Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar dermed for fylgjet for denne gongen. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Avslutningar: 10-3. På mål: 3-2.
Kåffa klatrar dermed til 8. plass på tabellen, medan Hødd framleis befinn seg under nedryksstreken.
KFUM Oslo vartar opp med knallhard defensiv jobbing og ein sjeldan effektivitet framføre mål og klarer dermed å få med seg alle tre poenga frå Høddvoll. Dennis Obeng ordna 0-1 i 1. omgang etter ein stygg ballmiss av heimelaget. Etter dette hadde Hødd det meste av ballen, men blåtrøyene streva med å skape dei store sjansane. Så dukka plutseleg Erlend Skaga opp og sette inn 0-2 med eit overraskande volleyskot. Heilt på tampen fekk Hødd straffe som Eirik Ulland Andersen ekspederte i mål. Hødd sin toppscorar ynskte så å få spelet raskast mogleg i gong, med det resultat at han fekk sitt andre gule kort av domar Tenøy. NFF sin nye regel har blitt kalla mykje rart, og talet på motstandarar av den i Ulsteinvik har nok auka drastisk i kveld.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Urke skal slå langt opp.
90+4'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Sikkert litt til på grunn av oppstyret som var.
90+4'
Ulland Andersen klappar ironisk framføre fjerdedomaren i det han spring av bana. Spørs om det der kan få konsekvensar for Hødd sin nummer 23.
90'
Sereba prøvar å få teke ned ballen inne i bortelaget si boks, men får berre corner.
87'
Midtstoppar Moltu har blitt flytta opp for å skape uro inne i KFUM si boks. Dessverre klarer ikkje heimelaget å få lagt godt nok ballar inne i feltet.
83'
Ulland Andersen prøvar nok ein gong sjølv. Ufarleg utanfor.
82'
Aasbak med eit bruktbart innlegg frå venstre, men som ved dei fleste tilfella hittil i kampen er resten av lagkameratane lite aggressive inne i boksa og Hirschfeld kan enkelt fange ballen.
80'
Nære på at Obeng blir spelt igjennom med ei bakromspasning. Ballen går dessverre for bortelaget ut til kast.
78'
Ingenting som tyder på at Hødd kan klare å kome tilbake her. Til trass for at tre innbytarar har blitt sette innpå held laget fram på det same viset spelemessig.
74'
1.697 selde billettar til dagens kamp.
74'
Ekblom blir forsøkt spelt fri, men Urke er vaken og kjem ut og får klarert.
71'
Heimelaget med ei umotivert avslutning høgt over mål.
71'
Ikkje akkurat eit fortent resultat ut i frå spel og sjansar, men det er som kjent å score mål som er viktigast i fotball og her har KFUM Oslo vore flinkare enn Hødd.
67'
KFUM Oslo har ganske bra kontroll her. Hødd eig ballen, men strevar med å trenge igjennom motstandarlaget som ligg særs kompakt.
66'
Torset og Beite har kombinert bra ved nokre høve her, men utan at det har enda i målsjansar.
62'
Heimelaget har ballen veldig mykje, men tempoet er lågt og dei er ikkje flinke nok til å variere spelet. Høgresida har blitt i overkant inaktiv.
61'
Shroot blir forsøkt spelt fri, men den tidlegare Wimbledon- og Stevenage-spissen blir avvinka for offside.
61'
Ulland Andersen skyt via nokre motstandarbein og i fanget til Hirschfeld.
60'
Kåffa snappar ballen og prøvar ei kontring, men Hødd klarer å kome tilbake og få ordna opp.
58'
Beite og Kallevåg kombinerer fint. Endar med corner til vertane.
56'
Skaasheim kjem til eit sjeldent innlegg frå høgre. Forbi alle i feltet.
55'
Frisparket blir klarert ut i feltet der Torset så får ei avslutning blokkert.
54'
Shroot får ein dytt i ryggen og Hødd får frispark i grei innleggsposisjon. Shroot skal faktisk ta det sjølv. Som regel er det Aasbak og Ulland Andersen som er servitørar.
53'
Stian Sortevik går ned inne i Hødd si boks, men domar Tennøy let vere å blåse straffespark. Den kan det bli interessant å sjå i reprise!
51'
Torset gjer ein god defensiv jobb mot Sortevik og vinn att ballen i det Kåffa-spelaren er på veg framover.
47'
Shroot avsluttar via ein motspelar og til corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga er no klare til å sparke i gong dei siste 45 minutta.
Laga går til pause og det er KFUM Oslo som leiar 1-0 over Hødd etter eit mål av Dennis Obeng. Målet kjem som resultat av ein stygg ballmiss av heimelaget. Gjestane har vore disiplinerte bakover og klart å hindre Hødd i å skape dei verkeleg store sjansane. Forhåpentlegvis vil oppgjeret opne seg endå meir opp etter kvilen.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Godt forsøk av heimelaget! Ulland Andersen skjer innover mot midten av boksa og avsluttar like over målet til Hirschfeld.
44'
Moltu riv ned Obeng som har kome seg forbi han. Er heldig som slepp det gule kortet der, Hødd sin nummer 2.
43'
Beite med eit godt innlegg frå høgresida si. Gjestane får klarert.
42'
Urke med ei stygg feilpasning. Nære ved at Pettersen kan storme igjennom mot mål.
40'
Moltu stussar frisparket frå Jonvik til corner.
40'
Frispark i grei innleggsposisjon for KFUM Oslo. Erik Jonvik står klar.
36'
Nære på for gjestane! Dahl klarer å finne Obeng inne i boksa nok ein gong, men ved dette høvet klarer ikkje 27-åringen å få avslutta på mål. Via ein motspelar og til corner.
36'
Kallevåg kjem på eit bra løp i det han får ballen utanfor Kåffa sin sekstenmeter, men den tidlegare Vard Haugesund-spelaren slurvar med medtaket.
34'
Unge Sondre Beite som vi snakka om før kampen har vi ikkje sett mykje til så langt. Det er først og fremst på venstresida Hødd har angripe.
32'
Dårleg rytme over det heimelaget føretek seg no.
31'
Det er definitivt Hødd som pressar her. Blåtrøyene slit derimot med å kome til dei store sjansane.
31'
Nok eit innlegg frå ein upressa Aasbak. Forbi alle i feltet.
30'
Shroot med ei avslutning frå skrått hald. Ufarleg utanfor.
29'
Nesten for Hødd! Ein umarkert Kallevåg får eit godt innlegg inne i KFUM Oslo si boks, men bommar regelrett på ballen frå kort hald. Den bør han få meir ut av!
26'
Ulland Andersen med ein fin stikkar til Shroot. Briten tek ei overstegsfinte og prøvar å slå hardt inn mot mål, men forsøket blir blokkert før ballen humpar inn til Hirschfeld.
24'
Heimelaget prøvar å setje fart framover, men nok ein gong brukar dei for lang tid og KFUM rekk å kome på rett plass.
22'
Aasbak slår nok ein gong flatt inn frå venstre. Heller ikkje ved dette høvet er resten av spelarane i blått aggressive nok inne i boksa.
21'
Ulland Andersen prøvar eit skot medan han er under hardt press. Langt utanfor frå den tidlegare Vard-spelaren.
18'
Torbjørn Kallevåg har hatt to gode sjansar til å slå ein stikkar i bakrom til Ulland Andersen, men ved begge høva vender han heim og slår ei støttepasning i staden.
16'
Rett og slett elendig av Hødd i forkant av scoringa. Misser ballen i farleg område og blir hardt straffa for det.
12'
Ulland Andersen skjer innover mot midten av KFUM Oslo si boks, men han klarer verken å avslutte eller sentre til ein medspelar.
12'
Hødd-supportarane Blåsarane gjer som vanleg sitt til å skape liv og røre på tribunene.
11'
Gjestane kjem fint til på venstresida si, men det påfølgjande innlegget blir stoppa raskt.
9'
Venstreback Aasbak skjer innover og prøvar ei avslutning. Via ein motspelar og til corner.
9'
Det har vore ein roleg start på oppgjeret.
6'
Aasbak slår flatt inn frå venstre. Treff berre ein motstandar.
4'
Bortelaget står høgt og hindrar Hødd i å spele seg ut.
1'
Heimelaget set i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Begge laga er no ute på kunstgrasmatta. Vi er få straksar unna kampstart!
Kveldens domar er Jan Morten Tennøy frå Nore Neset IL.
Spelarane er no ferdige med oppvarminga og er på veg inn i garderobnene for å få dei siste beskjedane.
KFUM Oslo har på si side gjort berre gjort ei endring sidan 0-0-oppgjeret mot Ull/Kisa sist. Stian Pettersen har kome inn for Emil Ekblom.
Også Bendik Torset er ny på laget sidan kampen mot Raufoss. Sereba og Vestvatn er det som har blitt henvist til innbytarbenken.
Store delar av Hødd-supportarane er nok glade for at trenar Hans-Erik Eriksen har gjort nokre endringar og blant anna sleppt innpå talentet Sondre Sandnes Beite. Unge Beite var med å endre kampbiletet i førre runde mot Raufoss med si store fart og offensive spelestil. I tillegg har han vore i form for reservelaget, noko som resulterte i hattrick i midtveka mot naboklubben Bergsøy. Dette blir berre hans tredje seriekamp frå start sidan 2014, for som regel har han blitt avspist med 10-15 minutt som innbytar på tampen av kampane.
Etter fleire sesongar på nivå 3 blei KFUM Oslo klare for sin første sesong i 1. divisjon etter å ha vunne si 2. divisjons-avdeling i fjor. Kveldens oppgjer i Ulsteinvik blir det første møtet nokon gong mellom laga.
Heller ikkje KFUM Oslo ligg særleg godt til på 1. divisjonstabellen, men Kåffa har to poeng meir enn motstandar Hødd og befinn seg på 11. plass. Borte frå KFUM Arena har det blitt 1-2-2. Forma har vore variabel den siste tida, og laget til Ståle Andersen har gått frå å slå Levanger 5-0 til å sjølv bli slått 6-2 av Sandnes Ulf.
Heimelaget frå Ulsteinvik fekk ei opptur sist etter ei periode med svakt spel og lite poengsanking. Eit fantastisk mål av Eirik Ulland Andersen sikra alle tre poenga mot Raufoss, men til trass for ein god del bra offensivt spel av blåtrøyene var dei heldige som vann. Laget til Hans-Erik Eriksen ligg derimot framleis under nedrykksstreken, så alt anna enn siger i dag er ikkje godt nok. 3-2-6 og 11 poeng er fasiten hittil.
Hei og velkomen til livedekning av det spanande OBOS-liga-oppgjeret mellom Hødd og KFUM Oslo, direkte frå Nye Høddvoll!