TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sebastian Eide seier dermed takk for fylgjet. Ha ein fin sundagskveld vidare!
Trass i 4-0 kan ein ikkje friskmelde Hødd heller. Prestasjonen til HamKam var ikkje av 1. divisjonsnivå, så det er først i neste runde, mot Nest-Sotra, at blåtrøyene verkeleg får testa seg. Likevel, tre poeng var særs viktig i dag, og forhåpentlegvis har også spelarane fått betra sjølvtilliten.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at HamKam ligg der dei gjer når dei kjem med slike prestasjonar kamp etter kamp. Laget tapte midtbanekampen og sleit både bakover og framover i bana. Slik ting er no blir dei resterande kampane berre ein måte å få samkøyrt laget slik at dei kan byrje på nytt neste år.
Hødd vinn fortent 4-0 over tabelljumbo HamKam på Høddvoll. Blåtrøyene dominerte frå start til slutt, og mål frå Eirik Ulland Andersen (2), Steffen Moltu og Ole Amund Sveen sørgja for ein komfortabel siger.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+3'
Også Heltne får ein stor sjanse til å kome på scoringslista, men trass i at han står åleine på bakerste stolpe sender han skotet høgt over mål. Der skal det stå 5-0!
90+1'
Nesten 5-0! Ulland Andersen dreg seg fri og avsluttar - like utanfor. Han har ikkje gitt opp å få hattricket sitt, altså.
90+1'
Eit minimum av tre minutt blir lagt til.
90'
Hødd vann 4-0 mot Ullensaker/Kisa. Skal dei klare å gjere sesongbeste her i dag?
89'
Moltu med ei klarering som nesten endar i eige bur. Falch får snappa ballen til slutt.
87'
Nesten redusering for HamKam! Wenderyd kjem seg inn i boksa med ballen, men Falch som må i skikkeleg aksjon for første gong i dag, reddar bra.
86'
Spillerbytte
84'
Mål!
4-0
Falch set i gong ei kjapp kontring med eit langt utkast til Sveen. Den tidlegare HamKam-spelaren set fart og stormar inn i bortelaget si boks. Avslutninga går inn i det lengste hjørnet. Sveen feirar ikkje stort, men vel å site stille på grasmatta medan lagkameratane stormar til. 4-0 på Høddvoll!
83'
Hjørnespark
Rett i nevane til Falch.
83'
Hjørnespark
Endar med corner frå motsett side.
83'
Børkmark-By vinn ein sjedan corner for Kamma.
81'
Sveen har lyst på mål og prøvar seg igjen. Denne gongen endar skotet langt utanfor buret til Holst.
79'
Nesten for Hødd! Sveen vender seg fri og avsluttar - like utanfor.
79'
Sveen prøvar å chippe fri Tepuric, men utføringa er svak og det endar i staden med utspel frå Holst.
77'
Spillerbytte
75'
Keisam periode i kampen no. Hødd er sjølvsagt nøgde, medan HamKam ikkje klarer å få til noko som helst.
73'
Spillerbytte
73'
Vegard Heltne skal inn for Hødd.
71'
Blir teke kjapt, men innlegget frå Magnussen blir rydda vekk.
71'
Frispark til Hødd i fin innleggsposisjon.
70'
Hjørnespark
Ingelstad får rydda unna.
70'
Nære på at Magnussen finn ein lagkamerat inne i boksa. Osmo får klarert til corner.
68'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Bortelaget må gjere endå eit byte som følgje av skade.
64'
Moltu bommar regelrett på ei klarering inne i eiga boks, og det er ikkje langt unna at ein Kamma-spelar får avslutta.
62'
Andersen på farta igjen. Shroot dreg med seg ein mann og lagkameraten får avslutta frå bra posisjon. Forsøket går derimot over mål.
61'
Hødd har framleis tre minusmål, så ein storsiger her kan vise seg å bli viktig i det lange løp.
60'
Stolpeskot! Eirik Ulland Andersen jaktar hattrick og avsluttar i den venstre stolpen etter å ha sprunge seg fri frå HamKam-forsvaret.
58'
Mål!
3-0
3-0 på Høddvoll! Magnussen prøvar å finne Shroot inne i boksa, men ballen trillar i staden til Andersen. Frå kort hald har han ein meget enkel jobb med å plassere kula i nettaket.
58'
Innbytar Stenqvist blir forsøkt spelt fri. Moltu og co har bra kontroll og ordnar greitt opp.
57'
Hollingen prøvar seg frå distanse. Enkelt for Falch.
56'
HamKam står igjen med fleire spelarar høgt i bana no, men utan at dei klarer å spele seg til sjansar.
55'
Børmark-By med HamKam si første 'avslutning' i kampen. Hødd får blokkert umiddelbart etter at skotet blir avfyrt.
54'
Det påfølgjande frisparket blir slått inn i boksa, men utan at det endar med farlegheiter.
53'
Magnussen blir felt av Wenderyd, og HamKam-backen er veldig heldig som slepp det gule kortet.
52'
Andersen og Shroot kombinerer fint, men innlegget frå sistnemnde blir enkel mat for Holst.
51'
Hødd tråklar seg gjennom HamKam sitt forsvar, men Magnussen blir avvinka for offside.
50'
Dette blir ei formidabel oppgåve for bortelaget.
48'
Mål!
2-0
Hødd doblar leiinga! Innkastet frå Ingebrigtsen er langt og presist, og midtstoppar Moltu klarer å stusse kula i buret.
47'
Andersen er nære ved å kome seg fri med ballen inne i Kamma si boks, men bortelaget får reinska unna.
47'
Hødd sparkar i gong dei siste 45 minutta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
No kjem laga ut på bana igjen!
Hødd leiar fortent 1-0 etter dei første 45 minutta. Det har ikkje vore ein spesielt velspeld omgong, men heimefansen har i det minste fått sjå eit Hødd-lag som har hatt innsats. Målet kom på eit presist frispark frå Eirik Ulland Andersen. HamKam har på si side hatt lite å stille opp med, og dei har knappast vore inne i Hødd sin sekstenmeter. Vi vonar laga slepp seg litt meir lause etter kvilen, slik at vi får sjå endå fleire mål!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Lite som skjer dei siste minutta før pause. Hødd ser ut til å kontrollere dette greitt inn til kvilen.
41'
Nære på at Hødd lukkast. Ingebrigtsen blir spelt fri til høgre, men innlegget hans er litt for høgt for Shroot.
38'
Spillerbytte
38'
HamKam må gjere eit tidleg byte.
34'
HamKam prøvar ei kontring, men det heile stoppar opp før det blir farleg.
32'
Hødd har vore det klart beste laget den første halvtimen og leiar fortent. HamKam har berre unntaksvis nærma seg Hødd sin sekstenmeter, og etter det vi har sett av laget hittil er det ikkje vanskeleg å forstå at dei ligg så utsett til på tabellen som dei gjer.
31'
Blir slått inn i boksa, og det er ikkje langt unna at heimelaget får avslutta.
30'
Aursnes står klar.
29'
Hjørnespark
Kamma får klarert i første omgong, men lagar så frispark i den påfølgjande situasjonen.
29'
Nesten at Magnussen blir spelt fri med ei langpasning. Wenderyd får gitt til corner.
28'
Gult kort
Nykomaren Guobadia kjem for seint inn i ei takling og får sjå kampens første gule kort.
25'
Hjørnespark
Nære på at Törnqvist får forlengja eit innlegg inn i boksa. Endar med at Holst og HamKam får take over.
25'
Mustafa Hassen verkar å vere den som skal gjere det for bortelaget. Han kjem seg inn i boksa med ballen, men blir litt for nølande og ballen går utover sidelinja.
23'
Hødd er i ferd med å byggje opp eit bra angrep, men ei misforståing mellom Grodås og Shroot fører til at det i staden endar med utspel frå Holst.
20'
Endar til slutt med at Moltu headar over etter eit innlegg frå Aursnes. Halvsjanse.
20'
Frispark til Hødd etter at Sveen blir felt midt inne på Kamma sin halvdel.
18'
No spørs det korleis HamKam vil respondere her. Dei har hatt litt betre offensiv struktur i dei siste kampane, men slit med å score mål.
16'
Mål!
1-0
Eirik Ulland Andersen bankar frisparket rett i mål! Kula fyk inn i det høgre krysset, og keeper Holst har lite å stille opp med.
15'
Ulland Andersen blir felt på veg inn i boksa, og Hødd får frispark i god posisjon. 22-23 meters hald.
14'
Nok ein gong skal Ingebrigtsen kaste langt.
14'
Mustafa Hassan i aksjon offensivt for første gong i kampen. Ingebrigtsen ryddar greitt opp.
13'
Nære på at Ulland Andersen finn Magnussen med ein crossar inne i boksa. Forsøket endar diverre utanfor for heimelaget.
12'
Heimelaget står høgare i bana og er aggressive i presset no. HamKam har knappast vore over midtstreken.
11'
Hødd sin supportergjeng, Blåsarane, gjer som vanleg sitt til at laget skal yte maks. Det er også nokre tilreisande frå Hamar, omtrent fire stykk!
9'
Langt oppspel som nesten blir stussa igjennom til Shroot. Holst får i staden nevane på kula.
9'
Liten tvil om at Hødd har kome best i gong her. Laget har så langt vist ein innsats som har vore fråverande i mange kampar i det siste.
8'
Langt innkast frå Ingebrigtsen. Etter litt fram og tilbake får Shroot teke ned kula på brystkassa, men det blir for skrått hald til at han klarer å få avslutta på mål.
5'
God sjanse for Hødd! Sveen avsluttar frå halvdistanse, men keeper Holst får boksa kula unna.
4'
Nord-irske Shroot med dagens første avslutning. Han ser at Emil Holst står langt ute og prøvar ein lobb. Forsøket endar over mål.
3'
Hødd ligg nokså djupt i starten, med berre ein einsam jagande Robin Shroot på topp. Målet er nok å tvinge HamKam høgare i bana, for så å køyre overgongar.
2'
Medan heimelaget har vore rolege på overgongsfronten den siste tida, har det skjedd ein del på Hamar. Mustafa Hassan, Isoken Guobadia, Jørn Andrè Lygre Jacobsen, Ørjan Børmark Bye og Martin Wilelmsem Trøen er nye i klubben, medan Aziz Idris og Tore Andreas Gundersen er blant dei som har forlete Kamma. I tillegg har det vore store økonomiske nedskjeringar.
2'
Då er vi i gong på Høddvoll!
Avspark Start 1. omgang
Medan heimelaget har vore rolege på overgongsfronten den siste tida, har det skjedd ein del på Hamar. Mustafa Hassan, Isoken Guobadia, Jørn Andrè Lygre Jacobsen, Ørjan Børmark Bye og Martin Wilelmsem Trøen er nye i klubben, medan Aziz Idris og Tore Andreas Gundersen er blant dei som har forlete Kamma. I tillegg har det vore store økonomiske nedskjeringar.
Medan heimelaget har vore rolege på overgongsfronten den siste tida, har det skjedd ein del på Hamar. Mustafa Hassan, Isoken Guobadia, Jørn Andrè Lygre Jacobsen, Ørjan Børmark Bye og Martin Wilelmsem Trøen er nye i klubben, medan Aziz Idris og Tore Andreas Gundersen er blant dei som har forlete Kamma. I tillegg har det vore store økonomiske nedskjeringar.
Hødd og HamKam har møttest 25 gongar sidan 1970. 11-4-10 er statistikken over desse, i favør Hamar-laget. Oppgjeret mellom laga tidlegare i år enda med ein 1-0-siger til Hødd etter mål av Joachim Magnussen. Den kampen blei for øvrig like mykje hugsa for noko anna, nemleg den karrieretruande skaden på HamKam-spelar Emil Sildnes.
For HamKam ser det endå verre ut, for laget til Svein Inge Haagenrud er den definitive jumboen i 1. divisjon, men utruleg svake seks poeng så langt. Det er heile 18 poeng opp til trygg grunn, så det må nok eit fotballmirakel til om klubben skal klare det. Den einaste sigeren kom 25. mai, og på dei seks siste kampane har dei berre to poeng.
Både Hødd og HamKam er i stor poengnaud om dagen. Heimelaget frå Ulsteinvik har, etter ei veldig dårleg periode, nærma seg botnstriden meir og meir, og no ligg dei berre eitt fattig poeng unna øvste nedrykksplass. Dei har 0-1-3 på dei fire siste, og vanvittige 3-13 i målskilnad på desse. Høddvoll har i alle år vore ein frykta stadion å kome til, men i år har dette vore ein leikeplass for dei tilreisande motstandarane. 2-3-5 er tala for dei 10 første kampane her i år. Hadde det ikkje vore for ei grei borteform gjennom sesongen hadde det sett endå styggare ut for laget til Sindre Eid.
Hei og velkomen til livedekning av det svært viktige oppgjeret mellom Hødd og HamKam, direkte frå Høddvoll!