Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin sundag vidare!
Avslutningar: 12-14. På mål: 6-5.
Vi gratulerer Jerv med avansement til neste utslagsrunde, som blir borte mot Kristiansund.
Dermed blei det ein trist slutt på Sindre Eid si tid som Hødd-trenar. Det blir spanande å sjå kva som skjer i Hødd framover.
Det blei som venta ein høgdramatisk kamp på Høddvoll mellom Hødd og Jerv. Wrele ordna 1-0 for heimelaget før pause, og etter kvart som kampen gjekk sleit Jerv med å få ballen i mål. Like før slutt klarde det dei likevel, og dermed blei det ekstraomgangar. Der klarde ingen av laga å score, og i tillegg fekk Moltu det raude kortet. Hødd såg ut til å dra det heile i land på straffesparka, og Michael Karlsen hadde æra av å setje inn det avgjerande. Han valde derimot å gå for ein dårleg utført Panenka, som gjekk rett i hanskane til Knutsen som stod og venta. Til slutt blei det så Tobias Collett som fekk gleda av å putte inn det siste sparket.
Jerv har slått Hødd på straffspark og er vidare til neste utslagsrunde i kampen om å rykke opp til Tippeligaen!
120'
Collett bankar ballen i mål. Jerv er vidare til neste runde!
120'
Skyt hardt over mål.
120'
Kaptein Andersen MÅ score no. Han skyt inn via stolpen!
120'
Knallhardt i mål!
120'
Då er vi like langt!
120'
Karlsen prøvar ein håplaus panenka og chippar ballen inn i nevane til Knutsen.
120'
Sender ballen i mål forbi Falch.
120'
Andersen limar ballen i krysset.
120'
Knutsen er etter den, men ballen snik seg inn.
120'
Antwi blir første spelar som bommar! Antwi reddar.
120'
Avsluttar høgt i mål.
120'
Sender Falch feil veg og ballen knallhardt i mål.
120'
Aursnes opnar mot Knutsen. Går inn via stolpen. Knutsen er nære ved å ta den!
Kamp slutt Slutt (1-1)
120'
Det blir altså straffespark på Høddvoll. Ulideleg spanande i Ulsteinvik!
120'
Bortelaget med nok eit skot - nok ein gong over.
120'
Det blir lagt til minimum eitt minutt her.
120'
Aursnes jaktar ball og gir samtidig ein olboge i nakken på ein Jerv-spelar. Kunne fort ha fått det raude der, ungguten!
119'
Andreas Hagen avsluttar frå utanfor boksa. Over målet til Falch.
119'
Ikkje mange minutta att her no. Skal vi få ei scoring heilt på slutten, eller blir det straffesparkkonkurranse?
117'
I staden blir frisparket slått inn i boksa der Knutsen fangar ballen greitt.
117'
Hødd prøvar å setje spelet raskt i gong etter eit frispark, men får nei frå domar Eskås.
116'
Skal Jerv klare å dra sigeren i hamn heilt på slutten her? Framleis nok tid igjen med 11 mot 10.
115'
Omoijuanfo kjem til avslutning. Rett på Falch som reddar bra.
114'
Ingebrigtsen slår inn frå høgre. Forbi alle i feltet. Karlsen blir nok dregen litt i trøya, men domaren overser situasjonen.
114'
Det påfølgjande frisparket blir sendt utanfor. Falch har god kontroll.
111'
Jerv og MacConnacher får reinska unna.
111'
Aursnes står klar med ballen.
111'
Frispark til Hødd midt på bana.
110'
Øyvind Knutsen brukar bra med tid på utspela.
110'
Robstad prøvar å finne Edvardsen med ein stikkar. Heilt inn til Falch.
109'
Jerv med ein spelar som ligg nede. Stopp i spelet.
108'
Michael Karlsen står klar til å kome innpå for Hødd.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (1-1)
Pause Pause ekstraomganger (1-1)
105+1'
Minimum eitt minutt med tillegg.
105'
Shroot prøvar å avslutte. Det endar med ei lompe som går over.
104'
To forsiktige lag på Høddvoll no.
103'
Joachim Edvardsen vender hurtig opp og avsluttar. Ikkje langt utanfor.
99'
Jerv med dødball. Falch får boksa unna, og Hødd får også frispark.
99'
Ulland Andersen går for skot igjen. Over. Hødd-benken ergrar seg nok over at kantspelaren ikkje heldt på kula i staden for å skyte i forkant av utlikninga. Jerv scora på det påfølgjande angrepet.
94'
Edvardsen med frispark for Jerv. Sender ballen til Robstad som headar like utanfor. God sjanse.
93'
Aursnes står klar. Sender ballen rett på Knutsen. Svakt utnytta.
92'
Sveen blir felt. Frispark til Hødd i fin posisjon for innlegg.
92'
Nils Petter Andersen ligg nede og domaren stoppar spelet. Har ingen innbytarar igjen, Jerv.
91'
Jerv sparkar i gong den 1. ekstraomgangen.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (1-1)
Sindre Eid har samla alle spelarane og støtteapparatet rundt seg i ein ring og gir det som ser ut som ein skikkeleg peptalk. Steinar Pedersen sine utvalde gjer det same.
For ein dramatikk på Høddvoll! Hødd ser ut til å ha avansementet langt nede i lomma, men så scorar plutseleg Jerv heilt på slutten, akkurat slik dei gjorde i den 30. og avgjerande runda i serien også.
Straffesparkkonkurranse
Pause Etter ordinær tid (1-1)
90+2'
For ein dramatikk! OBOS-ligaen, eh?
90+1'
Ein scoringshungrig Ulland Andersen går for skot frå langt hald. Burde ha halde på kula der.
90'
Ulland Andersen avsluttar frisparket på mål. Endar med corner.
90'
Sveen blir felt høgt i bana. Hødd kan bruke bra med tid.
87'
Hødd kontrar, men i staden for å slå inn vel Sveen å halde på kula.
86'
Jerv pressar på no.
85'
Hagen kjem til avslutning. Over.
84'
Collett prøvar seg frå langt hald. Falch har bra kontroll, men må gi til corner.
83'
Hødd skal straks gjere si første endring i kampen. Torbjørn Kallevåg står klar til å kome innpå.
82'
Nesten at Wrele får spelt fri Myklebust. Ballen endar opp hjå keeper Knutsen i staden.
80'
Myklebust får lagt inn frå høgre. Jerv får klarert. Innkast for dei blå.
79'
Ingenting som vitnar om ein Jerv-sluttspurt her i augneblinken, men alle som veit kva som skjedde i den siste runda av OBOS-ligaen veit at ein ikkje skal avskrive Grimstad-klubben.
76'
Tydeleg at Hødd har eit ynskje om å punktere dette.
75'
Nok eit godt forsøk av heimelaget! Aursnes finn Ulland Andersen med ein stikkar, men Hødd sin toppscorar augnar berre mål og ikkje dei betre plasserte lagkameratane og sender ballen utanfor i staden for å sentre. Feilval.
74'
Nesten igjen for dei blå! Shroot avsluttar via ein Jerv-spelar og utanfor. Corner.
73'
Heimelaget er nærare 2-0 enn Jerv er 1-1 no.
72'
Kjempesjanse for Hødd! Myklebust vender vekk Andersen og avsluttar på mål frå 10 meters hald. Keeper Knutsen vartar opp med ei meget kvalifisert redning.
70'
Jerv er utan scoring mot Hødd på 250 minutt no. Skal dei klare det i løpet av dei siste 20?
69'
Ein altfor pirkete domar Eskås hindrar Aursnes i å ta eit raskt frispark. Kunne ha blitt ein sjanse ut av det for Hødd.
67'
Sveen avanserer med ballen, men mislukkast totalt med avslutninga. Eigentleg ein god sjanse, det.
67'
Aasbak slår rett på Knutsen som gir ein farleg retur. Den tidlegare Vålerenga-spelaren klarer likevel å rette opp sin eigen feil.
66'
Aasbak og Aursnes står klare.
66'
Myklebust blir dytta over ende og heimelaget får frispark i fin innleggsposisjon.
66'
Etter at Jerv trykka på etter pause er det no Hødd som har teke grepet om matchen. Likevel vidope på Høddvoll!
62'
Shroot får avslutta frå fin posisjon. Via ein motspelar og over. Jerv bør ikkje gi briten mange av dei om dei vil unngå fleire baklengs.
61'
Nesten for Hødd! Shroot blir spelt åleine igjennom, men Knutsen kjem raskt ut og får blokkert forsøket. Godt keeperspel.
57'
Nære på for Jerv igjen! Knudsen slår presist inn i boksa, men frå fem meters hald klarer ikkje Lind å få headinga på mål. Hadde forent ei scoring no, bortelaget.
57'
Omoijuanfo med eit småskummelt innlegg frå venstresida. Forbi alle.
56'
1.663 tilskodarar på Høddvoll i dag. Faktisk litt færre enn normalt, der sesongkorta sjølvsagt gjeld.
55'
Andreas Hagen avsluttar over frå distanse. Falch hadde grei kontroll der.
54'
Hødd har prøvd å slå hurtig i bakrom ved fleire tilfelle no. Så langt har Jerv klart å hamle opp med dei forsøka som har kome.
52'
Nære på at Aursnes klarer å finne Myklebust med ein stikkar. Litt meir nøyaktigheit der, så hadde den tidlegare Lillestrøm-spelaren vore igjennom.
51'
Det er heilt klart gjestane frå Grimstad som har kome best i gong etter kvilen.
50'
For ein sjanse for Jerv! Jenssen får lagt inn i boksa, men frå fem meters hald klarer ikkje Omoijuanfo å få stokka beina og ballen blir tuppa utanfor mål.
50'
Jenssen prøvar å leggje inn to gongar, men ved begge tilfella får Hødd blokkert.
49'
Ingebrigtsen blir altfor lett fråsprunge på Jerv si venstreside, og Omoijuanfo får lagt inn. Jenssen avsluttar på halvvolley, men skotet går over mål.
48'
Aursnes skyt frå veldig langt hald, men Knutsen boksar unna. Samtidig blir det vinka for offside.
47'
Frispark til Hødd i grei innleggsposisjon. Skal vi få ein kopi av 1-0-scoringa?
46'
Christoffer Myhre med ei halvhjarta avslutning frå utanfor Hødd sin sekstenmeter. Rett på Falch.
46'
Gjestane sparkar i gong andre akt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen endringar på nokon av laga.
No er laga på veg ut på bana igjen til tonane av 'Final Countdown'.
Kampen er likevel vidopen, og vi gler oss stort til 2. omgang. Skulle det for øvrig bli uavgjort etter 90 minutt vankar det ekstraomgangar og eventuelt straffespark heilt til slutt.
Hødd leiar 1-0 over Jerv etter dei første 45 2 minutta på Høddvoll i den første kvalifiseringsrunda til spel i Tippeligaen 2016. Begge laga har hatt spelet i periodar, og også skapt gode sjansar. Kampens hittil einaste scoring kom på dødball i det 38. minutt då Wrele putta ballen i mål på volley etter eit frispark av Aursnes.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Robstad med eit innlegg som Falch får fista over. Corner.
45+1'
Minimum to minutts tileggstid. Skal vi få ei scoring på tampen her?
45'
Ikkje lengje igjen til pause no. Det blir nok litt tilleggstid etter nokre skadeavbrekk.
44'
Innlegg i Hødd si boks. Moltu stangar unna, samtidig som sunnmørslaget får frispark.
42'
Wrele slår i bakrom på direkten. Knutsen kjem ut og fangar kula.
42'
Ulland Andersen prøvar å springe seg laus inne i Jerv si boks, men får frispark imot seg. Til store protestar frå heimepublikummet.
38'
Aursnes med frisparket. Skal skru det inn i boksa.
36'
Ulland Andersen får ballen inne i boksa, men brukar for lang tid og får ikkje avslutta.
35'
Nære på for Hødd! Heimelaget angrip raskt og kjem plutseleg i overtal inne i Jerv si boks. Knutsen er derimot vaken og får stoppa forsøket.
34'
Småfarleg innlegg frå venstre. Falch slengjer seg ut og fangar ballen.
33'
Omoijuanfo ser for øvrig til å vere frisk og rask igjen.
31'
Godt forsøk av bortelaget! Andersen slår inn i boksa der Lind med ei heading tvingar fram ei god redning frå Falch. Corner.
30'
Jan Jenssen får ein trillar frå Omoijuanfo og klemmer til på direkten. Høgt over mål.
28'
Den tidlegare LSK-spelaren er utpå bana igjen, men signaliserer samtidig at han må byte.
26'
Omoijuanfo har fått seg ein smell og sit nede.
25'
Etter ei bra opning av heimelaget er det no Jerv som har eit lite initiativ i kampen.
24'
Heimelaget kontrar, men Ulland Andersen blir litt for lite merksam og misser kula.
23'
Blåsarane og Svaberget lagar bra stemning på tribunene her. Dei tilreisande frå Grimstad er utan tvil den bortefansen som har laga mest trøkk på Høddvoll i år.
20'
Godt forsøk av bortelaget! Antwi dyttar unna ein Hødd-spelar og avanserer med kula. Han skyt frå distanse, men sender ballen like til side for mål. Burde nok ha fått frispark imot først der, ghanesaren med fortid i blant anna FC Rosengård og Hearts of Oak.
19'
Det er ikkje fullt på Høddvoll, men litt fleire enn til vanleg er det i alle fall.
17'
Jerv med innlegg frå venstre. Aasbak får stussa kula vekk.
14'
Hiv til Andreas Hagen som enkelt vender opp inne i boksa og avsluttar. Rett på Falch.
13'
Knudsen skal kaste langt.
13'
Småfarleg Jerv-innlegg som ikkje blir stoppa av nokon i blått. Heldigvis for heimelaget er ingen i gult på plass heller.
11'
Aursnes slår langt i bakrom mot Ulland Andersen, men bortelaget får med naud og neppe rydda opp.
8'
Bra sjanse for Jerv! Omoijuanfo kjem til avslutning frå god posisjon, men får ikkje skikkeleg klem på skotet og sender det nokså midt på Falch.
8'
Shroot jagar i bakrom og Knutsen kjem ut for å fange ballen. Keeperen glir på det våte kunstgraset, men unngår å halde ballen utanfor sekstenmeteren.
7'
Glenn Andersen er misfornøgd med avgjersla og domar Eskås må gi litt tilsnakk.
6'
Eit småskummelt Jerv-innlegg endar til slutt med eit hjørnespark.
5'
Det har vore nokre fartsfylte opningsminutt på Høddvoll. Begge laga ynskjer å angripe.
4'
Stolpeskot! Anført av Shroot set Hødd i gong ei kontring som kulminerer med at Sveen avsluttar i stolpen og ut. Godt spel av vertane.
3'
Jerv farleg framme i Hødd si boks. Heimelaget får klarert.
1'
Heimelaget sparkar i gong oppgjeret.
Avspark Start 1. omgang
Blå røyk svevar no over Nye Høddvoll. Blåsarane gjer sitt beste for å lage god stemning, og det er også kjekt å sjå at ein del representantar frå Svaberget har teke turen.
I dei to møta i seriespelet blei det to jamne kampar mellom laga. Det blei 0-0 på Høddvoll, medan Hødd vann 1-0 i Grimstad etter mål av Michael Karlsen.
Begge laga har no kome på bana, og spelarane helsar på kvarandre.
Fotballklubben Jerv har på si side ikkje spelt på høgare nivå enn nivå 2. Her var dei i fire strake sesongar frå 1983 til 1986.
Heimelaget spelde kvalifisering til Tippeligaen også i 2013, men blei då slått 2-0 av Mjøndalen her på Høddvoll. Hødd var svært nære på å rykke direkte opp, men blant anna ei feilaktig annullering i den avgjerande kampen mot nettopp Mjøndalen sørgja for at det glapp. Sist laget frå Ulsteinvik var i den øvste divisjonen var i 1995, men dessverre for Sunnmørs-laget blei det med den eine sesongen ved det høvet.
Espen Eskås er for øvrig dagens hovuddomar. Han blir assistert av Runar Langseth, Isaak Bashevkin og Marius Hansen Grøtta.
No blir Hødd-hymna spelt på Høddvoll. Vi er 10 minutt unna avspark!
For Jerv sin del er Espen Knudsen inne for Dejan Corovic. Tobias Collett er også ute til fordel for Andreas Hagen.
Begge lag har gjort endringar sidan den 30. og siste runda av 1. divisjon. Vegard Heltne er skadd for Hødd og misser resten av kampane, men inn kjem i staden Christoffer Aasbak. Samtidig har Robin Shroot fått ein etterlengta start, noko som har skjedd svært sjeldan sidan returen frå Sogndal. Ut har Torbjørn Kallevåg gått.
Sidan førre heimekamp her på Høddvoll har det skjedd dramatiske ting, som sikkert dei fleste har fått med seg. Hovudtrenar Sindre Eid har vald å ikkje forlengje kontrakta etter å ha vore øvste sjef for laget i to år. I kjølevatnet av dette har fleire kome med støtte til den tidlegare midtstopparkjempa, mykje på grunn av at Eid skal ha blitt hetsa frå tribunene etter dårleg spel og mange svake resultat på Høddvoll i år. Eid seier derimot sjølv at dette ikkje var grunnen til at han valde å gje seg.
Steinar Pedersen sitt Jerv venta på si side endå lenger med å få den avgjerande scoringa. I 96. minutt dukka nemleg kaptein Glenn Andersen opp og stanga ballen i mål slik at laget frå Grimstad passerte Sandnes Ulf på tabellen og sikra ein 5. plass. Dermed kan laget faktisk klare sitt tredje opprykk på like mange år. Ein rett og slett fantastisk prestasjon.
Både Hødd og Jerv hadde spektakulære avslutningar på seriespelet. Hødd snudde 0-1 til 2-1 på Brann stadion etter ein skikkeleg sluttspurt der Robin Shroot og Eirik Ulland Andersen stod for scoringane. Dermed enda laget på ein bra 4. plass til slutt.
Kristiansund slo Ranheim i den andre kampen etter at Sverre Økland scora det einaste målet etter ein times spel. Ettersom kristiansundarane blei lag nummer tre på tabellen, får dei heimekamp også mot vinnaren av Hødd-Jerv.
Hei og velkomen til livedekning av det svært spanande oppgjeret mellom Hødd og Jerv. Det er klart for den første kvalifiseringsrunda for spel i Tippeligaen!