Referat
Kun høydepunkter
Ein merkeleg kamp er over. Hødd var kanskje det beste laget spelemessig og skapte mange store moglegheiter, medan Hønefoss var svært dyktige og effektive på kontringar. Fotball handlar om å score mål, og det var ikkje Hødd flinke nok til i dag. Hønefoss derimot viste presisjon eit topplag verdig, og med dette resultat rykkar dei opp til 3. plass på tabellen, medan Hødd ramlar ned til 5. Takk for fylgjet!
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+3'
Mendy kjem åleine med Clark, men sistnemnte reddar nok ein gong. Stor sjanse.
90+2'
Michael Karlsen skyt med vrista. Langt utanfor.
90+1'
Frispark til Sandal på 29-30 meter. Karlsen og Sandal sjølv står klare.
85'
Hødd har framleis ballen mest, men slit med å finne opningane i eit kompakt Hønefoss-forsvar.
82'
Ballen treff eit Hødd-hovud og landar på nettaket.
81'
Omlag 10 minutt att av ordinær tid. Om Hødd skal ha moglegheit for poeng i dag bør nok ei redusering kome kjapt.
79'
Nok ein dødball til Hødd. Heltne Nilsen. 40 meter. Klock snublar i ein Sigursson som ligg nede, og Clark er der nok ein gong.
78'
Erik Sandal slår frisparket, og nok ein gong er Clark ute og plukkar enkelt.
77'
Frispark til Hødd midt på HBK sin halvdel.
76'
Hødd har ballen mest framleis, men slit med å vere kreative framover.
76'
Sigursson får ikkje sleppe inn på bana att etter at han har vore ute og knytt skoa, og trenar Smerud tek seg nokre steg inn på bana og seier i frå.
74'
Rune Bolseth ligg nede etter ein duell. Hønefoss får ned tempoet i kampen.
73'
Frispark til Hødd. Solide Steve Clark plukkar igjen.
73'
Panzer-Hagen har laga nokre frispark etter at han kom inn på topp, men han har teke dei fleste avgjerelsane med eit smil.
70'
Steve Clark brukar god tid på utspela no.
69'
Diomande kjem seg nok ein gong inn i boksa, men også denne gongen går ballen utanfor. Stor sjanse!
69'
Leo Olsen har eit hav med rom å springe på, men innlegget hans i boksa går forbi alle. Nære på der!
68'
1157 tilskodarar på Høddvoll i dag.
67'
Hødd kontrar, men dei blir for nølande i den avgjerande augneblinken og Clark får teke ballen.
66'
Frispark til Hødd midt på HBK sin halvdel. Heltne Nilsen slår, og Steve Clark plukkar lett.
65'
Kevin Beugre er ein konstant trussel med si fart og teknikk. Sjølv om Hødd er det førande laget i kampen, er det konstant farleg bakover også.
64'
Sandal og Diomande kombinerer flott, men i staden for å skyte frå god posisjon legg sistnemnte igjen ballen til ein motspelar.
62'
Diomande riv seg laus og skyt, men skotet blir blokkert. Utruleg at Hødd ikkje har scora endå!
61'
Alexander Groven vinn ballen høgt i bana og stormar framover, men innlegget hans blir flott heada unna av Brandal.
59'
Tøffe duellar like utanfor Hønefoss si boks. Bortelaget er tøffast.
59'
Blir spanande å sjå om Smerud lukkast med sitt nye spisspar: Eirk Hagen og Kevin Beugre. Førstnemnte skal ta seg av duellane medan sistnemnte skal gå i bakrom.
56'
Latifu legg ballen lavt inn i HBK si boks, men medspelarane er ikkje aggressive nok og bortelaget får klarert.
55'
Ikkje longt i frå at Karlsen kjem til ein god sjanse. Spissen driblar seg fri inne i HBK si boks, men når skotet til slutt kjem blir det blokkert.
54'
Nære på for Beugre! Spissen vendar opp, men åleine med Nyland blir skotet for svakt.
53'
Groven med ein stikkar til Steffensen, men Nyland er våkent framme.
52'
Brandal slår inn, men Sigursson headar lett unna.
52'
Diomande speler til Sandal som vendar flott opp, men nok ein gong er avslutninga frå indreløparen svak. Den burde han ha utnytta betre!
50'
Latifu prøvar ei longpasning til Heltne, men Clark er kjapt ute.
49'
Nære på 1-2! Torset slår inn forbi Clark i HBK-buret, men Diomande kjem tidelar for seint til å få stanga ballen i nettet.
48'
Hødd står høgt oppe no.
47'
Latifu skyt via ein motspelar og til corner.
47'
Sandal prøvar å spele Karlsen fri, men Lafton klarerer.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Heimelaget skal starte med ballen.
No kjem laga på bana!
Hødds Michael Karlsen har teke av seg overtrekksdrakta og skal inn. Sjølv om vi ikkje har fått det bekrefta endå, så tydar det meste på at Emil Viddal har gjort sitt i denne kampen. Om Karlsen kjem inn vil Diomande bli flytta over på høgrekanten.
Denne 1. omgangen på Høddvoll kan oppsummerast i eitt ord: effektivitet. Hønefoss scora på sine to første sjansar, medan Hødd ikkje klarde noko liknande på alle sine gode forsøk. Bortelaget har slitt med hurtige HBK-kontringar, og etter dei to scoringane har Smerud sitt lag vore farleg frampå ved fleire høve. Det ser veldig tøft ut for Hødd no, men om dei klarer å vise seg frå si beste kan dette bli svært spanande likevel!
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+1'
Bra forsøk for HBK! Lennart Steffensen dreg seg fri og plasserer ballen like til side for mål.
45'
Frispark til Hødd på 25 meter. Sandal skyt langt over. Nok ein gong svakt utnytta av heimelaget.
45'
Viddal med eit innlegg, og Diomande ser ut til å bli dytta. Domaren vinkar spelet vidare.
44'
Heimelaget har ballen mykje utanfor Hønefoss si boks, men dei slit med å kome til dei store sjansane i augneblinken.
43'
Brandal dreg seg laus og kjem til eit bra innlegg. HBK headar unna.
41'
Nok ein dødball for Hødd. Sandal skal slå. Sender den rett inn til Steve Clark. Svakt utnytta.
41'
Nære på redusering! Hødd snappar ballen, og Sandal speler ei kortpasning til Torset som skyt like utanfor. Liten tvil om at heimelaget hadde fortent scoring her.
40'
Frispark til Hødd midt på bana. Sender opp fleire. Sigursson hedar unna.
37'
Heltne blir spelt fri på kanten sin, men innlegget hans blir blokkert.
35'
Skummel periode i kampen for Hødd dette. Hønefoss kjem til mange gode kontringar, og ei tredje scoring vil nok vere spikeren i kista for Lars Arne Nilsen sitt lag.
35'
Sandal prøvar å spele vegg med Diomande, men førstnemnte blir effektivt stoppa.
33'
Diomande får tilsnakk etter å ha vore litt tøff med Sigursson i ein duell.
32'
Nære på 0-3! Bortelaget kontrar nok ein gong, og Beugre skyt like utanfor etter først å ha snurra rundt med heimelagets forsvar.
32'
Hønefoss kontrar, og Steffensen får lagt inn til ein Beugre som nesten kjem til avslutning. Hønsa har vore veldig farlege på overgangane sine.
30'
Hødd får frispark nokre meter frå cornerflagget. Sandal skal slå inn. Clark boksar unna, før Heltne skyt over på halvvolley.
30'
Dette blir tøft for Hødd, men det er framleis langt tid att å spele.
26'
Hønefoss har frispark, men tek det kort og kastar så bort ballen.
25'
Bolseth ligg nede, og får no hjelp frå Hønefoss sitt medisinske apparat.
24'
Ballen hamnar etter kvart hos Latifu, men innlegget hans går heilt inn til Clark.
23'
Frispark til Hødd midt på bana. Nilsen skal slå langt.
22'
Bortelaget er meir med på notane no, og i augnebliken er det dei som har ballen mest.
20'
Nok ein stikkar mot Beugre. No er det Steffen Moltu som ordnar opp.
19'
HBK prøvar ei bakromspasning mot målscorar Beugre, men Nyland er kjapt framme.
17'
Sandal kjem til si fjerde avslutning for dagen, men denne gongen er det lagkamerat Diomande som går i vegen og stoggar forsøket.
16'
Sigursson blir pressa hardt og sender ballen ut over sidelinja. Bortelaget lev farleg no.
14'
Liten tvil om at heimelaget fortener scoring no. Etter 0-1 har vi sett lite til HBK, og Hødd har pressa stort.
14'
Spesiell situasjon på Høddvoll! Latifu slår inn, og Diomande får ballen i mål etter ein tøff duell med Clark. Domarene bestemmer seg for å signalisere for frispark.
12'
Nok ein gong nære på Hødd-mål! Sandal dreg seg innover og kjem åleine med Clark, men nok ein gong får han ikkje dreis på avslutninga.
12'
Hødd har verkeleg våkna etter Hønefoss si tidlege scoring, og Smerud sitt lag har blitt pressa kraftig bakover til tider.
9'
Nære på 1-1! Diomande vinn ein duell godt inne på Hønefoss sin halvdel, og Sandal ser at Clark står langt ute. Keeperen må verkeleg strekke seg for å forhindre mål.
9'
Hødd pressar bra på no, men Hønefoss er disiplinerte bakover.
7'
Bra sjanse for heimelaget! Erik Sandal blir spelt fri, men under hardt press klarer han ikkje å få klem på avslutninga åleine med Clark.
7'
Hønefoss scorar altså på sin første sjanse i kampen, og no skal det bli tøft for Hødd.
3'
Beugre speler fri Steffensen på kanten, men linjedomaren vinkar for offside. Hønefoss har vore veldig aggressive så langt.
3'
Latifu prøvar ein stikkar til Diomande, men dei mistforstår kvarandre.
1'
Beugre prøvar å dra med seg ballen, men mistar kontrollen.
1'
Hønefoss sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Det vil etter kvart bli eitt minutts stillheit til minne om offera for den grusomme hendinga i Oslo og på Utøya.
Det er greie speleforhold i Ulsteinvik i dag. Det er overskya og gradestokken visar 15 grader.
Dagens dommartrio består av Bjørn Hansen frå Kolbotn IL, Ole Johnny Løfald frå Tiller IL og Christian Falbach frå Gjøvik-Lyn SK.
No blir Hødd-hymna 'Liten - men stor' spelt, og heimepublikummet har røyst seg.
Hønefoss har heller ikkje gjort mange forandringar, og merkeleg nok er den einaste skilnaden frå laget mot Kongsvinger at nemnte Joachim Magnussen startar på benken. Om han kjem innpå i løpet av kampen skal det bli interessant å sjå kva slags mottaking han får.
Hødd stort sett berre brukt 12-13 spelarar denne sesongen, men ettersom Kazeem Ahmed no er ute med skade, har uerfarne Emil Viddal teke over hans høgrekant.
Førre kampen mellom desse laga tidlegare i sesongen enda med 1-1 og poengdeling. Hødd sin toppscorar Adama Diomande gav laget 1-0 i det 68. minutt, men tidlegare høddar Joachim Magnussen ordna uavgjort nokre minutt seinare. Hødd sin Erik Sandal var veldig nære på å ordne 3 poeng fire minutt på overtid, men det skrudde frisparket hans gjekk berre i stanga og ut.
Hødd og Hønefoss har møttest mange gongar dei siste åra, og sidan 1999 har dei spelt mot kvarandre 17 gongar i seriesamanheng. Hønsa har gjort det klart best her, og leiar statistikken med ni sigrar mot Hødd sine fire, medan fire har enda uavgjort. På Høddvoll har kvittrøyene vunne fem, mot tre Hødd-sigrar. Sist Hødd vann ein kamp mot Hønefoss var året 2004. Ulsteinvik-laget har altså mykje å revansjere.
Også Leif Gunnar Smerud sine karar har gjort det bra den siste tida, og på dei seks siste har dei også klart 4-1-1. 2-3-2 er statistikken borte frå AKA Arena.
Hødd er i bra form om dagen, og på dei siste seks kampane står Lars Arne Nilsen sine spelarar med 4-1-1. På Høddvoll i år har det blitt 17 poeng og 5-2-0. Sist blåtrøyene tapte heime i ein seriekamp var i 2009.
Overraskingslaget Hødd ligg før denne kampen på 2. plass på tabellen med 27 poeng, medan Hønefoss er på 5. med to poeng mindre.
Hei og velkomen til livedekning av Adeccoliga-oppgjeret mellom Hødd og Hønefoss!