Oppsummering
Det endar 2-2 på Høddvoll etter ein utruleg jamn og spanande kamp. Begge laga er i stor poengnaud, men like viktig var det å ikkje tape i dag. Jerv tok føringa i begge omgangane ved Bassekou Diabaté, men Alfred Scriven ville ikkje vere dårlegare og utlikna kjapt etter begge måla. På tampen var begge lag nære å få vinnarmålet, men Mogensen sitt forsøk enda i tverrleggaren og Diabaté si tredje scoring blei avvinka for offside. Hødd skapte mest sjansar og burde nok ha tatt alle tre poenga, samtidig var Jerv effektive og dei føler nok at dei har tapt to poeng etter å ha leia to gongar. Det blir spanande å følgje begge laga i sesonginnspurten. Dette blir uhyre jamt! Sebastian Eide takkar med dette for følgjet. Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
På overtid av overtida no. Hødd med frispark midt på bana.
90+4'
Andersen sender frisparket over mål.
90+3'
Skal Jerv ta alle tre poenga på tampen?
90+3'
Endresen legg seg bakover utanfor Hødd si boks og får frispark. Både Hødd og fansen protesterer på det. Hødd sin assistenttrenar Ørjan Heiberg får det gule kortet.
90+2'
Dødball til Jerv. Brukar tid no.
90+1'
Det blir lagt til minimum fire minutt her. Det ligg ei scoring i lufta!
90'
Veldig nære Hødd-mål! Mogensen kjem seg bak Jerv-forsvaret og avsluttar via tverrleggjaren og ut. Så nære for Hødd!
90'
Så prøvar Brenden seg i motsett ende. Rett på Andersen.
89'
Nære på 3-2! Hødd rullar bra opp og Larsen slår til slutt flatt inn foran mål. Der blir avslutninga sendt over mål.
87'
Øvretveit er sein med å klarere. Skyt via Mogensen og ut.
86'
Hauge blir felt. Dødball til Jerv. Blir teke kort.
85'
Blir slått inn i boksa, men går forbi alle.
84'
Kallevåg står klar. Litt skrått hald.
84'
Scriven går litt lett i bakken, men Hødd får uansett frispark på 20-21 meters hald.
83'
Store rom for bortelaget å kontre i, men Sandberg sleivar kula utover sidelinja.
82'
Fortsatt ingen antydningar til fleire byte for nokon av laga. Mange slitne bein utpå kunstgrasmatta her.
79'
Ingen av laga som maktar å etablere noko spesielt trøkk her no.
77'
No er også elles så passive Joakim Dragsten oppe og manar laget sitt framover. Veit at dette er ein kamp Hødd absolutt bør vinne.
76'
Slår bak i feltet, men dessverre for bortelaget går ballen berre utover sidelinja.
76'
Andersen med nok ein dødball for Jerv.
75'
Kallevåg blir flytta opp bak Hødd sine spissar. Økland legg seg attmed Urnes sentralt.
73'
Brenden mottek ballen utanfor Hødd sin sekstenmeter og avsluttar på direkten, men ballen blir sendt langt over mål.
71'
Mogensen blir felt på veg framover, men domar Sletner dømmer berre corner.
70'
Stor sjanse! Andersen slår frisparket presist inn til Diabaté, men spissen headar over frå fem-seks meters hald. Veldig nære 2-3!
65'
Så set stopparen seg ned nok ein gong og får hjelp frå det medisinske personellet til Jerv. Ikkje ein bakdel at dette avbrekket kjem i ei intens Hødd-periode.
64'
Philibert sit nede, men kjem seg til slutt på beina.
59'
Skikkeleg sunnmørsvêr med regn og vind på Høddvoll no.
57'
Scriven vender opp utanfor Jerv si boks, men skotet går litt til side for målet til Øvretveit.
57'
Sandberg bryt flott framføre Mogensen før han chippar ballen i bakrom mot Hustad. Jerv sin nr 9 går derimot i bakken med ein gong han får ein blå spelar på seg. Vil ha frispark, men domaren gjer heilt rett i å la spelet gå.
55'
Ein ny kalddusj for Hødd, det. Har skapt flest sjansar, men er ineffektive. Samtidig har ikkje forsvarsspelet vore all verda å skryte av på begge scoringane.
50'
Diabate skapar trøbbel igjen. Kjem seg forbi både Larsen og Nersveen før sistnemnde feller han. Frispark til Jerv nokre meter frå cornerflagget.
48'
Hødd har ekstra trøkk blant publikum i dag. Den lokale folkehøgskulen, SUFH, stiller nemleg mannsterke opp og bidreg med synging og heiarop.
47'
Brukbar opprulling av heimelaget, men innlegget frå Ziko endar i ufarleg område før Urnes til slutt avsluttar langt uanfor mål.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45 minutta!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 til pause etter ein intens 1. omgang på Høddvoll. Det rausa på med store sjansar i starten, men vi måtte vente heilt til halvtimen var gått før den første scoringa kom. Diabate rundlurte Hødd-forsvaret og putta ballen elegant i buret. Rett før pause utlikna derimot Hødd ved Scriven, noko som var heilt fortent ut i frå sjansane. Vi gler oss til ein spanande 2. omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
45'
Scriven er med det oppe i seks scoringar i seriespelet i år. Toppscorar for Hødd.
42'
Philibert går rett i ryggen på Scriven i det Hødd-spissen skal stige til vers i ein duell. Jerv-spelaren får tilsnakk.
40'
Humpar forbi alle i boksa. Jerv beheld ballen.
39'
Kallevåg med ein skrekkeleg miss! Slår pasninga rett i Hustad som avanserer framover i bana. Avsluttar via ein Hødd-fot og til corner.
38'
Hødd lar ballen gå på få berøringar før Kallevåg til slutt avsluttar frå litt skrått hald. Ballen går i nettveggen. Greitt forsøk!
37'
Heimelaget rullar bra opp og Ziko får lagt inn frå venstre, men så er domaren oppe med handa og viser at det er offside.
36'
Kallevåg får plutseleg rom og avsluttar frå 17-18 meter. Forsøket går derimot midt på Øvretveit som har få problem med å fange ballen.
33'
Greitt forsøk av Jerv igjen! Erlend Hustad vender opp raskt og bankar til. Forsøket går like over målet til Ellingsen Andersen.
27'
Mogensen går i bakken inne i feltet og heimefansen ropar på straffe. Greitt at domar Sletner ikkje bles der. Hødd-spissen verkar å prøve å konstruere det.
25'
Frispark til Hødd ca 30 meter frå mål. Kallevåg slår, men det blir for mykje luft under kula og den går rett utover sidelinja.
22'
Ange Mutsinzi får tilsnakk etter å ha trakka for tøft til i ei takling.
21'
Etter fleire store moglegheiter innleiingsvis har det no roa seg ned. Det er uansett tydeleg at begge lag ønsker å angripe så fort dei får ball.
18'
Scriven med ei lur pasning mot Tøsse, men Jerv-forsvaret får beina ballen unna.
17'
Urnes prøvar å trille til Ziko, men backen når akkurat ikkje fram.
11'
Nok ein kjempesvær sjanse på Høddvoll, denne gongen til heimelaget! Mogensen får ballen inne i boksa, men har bra press på seg og får berre tåa ballen mot mål. Der er derimot Øvretveit kjapt nede og fangar kula.
9'
Stor sjanse! Frisparket er perfekt slått inn i boksa, men den påfølgjande headinga frå Philibert blir sendt like utanfor. Den bør dei få meir ut av!
9'
Andersen står klar.
8'
Morgado er for tøff i duell med Diabate og bortelaget får frispark i grei innleggsposisjon.
7'
Ny bra Hødd-sjanse! Det er kaos i bortelaget si boks og Hellevik Larsen får avslutta på halvspretten. Forsøket går like utanfor.
7'
Så er det like før igjen, og denne gongen på eit langt innkast. Ballen blir stussa og endar like utanfor Jerv sitt mål.
5'
Ballen går via ein Jerv-spelar og til corner.
4'
Jerv med klart mest ball i starten her.
1'
Brenden driv framover med ballen, men blir stoppa av heimelaget.
Avspark Start 1. omgang
No er begge laga ute på kunstgraset, og vi er få straksar unna avspark!
Det er også nokre forfall på bortelaget, og spesielt det faktum at storscorar Samuel Pedro er suspendert blir tungt for Grimstad-laget. Han står med imponerande 14 scoringar på 21 kampar så langt. Utestengt på grunn av for mange kort er også backen Torje Wichne.
På heimelaget er det nokre endringar sidan førre kamp. Ole-Monrad Alme slit med ei skade og sit på benken. Dermed startar Marcus Ellingsen Andersen i mål. I tillegg er Peder Nersveen tilbake etter eit lengre skadeavbrekk, samtidig som Sander Sundnes sonar på grunn av for mange gule kort. Det betyr at Hødd mister dei lange innkasta som Sundnes har vore ansvarleg for.
Eirik Kjønø og co har derimot streva i det siste. Siste trepoengar kom i starten av august, og sidan det har laget tapt fem av seks kampar.
Joakim Dragsten sitt Hødd er i klart betre form enn Jerv, sjølv om det rett nok blei eit knepent tap for Åsane sist. Blåtrøyene har vunne tre av dei fem seinaste, noko som har sørgja for fornya håp om 1. divisjonsspel i 2024.
Oppgjeret mellom laga på J. J. Ugland Stadion tidlegare i år enda med 2-1 til Jerv. Peder Nersveen sende Hødd i føringa, men Torje Wichne sørgja for 1-1 før Ange Mutsinzi scora 2-1 fire minutt på overtid.
Hødd og Jerv har møttest seks gongar sidan 2015. Her har Grimstad-laget vore klart best med 3-2-1 totalt. Faktisk har Hødd ikkje vunne nokon av dei tre møta på Høddvoll. Her spelte dei mot kvarandre sist i 2016, då Tonny Brochmann og Eirik Haugstad sørgja for 0-2.
Det er duka for ein skikkeleg thriller i Ulsteinvik i dag. Det er to tabellnaboar i desperat poengnaud som møtest. Hødd ligg under streken på 15. plass med 23 poeng, medan Jerv ligg på kvalifiseringsplassen med 26. Med siger til laget frå Grimstad kan dei få ei luke ned til Hødd, men med tre poeng til vertane vil dei passere Jerv på betre målforskjell. I tillegg har Hødd ein kamp til gode. Med andre ord er det eit herleg utgangspunkt for ein høgdramatisk kamp!
Hei og velkomen til livedekning av det svært spanande oppgjeret mellom Hødd og Jerv, direkte frå Høddvoll!