ta det sjølv.
13'
Güven blir felt eit godt stykke inne på Hødd sin halvdel. Dei tek det kjapt, men rotar ballen ut og Hødd kan overta.
13'
Sandal slår den rett inn til Deinoff. Svakt av Hødd-spelaren.
12'
Frispark til Hødd midt på KIL sin halvdel. Sandal er klar.
12'
Morten Hæstad prøvar å storme forbi Hødd-forsvaret, men sparkar ballen for langt framføre seg og når den ikkje att.
11'
Nære på for Hødd! Sandal kjem seg fri i mellomrommet og driblar av ein mann, før han sender ein lobb like over mål. Bra forsøk!
10'
Mål!
0-1
KIL tek leiinga! Holmen snappar ballen frå ein Hødd-spelar som rotar, og sender i veg eit presis gjennomspel til Güven som ikkje gjer feil åleine med Nyland.
9'
Langt framspel mot Krogh, men indreløparen misser med mottaket og ballen rullar utover sidelinja.
8'
Sandal stormar framover og avsluttar frå godt posisjon, men rett på keeper Deinoff. Bra sjanse det!
8'
Wigum headar unna.
7'
Frispark til heimelaget midt på bana. Nilsen skal slå langt.
7'
Moltu avanserer framover, men øydelegg det heile ved ei dårleg pasning.
6'
Ahmed stormar framover, men domaren meiner at kantspelaren riv ned Linnes på veg framover. Den kan nok diskuterast.
5'
Langt framspel mot Solum. Moltu snappar kula.
3'
Hjørnespark
Nyland plukkar flott, men får også ein dytt. Domaren gir fordel, men eit dårleg utspark hindrar ei kontring.
3'
Latifu stoppar Guven som er på veg fram. Corner.
2'
Nilsen med dødball. Blir slått inn i boksa, men Grodås lagar etter kvart frispark.
1'
Karlsen og Sandal får kampen i gong!
Avspark Start 1. omgang
Hødd skal sparke i gong oppgjeret.
Eit ekstra moment i dagens kamp er at Kongsvinger sin målmann, Kim Deinoff, er tidlegare Hødd-spelar. Han var svært delaktig til at dagens heimelag rykka opp til Adecco-ligaen i 2007.
No kjem laga på bana!
Det er surt og forblåst på Høddvoll i dag. Det er frisk bris og temperaturen ligg på rundt 10-11 grader. Forhåpentlegvis vil dei to laga sørgje for ekstra varme i dei mange fotballhjarta som er her!
Omar Rafiq er dagens domar, og han blir assistert av Mads Hagerup-Lyngvær og Øystein Simon Ytterland.
Ørjan Berg Hansen, Arnar Førsund og Jonathan Dixon er alle ute til denne kampen for KIL.
Hødd manglar Dag Roar Ørsal, Ruben Kenneth Brandal og Fredrik Klock til dette oppgjeret, medan Adama Diomande og Ørjan Nyland er attende etter suspensjonar.
Klubbane har møttast i 13 obligatoriske kampar sidan 1995, og på desse er statistikken 5-3-5. Tre av dei fem siste kampane har enda med poengdeling, i tillegg til at laga har fått ein siger kvar. Møtet mellom laga tidlegare i sesongen enda 1-1 på Gjemselund. Ei overtidsscoring av Hødd sin Michael Karlsen sørga for uavgjort etter at Magnus Solum førde KIL i føringa ein halvtime før.
Borte frå Gjemselund stadion har Kongsvinger 4-1-8. På dei seks seinaste oppgjera totalt har laget 3-2-1, så forma bør vere grei også i dag.
På Høddvoll står blåtrøyene med 7-2-4. Den førre enda med 0-1-tap for Bryne i ein nokså keisam og målfattig kamp, og om ein tek med bortekampen etter det (0-3 mot Sandnes Ulf) så har laget ikkje makta å score i to kampar på rad. Det er sjeldan kost for Ulsteinvil-laget.
Utgangspunktet for denne kampen er kanskje ikkje det mest spanande, då begge laga ligg nokså trygt plassert midt på tabellen. Hødd ligg på 7. plass med 40 poeng etter 11-7-9 så langt, medan Kongsvinger er på 9. med 37 innsanka poeng etter 10-7-9 hittil. KIL ligg rett nok berre seks poeng unna Strømmen på øvste nedrykksplass, men Tom Nordlie sine spelarar har også ein kamp mindre spelt enn dei fleste andre laga. Med det kan vi vel konkludere at dagens bortelag er endå meir tende på ein siger enn det heimelaget kanskje er.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Kongsvinger!