Referat
Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin onsdagskveld vidare!
Avslutningar: 9-9. På mål: 1-6.
Hønefoss ligg framleis på siste plass, men har no berre tre poeng opp til trygg grunn (sjølv om dei rett nok har langt dårlegare målskilnad enn både Bryne og Bærum. Hødd kan på si side fort gå glipp av kvalikplassen no, for med to tøffe bortekampar mot Fredrikstad og Brann igjen, skal det mykje til for at dei skal klare det.
Trass i at oppgjeret ikkje var spesielt velspelt, klarde laga etter kvart å kome til sjansar. Heimelaget hadde definitivt dei største, men verken Sandal eller Karlsen kom nærare enn kvar sine treff i metallet. Hønefoss skapte på si side endå mindre, men var derimot langt meir effektive. Ein retur på eit stolpeskot frå Beugre blei krangla over målstreken av Warshaw.
Hønefoss tek ein enormt viktig siger i kampen om å berge plassen i 1. divisjon!
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Frispark til Hødd. HBK får klarert.
90+1'
Omenås med ballen etter eit langt oppspel. Brukar sjølvsagt bra med tid når dei kan, bortelaget sine spelarar.
90+1'
Minimum tre minutt tillegg her. Hødd kan framleis klare uavgjort.
89'
Lufta ser definitivt ut til å ha gått ut av heimelaget sine spelarar.
89'
Eit passivt Hødd-forsvar står og ser på at Drama avsluttar utanfor frå skrå vinkel.
88'
Ulland Andersen avsluttar rett på Omenås.
88'
Frispark til Hødd.
88'
Hønefoss har i skrivande stund berre tre poeng opp til trygg grunn, sjølv om dei har langt dårlegare målskilnad enn laga som befinn seg på denne poengsummen.
87'
Ein real knekk for heimelaget dette. Hødd har hatt dei beste sjansane i kampen, og føler nok at dei burde ha vore i leiinga.
85'
Kan Hødd klare å kome tilbake her? Dei har eit veldig tøft program att, så kvalikplassen kan fort ryke med tap her i dag.
81'
Beite har vore aktiv fleire gongar allereie, men diverre blitt litt for veik i duellane.
80'
William Warshaw avsluttar langt utanfor på direkten. Svakt utnytta.
80'
Frispark til Hønefoss i godt hald for avslutning. Ved hjørnet av Hødd sin sekstenmeter.
77'
Også Sondre Sandnes Beite skal inn for Hødd. Den unge kantspelaren kunne definitivt ha fått entra bana endå tidlegare også.
76'
Andersen på eit fint raid langs venstrekanten. Innlegget når derimot ikkje fram til kollega Shroot inne i boksa.
75'
Nære på at Kastrati får tredd igjennom til Beugre. Falch kjem ut og fangar ballen.
74'
Kan gå begge vegar dette oppgjeret. Laga tek litt fleire sjansar framover i bana, men ettersom tida går vil dei nok ta endå meir risiko også. Om dei vil ha dei tre poenga vel å merke.
73'
Ulland Andersen prøvar å runde ein motspelar og avslutte, men han manglar gjennombrottshissigheita frå tidlegare i år og slurvar ballen langt utanfor mål.
70'
Veldig nære for HBK! Beugre blir spelt åleine igjennom fem meter frå målet, men Falch kjem raskt ut og får avverga. Ikkje langt unna det!
68'
Ingebrigtsen slår inn frå høgre. Bortelaget får stussa ballen vekk.
67'
Kastrati skjer innover og avsluttar. Enkel jobb for Falch å halde skotet.
65'
Grei sjanse for HBK! Beugre skyt frå utanfor boksa, og Falch må gi corner.
64'
Ulland Andersen skyt via ein motspelar og til corner.
63'
Bendik Torset speler for øvrig sin kamp nummer 200 for Hødd i dag (inkluderer også uoffisielle kampar).
63'
Hæstad vinn ballen frå Wrele og prøvar ein lobb frå langt hald. Rett i hanskane til Falch.
61'
Stangskot! Michael Karlsen sender i veg ein markkrypar frå distanse og ballen snik seg forbi Omenås og i stolpen og ut. Dagens andre i metallet for Hødd!
61'
Robin Shroot gjer seg klar til å kome inn. Har fått overraskande få sjansar i Hødd-trøya etter comebacket, briten.
59'
Beugre snappar ballen frå ein sovande Ingebrigtsen og prøvar eit skot. Det endar langt utanfor.
58'
Myklebust kjem til skot frå skrå vinkel. Over.
57'
1.827 tilskodarar på Høddvoll i dag. Ingen av dei har fått valuta for pengane. Endå i alle fall.
57'
Så er det Hødd sin tur til å få ein spelar som ropar på straffe i det Kallevåg dett inne i HBK sin sekstenmeter. Toppe veivar med armane nok ein gong.
56'
Kallevåg er i full fart framover, men blir felt. Bortelaget er heldig som ikkje får kampens første gule kort.
55'
Morten Hæstad går over ende inne i Hødd si boks. Domaren vinkar spelet vidare, til store protestar frå HBK-spelarane. Skal bli interessant å sjå den i reprise!
51'
Hønefoss kjem til tre skot på rappen, men alle tre blir raskt blokkerte.
51'
Ulland Andersen skyt svakt fleire meter utanfor. Har ikkje klart å gjenfinne den gode forma frå tidlegare i sesongen, Hødd sin toppscorar.
50'
24-25 meters hald.
50'
Andersen og Svendsen i nok ein duell. Førstnemnde får frispark. Kan vere skothald, dette.
47'
Andersen prøvar å kome seg forbi på høgresida, men går over ende og misser kontrollen over kula.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Begge laga har no kome på bana att.
Det står 0-0 til pause i det som stort sett har vore ein veldig svak omgang. Med unntak av dei siste fem minutta, der Hødd hadde ei avslutning i metallet etter eit langskot av Erik Sandal, har det vore lite spanande som har skjedd. Foreløpig verkar det som om frykta for å tape er større enn ynskjet om å vinne. Det passar derimot dårleg når begge laga treng dei tre poenga. Vi håpar at begge laga slepp seg meir lause offensivt etter kvilen!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Ein Hødd-spelar går i bakken inne i Hønefoss sin sekstenmeter, men domar Toppe vinkar spelet vidare.
45'
Sandal prøvar å chippe igjennom til Myklebust. Omenås er vaken og kjem ut og fangar ballen.
45'
Ikkje langt unna at Karlsen får tråkla med seg kula inn i feltet. Ein HBK-forsvarar får foten på den i siste liten.
43'
Veldig nære på for Hødd! Erik Sandal har ballen i returromet og får beskjed frå heimefansen om å skyte. Det gjer han, men diverre for han går skotet knallhardt i tverrleggaren og ut. Kampens desidert beste sjanse hittil!
42'
Det er Hødd sine supportarar, Blåsarane, som har laga mest liv hittil i kampen. Etter kva underteikna kan sjå er det ikkje mange tilreisande frå Hønefoss som har teke turen.
40'
Gjestane ligg kompakte bakover og Hødd slit stort med å trengje igjennom.
37'
Slår inn i boksa der Falch får fista kula unna.
36'
Kastrati står klar.
36'
Aas blir felt og HBK får frispark i grei innleggsposisjon.
35'
Heimelaget kontrar, men det avgjerande innlegget frå Ingebrigtsen går til ein spelar på feil lag.
33'
Det har vore fleire duellar mellom Karlsen og Anyora hittil. Sistnemnde har vunne dei fleste.
32'
Lite finspel på Høddvoll hittil. Begge laga er baktunge, og det går mykje på kryss og tvers før det til slutt blir slått langt.
32'
Ingebrigtsen kjem til innlegg for andre gong i kampen, men for andre gong i kampen klarer han ikkje å få det forbi første forsvarar.
29'
Beugre legg igjen til Warshaw som bankar til på direkten. Amerikanaren får bra treff, men skotet går nokså midt på mål så Falch har god kontroll.
26'
Veldig nære på at Myklebust blir spelt åleine igjennom etter ein flott crossar frå Aasbak. Berre ein liten stuss frå Braaten hindrar ballen i å nå fram.
24'
Litt meir initiativ frå heimelaget no, utan at det har enda med noko særleg til målsjansar.
23'
Ulland Andersen kjem seg heilt inn til dødlinja i HBK si boks, men pasninga ut i feltet blir for veik og ein eventuell sjanse uteblir.
19'
Frisparket blir heada ut i returrom der Ulland Andersen får teke ned ballen og avslutta. Forsøket blir blokkert.
18'
Nok eit frispark igjen for Hødd. Aasbak står klar.
18'
Venstreback Aasbak, som er inne på laget att ette ei periode på benken, forserer framover langs venstresida, men utan at det endar med noko av farlegheiter.
16'
Aasbak slår ballen like over mål. Målvakt Omenås har full kontroll.
15'
Kallevåg i fint driv framover. Blir felt og Hødd får frispark i grei innleggsposisjon.
14'
Beugre blir felt like utanfor Hødd sin sekstenmeter, men får ikkje frispark. Såg ut som ei feil avgjersle frå kveldens domar, Petter Toppe.
13'
Karlsen vinn ballen høgt i bana, men er så ubesluttsam og rotar den vekk.
11'
Gjestane får klarert, før Aasbak sender den inn att til Törnqvist som beinar ballen langt utanfor. Totalt ufarleg.
11'
Dødball til Hødd litt inne på HBK sin halvdel. Stopparane Moltu og Törnqvist blir sendt opp.
9'
Erik Sandal involvert for første gong. Får vendt opp med ballen, men misser den og lagar frispark like etterpå. Forutan spel for Hødd 2 har han berre ein cupkamp å vise til denne sesongen.
8'
Hødd og Hønefoss har forresten møttest 21 gongar sidan 1999. 10-6-5 har det enda, i favør klubben frå Buskerud.
7'
Ulland Andersen med ein stygg slurv utanfor eigen sekstenmeter. Endar med corner imot.
4'
Morten Hæstad prøvar å få med seg ballen i fart på høgresida, men misser kontroll på den og må sjå den trille utover sidelinja.
2'
HBK har ballen mest i starten her.
1'
Bortelaget må for øvrig klare seg utan Andrija Kaludjerovic;, Kujtim Ismajli og Martin Thomassen resten av sesongen.
Avspark Start 1. omgang
No er begge laga på veg ut på kunstgrasmatta!
Hødd sitt trenarapparat har hatt litt hovudbry før denne kampen. Viktige Fredrik Aursnes og Ole Amund Sveen er begge suspenderte etter for mange gule kort, og det betyr at det er duka for ein ny trio på midtbana. Wrele og Kallevåg har vore mykje i aksjon tidlegare, medan det nok er mange som er glade over å sjå Erik Sandal frå start av igjen. 32-åringen frå Deknepollen gjer sin første ligastart for sesongen etter å ha vore lengje ute med skade. Vi må faktisk heilt tilbake til 2013 for å finne sist han starta ein 1. divisjonskamp.
Hønefoss tok ein viktig trepoengar mot Follo sist, og har vunne to av dei tre siste. På dei seks seinaste er tala 2-1-3.
Hødd har vore stabilt ustabile denne sesongen, noko også forma dei siste seks kampane tyder på. 3-1-2 har det blitt på desse. Sist blei det tap 3-2 borte mot Nest-Sotra. Det har vore relativt gjennomgåande denne sesongen at klubben har gjort det bra mot topplaga, men streva mot opponentane lenger nede på tabellen.
Sindre Eid sitt Hødd-lag har på si side meldt seg ut av kampen om dei to direkte opprykksplassane med fleire svake førestellingar i det siste. Å ta igjen henhaldsvis Brann og Sogndal, som har åtte og 12 poeng meir, blir nok ei for tøff oppgåve. Kvalifiseringsplassen har dei derimot taket på i skrivande stund, men Ranheim, som skal i aksjon mot Fredrikstad i kveld, ligg på 7. plass med berre tre poeng mindre. Også Hødd har nokre tøffingar att, med Fredrikstad (b), Strømmen (h) og Brann (b).
Det er to lag som har behov for poeng som møtest i haustmørkret på Sunnmøre i kveld, og det av vidt ulike grunnar. Gjestane frå Hønefoss er i størst naud ettersom dei ligg heilt nederst på tabellen. Med fire kampar att å spele inkludert kveldens oppgjer har dei seks poeng opp til trygg grunn. Rune Skarsfjord sine spelarar har rett nok ein kamp til gode på dei næraste konkurrentane, men skulle dei tape i kveld vil ting sjå håplause ut. Forutan Hødd skal laget frå Ringerike kommune møte Sogndal (h), Kristiansund (b) og Åsane (h). Det vil med andre ord vere eit slags mirakel om dei skulle overleve i 1. divisjon denne sesongen.
Hei og velkomen til det meget spanande og viktige oppgjeret mellom Hødd og Hønefoss, direkte frå Nye Høddvoll i Ulsteinvik!