Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet frå Høddvoll. På gjensyn!
Avslutningar: 6-6. Avslutningar på mål: 2-2.
Det endar 0-0 på Høddvoll etter ei tam affære. Jerv var klart best før pause og kom til eit par gode sjansar mot eit heimelag som var svært tafatte offensivt. Blåtrøyene heva seg litt etter kvilen, men klarde ikkje å skape all verda framover. Slik sett er 0-0 eit greitt resultat.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Jerv med innkast no. Dette endar 0-0.
90+3'
Endar med null og niks.
90+2'
Innkast høgt i bana for Hødd.
90+2'
Falch skal slå ballen langt opp.
90+1'
Minimum tre minutt med tillegg denne kampen.
90+1'
Myklebust med ei heading som går langt til side for mål. Totalt ufarleg.
90'
Hødd med innkast. Endar med ingenting.
89'
Aasbak med farleg innlegg frå venstre. Susar forbi dei blå i feltet.
85'
Godt forsøk for Hødd no! Myklebust driblar seg fri inne i boksa og slå inn til Sveen. Frå god posisjon headar han rett på Knutsen. Dårleg utnytta av den tidlegare HamKam-spelaren.
84'
Nesten 0-1! Innbytar Olsvik prøvar seg frå utanfor boksa, og skotet snik seg like til side for mål. Veldig nære for Jerv!
84'
Mykje fram og tilbake på Høddvoll no. Vanskeleg å spå korleis dette vil ende.
81'
Hødd er det mest toneangivande laget i kampen no.
80'
Myklebust slår lavt inn i feltet, men bortelaget får klarert.
79'
Andersen får avslutta, men forsøket blir blokkert.
76'
Kallevåg prøvar seg med eit skot frå distanse. Via ein motspelar og til corner.
76'
Sindre Eid har fleire offensive spelarar på benken som kan kome inn og endre kampbiletet. Blant dei Magnus Myklebust, Erik Sandal og unge Sondre Beite.
74'
Grei sjanse for Jerv! Omoijuanfo møter eit innlegg frå venstre, og sender ei heading like utanfor buret til Falch.
73'
Mange enkle feil frå Hødd-spelarane no. Jerv er aggressive i presset og då må heimelaget sine spelarar vere presise om dei skal klare å skape noko.
69'
Stor sjanse for Hødd! Ingebrigtsen finn ein totalt umarkert Kallevåg inne i boksa, men sistnemnde kjem i fart og er i ubalanse når han skal skyte. Forsøket går langt utanfor.
68'
Jenssen med dødball for Jerv.
68'
Hødd kjem på ein overgang, men unge Aursnes tek eit feilval og går for skot i staden for å spele til ein medspelar. Skotforsøket går via ein Jerv-spelar og inn til Knutsen.
66'
Heimelaget med mest initiativ no.
65'
Joachim Edvardsen på eit lurt løp bak Hødd sitt forsvar. Ikkje langt unna at han kjem til avslutning.
64'
Heimelaget skal straks gjere eit innbyte.
63'
Aasbak kastar og Törnqvist får stussa vidare ved første stolpe, men ingen andre i blått ser det kome og Jerv kan overta.
59'
Den tidlegare Vard Haugesund-spelaren kjem seg på beina att og spelet kan starte igjen.
58'
Kallevåg får seg ein smell og går i bakken.
55'
Aasbak og Kallevåg kombinerer fint, men samhandinga med resten av laget stemmer dårleg og innlegget frå Asbak går forbi alle i feltet.
54'
Hurtige Berås får med seg ballen på elegant vis og utfordrar eit ryggande Hødd-forsvar. Jerv sin nummer 18 prøvar eit skot, men det skrur godt til side for mål.
53'
Steinar Berås kjem til avslutning etter eit innlegg frå venstre. Like til side for stolpen til Falch, men målvakta har likevel bra kontroll.
51'
Hødd har starta 2. omgang bra.
50'
1857 tilskodarar på Høddvoll i dag.
49'
Nok eit innlegg frå Ingebrigtsen. Backen brukar for lang tid og forsøket blir blokkert.
49'
Hødd med nokre farlege innlegg på rappen. Vertane kjem derimot ikkje til avslutning.
47'
Hødd med eit hurtig angrep som er nære ved å lukkast. Kallevåg misser kula før han får gjort noko kreativt med den.
46'
Hødd sparkar i gong dei siste 45.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause mellom Hødd og Jerv etter det som har vore ein nokså tam kamp. Gjestane frå Grimstad har vore best og skapt den beste sjansen hittil. Dei gulkledde har stått høgt og vore aggressive i presset, noko som tydeleg har stressa heimelaget. Hødd har ikkje verka spesielt revansjelystne med tanke på stortapet dei blei utsette for for nokre dagar sidan. Det har vore nokre spede forsøk framover i bana frå vertane. Vi håpar på meir sjansar og mål etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Hødd med ein del innlegg dei siste minutta, men dei fleste forsøka blir for luftige til at det kan føre til avslutning.
41'
Innbytar Edvardsen set ballen i mål, men blir korrekt avvinka for offside.
40'
Blir slått inn i boksa, men Hødd får klarert både ein og to gongar.
39'
Gjestane med frispark.
38'
Bra opprulling av heimelaget. Det avgjerande innlegget frå Ingebrigtsen blir derimot for luftig for medspelarane inne i feltet.
35'
Jerv held fram med å styre kampen. Hødd-spelarane klarer rett og slett ikkje å kome oppi dei gulkledde.
32'
Ingebrigtsen med eit nydeleg innlegg til Kallevåg. Sistnemnde treff derimot dårleg med hovudet og det blir i staden corner.
30'
Nære på at Omoijuanfo blir spelt fri bak Hødd sitt forsvar. Venstreback Aasbak fyl ikkje med der.
28'
Robstad finn Berås inne i Hødd si boks, og sistnemnde klarer å bryste med seg kula. Falch er derimot vaken og får fanga ballen før Jerv-spelaren får avslutta.
26'
Aursnes klarer nesten å finne Sveen i bakrom. Jerv får derimot snappa ballen.
24'
Gjestane står høgt og tvingar Hødd til å spele bakover.
23'
Skummelt frispark for bortelaget. Ballen blir lempa inn i Hødd sitt felt av Berås, men ingen i gult rekk bortpå den før den hamnar i fanget til Falch.
21'
Nære på for Jerv! Omoijuanfo driblar seg fri inne i Hødd si boks og prøvar å curle kula i det lengste hjørnet. Ikkje langt utanfor.
20'
Ulland Andersen skyt svakt rett på Knutsen. Dårleg utnytta av blåtrøyene.
20'
Frispark i bra posisjon for heimelaget. Endar nok med eit skot.
16'
Det er definitivt bortelaget som har kopla eit grep om kampen her. Hødd-trenar Sindre Eid er ikkje nøgd med laget sitt og manar dei til innsats frå sidelinja.
13'
Kjempesjanse for Jerv! Gjestane kontrar og Berås får tid og rom til å slå inn frå venstre. Ballen landar perfekt inne i boksa, men frå fem-seks meters hald klarer ikkje Lind å få den forbi Falch. Veldig god redning av målvakta!
13'
Ingebrigtsen med eit brukbart innlegg frå høgre. Like over luggen til Karlsen.
12'
Andersen prøvar å finne Lind med ei langpasning, men mislukkast.
11'
Jerv med småskummelt innlegg frå høgre. Noreg sin U21-keeper Aslak Falch plukkar den likevel greitt.
9'
Grei sjanse for Hødd! Aursnes lempar eit frispark inn i Jerv si boks, og Wrele vinn hovudduellen. Forsøket endar derimot over mål.
9'
Steinar Berås slår inn i feltet, men ballen går berre inn til Falch i Hødd-buret.
8'
Frispark til Jerv i det som er ein grei innleggsposisjon.
7'
Veldig roleg opning på kampen her.
6'
Hødd sine supporterar, Blåsarane, lagar som vanleg liv på Høddvoll. Det er meir usikkert kor mykje støtte dei tilreisande frå Grimstad får, men det var i alle fall éin person som klappa for laget når spelarane blei annonserte før kampstart.
4'
I Ulsteinvik er det for øvrig strålande sol i kveld. Litt vind, men elles gode speleforhold.
4'
Aasbak med frispark for Hødd. Endar med utspel frå keeper Øyvind Knutsen.
3'
Jerv har gjort ei endring på laget kort tid før kampstart. Fuseini Mohammed kan ikkje spele, og Christopher MacConnacher har kome inn på sentral midtbane i staden.
1'
No er vi i gong på Hødvoll!
Avspark Start 1. omgang
Jan Morten Tennøy frå Nore Neset IL er kveldens hovuddomar.
Eirik Ulland Andersen er toppscorar for Hødd så langt i ligaen med to mål. Dei kom begge i førre heimekamp mot Brann. For FK Jerv er det Alexander Lind som har netta flest. Han er delt toppscorar i ligaen med tre scoringar hittil.
Steinar Pedersen gjer på si side berre éi endring på mannskapet frå Grimstad. Dejan Corovic kjem inn på laget, medan Espen Knudsen går ut.
Sindre Eid har vald nøyaktige dei same 11 spelarane som gjekk på smellen mot Bærum sist. På innbytarbenken har dessutan Joachim Magnussen og Magnus Myklebust returnert etter å ha vore ute.
Nyopprykka Jerv ventar på si side framleis på den første trepoengaren i 2015. Dei føregåande kampane har derimot ikkje vore dårlege, og laget har berre tapt éin av fire så langt. Førre runde heldt dei også på å slå sjølvaste Brann, men bergensarane kom tilbake frå 0-2 og klarde uavgjort.
Hødd fekk ei god opning på sesongen, med siger i to av dei tre første kampane, inkludert ei solid 3-0-førestilling over Brann. Førre søndag gjekk det derimot verkeleg gale og laget til Sindre Eid blei slått med heile 4-0 av Bærum. Ulsteinvik-laget er dermed svært revansjelystne før kveldens oppgjer.
Etter kva vi kan forstå har ikkje Hødd og Jerv møttest i obligatorisk kamp før. Begge laga var ilag på det nest høgste nivået i Noreg frå 1983 til 1986 då Jerv rykka ned, men i desse fire sesongane spelde dei i ulike avdelingar.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjons-oppgjeret mellom Hødd og Jerv, direkte frå Høddvoll!