Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ei strålande 17. mai-feiring i morgon. Hipp, hipp hurra!
Det endar med null scoringar og poengdeling på Høddvoll på fotballens nasjonaldag. Hødd var det klart beste laget i dag og hadde ein drøss med store sjansar til å avgjere. Men når dei til og med ikkje klarer å få ballen i mål på straffespark blir det vanskeleg å vinne. Hønefoss kom hit med ein defensiv plan, og med eitt poeng med seg heim til Ringerike må dei nok sjå seg nøgde med det.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+3'
Nære på! Ingebrigtsen får ballen på bakerste stolpe, men sender den feil veg med låret.
90+2'
Ein spelar ligg nede i feltet og domar Haugen må ta seg ein alvorsprat.
90+2'
Frispark til Hødd i interessant posisjon. Skal vi få ei overtidsscoring her?
90+1'
Hoås speler fri Riski, men sistnemnde blir korrekt avvinka for offside.
90+1'
Det blir lagt til minimum tre minutt her.
89'
HBK prøvar seg på ei kontring, men det endar berre med ei laus heading midt på Falch.
88'
Store sjansar for Hødd! Heimelaget kjem til avslutningar frå kort hald, men det første går rett på Pedersen medan det andre trillar like utanfor. Vanvittig at vi ikkje har fått sjå scoringar i dag.
87'
Ingebrigtsen med kast.
87'
Nok ein gong kjem Ulland Andersen til avslutning, men nok ein gong set han ballen svakt midt på keeper med innsida av foten.
86'
Heimelaget kjem på visitt nok ein gong, men ved dette høvet er det Ulland Andersen som måkar ballen høgt over mål.
84'
Hødd rullar opp eit bra angrep, men Aursnes skyt til slutt over frå brukbar posisjon. Det vil seg ikkje for heimelaget i dag.
81'
Sveen skjer innover og avsluttar, men skotet skrur vekk frå mål.
80'
Aursnes, som har scora fire mål på straffespark hittil i sesongen, bommar altså på sitt femte.
78'
Frisparket blir slått inn i boksa, men Hoås har ein enkel jobb med å stange unna.
75'
Pedersen brukar bra med tid på frisparket.
74'
Standal lagar frispark i si første involvering i kampen. Ikkje langt unna å få gult kort også, der.
72'
To spissar gjer seg klar på sidelinja no. Standal for Hødd og Hoås for Hønefoss.
72'
To spissar gjer seg klar på sidelinja no. Standal for Hødd og Hoås for Hønefoss.
71'
Aursnes får bra klem frå distanse, men forsøket går rett på Pedersen som har god kontroll.
69'
Det har opna seg opp meir på Høddvoll no. Begge lag er lystne på å angripe når sjansen byr seg.
66'
Ingebrigtsen med langt innkast. Endar med corner.
65'
Hødd har ballen klart mest framleis, men slit med å kome til sjansar no.
63'
Wrele med eit sjeldant ballmiss, og Kaland får kome til avslutning. Forsøket frå spissen går derimot høgt over mål.
63'
Brandal kjem seg fri til venstre, men innlegget hans går rett utover sidelinja. Svakt av backen, for der hadde heimelaget fire mann inne i boksa.
58'
Hødd har byrja å presse igjen no. Nok ein corner.
57'
Wrele prøvar seg frå distanse. Pedersen må gi retur, men ser likevel ut til å ha kontroll. Corner.
56'
Wrele prøvar å finne Heltne med ei langpasning, men forsøket endar diverre for Hødd med utspel frå Pedersen.
54'
Roope Riski kjem seg fri i bra posisjon og får avslutta, men forsøket går svakt rett på Falch. Grei sjanse, det!
51'
Ikkje like frisk opning på denne omgangen som den første.
50'
Magnussen er for tøff i ein duell med Hæstad og får frispark imot.
50'
Blir slått mot bakerste stolpe der Sigurdsson headar utanfor. Ufarleg.
50'
Thomassen med frispark for HBK.
49'
1687 tilskodarar på Høddvoll i dag på 16. mai. Vêret må nok ta sin del av skulda for at det ikkje er endå høgare.
47'
Famlande opning på omgangen av Hødd-stoppar Törnqvist. Har rota vekk ballen ved to høve allereie.
46'
Bortelaget med innkast høgt i bana.
46'
HBK med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No står laga klare igjen!
I pausa her på Høddvoll underheld Musikklaget ULF, og det blir også delt ut æresprisar til personar som har hatt lange verv i klubben.
Det står 0-0 til pause på Høddvoll, eit resultat Hønefoss må vere mest nøgde med. Hødd har vore det klart beste laget i store perioder, og også skapt fleire store sjansar. Vi gler oss til dei siste 45 minutta, og mest av alt håpar vi å få sjå scoringar.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Andersen får lagt inn i feltet, og Brandal får avslutta. HBK får blokkert til corner.
42'
Bra sjanse for HBK! Bortelaget kjem seg bra fri på venstrekanten, og Kaland er ikkje altfor langt unna å få heada på mål. Det beste Hønefoss har skapt hittil.
40'
Fredrik Aursnes med ein susar frå distanse. Ballen duppar i stor fart, men endar likevel over buret til Pedersen.
39'
Hønefoss har hatt initiativet dei siste minutta no.
39'
Falch prøvar å setje kjapt i gong til Andersen, men ballen sprett i staden utover sidelinja.
37'
Frisparket er farleg slått, men heimelaget får rydda unna trass i litt roting først.
36'
Thomassen står klar.
36'
Frispark til bortelaget i veldig bra posisjon. På hjørnet av Hødd sin 16-meter.
36'
HBK er på visitt for første gong i kampen. Riski prøvar å leggje inn, men heimelaget får reinska unna.
35'
Wrele prøvar å finne Andersen rett utanfor Hønefoss sin sekstenmeter, men Hødd sin nr 23 klarer ikkje å få tak i kula.
34'
HBK ligg med alle elleve på eigen halvdel når Hødd har ballen. Det som derimot er litt merkeleg er at dei ikkje har teke ein einaste overgong hittil. Dermed har Hødd hatt ganske god kontroll her, sjølv om målet manglar.
32'
Nokre tilreisande frå Fosseberget har også teke turen for å sjå laget sitt i 17. mai-kamp.
30'
Wrele med ein sjeldan miss for heimelaget. Det har vore litt rolegare på Høddvoll dei siste minutta.
27'
Heimelaget kombinerer bra, men Heltne blir avvinka for offside. Heltne har for øvrig vore meget toneangivande hittil i kampen og stått for mykje kreativt.
25'
Ulland Andersen blir speld bra fri på høgrekanten, men innlegget hans endar berre med corner.
24'
Kildentoft prøvar å finne Thomassen med eit lang framspel, men forsøket går til utspel frå Hødd-keeper Falch.
23'
Hødd har framleis initiativet her. Hønefoss slit rett og slett med å etablere noko eige spel.
18'
Stor sjanse for Hødd! Heimelaget kombinerer fint, og Aursnes speler fri Andersen på seks-sju meters hald. Nok ein gong blir avslutninga frå den tidlegare Vard-spelaren for svak, og Pedersen får ein grei jobb med å halde skotet.
18'
Interessant situasjon. Magnussen har kome seg igjennom, men blir stoppa av Muqkurtaj som ikkje ser ut til å vere borti ballen. Domar Haugen vinkar uansett spelet vidare.
15'
Bortelaget er framme på ein sjeldan visitt. Det endar med offside på Mats Kaland.
13'
Dødball for Hødd. Sigurdsson får ordna opp etter litt famling.
13'
Hønefoss med ei avslutning frå distanse som ikkje går altfor langt utanfor. Kaluderovic var det som prøvde seg.
12'
Det er tydeleg at bortelaget prøvar å drage ned tempoet så fort dei får tak i kula. Hødd-offensiven har dermed roa seg litt dei siste minutta.
9'
Brukbar sjanse for Hødd! Andersen og Heltne kombinerer fint, og berre ei svak avslutning frå førstnemnde gjer at det ikkje blir endå farlegare for keeper Pedersen.
8'
Heltne legg fint inn frå venstre, men domar Haugen meiner at Magnussen er litt for tøff inne i feltet og gir frispark til bortelaget.
7'
HBK har slite med å kome seg over på Hødd sin halvdel dei første 7-8 minutta.
7'
Nære på at Heltne får tek ned kula i Hønefoss si boks. Endar i staden med innkast for Hødd.
4'
Liten tvil om at det er Hødd som har kome best i gong her.
3'
Nesten for Hødd! Heimelaget trykkar på etter eit frispark, og Sveen er nære på å få avslutta på mål frå distanse. Pedersen gjer ei god eihandsredning.
3'
Magnussen kjem seg nesten åleine igjennom, men blir stogga av Sigurdsson.
1'
Bra involvering av Magnussen mot gamle lagkompisar. Spissen kjem seg fri til venstre og slår hardt inn foran mål. Diverre for heimelaget er det ingen som luktar den.
1'
Hødd sparkar i gong oppgjeret!
Avspark Start 1. omgang
Hønefoss speler mot høgre i 1. omgang.
Her i Ulsteinvik er eit greitt vêr for kamp. Temperaturen ligg på 12-13 grader og vinden er ikkje altfor galen.
Hødd-hymna 'Liten - men stor' blir no speld medan dei 22 spelarane helser på kvarandre.
Dagens domar er for øvrig Per Erik Haugen frå Rælingen. Han blir assistert av Øystein Simon Ytterland frå Valder IL og Frode Ølmheim frå Syril IL.
No kjem begge laga ut på bana!
Begge dei to trenarane har også tru på tre poeng i dag. Sindre Eid sa til ANB før kampen at han rekna med at Hønefoss kom til å ligge djupt og satse på kontringar, og dermed gjere det vanskeleg for Hødd, men at han likevel, som alltid, hadde tru på siger. Roar Johansen var meir optimistisk, og uttalde til klubben si heimeside at han håpte og trudde at dei kunne ta med seg tre poeng i dag og nyte dei i morgon medan dei såg på barnetoget.
Dagens to motstandarar har møttest totalt 18 gongar sidan 1999. Hønefoss har hatt eit bra overtak med 10-4-4 samanlagt. Hødd vann sist i 2004, og etter det har laget frå Ringerike vunne på sju av åtte forsøk. Her i Ulsteinvik er tala 7-0-3 i favør bortelaget. Det siste oppgjeret mellom laga kom i 2011, då Hønefoss slo til med ein 4-0-siger her på dette stadionet. Kevin Beugre (2), David Hanssen og Erik Hagen stod for scoringane då.
Hønefoss har på si side hatt ei meget skuffande opning på deira opphald i 1. divisjon. Laget ligg før denne kampen på nedrykksplass, noko som er svært forståeleg når ein legg til at dei har éin fattig siger på sju forsøk hittil. Tala 1-1-5 er ikkje ein opprykkskandidat verdig, så trenar Roar Johansen bør nok snarst snu dette om ein snarleg retur til Tippeligaen skal bli aktuelt.
Hødd har hatt ein brukbar, men variabel start på sesongen så langt. Laget befinn seg i augneblinken på 7. plass med 12 poeng etter 3-3-1 totalt. Noko spesielt er det at det er heime på Høddvoll at blåtrøyene har svikta mest. Mot overkomeleg motstand som Tromsdalen og Strømmen har det berre blitt 2 x 1-1, og den einaste sigeren kom mot Alta (3-0). Om ein i tillegg tek med det brutale 5-1-tapet mot 2. divisjonslaget Florø i cupen, er ikkje dette mykje å skryte av.
Hønefoss-sjef Roar Johansen har på si side endra litt på laget sidan dei sist var i aksjon. Toni Kolehmainen har gått ut, medan Christian Aas har kome inn.
Begge laga er no ute. Som vi ser stiller Hødd-trenar Sindre Eid med nøyaktig dei same elleve som spelde 2-2 borte mot Bryne førre søndag. Kampen blir ekstra spesiell for spiss Joachim Magnussen, som var i nettopp Hønefoss tidlegare før han returnerte tilbake til Hødd i 2013. Han enda opp med 40 kampar for Hønefoss, men scora berre seks gongar.
Hei og velkomen til livedekning av 1. divisjons-oppgjeret mellom Hødd og Hønefoss. Dagen før dagen er det klart for fotballens nasjonaldag her på Høddvoll!