TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Ein fantastisk spanande kamp er over på Høddvoll, og det er heimelaget Hødd som tek alle tre poenga etter ein nervepirrande slutt. Det var botn mot topp i Ulsteinvik i dag, men i store perioder såg det ikkje slik ut på laga. KIL gjekk i føringa etter nesten ein halvtimes spel ved Langrekken, men to raske scoringar av heimelaget ved Mogensen og Hellevik Larsen sørgja for at dei blå leia ved pause. Kongsvinger hadde mest initiativ etter kvilen, men til trass for eit ganske massivt trøkk klarde dei ikkje å få ballen i mål. Spesielt Holtan burde ha klart det, men han bomma åleine med keeper to gongar. Heilt på tampen var faktisk heimelaget nærast, då keeper Strömberg oppheldt seg på Hødd sin halvdel og Mogensen og Kallevåg fekk avslutte på tomt mål, riktig nok frå langt hald. Hødd rei uansett av stormen, og tok med det tre ekstremt viktige poeng. Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Alme plukkar eit innlegg og legg seg på ballen. Skal Hødd klare å ta alle tre poenga?
90+4'
Stor sjanse igjen for Hødd! Kallevåg også prøvar seg på det tome målet frå eigen halvdel, men avslutninga snik seg like utanfor.
90+4'
Og der held keepertrekket på å straffe seg! Mogensen avsluttar like utanfor frå eigen halvdel.
90+3'
Keeper Strömberg står midt på Hødd sin halvdel når bortelaget har ballen. Spanande trekk!
90+1'
Hellevik Larsen trekk seg farleg innover i bana med ballen. Er heldig som ikkje får brot mot seg der.
90'
Minimum seks minutt tillegg her. Meir enn nok av tid for bortelaget å få måla dei treng.
90'
KIL-trenar Vegard Hansen blir meir og meir frustrert her. Hødd har fått kampen inn i sitt spor.
90'
Nære på at Vinjor får ballen inne i boksa til Hødd. Diverre for han går den forbi og inn i fanget til Alme.
89'
Alme med frispark. Sender det rett utover sidelinja.
88'
Gult kort
Kjem for seint inn i ei takling på Kallevåg. Mange stopp i spelet gagnar sjølvsagt heimelaget no.
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
86'
Haga kjem til avslutning. Utanfor.
85'
Hellevik Larsen slår inn frå høgre, men KIL får beina vekk ballen.
84'
Frispark til heimelaget. Tek seg bra med tid på dødballane no, dei blå.
83'
Fortsatt ingen endringar i Hødd-laget. Mange slitne bein utpå der no.
83'
Gult kort
Mistar ballen og vel å dra motspelaren i trøya i staden.
82'
Hjørnespark
Alme kjem ut og plukkar kula.
82'
Langrekken får avslutta etter innlegg frå høgre. Hødd får blokkert til corner.
81'
Panisk i KIL si boks i det Scriven headar ned til Mogensen. Så vidt ikkje spissen får avslutta.
80'
Frispark
Lysgård sender frisparket utanfor. Alme verka å ha bra kontroll.
80'
Holter går i bakken etter at han har sendt frå seg ballen. Domaren gir frispark etter å ha tenkt seg om lenge.
78'
Spillerbytte
78'
Spillerbytte
78'
Spillerbytte
77'
Mogensen snappar ballen og prøvar å setje fart, men Holmé og co jobbar bra nok tilbake og får hindra ein eventuell sjanse.
76'
Scriven legg att til Sundnes som avsluttar på direkten i bra posisjon. Skikkeleg midtstopparskot som går høgt over mål.
75'
Hødd er fortsatt aggressive i presset, og klarer å vinne ein dødball i fin posisjon for innlegg. Eit stykke utanfor KIL sin sekstenmeter.
74'
Innbytar Taylor prøvar å kome seg forbi Larsen, men backen står stødt og nektar han å springe inn i farleg område.
73'
Strömberg kjem ut og plukkar frisparket frå Tøsse.
73'
Frispark til Hødd i bra innleggsposisjon.
70'
Gult kort
Får det gule kortet for munnbruk.
69'
Gult kort
Går hardt i ei takling på Urnes og får det gule kortet. Er ikkje heilt einig i det sjølv, den tidlegare Hødd-spelaren.
68'
Spillerbytte
67'
Stort trøkk frå bortelaget på Hødd no. Kjem til fleire avslutningar, men Hødd-spelarane ofrar seg og er gode i F3-rolla; hindre avslutning på mål.
63'
Stor dobbeltsjanse for Kongsvinger! Hødd og Sundnes rotar med ei avklaring og plutseleg kjem bortelaget i overtal fire mot to. Holtan får avslutta frå bra posisjon, men Alme reddar begge forsøka. Der bør gjestane få 2-2!
62'
Nære på at Hødd lukkast på ein overgong. Hellevik Larsen kjem som ei kule forbi ballførar Tøsse, men sistnemnde lukkast ikkje med pasninga.
60'
Mange duellar og påfølgjande stopp i spelet. No sit også Hødd-målvakt Alme nede.
59'
Scriven ragar høgast og nikkar vekk kula.
59'
Hjørnespark
59'
Haakenstad slår inn via ein motspelar og til corner.
58'
Frispark i brukbar posisjon for Hødd. Kallevåg slår inn, og Strömberg kjem ut for å plukke. Denne gongen mislukkast han, men heldigvis for bortelaget sender Alm returen over mål.
56'
Skummel innleggsposisjon for Langrekken, men nok ein gong endar ballen bak mål.
55'
Strömberg kjem ut og fangar. Målvakta har løyst den oppgåva bra.
54'
Langt kast for Hødd.
52'
Hellevik Larsen snappar ballen høgt i bana og forsøket eit veggspel, men ballen endar dessverre for Hødd berre i fanget til målvakt Strömberg.
50'
Langrekken prøvar seg med eit innlegg frå høgre, men forsøket går bak målet til Alme.
49'
Hødd med innkast foran Kongsvinger sin benk. Trenar Hansen står tilfeldigvis i vegen der Sundnes skal kaste. Får beskjed med domaren om å flytte seg. Kastet får bortelaget klarert.
48'
Grei sjanse for bortelaget. Eit innlegg blir sendt inn i boksa frå høgre, men headinga frå Hoel Andersen går over mål.
46'
Bortelaget med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Hødd leiar 2-1 over Kongsvinger etter ein herleg omgang med fotball på Høddvoll. Det har vore eit jamt oppgjer der begge laga har hatt sine perioder. KIL tok leiinga ved Langrekken etter nesten ein halvtimes spel, men Hødd svarde etter kort tid ved Mogensen. Kort tid før pause gjekk også heimelaget opp i føringa etter at Hellevik Larsen ekspederte ein retur i mål. Her er det berre å gle seg til nye 45 minutt med spanande fotball!
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45'
Mål!
2-1
Scriven vinn ein duell i feltet og Mogensen avsluttar knallhardt på Strömberg. Målvakta reddar flott, men ballen dalar vidare i lufta til Hellevik Larsen som styrer den i mål med hovudet. Hødd har snudd i løpet av få minutt!
45'
Ei av dei raraste frispark vi har sett på Høddvoll i nyare tid. Fire spelarar hoppar over ballen før Grundt skyt den lavt rett i muren. Litt for fikst!
45'
Gult kort
Stoppar ei kontring.
45'
Grodås er blant dei som står nær ballen.
43'
Gult kort
Stoppar ei kontring ved å halde Grundt i trøya. Endar i tillegg opp med å få frispark imot i farleg posisjon.
42'
Ballen blir slått forbi alle i feltet. Varierande kvalitet på det KIL sin nr 10 har servert hittil.
42'
Gerson ruslar bort for å ta nok eit frispark. Midt inn på Hødd sin halvdel. Litt skrått hald.
39'
Morgado er for tøff med Holtan og får frispark imot. Blir teke kjapt.
35'
Mål!
1-1
Hødd har utlikna! Bortelaget ser ut til å ha kontroll, men ein aggressiv Urnes dukkar opp mellom to spelarar i raudt og taklar ballen vidare til Mogensen. Han sender i veg eit knallhardt skot som snik seg under Strömberg. 1-1 på Høddvoll!
35'
Krogh Gerson med frispark for KIL. Skal slå inn i feltet. Endar på hovudet til Holmé, men han får lite kraft i avslutninga og Alme kan plukke greitt.
34'
Har vore ei veldig jamn opning på kampen, så dermed ikkje klart fortent at Kongsvinger går i føringa. Forhåpentlegvis vil kampen opne seg endå meir opp også no.
32'
Hjørnespark
Redning på strek! Kallevåg finn Scriven på bakerste, og spissen sender i ved ei knallhard heading. På streken står derimot ein KIL-spelar og får blokkert.
32'
Scriven med heading. Via ein motspelar og til corner.
28'
Mål!
0-1
Bortelaget går i føringa! Langrekken blir spelt igjennom, rundar keeper Alme og trillar ballen i det tome målet. Hødd-spelarane ropar på offside, men assistentdomaren er ikkje med på den.
28'
Mykje energi blant Hødd-spelarane hittil. Tydeleg at heimelaget har ønske om å spele angrepsfotball, noko som ikkje alltid har vore tydeleg tidlegare når dei har vore snare med å legge seg djupt i forsvar.
25'
Hjørnespark
Mogensen klarerer enkelt ved første stolpe. Svakt slått av Gerson.
24'
Sundnes med endå eit langt innkast. Strömberg kjem nok ein gong ut for å plukke, og denne gongen held han ballen også. Tydeleg at bortelaget har vore klare over Hødd si ekstraferdigheit her.
22'
Stor sjanse for bortelaget! Ballen blir slått inn i feltet, men ei heading blir sendt like utanfor mål. KIL sin største sjanse så langt.
21'
Hjørnespark
Morgado stangar unna, før KIL tek over igjen.
21'
Frispark i skummel posisjon for KIL. Endar til slutt med corner.
19'
Mogensen vinn ballen høgt i bana og prøvar å slå eit flatt innlegg til Tøsse som stormar mot bakerste stolpe. Diverre for heimelaget går ballen berre i hanskane til Strömberg.
16'
Hoel Andersen skjer innover og avsluttar med høgrefoten. Til side for Alme sitt mål.
14'
Sundnes kastar langt igjen, men bortelaget har gjort leksa si og får ordna opp.
13'
Hjørnespark
Endar med innkast.
12'
Hjørnespark
Kjempesjanse til Hødd! Ballen blir sendt inn i feltet frå bakerste stolpe, og Scriven er det vel som verkeleg får sett keeper Strömberg på ein test.
12'
Keeper Strömberg kjem ut og boksar ballen til corner.
11'
Sundnes med nok eit langt innkast.
11'
Etter ein bra start av gjestane er det no Hødd som har initiativet.
11'
Mogensen på farta igjen. Skjer innover langs kortsida frå venstre, men ingen andre i blått er på innlegget han sender inn framføre mål.
10'
Småpanikk i KIL-forsvaret i det Mogensen jagar ein ball i bakrom, men bortelaget klarer å behalde roa og rydde opp i situasjonen.
8'
Hoel Andersen nikkar ballen over mål, men blir samtidig avvinka for ein klar offside.
7'
Hjørnespark
Alm får stanga unna både ein og to gongar. KIL beheld ballen.
7'
Hoel Andersen prøvar å slå inn, men må nøye seg med ein corner.
6'
Sundnes med langt innkast. Morgado vinn førsteduellen, men ingen andre i blått er der til å plukke opp andreballen.
2'
Hødd overraskar med høgt når KIL skal sette i gong. Bortelaget vel då å slå langt.
1'
Hjørnespark
Heimelaget får klarert, før dei også får frispark.
1'
Mogensen slår farleg inn, men KIL får klarert. Corner.
1'
Heimelaget med avspark.
Avspark Start 1. omgang
No ruslar laga ut på kunstgrasmatta på Høddvoll, anført av dagens domar Marius Hansen Grøtta.
Dagens oppgjer blir nok litt ekstra spesielt for Kongsvinger-forsvarar Victor Grodås. Sonen til eks-landslagskeeper Frode Grodås har nemleg eit bra opphald i Hødd tidlegare å sjå tilbake på. Han enda på 58 kampar for laget, og fekk også med seg tre scoringar. Høgdepunktet kom sjølvsagt i 2012, då han var med å slå Tromsø på Ullevaal og fekk løfte cuptroféet.
Speakerbua på Høddvoll har lagt opp til skikkeleg fest, med musikk og lydvolum som lett kunne ha blitt forveksla med ein undergrunnsnattklubb i Berlin ein tidleg morgon. Forhåpentlegvis blir det lika bra trøkk frå dei 22 utvalde spelarane!
Dagens to motstandarar har møttest 23 gongar sidan 1995. Kongsvinger har vunne mest, med 10-5-8 totalt. Her på Høddvoll er tala 5-3-3 i favør Hødd. Det motsette oppgjeret mellom laga tidlegare denne sesongen enda faktisk med heile 3-0 til Hødd. Skeide, Skotheim og Urnes sørgja for måla.
For Kongsvinger er Jahr, Eriksen, Hellan og Guven ute, medan Langrekken, Hoel Andersen, Holter og Haakenstad er inne i startellevaren.
Heimelaget gjer ganske mange endringar sidan det knepne 1-0-tapet for Fredrikstad sist, mykje på grunn av eit tett kampprogram. Andersen, Lillo, Bonde (returnert til AIK etter lån), Økland, Skeide og Hjelmeseth er alle ute. Inn har Alme, Ziko, Urnes, Tøsse, Scriven og Mogensen kome.
Kongsvinger ligg på si side på 2. plass og direkte opprykk. Ingenting anna enn tre poeng i dag er godt nok, for på plassane bak finn vi både KFUM Oslo, Start og Sogndal klare til å knipe inn på forspranget om dei skulle rote det til i dag. Vi må også legge til at forma til Vegard Hansen sitt lag ikkje er all verda å skryte av, for på dei tre seinaste kampane står dei berre med to poeng.
Det blir botn mot topp her i Ulsteinvik i dag. Heimelaget har ramla langt ned på tabellen etter ein god start på sesongen, og befinn seg under nedrykksstreken med to poeng opp til Mjøndalen på kvalifiseringsplassen. Ting har likevel sett betre ut for Joakim Dragsten sitt mannskap den siste tida, for blåtrøyene har vunne to av dei tre siste.
Hei og velkomen til livedekning av oppgjeret mellom Hødd og Kongsvinger, direkte frå Høddvoll!