Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide takkar med det for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare.
Avslutningar: 7-13. På mål: 2-5.
Kvar kamp framover blir viktige for begge lag, men av heilt ulike grunnar. Hødd må heve seg for å ta nok poeng for å stå i divisjonen, medan Jerv bør gjere det same for å ikkje gje frå seg posisjonen som gir opprykk.
Jerv vinn fortent 2-0 over Hødd på Høddvoll og tek eit steg nærare Tippeliga-spel. Tonny Brochmann sørgja for 0-1 etter ein halvtimes spel, og då Dani Hatakka fekk sitt andre gule og blei utvist kort tid etter blei det ei for stor oppgåve for heimelaget. Jerv gjekk hardt til verks etter kvilen også og ordna 0-2 ved Haugstad etter fleire store sjansar på rad. Hødd betra seg på tampen av omgangen, men kom ikkje nærare enn eit tverrleggjarskot ved Robin Shroot.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+2'
Frispark til Hødd midt på Jerv sin halvdel. Blir teke hurtig, men Wrele blir avvinka for offside.
90+1'
Sereba vinn ballen høgt i bana, stormar mot mål og avsluttar. Rett i ein Jerv-spelar.
90'
Jerv pressar høgt med fire mann og Hødd slit med å kome seg ut av eige forsvar.
88'
Mensah rotar nok ein gong, og Jerv kjem plutseleg to mot ein. Det kan sjå ut som ein offside i det ballen blir spelt, men bortelaget får halde på vidare. Ballen hamnar inne framføre mål, men der kjem Wrele og får takla unna.
85'
Rett i klypene på meget habile Knutsen i Jerv-målet.
85'
Aasbak med nytt frispark. Midt på bana.
84'
Ikkje langt unna 0-3! Haugstad får gå og gå med ballen, men skotet frå kort hald endar på nettaket.
84'
Edvardsen med eit avslutningsforsøk. Utanfor målet til Urke.
82'
Så prøvar Mensah å finne ein lagkamerat inne i boksa. Til utspel frå Knutsen.
81'
Aasbak med frispark for Hødd. Edvardsen stangar unna.
80'
Hødd har elles eit veldig tøft kampprogram igjen. Dei møter henhaldsvis Sandefjord, Bryne og Sandnes Ulf borte, og Strømmen heime. Med berre to poeng hittil i sesongen på framandt gras ser det rett og slett stygt ut for klubben.
76'
Laget frå Grimstad trillar ball no. Spelarane i blått spring mykje i mellom.
73'
I tverrleggaren! Shroot vender opp og avsluttar knallhardt. Ballen fyk i tverrleggaren og ned i bakken før den blir klarert. Heimefansen ropar at ballen var inne, men domaren gjer nok rett i å ikkje blåse for scoring.
73'
Aasbak skal kaste langt for Hødd.
73'
1746 tilskodarar på Høddvoll.
72'
Hødd på ein sjeldan offensiv visitt. Sereba avsluttar utanfor, via ein motspelar.
71'
Hødd får først corner etter frisparket, men så ombestemmer domaren seg og gir utspel til Jerv i staden.
70'
Dødball til heimelaget nokre meter inn på Jerv sin halvdel. Skal bli lempa inn i feltet.
70'
Ulik Berglann med ei avslutning som skrur nokre meter til side for mål.
69'
Berglann slår inn. Mensah får blokkert.
68'
Hødd har ballen meir no. Jerv ligg uansett kompakte bakover.
67'
Wembangomo med to farlege innlegg på rappen. Magnussen skaper kaos inne i feltet, men kjem ikkje til avslutning,
63'
Dejan Corovic signaliserer at han må bytast ut. Ser ut til at han slit med ei hand.
59'
Lind får heada på mål frå kort hald. Ein Hødd-spelar får blokkert.
57'
Nytt godt forsøk for bortelaget! Mensah med eit slapt tilbakespel som Berglann snappar. Kantspelaren stormar mot mål og avsluttar, men skotet går rett på Urke som stoppar det greitt. Håplaust av innbytar Mensah, der.
55'
Dobbeltsjanse for Jerv! Hødd-forsvaret heng ikkje saman i det heile og plutseleg får Lind avslutte åleine med Urke. Målvakta reddar derimot flott. Ballen går så tilbake til Lind som prøvar å trille til Brochmann, men sistnemnde får ikkje avslutta skikkeleg.
53'
Stolpetreff! Moltu bommar på ballen og plutseleg får Lind sjansen til å avslutte frå god posisjon. Rett i stolpen.
53'
Berglann går i bakken inne i Hødd sin sekstenmeter, men blir uansett avvinka for offside.
52'
Shroot prøvar å stusse igjennom til Beite. Tønnesen kjem i vegen.
50'
Ny god sjanse til gjestane! Berglann slår femogførti grader ut til Brochmann som avsluttar utanfor. Nærmar seg scoring nummer to her no, Jerv.
48'
Stor sjanse til Jerv! Heimelaget klarerer i kvarandre og plutseleg dett ballen ned i beina på Berglann på fem-seks meters hald. Jerv-spelaren avsluttar derimot over mål. Bør få meir ut av den situasjonen!
47'
Magnussen er framme med ballen i Jerv si boks, men går for pasning i staden for skot og skuslar vekk ein potensiell sjanse.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No er laga på veg ut på bana igjen.
Jerv leiar fortent 1-0 over Hødd etter dei første 45 minutta. Brochmann blei omgangens einaste målscorar då han fekk putte frå kort hald etter godt spel av boretlaget. For Hødd sin del blei det endå verre fem minutt seinare, for då fekk finske Dani Hatakka sitt andre gule kort etter at han to gongar hadde kome for seint inn i ei takling. Laget frå Ulsteinvik har ei kjempeoppgåve framføre seg om dei skal klare å ta poeng her. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Joakim Wrele har for øvrig blitt trekt ned som midstoppar. Wembangomo har teke over utviste Hatakka sin høgre back.
45+1'
Magnussen med skummelt innlegg mot bakerste stolpe. Beite kjem stormande, men når ikkje fram på ballen.
44'
Godt forsøk av heimelaget! Det blir avslutta frå distanse og Knutsen må i aksjon skikkeleg for første gong i kampen. Får fista ballen til corner.
43'
Målscorar Christiansen prøvar seg med eit langskot. Like til side for mål.
40'
Beite prøvar å finne Shroot i bakrom. Briten blir avvinka for offside. Brukbart forsøk uansett.
39'
Ogungbaro prøvar seg frå langt hald. Over mål.
38'
Hødd må altså spele 10 mot 11 i 55 minutt, samtidig som dei må score mål for å få poeng. Dette blir ein tøff test for Steinar Lag og co.
35'
Urke prøvar å setje Shroot i gong med eit raskt utspel. Endar berre hjå kollega Knutsen i Jerv-buret i staden.
34'
Litt ut av ingenting, det målet. Jerv har hatt ballen mest, men skapt nokså lite.
27'
Aasbak prøvar å finne Shroot i bakrom, men bommar med crossaren.
26'
Berglann kjem seg inn i boksa med ballen, men Hatakka ordnar opp med ei fantastisk takling. Corner til Jerv.
25'
Kristoffer Tønnesen prøvar seg med eit innlegg. Bak mål.
24'
Kallevåg med ein fin stikkar til Magnussen som er på veg inn i bakrom, men Hødd sin nummer 10 øydelegg med eit svakt medtak.
23'
Det bølgjar ganske mykje fram og tilbake her, med eit lite overtak frå Jerv.
22'
Det kan for øvrig meldast om at vertskapet Hødd har kutta ned svelerasjonen på pressetribuna til ei halv svele per journalist. Grunnen er nok at Grimstad-pressa stiller med uventa mykje folk i dag.
18'
Så smell det i andre enden! Brochmann Christiansen bankar til frå godt hald, men ei god redning av Jan-Lennart Urke hindrar ballen i å fyke i nettet. Corner.
17'
Grei sjanse for Hødd! Kallevåg speler fri Sjølstad etter at Jerv har rota med ei klarering. Frå litt spiss vinkel skyt Sjølstad over mål.
15'
Magnussen med Hødd sitt første skotforsøk i kampen. Skrur ballen godt til side for Knutsen sin venstre stolpe.
14'
Berglann får ballen inne i boksa og slår inn framføre mål. Der står berre Aasbak og klarerer for Hødd.
12'
Den unge publikumsfavoritten Sondre Beite inolverer seg for første gong. Prøvar å finne Magnussen inne i boksa, men keeper Knutsen kjem ut og fangar.
11'
Shroot prøvar å vende opp inne i boksa, men blir for svak i duellen med Knudsen. Utspel frå keeper Knutsen i staden.
10'
Aasbak med frispark. Lempar det inn i feltet og er nære ved å treffe Wrele. Jerv får likevel klarert.
9'
Ein del av Jerv-fansen Svaberget har også teke turen til Ulsteinvik. 16-17 stykke sit i alle fall på bortetribuna.
8'
Shroot får gå og gå med ballen, men klarer ikkje å skaffe seg nok plass til å få avslutta skikkeleg.
6'
Eirik Haugstad får stå heilt åleine på høgresida nok ein gong, men innlegget hans blir klarert. Hødd strevar med å sideforskyve raskt nok.
5'
Hødd-stoppar Hugues Wembangomo har hatt nokre matchavgjerande feil i det siste, og har heller ikkje opna bra i denne kampen.
4'
God sjanse til Jerv! Hødd rotar vekk ballen i farleg område og Christiansen får avslutta frå god posisjon. Via ein motspelar og til corner.
3'
Kampens ballgutar består for øvrig av Hasundgot sitt G12-lag, ein gjeng med kjekke karar som underteikna har gleda av å vere lærar for til dagleg!
2'
For Jerv er det Tonny Brochmann som har putta flest hittil i sesongen. Den 27 år gamle dansken står med sju scoringar i serien så langt.
Avspark Start 1. omgang
Robin Shroot og Torbjørn Kallevåg er blant Hødd-spelarane i form. Britiske Shroot står med 12 ligascoringar, trass i at han kom seint i gong. Kallevåg har på si side scora i begge dei to siste kampane.
Hovuddomar Rohit Saggi har no ført dei 22 spelarane ut på grasmatta. Helsinga er unnagjort, så no ventar vi berre på kampens første spark på ballen.
Kveldens kamp blir det femte møtet mellom laga sidan 2015. Statistikken over desse er 1-2-1, og Hødd har ikkje vunne nokon av dei tidlegare heimekampane. Førre sesong spelte dei også mot kvarandre i den første kvalifiseringskampen til Tippeligaen, ein kamp som Jerv vann på straffespark, men som dei fleste nok vil hugse for Michael Karlsen sitt famøse panenkastraffespark. Møtet mellom laga i Grimstad tidlegare denne sesongen enda med heile 5-1 til Jerv. Utruleg nok var det Hødd som scora det første målet i kampen, før det altså rakna totalt.
Det er få minutt att til kampstart, og her i Ulsteinvik er det eit strålande vêr. Sola skin og folk er i godt humør. Forhåpentlegvis lev laga på bana opp til dette også!
Kampen er sjølvsagt like viktig for Jerv, men av heilt andre grunnar. Arne Sandstø sitt lag ligg berre eitt poeng bak Sandefjord på den andre direkte opprykksplassen, og Grimstad-laget har nok lyst å ta den kortaste vegen i år. Førre sesong rauk dei som kjent i opprykksfinalene mot Start.
Her i Ulsteinvik har det derimot gått betre for NM-vinnarane frå 2012, og berre Kristiansund, Jerv og Strømmen har sanka fleire poeng på eigen stadion. Fem av dei seks seinaste har enda med heimesiger.
Det byrjar å haste for heimelaget Hødd om dei skal klare å berge plassen i OBOS-ligaen. Steinar Lein sitt mannskap ligg rett nok på 11. plass og over nedrykksstreken i augneblinken, men berre eitt fattig sekund skiljer dei frå Ranheim på den øvste plassen som gir nedrykk. Det som gir mest grunn til bekrymring er den svake borteforma, der laget berre har tatt to (!) poeng på framandt gras på 12 forsøk. Det betyr at laget er det svakaste på bortebane, i lag med jumbo Raufoss.
Hei og velkomen til livedekning av det svært viktige oppgjeret mellom Hødd og Jerv, direkte frå Høddvoll!